Til toppen

Ungdommar er teknologiske deterministar


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Den teknologiske utviklinga er grunnleggande open. Ungdommar som torer å utfordra dei sosiale medienes tvangstrøye kan utgjera ei veldig kraft.

 

Dei fleste ele­var på vidare­gå­ande sku­lar er på eit sta­dium i livet der dei enno ikkje har reflek­tert noko sær­leg over tek­no­logi­ut­vik­linga, og sine eigne val­mog­leg­hei­ter når det gjeld medie­åt­ferd. Ung­dom­mane er stort sett tek­no­lo­gi­en­tu­si­as­tar, og berre dei fær­raste har klart for seg kva makt- og mark­nads­pro­ses­sar som sty­rer sam­funns­ut­vik­linga. Endå færre prø­ver å sjå kri­tisk på si eiga rolle i det heile.I dette essayet set eg dia­gnose på norske skule­ele­var sitt for­hold til sosiale medium som Face­book, Twit­ter og Insta­gram. Det ver­kar som ung­dom­mar føler at dei er nøydde å bruka dei nye mediene for å henga med i det sosiale livet. ’Sidan alle andre gjer det, må eg sjølv gjera det også’. ’Det er jo berre slik’. I den grad ung­dom­mar har slike opp­fat­nin­gar kan dei kal­last tek­no­lo­giske deterministar.Eg håper ele­var på vidare­gå­ande vil lesa dette essayet, og difor er det skrive med fær­rast moge­leg fag­lege refe­ran­sar og fra­mand­ord. Fyrst prø­ver eg å for­klara det vans­ke­lege omgre­pet «tek­no­lo­gisk deter­mi­nisme» ved å bruka eit his­to­risk eksem­pel, nem­leg kolo­ni­se­ringa av den ame­ri­kanske præ­rien ved hjelp av damp­tog og tele­grafi på 1860-talet. Der­etter viser eg kor­leis Face­book og andre medium i vår eiga tid lovar oss den same typen grense­laus fri­dom som fram­skrit­tet på præ­rien lovde ame­ri­ka­na­rane. Opti­mis­men rundt Face­book var sær­leg tyde­leg under den egyp­tiske revo­lu­sjo­nen i 2011, og eg dis­ku­te­rer to artik­lar i Ber­gens Tidende som for­kla­rer hen­din­gane heilt for­skjel­lig: I det eine til­fel­let var det Face­book som for­år­saka revo­lu­sjo­nen, i det andre til­fel­let var det frust­ra­sjo­nen blant egyp­ta­rane sjølve som tente gnisten.I det sist­nemnte eksem­pe­let ligg det håp. Der­som ung­dom­mar skal kunna over­vinna den tek­no­lo­giske deter­mi­nis­men i seg sjølve, må dei innta den same modige hald­ninga som unge egyp­ta­rar gjorde i 2011. Norske ung­dom­mar må ten­kja at dei sjølve kan påverka utvik­linga av dei sosiale mediene, og gjera dei så gode som moge­leg for det norske sam­fun­net. Denne tanke­gan­gen kan kal­last «mediedesign».

Kva er tek­no­lo­gisk determinisme?

Medie­de­sign krev mot til å velja seg eit verdi­sett som ein kjem­per for å inn­føra. Eg mei­ner at sosiale medier bør rede­sig­nast slik at dei får nors­kare ver­diar enn dei har no.

Å vera tek­no­lo­gisk deter­mi­nist betyr at du trur sam­funns­ut­vik­linga vert dri­ven fram av tek­no­lo­giar meir enn av inter­es­sene til enkelt­men­neske og grup­per. No for tida er sosiale medier eit godt eksem­pel på dette. Face­book har endra det sosiale livet til ung­dom over heile verda utan at ung­dom­mane sjølv vart råd­spurt, og har for­år­saka ein revo­lu­sjon i måten folk kom­mu­ni­se­rer med kvar­andre på. I det minste er dette ei hevd­vun­nen oppfatning.

Mange har ei over­dri­ven tru på at tek­no­lo­giar gjer verda betre. Begeis­t­ing over fram­skritt og fram­tid er ikkje det rette hvis begeist­ringa er ugjen­nom­tenkt eller grunn­laus. Då kan den fak­tisk vera eit uttrykk for man­gel på fri­dom. Begeist­ringa kamu­fle­rer ei kjensle av at ein er dømt til å delta i dei akti­vi­te­tane som domi­ne­rer no. Då bit ein ten­nene saman og er entu­si­as­tisk, og slår hardt ned på dei som ten­kjer ann­leis. Dei som ikkje vil bruka Face­book er gam­al­dagse. Dei roman­ti­se­rer tid­le­gare tiders livs­før­sel, og nek­tar å ta inn­over seg ver­ke­leg­heita slik den er no. Dei kan gje­rast narr av som repre­sen­tan­tar for tan­ken om at «alt var betre under krigen».

Deter­mi­nis­ten ten­ker at tek­no­lo­gien fun­ge­rer på ein for­hånds­be­stemt måte

Feil­plas­sert begeist­ring gjer at ein over­ser eit vik­tig pro­blem, nem­leg at me eigent­leg ikkje kan gjera heilt som me vil. Me er ikkje frie! Dei gigan­tiske tek­no­lo­giske struk­tu­rane er ster­kare enn vår per­son­lege vilje, i hvert fall så lenge me fer­dast ute i det mate­ri­elle sam­fun­net. Tenk deg at du skal til Amster­dam. Du skrur av TVen, for­let huset, kjem ut i tra­fikk­sys­te­met, vert frakta til ein fly­plass, skrur av mobi­len, tek flyet til ein annan by, skrur på mobi­len, går gjen­nom fly­plas­sen, kjem ut i tra­fikk­sys­te­met, sjek­kar inn på hotel­let, og skrur på TVen. Du går i ei sluse som du er tvun­gen til å vera inni. Sjølv om du kan ten­kja på kva du vil så er krop­pen din fanga i dette tek­no­lo­giske systemet.

No vil eg gå nærare inn på kva deter­mi­nisme er, og vil bruka utbrei­inga av jern­ba­nen i USA på 1860-talet som eksem­pel. Då var det ei vold­som fram­tids­tru, og den var deter­mi­nis­tisk. Kjer­nen i denne måten å ten­kja på er at utvik­linga av sam­fun­net hovud­sak­leg skjer gjen­nom opp­fin­ning av nye tek­no­lo­giar som er meir effek­tive enn dei gamle. Jern­ba­nen kan frakta meir gods og pas­sa­sje­rar enn hest og vogn kan, og sette i gang ein trans­portre­vo­lu­sjon. Sosial og kul­tu­rell utvik­ling kjem som eit resul­tat av at sta­dig meir avan­serte tek­no­lo­giar vert kon­stru­erte, og dei byg­gjer på alt det avan­serte som alle­reie er utvikla. Sivi­li­sa­sjo­nen breier seg utover præ­rien, der det tid­le­gare berre var aude­mark. Det ligg i sakens natur at denne tek­no­lo­giske utvik­linga ska­par end­rin­gar i folks livs­før­sel og kvar­dags­liv. Jord­bruks­land vert opna opp, han­de­len blomst­rar og mange fleire men­neske kan verta rike og nøgde.

Lito¬grafi frå 1868, pro¬du¬sert av fir¬maet Cur¬rier & Ives: «Across the Con-ti¬nent. Westward the course of empire takes its way».

Litografi frå 1868, produsert av firmaet Currier & Ives: «Across the Continent. Westward the course of empire takes its way».

Det finst ibuande eigen­ska­par ved tek­no­lo­giar som gjer dei godt bru­kande til visse ting, og ikkje til andre ting. Jern­ba­nen for­år­sa­kar sivi­li­se­rings­pro­ses­sen pga. sitt store trans­port­vo­lum, beho­vet for sta­sjons­byar langs linja, mark­na­den for jern til skin­nene, og så bort­et­ter. Når ein tek­no­logi har vorte intro­du­sert i sam­fun­net vil den nød­ven­dig­vis føra til end­rin­gar; dette er ikkje noko som er oppe til debatt. India­na­rane sin tids­al­der er ute. Deira livs­før­sel var basert på store natur­land­skap der dyr bei­ter og kan jak­tast på, og dette livet har ingen sjanse i det nye tek­no­lo­giske landskapet.

Fram­skrit­tet er uunn­gåe­leg. Deter­mi­nis­ten ten­ker at tek­no­lo­gien fun­ge­rer på ein for­hånds­be­stemt måte. ’Det går ikkje an å vera imot utvik­linga’, seier han, ’for eg er berre eit lite men­neske i den store saman­hen­gen’. I USA på 1860-talet fanst det eit ideal om «mani­fest destiny». Det var ame­ri­ka­na­ra­nes klare skjebne å gjen­skapa det beste frå den gamle verda i den nye verda. Dette krevde heile tida nye ter­ri­to­rier, heilt til det ikkje var meir igjen å kolo­ni­sera. Utvik­linga vert der­med uunn­gåe­leg, og du treng eigent­leg ikkje ten­kja på det. Det var heilt natur­leg at bilen kom etter jern­ba­nen, og så kom flyet, og alt var med på å gjera den ame­ri­kanske sivi­lia­sjo­nen meir perfekt.

Sidan 1800-talet har det blitt sta­dig mindre poli­tisk kor­rekt å ten­kja slik, og dei fær­raste slår seg på brys­tet og seier ’Eg er ein tek­no­lo­gisk deter­mi­nist’. Det ville jo høy­rest ut som du ikkje trur at det er moge­leg med per­son­leg ini­tia­tiv, og at ein ikkje kan endra på ting gjen­nom sam­ar­beid og poli­tisk mobi­li­se­ring. Det para­dok­sale er at deter­mi­nisme fun­ge­rer som ei opti­mis­tisk hald­ning for unge men­neske som lever i omskif­te­lige tider. Eg sjølv er fri, mens tek­no­lo­gien kjem og påver­kar meg fra utsida.

Face­book gjer deg fri!

Hvis ein tek­no­logi fun­ge­rer bra, slik som mange mei­ner at Face­book gjer, vil den verta opp­fatta som posi­tiv, og hvis den fun­ge­rer dår­leg, slik som DAB-radio kan vera eit eksem­pel på, så vil den verta opp­fatta som nega­tiv. I begge til­felle er det tek­no­lo­gien som for­kla­rer end­rin­gane, og ikkje mine eigne hand­lin­gar. Slik vert tek­no­lo­gisk deter­mi­nisme ein god intel­lek­tu­ell over­le­vings­stra­tegi, og du kjen­ner deg fri.

Men kva slags fri­dom er dette? Tenk på kor­leis Steve Jobs og dei andre entre­pre­nø­rane bak nye medier vert fram­stilt. Suzanne Beck­mann, pro­fes­sor ved Copen­ha­gen Busi­ness School, omta­lar han slik: «Han har, på en tek­nisk avan­sert, men sam­ti­dig lek­ker og bru­ker­venn­lig måte, gitt oss fri­het. Fri­het til flek­si­bi­li­tet og mobi­li­tet. Det er nær­mest en revo­lu­sjon. Han har revo­lu­sjo­nert vår måte å føle oss frie på» (Klasse­kam­pen, 12.10.2011). Javel. Steve Jobs har laga tek­no­lo­giske løy­sin­gar som vert spreidd ut i sam­fun­net på ein så total måte at me nes­ten er dømt til å meina at dei for­bet­rar liva våre. Det er akku­rat som med jern­ba­nen på 1800-talet. Kven kan vel vera imot framskrittet?

I mot­set­ning til tra­di­sjo­nelle medium som radio og fjern­syn pro­du­se­rer ikkje sosiale medium inn­hald. Dei lagar ikkje nyhei­ter, fik­sjons­fil­mar eller radio­tea­ter. Face­book sen­der bru­ka­rane sitt inn­hald fram og til­bake inni nett­ver­ket, og sen­su­re­rer vekk det som vert klaga på, men elles er dei (lik­som) nøy­trale og usyn­lege. Nett­opp denne man­ge­len på inn­hald er sosiale medium sitt fremste karak­ter­trekk, og dei har jo med­ført ein slags revolusjon.

Twit­ter og Face­book lærer deg å hevda deg sjølv betre.

Men kva går revo­lu­sjo­nen ut på? Nett­verks­ba­serte medium har gjort at folk kan skaffa seg infor­ma­sjon mykje ras­kare enn i den ana­loge tids­al­de­ren, då ein­vegs­me­diene domi­nerte. Rele­vant infor­ma­sjon er no all­tid til­gjen­ge­leg, til og med på do. Endå vik­ti­gare er det at folk kan delta i offent­leg kom­mu­ni­ka­sjon heilt sjølve. Me kan skriva, legga ut bilete, filma videoar og delta i større eller mindre offent­leg­hei­ter med våre mei­nin­gar. Slik sett har sosiale medium med­ført ei endå ster­kare demo­kra­ti­se­ring i Norge enn det som lokal­de­mo­kra­tiet og vel­ferds­sta­ten alle­reie har sti­mu­lert til.

I sum har sosiale medium «for­år­saka» ein enorm auke i den tek­no­lo­gisk for­midla kom­mu­ni­ka­sjo­nen mel­lom van­lege folk, og firma som Tele­nor, Riks-TV og Spo­tify tener like enorme sum­mar på å levera infra­struk­tu­ren for det heile. Alt har blitt fri­are og meir indi­vi­dua­lis­tisk. Twit­ter og Face­book lærer deg å hevda deg sjølv betre, og gjer deg til ein betre til­passa sam­funns­bor­gar – i hvert fall inna­for det sam­fun­net som dei nye mediene ska­par. Folk som tek medie­ut­dan­ning får inter­es­sante job­bar der dei driv med stra­tegi, for­mid­ling og pro­gram­me­ring som styr­kar dei nye medie­nes påver­king. Der­som du vil, kan du fint ten­kja at det er fan­tas­tisk å leva no!

Sosiale medi­ers rolle under den egyp­tiske revolusjonen

Men som de skjø­nar er eg ein av skep­ti­ka­rane. Dei siste åra har eg jevn­leg lest ordet «Face­bo­ok­re­vo­lu­sjo­nen», og eg vert like irri­tert kvar gong. Tan­ken er at Face­book var så vik­tig for koor­di­ne­ringa av møte og pro­test­hand­lin­gar på Tahrir­plas­sen i Kairo, at dette mediet for­andra ver­ke­leg­heita i Egypt. Eg kan ikkje seia at det er direkte feil, men eg kan seia at eg vert depri­mert av å ten­kja at det skulle vera rett.

Ber­gens Tidende for­mu­le­rer ein slik deter­mi­nis­tisk Egypt-analyse i artik­ke­len «Face­book for­and­ret ver­den», trykt den 28. februar 2011. Språk­fors­kar Linda Kjosaas vert inter­vjua, og mei­ner at Face­book var heilt avgje­rande for orga­ni­se­ringa av demon­stra­sjo­nane. Sær­leg Facebook-gruppa «Vi er alle Kha­led Said» hadde stor mobi­li­se­rings­ef­fekt, og fekk over ein mil­lion med­lem­mer. Ifølge Kjosaas var Face­book «en vik­tig møte­plass for akti­vis­tene og en for­ut­set­ning for at revo­lu­sjo­nen fant sted».

Fak­si­mile frå Ber­gens Tidende, 28. februar 2011.

Fak­si­mile frå Ber­gens Tidende, 28. februar 2011.

Ana­ly­sen føre­set at egyp­ta­rane får si dra­ma­tiske sam­funns­om­velt­ning fordi ein tek­no­lo­gisk mulig­heit duk­kar opp, og det gjer den på eit til­fel­dig tids­punkt i egyp­tisk saman­heng, sidan Face­book sin opp­komst vit­tar­leg vart bestemt av den ame­ri­kanske sivi­lia­sjons­ut­vik­linga. Plut­se­leg får egyp­ta­ren kraft til å tvinga sin vilje gjen­nom. Ende­leg kan folk skapa press­grup­per på Face­book, etter hundre­vis og tusen­vis av år utan denne mulig­heita. I vår tek­no­lo­gikvar­dag fram­står det som heilt natur­leg å gje Mark Zucker­berg æra for at det vart revo­lu­sjo­nære til­stan­dar i Nord-Afrika. Me er så trygge på god­heita i våre medie­tek­no­lo­giar at me lett kan tru at dei no svei­par gjen­nom den mus­limske verda og ska­par fram­skritt og demokrati.

Men i denne ana­ly­sen ligg det ei alvor­leg under­vur­de­ring av det poli­tiske dyret som eit men­neske er. Ei mindre deter­mi­nis­tisk ana­lyse av hen­din­gane i Egypt kan inter­es­sant nok fin­nast i den alle­reie siterte utgåva av Ber­gens Tidende frå februar 2011. Under sek­sjo­nen «Utland» finn eg ein artik­kel med tit­te­len «Vi fant kref­ter i oss selv vi ikke visste vi hadde».

Dette er eit inter­vju med Ahmed Al Hin­dawi, ung­doms­råd­gi­var for Den ara­biske liga. Han har ei sosial for­kla­ring på dei dra­ma­tiske hen­din­gane. Ifølge han er pro­ble­met at regi­met består av eldre menn som ikkje tek den store ande­len unge men­neske med i beslut­nings­pro­ses­sane. Unge men­neske kan lett få seg utdan­ning, men det er ikkje lett å få arbeid etterpå, og sær­leg ikkje arbeid med ansten­dig lønn og håp om eit mid­del­klasse­liv. På grunn av sti­gande pri­sar på ris, korn og driv­stoff har den øko­no­miske kvar­da­gen blitt endå har­dare dei siste åra. Egyp­ta­rar flest er fat­ti­gare enn på mange tiår, og lever under ned­ver­dig­ande vil­kår målt etter sitt eige lands normal.

Her vert revo­lu­sjons­til­stan­dane i Egypt altså for­klart med at det var poli­tisk vilje til å utføra dei. Slik fri­dom­størst er vel­kjent frå den franske revo­lu­sjo­nen og hundre­vis av fol­ke­lege opp­rør gjen­nom tidene. Den egyp­tiske vil­jen vert vak­kert for­mu­lert av Ahmed Al Hindawi:

Våre for­eld­res gene­ra­sjon trodde at man blindt skulle følge auto­ri­te­ter og ideo­lo­gier, enten det nå var reli­gion, kom­mu­nisme, panara­bisme, etc. Men vi har ingen ideo­logi og ingen ledere. Vi har ver­dier og prin­sip­per. Vi er også mer kri­tiske enn våre for­eldre. Vi vet at vi ikke skal tro alt som makt­ha­verne sier.

Her bob­lar det av anti-determinisme; av mot­vilje mot å aksep­tera at det må fort­se­tja å vera slik det er.

På ein og same dag hadde altså Ber­gens Tidende to heilt for­skjel­lige for­kla­rin­gar på revo­lu­sjo­nen i Egypt, med tit­lane «Face­book for­and­ret ver­den» og «Vi fant kref­ter i oss selv vi ikke visste vi hadde». Den fyrste for­kla­rer hen­din­gane med at Face­book gjorde revo­lu­sjo­nen moge­leg, og den andre med at kref­ter i dei unge egyp­tiske demon­stran­tane gjorde den moge­leg. Den fyrste for­kla­ringa er teknologi-deterministisk og den andre kan kal­last sosial-deterministisk. Eg tvi­lar på at poli­tisk redak­tør Sjur Hol­sen og kul­tur­re­dak­tør Hilde Sand­vik har tenkt noko sær­leg på for­skjel­len. Det er jo hel­ler ikkje van­leg at avi­sene for­mu­le­rer ein kon­sis­tent tek­no­logi­te­ori i sine formålsparagrafar.

Lag mediet sjølv!

Det store dilem­maet dreier seg om å finna ut kva du sjølv mei­ner om utvik­linga av media og sam­fun­net dei er ein del av. Eg mei­ner at eit medium kan bidra til nye for­mer for sam­køy­ring av hand­lings­vilje, men at ener­gien til å handla må koma frå men­neska. I Nord-Afrika kom revo­lu­sjo­nen frå ei djup fel­les mis­nøye med kvar­dags­li­vet som til slutt vart sam­køyrt til ein mek­tig pro­test på Face­book – og på Tahrirplassen.

Hvis dette er rik­tig må det fin­nast eit alter­na­tiv til teorien om tek­no­lo­gisk deter­mi­nisme. Den finst sjølv­sagt, men uhel­dig­vis har den eit endå meir tung­vint namn. Den vert ofte kalla «sosial-konstruktivisme», noko som er meint å sig­na­li­sera at dei tek­no­lo­gi­ane som er vik­tige for sam­fun­net vert kon­stru­ert gjen­nom sosiale kref­ter. Denne teorien fram­he­ver at i mange his­to­riske til­felle var det dei sosiale behova blant folk som var den reelle grun­nen til end­ringa. Sosial-konstruktivistane for­kla­rer ikkje utvik­linga som ein effekt av ein tek­no­logi, men som ein pro­sess der mange ulike kref­ter er med å bestemma kva som skjer. Det er sær­leg for­de­linga av poli­tisk makt og pen­gar som pre­gar utvik­linga. I Noreg har me sosial­de­mo­krati og noko­lunde rett­fer­dig for­delt vel­stand, medan i Egypt hadde dei dik­ta­tur og eks­treme for­skjel­lar i vel­stand. Også stor­lei­ken på dei ulike sosiale grup­pene påver­kar utvik­linga, til dømes for­hol­det mel­lom høgt og lågt utdanna, som er vidt for­skjel­lig i Noreg og Egypt. Det er altså ikkje tek­no­lo­gien i seg sjølv som sty­rer, og det er ikkje gitt på føre­hand kor­leis utvik­linga vil skje. Dei ulike kref­tene set begren­sin­gar og utøver press, men dei kon­trol­le­rer ikkje utvik­linga. Ingen­ting kon­trol­le­rer utvik­linga! Den er grunn­leg­gande open for for­hand­lin­gar, til­fel­dig­hei­ter og vilje.

Sosiale medier bør rede­sig­nast slik at dei får nors­kare ver­diar enn dei har no.

I denne teorien ligg det meir håp enn i deter­mi­nis­men. Det går an å påverka den tek­no­lo­giske utvik­linga! «Filo­so­fane har berre for­tolka verda på for­skjel­lige måtar, poen­get er å for­andra den», sa Karl Marx. Eg vil komma med eit kon­struk­tivt for­slag før eg gjev meg. Me må laga nye medier sjølve! Me må designa våre eigne medier frå bot­nen og opp! Då dreier det seg ikkje om å ana­lysera den eksis­te­rande verda pas­sivt, men om å kon­struera ei ny verd aktivt, slik Marx anbe­fa­ler. Dette kal­lar eg mediedesign.

Medie­de­sign er grunn­leg­gande verdi­ba­sert. Det går ikkje an å laga eit nytt medium utan sam­ti­dig å rea­li­sera visse åtferds­møns­ter og ver­diar på kost­nad av noko andre. God medie­ut­vik­ling hand­lar om å finna dei beste kom­mu­ni­ka­tive funk­sjo­nane, og bygga dei inn i måten tek­no­lo­gien fun­ge­rer på.

Tenk på kor mange andre måtar ein kan kom­mu­ni­sera på enn dei som er utbreidd i sosiale medier no. Det fram­står tru­leg som absurd for den jevne entu­si­ast at Insta­gram, som eit av dei nyaste mediene, burde hatt ein genuint sam­funns­end­rande funk­sjon for å for­tena begeist­ring. Dette er jo berre meint å vera gøy! Men det er ikkje berre gøy. Eit nytt verdi­sys­tem vert utvikla i liva våre. Face­book, Insta­gram og Twit­ter dyr­kar indi­vi­dua­lisme, og inspi­re­rer til same makt­for­de­ling i den norske offent­leg­heita som den dei har i USA. Kjen­di­sar og rik­folk kjem all­tid best ut. Dei sosiale mediene, slik dei fun­ge­rer no, er såleis fan­tas­tiske verk­tøy til å spreia ame­ri­kanske ver­diar i Norge.

Men vil me eigent­leg ha desse ver­di­ane? Der­som alle ten­kjer deter­mi­nis­tisk, så går jo utvik­linga sin skeive gang, og alle er noko­lunde nøgde utan å vera frie. Då ten­kjer me kan­skje ikkje godt nok over kva ver­diar me inn­fø­rer mens det enno går an å påverka utvik­linga, og kjem fyrst til å rea­gera poli­tisk når ver­di­ane er kropps­leg­gjort i ein ny gene­ra­sjon av ung­dom­mar. Då er det for seint.

Medie­de­sign krev mot til å velja seg eit verdi­sett som ein kjem­per for å inn­føra. Eg mei­ner at sosiale medier bør rede­sig­nast slik at dei får nors­kare ver­diar enn dei har no. Dei burde vera kol­lek­tive, jam­byr­dige og lokale, og dei burde byg­gast for å inspi­rera – eller deter­mi­nera – unge men­neske til å verta heilt andre vaksne enn dei vil bli slik situa­sjo­nen er no. Men så lenge utvik­linga av nye medier skjer på den inter­na­sjo­nale medie­in­du­strien sine pre­miss er det liten sjanse for at sosial­de­mo­kra­tiske ver­diar vil prega fram­tida vår. End­rin­gar i hald­nin­gar og behov må koma frå heilt andre hald.

Eg har sterk tru på at norske universitets- og høg­skule­miljø kan endra inn­ret­ninga på dei sosiale mediene, og endå ster­kare tru på at unge, enga­sjerte ele­var på vidare­gå­ande sku­lar kan verta ein makt­fak­tor. Tenk på motet til dei unge egyp­ta­rane! Norsk ung­dom har sjølv­sagt også poten­sial for eit slikt mot. Der­som dei ten­kjer ordent­leg over sin eigen medie­bruk kan dei inn­sjå at det er moge­leg å stå imot tenden­sen til å ten­kja at alt alle­reie er avgjort. Ung­dom­mar som torer å utfordra dei sosiale medie­nes tvangs­trøye kan utgjera ei vel­dig kraft, og på lengre sikt kan dei endra det norske sam­fun­net til det betre.

Dette inn­leg­get vart opp­rin­ne­leg halde som eit føre­drag under «Fram­tids­kon­fe­ran­sen» på Nor­dahl Grieg vidare­gå­ande skule, 20. februar 2013. Då var tit­te­len «Tek­no­logi­de­ter­mi­nisme. Ein van­leg ten­kje­måte blant folk som er begeistra for nye medier».