Til toppen

Misbruk av ytringsfridomen


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Forsvararane av pressa har ein tendens til å forsvara pressa for einkvar pris, og nyttar omgrepet ‘ytringsfridom’ som sjølve hovudordet i si retoriske tomtønneskramling.

Den falske redsla for å missa retten til det frie ordet høyrer ikkje heime som eit emne i den norske samfunnsdebatten. Me burde taka opp til drøfting kva dugleiksnivå som må krevjast av dei ytringane som dagstøtt omsluttar oss, heller enn i utrengsmål å frykta for at mediene kan missa høvet til å ytra seg. Ytringsproduksjonen er så stor og forskjelligarta at ein kvalitetskontroll etter mønster frå landbruk og fiske hadde vore tenleg for å skjerma oss mot dårlege produkt. Lat meg argumentera.

Kvar gong ei journalistisk arbeidsulukke eller eit planlagt overtramp finn stad, kjem det journalistiske miljøet seg sjølve til forsvar nesten før nokon har summa seg til å åtaka dei. Forsvaret har alltid som dommedagstung konklusjon at åtak på mediene sitt innhald er ein kritikk som kan føra til krav om strengare statleg styring av mediene. Einkvar kritikk av ytringar frå mediene er liksom eit trugsmål mot trykkefridomen. For trykkefridomen må vera fullstendig utan innskrenkingar bortsett frå dei som vert sette av pressa sjølv, seier pressa sjølv. «Se og Hørs prosessfullmektig, Tor Erling Staff, hevdet i sin prosedyre at hensynet til trykkefriheten må gå foran hensynet til kjendisenes privatliv» (Dagbladet 17.03).

Uff og uff; vår grunnlovsfesta og av alle høgt skatta rett til å skriva usensurerte brev til kvarandre, vårt generelle høve til å nytta ‘ordet fritt’-spalta i avisa, til å utgje pamflettar, fanziner, lokale småaviser eller fagtidsskift, retten til dersom du har nok pengar å kunna starta ei avis, danna ein radiostasjon eller setja opp ei lita kringkasting, sjølve fundamentet for det som vert snakka om i 17.mai talane; desse rettane er i fare? Dei vert truga så sterkt i Noreg i 1995 at Se og Hør må gå til ankerettssak for å forsvara trykkefridomen som prinsipp! Bør me kanskje gleda oss over deira initiativ til å gjera ytringsfridomen rådande på kostnad av Ole Paus sitt privatliv; eit liv som han fekk «uforbeholdent medhold» frå Oslo Byrett om at han har rett til å leva i fred?

Sjølvsagt ikkje. Omgrepet ‘ytringsfridom’ nemner er ein grunnlovsoppnemnd norsk borgarrett som ikkje i noko høve er avgrensa eller står i fare for å verta avgrensa av lover i dette landet. Ingen av dei trugsmåla som trykkefridomen vart oppretta for å verna den ålmenne meiningsbrytinga mot finnest i Noreg idag. Slike totalitære og/eller meiningsregulerande straumingar må i kvart enkelt tilfelle konstruerast av pressa sjølv som ei vikarierande forklaring på den motvilja som finst hjå mediebrukarar og i statlege instansar mot visse typiske ytringsformer som kan kallast løgn, ærekrenkingar og dårleg journalistisk handverk.

Ytringsfridomen som samfunnsfenomen avgrensar seg sjølv gjennom dei ytrande sin respekt for kvarandre sin integritet, gjennom deira frykt for å dumma seg ut i påstandane sine om noko og gjennom deira gjensidig forpliktande moralske krav om ikkje å bruka løgner i ytringane. Vidare vert ytringsfridomen regulert gjennom ein omtala person sin rett til å få økonomisk erstatning frå pressa dersom ein publisert artikkel har kryssa denne samfunnsoppretta moralske grensa. Trykkefridomen avgrensast også gjennom enkeltpersonen sin rett til eit fredeleg privatliv, ein rett Tor Erling Staff meiner er mindre verd enn Se og Hør sin rett til sjølv å setja opp eventuelle moralske reglar for utgjevingane sine.

Trykkefridomen er ikkje i fyrste rekke ei velsigning av alle slags medieprodukt utan atterhald; heller ikkje ein juridisk rett til å setja kva som helst på trykk berre fordi det er lov. Trykkefridomen er eit bindande uttrykk for noko sjølvsagt ved vårt samfunnsliv; den er ein innarbeidd praksis som ingen i Noreg treng setja spørjeteikn ved fordi den er så tilvand at me ikkje lenger merkar den som eit privilegium. Ytringsfridom er noko uinnskrenka; ei haldning som gjennomsyrer samfunnet og som gjer faren for at den vert brukt i utrengsmål til eit større trugsmål mot ytringsmangfaldet enn faren for å verta straffa på grunn av innhaldet i ytringa. Ytringsfridomen mogeleggjer surmulinga til Tor Erling Staff og desperasjonen til Ole Paus som me les om i avisene medan rettssaka om ytringsfridomen varer.

Når Se og Hør faktisk anka den rettsaka Ole Paus vann for 2½ år sidan til Eidsivating lagmannsrett, har det heilt andre årsakar enn ei omsut for noko prinsipielt ved ytringsfridomen. Så edle er dei ikkje. Sjølvsagt er ikkje pressa interessert i å få restriksjonar på ytringsretten sin, men det er av økonomiske grunnar. Pressa sin trong til stadig å utvida det juridisk og moralsk aksepterte verkeområdet sitt har kome så langt at pressepraksisen har vorte ein misbruk snarare enn ein moralsk forsvarleg bruk av trykkefridomen. Alt fordi mediene må kjempa stadig hardare om merksemda til kjøparane av ytringar, og difor stadig oftare får riper i lakken som dei ikkje er interesserte i å betala for gjennom pengeerstatningar eller ved audmjukande mortifikasjonar.

I vår tabloidtid har ‘ytringsfridom’ har vorte eit banalt og hyklerisk ord fordi det liksom ved eit trylleslag løyser både pressa og samfunnsdebatten ut av alle problem i ålmenta ved sitt omgrepsmessige nærvær åleine. Det er på tide å undersøka bruken av ytringsfridomen heller enn for all framtid å diskutera rammene for den.

Misbruken av ytringsfridomen skuldast ei mengd faktorar i massemediesamfunnet: Produksjon av mediebodskapar har vorte ein inntektsbringande industri; det vert stadig laga fleire bodskapar av alle slag; det er viktigare for mediene at dei har eit innhald å selga reklame gjennom enn kva dette innhaldet går ut på; ytringane må stadig gjerast meir spektakulære så dei skil seg ut frå alle andre ytringar; og produsentane tek stadig mindre omsyn til gamle journalistiske normer i jakta på merksemd hjå dei potensielle lesarane, sjåarane og/eller lytttarane. Naturlegvis står både sendar- og mottakarsida i kommunikasjonen i fare for å verta ukritiske til ytringspraksisen i samfunnet når eit slikt bruksmønster er etablert, og dugleiksnivået på ytringane vert den lidande parten.

TV-reklamen for Kinderegg, «Tilgi meg!» på TV3, Dagbladframsidene og «Baywatch» er berre nokre få klare døme på eit fenomen som har fått breia seg stadig vidare i heile vårt hundreår; eit fenomen som skuldast mediebruk for merksemda si skuld. Ytringar bør vera motiverte av noko den ytrande synest er godt nok til at han torer visa det til ålmenta, men i 1995 er motivasjonen den at mediene finn på noko å seia fordi ytringsindustrien er lønnsam. Og det er den fordi me som utgjer ålmenta sjølvsagt kjøper det som vert sagt heile tida.

Men mange samfunnsborgarar er enno intelligente nok til å misbilliga slik bruk av ytringsretten; sjølv om me aldri ville finna på å forby ei ytring fordi den har dårleg kvalitet. Det einaste som kan gjerast er å oppmoda einkvar ytringsprodusent om å hugsa at andre skal sjå/høyra ytringa; menneske som kanskje ikkje er like ukritiske til det dei konsumerer som produsenten er til det han sjølv produserer.

Den britiske samfunnsrefsaren Aldous Huxley var allereie i 1930-åra kjenslevar for misforholdet mellom tilgjengelege medieprodukt og den normale tilveksten av talentfulle produsentar av kulturytringar. Sjølv etter å ha rekna med veksten i folketal og den ålmenne skuleutdanninga som alle i vårt vestlege samfunn nyter godt av, ser Huxley eit skrikande overskot på ytringar som berre kan tyda at mange av dei er søppel. Medieteknologien og utbreiinga av den kan berre skapa betre forhold for utvekslinga og mangfaldiggjeringa av ytringar; ikkje for ytringsdugleiken hjå produsentane.

«Vi står overfor et enkelt aritmetisk faktum. I forrige århundre økte Vest-Europas befolkning med noe over det dobbelte. Lese- og billedstoffet har imidlertid, vil jeg anta, økt i forholdet 1 til 20, kanskje 50 eller endog 100. Om en befolkning på x millioner har n kunstneriske talenter, vil en befolkning på 2x millioner ha 2n kunstneriske talenter». (Aldous Huxley: Beyond the Mexique Bay, s. 274ff., henta frå Walter Benjamin sitt essay «Kunstverket i Reproduksjonsalderen».)

Denne ukjente n, som altså nemner eit forholdstal for mengda av talent i høve til folketalet, stig ikkje i same takt som mengda av kulturprodukt aukar. Huxley strekker seg ikkje lenger enn til å gje n verdien tre eller kanskje fire, medan det tilsvarande forholdstalet for auken i produksjon på hundre år altså er på tjue, femti eller hundre. Me vert fleire og kanskje vert me klokare, er Huxley sitt resonnement, men me vert ikkje i noko fall så kloke som talet på ytringar og graden av konsum skulle tyda på.

Huxley sin konklusjon utifrå denne tankegangen dreier seg ikkje om ytringsfridom i tradisjonell tyding av ordet, men om korleis den mangfaldige bruken av den skapar eit ugunstig kulturelt klima for den jevne brukaren. «Resultatet er altså at produksjonen av søppel er større enn før i alle kunstarter, såvel absolutt som relativt; og slik må det være så lenge folk fortsetter å konsumere en uforholdsmessig stor mengde lese-, billed- og lydmateriale». På bakgrunn av Huxley sin reknemåte er det overhengande statistisk fare for at denne ytringa; min refs av kvaliteten på ytringane i informasjonssamfunnet som lesaren les akkurat no, også er unaudsynt søppel.

Den stoda som Huxley så nådelaust peika på allereie i 1934 er idag meir påfallande enn nokonsinne før, og skuldast vår kulturelle notid sin lemfeldige omgang med åndsevner og konsumentane sin ukritiske bruk av dei ulike mediene. At slike uinspirerande trekk ved den notidige kulturutvekslinga har mange fleire årsakar enn ein velfungerande ytringsfridom gjer berre problemet større.