Bessie Smith synger. Teikning av Atle Skorstad.

Min fyrste akademiske publikasjon var ein kronikk i Morgenbladet i 1994, med tittelen ”Misbruk av ytringsfridomen”. Den viktigaste så langt er boka Sound Media. From live journalism to musical recording (Routlege, 2008). Gjennom åra har eg forska på medier på fleire forskjellige måtar, og tatt for meg ulike medier. Då eg fekk opprykk til professor i 2012 skreiv komiteen at eg har truverdig fagleg kompetanse innan tre felt; teknologi, deltaking og mediumdesign, og at eg har greie på dei sentrale vitskapsteoretiske spørsmåla knytt til desse fagområda. larsnyre.no er eit kart over mi faglege verksemd.

Teknologi

Medier dreier seg alltid om teknologi, og eg har særleg fordjupa meg i teknologiar for moderne elektroniske medier som radio og musikkinnspeling, og deira digitale avleggarer på internett og mobiltelefon. Eg har arbeidd med dei utifrå eit makrohistorisk og teknologifilosofisk perspektiv. Eg er grunnleggande opptatt av kva rolle teknologihistoria speler for vår forståing av ulike epokar og kulturar, og følgjer tradisjonen etter Harold Innis og Marshall McLuhan.

Lydmedier
I den tidlege fasen av karrieren var eg 100 % fokusert på radiomediet, særleg det fundamentale forholdet at radio kommuniserer i lyd åleine. Min fyrste publikasjon om dette temaet kom i studenttidsskriftet Replikk under tittelen ”Den ekstraordinære høyringa” (1995). Eg fekk Norgesnettstipend ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen hausten 1997. Anders Johansen var hovudrettleiar, og Don Ihde (USA) var birettleiar. Eg var på eit forskaropphald ved Ihde sitt institutt ved Stony Brook University, New York i år 2000. Her lærte eg mykje om amerikansk teknologihistorie og –filosofi. Doktorgradsperioden frå 1997 til 2003 var ein periode der eg forska og arbeidde på eigenhand, og den står i stor kontrast til det mykje meir omfattande samarbeidet eg byrja med då Linda Eide og eg skriv lærebok i lag frå 2003-2004, og også samarbeidet med Barbara Genikow i Kulturteknikker byrja.

Radioen og det lydlege (1997) er ei fenomenologisk prega hovudoppgåve i medievitskap, der særleg Merleau-Ponty sin persepsjonsteori og Alfred Schutz sin sosiologi var i fokus. Eg hadde Anders Johansen som rettleiar på hovudoppgåva. Arbeidet med oppgåva førte også til to vitskaplege artiklar, nemleg “Språkrørsler i radio” i Norsk medietidsskrift (1998), og “Retorisk Spontanitet og kontroll” i Rhetorica Scandinavica (2000).

”Mediumteori” i Norsk Medietidsskrift (2004) er ei omarbeiding av mitt vitskapsteoretiske innlegg som vart godkjent vinteren 2003. Her set eg fram ein kritikk av medievitskapen sin mangel på interesse for perseptuelle og materielle forhold i massekommunikasjonen, med Jostein Gripsrud si The Dynasty Years (2005) som angrepsmål. Den tunge semiotiske inspirasjonen gjorde at mykje medieforsking ikkje tok tilstrekkeleg omsyn til sansing og teknologi i kommunikasjonen. Eg argumenterte for at det trengst meir kjenslevare tilnærmingar til den kulturelle betydninga av teknologiske forhold, og lanserte tradisjonen for ’mediumteori’ i USA som eit forslag. I ettertid har denne typen teknologiforståing blitt mykje meir utbreidd i medieforskinga.

Fidelity Matters. Sound Media and Realism in the 20th Century (2003) er mitt største samanhengande forskingsarbeid så langt i karrieren min. Det er ei makrohistorisk forteljing om den perseptuelle opplevinga av radio- og musikklyd i Vesten frå 1870-talet fram til vår tid, med ein omfattande teoretisk introduksjon til ”mediumteori”. Avhandlinga spenner opp dei store teknologiske og sosiale utviklingstrekka i radio og musikkinnspeling, gjennom ein kombinasjon av makrohistorisk metode og retorisk analyse av ein serie med lydeksempel. Det følgde med ein CD med 44 spor frå heile perioden, inkludert både popmusikk, klassisk musikk, live sportsjournalistikk og tett redigerte nyheitssaker, som alle vart analysert i detalj med omsyn på romlegheit, tidslegheit og personframtoning. Forteljinga sluttar med digital innspeling på 1990-talet, og internettets påverking på medieerfaringa vert ikkje drøfta.

Sound Media (2008) er basert på doktorgraden, men er sterkt omarbeidd og har eit nytt kapittel om ”The Acoustic Internet”. Viktigast er det at den historiske kronologien er snudd om, slik at heile forteljinga går bakover frå notid til fortid. Denne metoden kallar eg ’backwards history’, og praktiserer den aktivt i forelesingsamanheng. Også i Sound Media er det stor vekt på analyse av vedlagte lydeksempel på ein CD, deriblant ei rekkje nye lydeksempel som er betre tilpassa det anglosaksiske språkområdet. Sverre Liestøl ved Høgskulen i Volda var sentral i å få finansiert CDen. Det mest originale med Sound Media samanlikna med Fidelity Matters er likevel det rike illustrasjonsmaterialet, der teiknar Atle Skorstad lagde historiske tablå og tekniske teikningar, medan eg sjølv lagde tidslinjer over dominansen til ulike lydteknologiar. Eg har arbeidd vidare med grafiske forteljemetodar, og den kan blant anna sjåast i artikkelen ”Cartographic Journalism” (2011).

Europeisk kringkasting (2004- 2011)
Frå 2004 gjekk eg inn i ein aktiv periode som forskingsleiar i europeisk målestokk. Djupast sett var eg interessert i samtidshistorie, og difor var det svært nyttig å vera i så hyppig kontakt med forskarar frå andre land. Eg arbeidde mest med historien om medieteknologiar etter 1990, og særleg innflytelsen frå internett og mobiltelefon.

Eg vart introdusert til europeisk forsking på området gjennom COST A20 “The Impact of the Internet on Mass Media in Europe”. Eg deltok som menig medlem frå 2001, og i 2004 fekk eg ansvar for å stabla på beina ei forskingsgruppe for radio- og lydmedier. Eg etablerte og leia forskarnettverket Digital Radio Cultures in Europe (DRACE).

drace

Radioforskargruppa DRACE hadde møte i Dublin i 2006. Frå venstre Alexandros Baltzis, Stephen Lax, Marko Ala-Fossi og Susana Santos

Gruppa forskar på framtida for radio i det digitale medielandskapet, med særleg vekt på Europa, og diskusjonen rundt innføringa av DAB. Eg koordinerte både seminarverksemd, økonomi og publikasjonsplanar i tre år (2004-2006), heilt til COST A20 var avslutta. Her samarbeidde eg tett med Colin Sparks (Storbritannia).

Arbeidet i DRACE resulterte i artikkelen “The Next Generation Platform. Comparing audience registration and participation in digital sound media” (2008), saman Marko Ala-Fossi. Eg skreiv også ein breiare anlagt monografi på Intellect, med tittelen Digital Radio in Europe: Technologies, Industries and Culture (2010). Boka vart skriven i tett samarbeid med Brian O’Neill (Irland), Per Jauert (Danmark), Stephen Lax (Storbritannia) og Helen Shaw (Irland). DRACE gjorde også ein kvalitativ intervjustudie som eg omtalar nærare nedanfor. No lever gruppa vidare som eit sjølvstendig forskarnettverk, der særleg dei teknologiske og reguleringsmessige forholda ved radio står i sentrum.

Teknologiteori (2004- 2011)
Frå midten av 2000-talet er det to artiklar om moderne teknologihistorie som eg gjerne vil framheva. “The Interactive Sublime. Obstacles to Dialogue in Digital Broadcasting» (2006) tok for seg James Carey’s analyse av korleis folk blir fascinert av dei nye muligheitane som teknologisk fenomen, utan dermed nødvendigvis å bruka dei til noko viktig. Artikkelen “What happens when I turn on the TV set?” (2007) handla om fjernsynets teknologiske karakter, med særleg vekt på Paddy Scannell’s påstand om at denne erfaringa er fundamentalt sosial, og difor meiningsfull i seg sjølv.

Dei siste åra har eg halde mange forelesingar om teknologisk determinisme, ei haldning som er sterkt utbreidd både i industrien og akademia. Blant dei nyaste tekstane er ”Ungdommar er teknologiske deterministar” (2013) og ”Teknologiar er moralske aktørar” (2013).

Deltaking Rundt 2003 hadde eg jobba med distanserte historiske perspektiv på mediene i mange år, og var eg interessert i noko nytt. Eg ville komma tettare på den empiriske verkelegheita i Noreg. Etter doktordisputasen i 2003 ville eg byrja å gjera kvalitative studier av mediebruk og offentlegheit. Dette var ei naturleg forlenging av interessa for persepsjon og lytting. Tilnærminga er prega av fenomenologi frå Alfred Schutz, etnometodologi frå Harold Garfinkel, handlingssosiologi frå Erving Goffman, og hermeneutikk frå Hans-Georg Gadamer og Paul Ricoeur.

Eg hadde postdoktorstipend innafor prosjektet «Nye medier som kulturteknikker og fora for kommunikativ handling. Empiriske studier og byggestener til en teori» frå 2003 til 2006. Prosjektet var finansiert av Norges forskningsråd innenfor programmet Kommunikasjon, IKT og medier (KIM). Kulturteknikker hadde som føremål å undersøka nye mediers påverking på den demokratiske offentlegheita i vestlege land. Jürgen Habermas’ offentlegheitsteori var heilt sentral, særleg for prosjektleiar Barbara Gentikow sitt arbeid.

Mitt kritiske perspektiv
”Normative Media Research” (2009) er ein viktig artikkel i min forfattarskap. Her går eg inn på nokre fundamentalproblem med forskarens rolle i samfunnet. Det er klart at forskinga påverkar samfunnet, og eg meiner at forskaren bør vera bevisst på dette, og gjera eksplisitte normative val. Mitt val er å vera kritisk til dei noverande ordningane. Alternativet er at forskaren påverkar samfunnet utan å tenkja på det, og dét er utilfredsstillande.

Forskarar kan testa ut moglege praksisar utan at eit krav om profitt styrer kor stor innsatsen skal vera, eller kor lenge utprøvinga skal føregå. Eg drøfta også desse problemstillingane i artikkelen «Apologetic Media Research» (2006). Denne teksten var klart polemisk, og kritiserte mitt eige fag for å vera ettergivande i møte med kommersielle og statlege interesser. Eg har også kritisert mitt eige fag i fleire leiarar i Norsk medietidsskrift dei siste åra, sjå Leiarar i NMT.

Eg vil også framheva ”The Broadcast Pulic and Its Problems” (2011) i Javnost – The Public, der eg tek for meg John Dewey’s stort anlagte kritikk av offentlegheita i USA på 1920-talet, og overfører den til radio og fjernsyn på 2000-talet. Poenget er at offentlegheita ikkje var tilstrekkeleg demokratisk på då, og heller ikkje er det no.

Journalistikk

Radioradio. Lyd i journalistikk (2004) er skriven saman med journalist Linda Eide, og handlar om den journalistiske dimensjonen ved radio. Me henvendte oss både til studentar og profesjonelle. Boka er sterkt prega av samarbeid, og me skreiv alle kapitla i lag. Dette bidrog til at fokuset vart langt meir praktisk og matnyttig for journalistar enn eg åleine kunne fått til. Radioradio har stor vekt på lydeksempel på ein vedlagt CD, og nesten alle eksempla er norske. Det pedagogiske formålet var å forklara korleis dei sosiale stemningane mellom lyttarar og program blir brukt av radiojournalistar, i sjangrar som vitnejournalistikk, redigerte reportasjar og aktualitetsmagasin. Boka er delvis beslekta med mi doktorgradsavhandling, men utan omtale av musikkinnspeling eller internasjonal lydmediehistorie.

Masterstudent Christine Leirvåg og førsteamanuensis Lars Nyre tester Lokanytt. Nærmeste nyhet er en bandomtale fra Garage, rundt 70 meter unna.

Masterstudent Christine Leirvåg og førsteamanuensis Lars Nyre tester Lokanytt. Nærmeste nyhet er en bandomtale fra Garage, rundt 70 meter unna.

“Journalisten som teknologisk determinist: holdninger til søkemotorer og nettpublisering” (2010) er eit bokkapittel som oppsummerer eit forskingsprosjekt om søkemotorar. Etter postdokperioden vart eg engasjert i prosjektet ”Journalisten og søkemotorene”, som var finansiert av Rådet for anvendt medieforsking. Prosjektleiar var Dag Elgesem. Eg var fagleg ansvarleg for ei kvalitativ intervjuundersøking med 32 journalistar frå avis, radio, fjernsyn og internett i Norge, der me spurte korleis dei brukar søkemotorar i det journalistiske arbeidet, og i kva grad dei trur søkemotorar har endra journalistikken. Min empiriske analyse viser at journalistane er sjølvsikre i sin omgang med søkemotorar, og gjer sitt beste for å utnytta dei nye verktøya på måtar som forbetrar journalistikken. Journalistane oppfattar at det som heilt naturleg å følgja med på teknologiutviklinga, og dei er slik sett teknologioptimistar. Søkemotor-prosjektet vart etter kvart kobla saman med NFR-prosjektet Journalistikkens samfunnsoppdrag i endring (JOSAM), og min viktigaste publikasjon frå prosjektet vart utgitt i ein antologi frå prosjektet, redigert av Johann Roppen og Sigurd Allern.

”God lokaljournalistikk berre på nettet. Redesign av lokalavisa Hordaland på Voss” (2013), vitskapleg artikkel til ein antologi på Cappelen Damm. ”Journalistikken koloniserer universitetet” (2012). Essay i Nytt norsk tidsskrift.

Borgardeltaking
Då eg var med i Kulturteknikker (2003-2006) arbeidde eg hardt for å lesa meg opp på demokratiteori og offentlegheitsteori. Eg deltok i oppbygginga av eit internasjonalt nettverk som inkluderte Peter Dahlgren (Sverige), Colin Sparks (Storbritannia), Andrew Feenberg (Canada) og Friedrich Kittler (Tyskland). Eg var på forskingsopphald hjå John Ellis på Royal Holloway College, London i eit halvt år i 2004, og brukte tida på lesestudier. Ei god oppsummering av min innsats i Kulturteknikkar kan finnast i bokkapittelet “Nye medier, gammeldags journalistikk” (2006).

Eg leia den kvalitative intervjustudien ”Participation in the Media”, som var eit samarbeid med DRACE. Prosjektet tok utgangspunkt i dei nye muligheitane for deltaking eller ’interaksjon’ i mediene, og dette temaet har vorte sentralt i moderne medieforsking. Utifrå demokratiteoriar vil det vera bra at fleire menneske deltek i offentlegheita, og me ville spørja vanlege folk kva erfaringar med og meiningar om å delta i program som Big Brother, SMS-fjernsyn og innringingsprogram på radio. På grunn av kontaktnettet i DRACE lykkast me med å utføra ei komparativ undersøking av to land i 2005. Mediepsykolog Markus Appel (Tyskland) var sentral i utviklinga av spørjeskjema og intervjumetode, medan sjølve intervjuunderøskinga fann stad i Bergen, Noreg og Dublin, Irland. Brian O’Neill og eg utførte 32 kvalitative intervju i kvar vår by, med hjelp frå vitskaplege assistentar. Materialet vart svært omfattande og rikt, og det vart i fyrste omgang brukt til ei masteroppgåve og ei rekkje konferansepapers frå Appel, O’Neill og meg sjølv.

Ein viktig tekst frå prosjektet er den upubliserte “Refusing to Participate. A qualitative study of attitudes to participation in broadcasting” (2011). Formelt har den vel enno status som ’revise and resubmit’ hjå Political Communication, men no legg eg den i alle tilfelle ut her. Artikkelen presenterer 14 grunnar til ikkje å delta i mediene, og er basert på det norske materialet.

“For and against participation” (2011) er skriven saman med Brian O’Neill. Dette er ein ei hermeneutisk analyse av heile spekteret i informantane sine meiningar om deltakingar. Same person kunne vera både for og imot deltaking avhengig av kva programformat og tematikk det var snakk om. Artikkelen brukar både det norske og irske intervjumaterialet, og har mange interessante sitat.

Tillit i kommunikasjonen
Kommunikasjonen i mediene er sterkt prega av tillitsrelasjonar, og dette har eg lenge hatt lyst å undersøka empirisk. Igjen er kvalitative intervju ein glimrande metode, og eg har ynskje om å utføra slike undersøkingar på høgste internasjonale nivå. Frå 2010 vart eg medlem av Management Committee for Noreg i COST Action “Transforming Audiences, Transforming Society”, som har stor vekt på kvalitative intervju og brukaråtferd. Eg er i hyppig kontakt med Geoffroy Patriarche (Belgia), Sonia Livingstone (Storbritannia) og Kim Schröder (Danmark). Dette er andre gongen eg er sentral som forskingsleiiar i ein COST Action (sjå overskrifta ’Internasjonal samtidshistorie’ ovanfor).

«Review of Norwegian audience research» (2011) er ein COST rapport skriven saman med Tanja Storsul. Dette er eit oversyn over kvalitativ og kvantitativ resepsjonsforsking i Noreg pr. dato. I COST-aksjonen har eg ansvar for ei arbeidsgruppe som blir kalla ”The trust task force”. Me er 8-10 forskarar som samarbeider, og me hadde eit panel under ein COST Conference i Zagreb i April 2011. Viktige spørsmål er korleis begrepet ’tillit’ skal definerast, korleis tillitsrelasjonane varierer med ulike medieformer, og ikkje minst: korleis nasjonale kulturar påverkar tilliten til mediene. Eg var redaktør for eit spesialnummer av Communication Management Quarterly saman med Liina Pustinen (Finland), med tittelen ”Trust in the media across Europe” (2013). Eg har også bidrege til ei teoretisk grunnstudie av tillit til mediene, nemleg ”What does it mean to trust the media?” (2013), skriven saman med Jelena Jurisic (Kroatia) og Tereza Pavlickova (Tjekkia), og eit teoretisk essay om tillit til journalistikk; ”Gode grunnar til ikkje å stola på journalistikk” (2013).

Det viktigaste empiriske prosjektet dei siste åra er ”Tillit på mobilen”, eit kvantitativt og kvalitativt prosjekt med 99 informantar frå Sogndal. Her har eg samarbeidd med Bjørnar Tessem frå starten, og han er medforfattarar på alle tekstar. Grete Netteland, Pål Aam og Stig Hovlandsdal Øvreås har også gjeve viktige bidrag. Prosjektet har avfødt både konferansepapers og vitskaplege artiklar.

Kva erfaringar og meiningar har vanlege folk med deling av personleg informasjon på smarttelefonar. Har dei tillit til dei institusjonane og personane som er involvert i deira daglegdagse kommunikasjon? Dette tek Bjørnar og eg for oss i dei to artiklane «The influence of social media use on willingness to share location information» (2013) og «Hyppig bruk av Facebook aukar tilliten til den du deler informasjon med» (2013).

Mediedesign Frå 2003, då doktorgradsprosjektet var ferdig, kunne eg springa rett vidare inn i eit postdok-stipend, og det var gunstig. I tillegg til Deltakingsprosjektet byrja eg å utforska muligheita for å konstruera nye medier sjølv, i eigenskap av å vera medieforskar. Eg ville difor introdusera ein konstruktiv dimensjon i min til no mediehistoriske og resepsjonsorienterte ekspertise: Eg ville laga journalistiske medier sjølv! Det framstår som naturleg at forskarar også prøver ut muligheitane som digitaliseringa har opna opp.

Mi vitskaplege utvikling har gått sakte men sikkert frå generell teori til presise empiriske undersøkingar, og dette vert avspegla i mine vitskapsteoretiske artiklar også. Artikkelen ”Medium design method” (2013) har vore under utarbeiding sidan Demostasjon-prosjektet i 2005, og vart sist presentert på the NordMedia Conference, Akureyri, 2011 og på NordMedia i Oslo, 2013. Artikkelen er meint å vera ei konkret oppskrift på korleis eit forskarteam kan konstruera og testa ut eit nytt medium. Den er spesielt meint for master- og PhD-studentar innafor tema som interaksjonsdesign, journalistikk og andre kreative forskingsprosjekt.

Demostasjon (2005)
Korleis kan telefonlinjer koblast saman slik at flest mogeleg kan snakka saman på radio? Dette var eit hovudspørsmål for Demostasjon, som var ein del av mitt postdokprosjekt i Kulturteknikker. Med gode ressursar frå NFR leia eg det redaksjonelle eksperimentet Demostasjon, og me gjennomførte to eksperimentfasar ved Høgskulen i Volda i april og september 2005, og me hadde ein stab på 11 redaksjonsmedlemmer og 89 deltakarar.

Min fremste publikasjon frå prosjektet er “Minimum Journalism. Experimental procedures for democratic participation in sound media” (2007). Den vart også omsett til norsk og publisert i den nemnte anotologien som ”Minimumsjournalistikk” (2009?). I tillegg skreiv eg den meir populærvitskaplege teksten «Prinsipp for massedialog i norsk radio» (2005). Bokkapittelet “Nye medier, gammeldags journalistikk” (2006) var også prega av Demostasjon-prosjektet.

Prosjektet førte til fleire artiklar i ein antologi for Kulturteknikker, redigert av Barbara Gentikow og Egil Skogseth, pluss bacheloroppgåver i Volda, og eit panel på European Communication Conference i Amsterdam i 2005. Eg arbeidde tett med Sverre Liestøl, Reidulf Botn, Paul Bjerke, og Egil Skogseth i arbeidet med Demostasjon.

Lokanytt (2009)
Demostasjon gav meirsmak, og eg hadde lyst å utvikla eit endå meir radikalt prosjekt. Demostasjon var basert på hyllevare, men det går også an å designa sin eigen heilt originale teknologi. Dette gjorde eg i samarbeid med informasjonsvitarane Bjørnar Tessem og Solveig Bjørnestad. Me utvikla eit omfattande eksperimentelt opplegg for Ekstremsportveko på Voss i 2009. I forkant vart teknologien utvikla av to masterstudentar i Bergen, og PhD-stipendiat Kjetil Vaage Øie bidrog også tungt. På Voss hadde med 12 stabsmedlemmer, inkludert journaliststudentar frå Volda, og me lagde 93 nyheitssaker som vart testa ut på 32 frivillige informantar.

Eg er hovudforfattar på ein artikkel som tek for seg dei journalistikkfaglege aspekta ved Lokanytt; «Locative Journalism. Experimenting with location-dependent news for smartphones» (2011), skriven med Solveig Bjørnestad, Bjørnar Tessem og Kjetil Vaage Øie. Saman med Bjørnar Tessem skreiv eg ein nynorsk versjon av funna våre; ”Lokaljournalistikk for mobilen” (2012). Eit samandrag av våre funn er også publisert i ”Experimenting with new media for journalism” (2010). Dette er ein oversiktsartikkel med utgreiing om metode og teori for både Lokanytt og Demostasjon. Kjetil Vaage Øie arbeider med eit doktorgradsprosjekt om Lokanytt, og det er stipulert å vera ferdig i 2014. Stipendiat Pål Aam, også ved HVO, har laga eit eksperimentelt prosjekt kalla ”Hypernytt”, som dreier seg om interaktiv fjernsynsreportasje, og som gjer bruk av omtrent same forskingsdesign som Lokanytt. Eg var rettleiar for Aam.

Amplifon (2014)
Den viktigaste avleggaren frå Lokanytt er likevel VERDIKT-søknaden ”Nettfyk. A Context-Aware Medium for a Mobile Participatory Public”, som vart utvikla saman med blant anna Bjørnar Tessem, Grete Netteland og Jon Hoem. Prosjektet føresette eit samarbeid mellom Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda. Me vil konstruera eit mobilt, journalistisk medium som er optimalt for terreng og kultur på Vestlandet. Prosjektet er utvikla innafor paraplyen UH-nett Vest, der eg er leiar for eit eige Nettverk for IKT og medier (2009 – ). Søknaden fekk avslag, og sjølv om ”Nettfyk” vart lagt i arkivskuffen, så har me halde på tanken om å designa eit nytt medium frå scratch.

Eg bestemte meg for å halda fast på det eg har best greie på frå før, nemleg den lydlege dimensjonen i medieringa. Prosjektet vart redesigna til ”Amplifon”, og våren 2014 vart det gjort utprøvingar av nye medieløysingar av studentar på kurset INFOMEVI173 Journalistiske mobilapplikasjonar. Erfaringane frå dette studentprosjektet vert oppsummert i ein rapport i Nordicom Information i 2014. Det er etablert ei lita forskingsgruppe, og me utviklar planar for utvikling av ein meir avansert prototype, og testing av løysinga i Bergen våren 2015. Eg har skrive eit paper med tittelen ”Designing a locative medium for sound journalism», og det er til vurdering i eit internasjonalt tidsskrift.