journ

Teknologi

  • Ingen kategorier
  • Eg har forska på teknologiens rolle i menneskelivet sidan starten av doktorgradsstudiet mitt i 1997, og i løpet av alle desse åra har eg lagt merke til at digitale teknologiske nettverk tek over fleire og fleire aspekt ved kommunikasjonen. Kunstig intelligens er eit spesielt interessant og farleg fenomen. Det er viktig at universitetet har ei fagleg sterk forståing av slike tekniske ordningskrefter.


    Norsk radio må reddast

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Norsk radio risikerer å visna bort i skuggen av DAB-monolitten. Om nokre dagar byrjar dei å skru av FM-sendenettet rundt om i Noreg. Kva kjem til å skje med norsk radiolytting når omstillingsprosessen er fullført? Frå 1930-talet og framover vart radioen gjort til eit offentlig gode, på linje med andre offentlege tenester som veg og […]

    Livet i bobla

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Folk brukar øyretelefonar og høyrer musikk på mobilen når dei går gjennom byen. Me har alle sett dei, og ofte gjer me det sjølve. Korleis er livet inni denne lydbobla? Eg stilte meg dette spørsmålet i fjor haust. Då budde eg i London eit halvt år med familien, og skulle studera medieåtferd blant folk der. […]

    Radioen vert marginalisert

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Tradisjonell radio tapar terreng i møte med øyretelefon-kulturen. Unge menneske veks opp utan tilkopling til radioen som offentlegheit, men også vaksne folk endrar vanar. London er full av folk som lyttar i øyretelefonar mens dei er på reise gjennom byen. Slik “wearable” lytting i urbane omgjevnader utgjer ei stor, men enno ganske dårleg forstått offentlegheit. […]

    Kampen mot den andre på Facebook

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Eg sjekkar Facebook veldig ofte, men til tider vert eg nesten kvalm og må ta ein pause. Kvifor er det slik? Historia byrja med at eg drog til Paris for å vere med på eit seminar om “Den andres fenomenologi”. Der sto den franske filosofen Jean Paul Sartre (1905-1980) på programmet, og medan eg høyrde […]

    Sjå det gode ved dronen

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Det er lett å tenkje at droneteknologi er negativt for samfunnet, men den tanken bør skiftast ut med meir positive haldningar. I dette blogginnlegget spekulerer eg omkring det gode ved droner. Eg vil ta for meg tre profesjonar som kan forme dronefilm i ei positiv retning for offentlegheita, nemleg filmbransjen, journalistikken og akademia. Det er […]

    Vi har ikkje kontroll over teknologiane

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Martin Heidegger ser oss i augo og kjem med ei åtvaring: Dersom de trur de har kontroll over teknologiane tek de skammeleg feil. I dette innlegget er eg trollmannens læregut, og vil prøva å forklara kva Heidegger meiner. “Menneska opphøgar seg sjølve og poserer som herrar over jorda. På denne måten vert det laga ein […]

    Internett er betre enn DAB

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    DAB vert ikkje brukt særleg av dei unge, og vil få ei sakte fallande lyttarkurve etter som dei eldste lyttarane døyr og få yngre kjem til. Ole Jørgen Torvmark i Digitalradio Norge skriv i BT 23. september at Internett kan ikke erstatte DAB . «Internett er ikke et egnet alternativ til kringkasting, dersom man ønsker […]

    Fjernsyn til evig tid

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Det er nesten umogeleg å overdriva kor viktig fjernsynet er i det norske samfunnet.  «De neste årene skal vi vinke farvel til fjernsynet slik vi kjenner det”, seier Erik Fossen i Bergens Tidende 28. januar. Eg trur han kjem til å vinka til han får krampe i armen og ikkje orkar meir. Det hadde vore […]

    Mediet ingen vil ha

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    DAB er ikkje bra for det norske samfunnet berre fordi det vert brukt milliardar på infrastruktur og PR-kampanjar. Det finst spennande digitale moglegheiter for lydleg kommunikasjon på nettet, men dei vert utforska av heilt andre krefter enn NRK, P4 og RadioNorge. Det gjeld alle former for musikk og snakking på mobilen, ein veksande brukarkultur knytt […]

    Mot informasjonsstraumen

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Den utvekslinga av meiningsfulle bodskapar frå menneske til menneske som skjer ved hjelp av teknologien, vert i dag hovudsakleg mystifisert av hokuspokusorda «cyberspace» og «virtual reality». Informasjon er ikkje utan vidare av verdi, den kan like gjerne skapa forureining av tanken, påstår Hans Skjervheim i artikkelen «Den klassiske journalistikken og den nye medieideologien» i Nytt […]