Til toppen

Medieavhengig i Amerika


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Mitt mål var Niagarafossen. Eg leigde ein Chevrolet Suburban i Brooklyn, og kryssa austkysten frå New York til Toronto, med to stopp ved fossen. I fire dagar køyrde eg gjennom den amerikanske kvardagen med handa på rattet og blikket skiftande mellom veg og bakspegel.

Sidan dette berre var ein svipptur vart erkjennelsane mine likeeins. Sonderingane var så kortvarige og blikkvendingane så kvikke at det aldri vart rom for refleksjon. Men kanskje er det nettopp i slik åtferd at mennesket si avhengigheit av mediene er lettast å sjå?

Mobil sjølvkontroll

Motorvegen er Amerika sitt nervesystem nummer ein. Amerika er the land of opportunity, og i 70-80 år har bilen vore det fremste medium for denne menneskeretten. Sjølv om mennesket alltid har vore i fri bevegelse, har rekkjevidda til  denne bevegelsen endra seg. Samanlikn nybyggjarane i midt-vesten på 1840-talet med dagens bilkultur i og omkring Toronto og andre storbyar, og poenget blir klart. På slike vegsystem som i USA og Canada oppstår det ei svært fleksibel forlenging av initiativet og rørslefridomen til den enkelte.

Bilen er det private livs tempel. Medieprofeten Marshall McLuhan har kalla den eit beskyttande og aggressivt skal som forvandlar sjåføren til ein supermann. Turen gav meg den kjensla som berre ein stor bil på ein stor veg kan gje; ei ytterst tiltrekkjande kjensle av kontroll. Det er ein mobil sjølvkontroll, for den er basert på køyreferdigheiter, kartkunnskap, navigasjon. Å velga rett exit på veg ut av vegsystemet i New York City krev slalomkøyring i fire filer, og gleda over å finna fram i landskapet er ein del av kicket.

Eg var aldri åleine. I bilen ljoma det av prat og reklame frå lokale radiostasjonar. Mobiltelefonen låg på æresplass i passasjersetet, og det var eit kjøpesenter ved kvar avkøyrsel, eit fjernsyn på kvart Holiday Inn. Eg levde maksimalt i det medierte habitatet, og sjølvsagt likte eg det.

Marshall McLuhan hadde ikkje særlege kvaler med mennesket si eksistensielle avhengigheit av mediene. Han hadde ei positiv grunnhaldning som den europeiske tradisjonen frå Adorno og Habermas aldri har hatt. Der europearane såg undertrykking såg McLuhan det elektrisk sublime; eit samfunn der alle har makt gjennom teknologisk forlenging av det personlege initiativet, der mediene formidlar handling og forståing på kryss og tvers av landegrensene, der heile verda vert oversiktleg som ei lita bygd, og den enkelte har full teknologisk fjernkontroll over livet sitt. I McLuhan sitt Amerika er mediene ein like viktig del av mennesket sitt eksistensgrunnlag som bilen, og kvardagen ville brote saman utan dei.

Telefoniske livslinjer

Telefonen er Amerikas nervesystem nummer to. Den forlengar evna til å ta personleg kontakt med andre, og ingen kan klara seg utan den. Her er det ikkje snakk om ei kjensle av virtuell verkelegheit, men om ein teknologi som er har blitt fullstendig integrert i evna til å snakka. Telefonlinja har skapt ei teknologisk samtaleevne som er noko av det ypperste mennesket har skapt. Ein attraksjon pr. telefon er forpliktande samtalar, ei mediering som ikkje viskar ut den enkelte sitt personlege ansvar for det han seier.

Mobiltelefonen gjer det enklare enn før å få ei kjensle av fjernkontroll over livet sitt, eit praktisk utsyn over dagen der lunchavtalar og møtetider kan endrast, og der allslags tenester kan iverksetjast utan personleg oppmøte. Ikkje minst kan ein ha møte på telefonen.

Eg opphaldt meg ein dag i Toronto for å gå på seminar med professor De Kerkhove ved The McLuhan Program, som foreleste om digital estetikk på internett. De Kerkhove ringjer ofte til autoritetar på området, og kveldens høgdepunkt var NetMeeting med ein berømt designer i Greenwich Village, New York. Kamera og mikrofonar fanga opp to situasjonar, ei byleiligheit med ein mann framfor PCen og eit seminarrom med 12-14 studentar framfor PCen. Fordi samtaleemnet var internett, var det sjølvsagt ekstra effektivt å vera samankobla på denne måten. I slike erfaringar ligg den globale landsbyen på lur i sin vakraste versjon.

Men mange menneske er delvis utestengt frå den globale landsbyen. Det oppdaga eg då eg var i Brooklyn. Av kapitalistiske grunnar fekk eg eit akutt behov for å logga meg på nettbanken og flytta pengar til Visa-kontoen min. Men det var ikkje lett, for maskinene var ikkje online korkje hjå bilutleigaren, på apoteket, i RadioShack eller på reisebyrået. Eg sprang heilt til eg nådde kulturlivet i Williamsburg, og på ein internett-cafe kom eg online og gjenvann kontrollen. Eg såg kontrasten mellom det gamle businesslivet der du må vera offline for å gjera jobben din, og ein kultur der grunnvilkåret for både jobb og fritid er å vera online. Det siste er enno innovatørens habitat, ein ny frontier på den amerikanske prærien.

Intimitet på avstand

Radioen er den amerikanske bilkulturen sitt sosiale lim, utan den ville livet på vegen vorte uuthaldeleg einsamt. Radioen er ei privat erfaring seier McLuhan. Stemmene og dei evige samtalane i studio gjev lyttaren ei kjensle av at personar er nærverande hjå han, men utan den gjensidige forpliktinga og ansvaret som ein telefonsamtale har.

På amerikansk radio er det mykje meir prat enn på norske stasjonar. Dei høyrer Rush Limbough, Sam Greenfield og dr. Laura, dei høyrer folk som er profesjonelt sinte, snille, strenge, frekke, koselege, etc. Den er der alltid når du treng nokon til å gje deg kjeft, trøyst eller latter, ein trådlaus terapeut med gjenklang langt ut i kvardagslivet. Denne upersonlege personlege identifikasjonen er radioen sin fremste livsverdi.

Motorvegen er Amerika sitt nervesystem nummer ein. Bilen er det private livs tempel. Foto: AP/Scanpix

Motorvegen er Amerika sitt nervesystem nummer ein. Bilen er det private livs tempel. Foto: AP/Scanpix

Mi amerikanske reise føregjekk i oktober 2002, og då var krypskyttaren i Washington det store samtaleemnet. Kva anna kan ein gjera når ein står makteslaus enn å prata om det? Eg cruisa meg gjennom dusinvis av AM-stasjonar i New York City, Binghampton, Buffalo og Toronto, og same kva eg fekk inn var det livleg diskusjonen av korleis ein best kan hanskast med the Washington Sniper. Kva vert hans neste trekk? Kva skal lokalbefolkninga gjera i mellomtida? Korleis kan ekspertar forklara dette fenomenet? Det var analyse, drøfting og fortolking over heile linja. All denne praten er hjelp til sjølvhjelp for lyttaren, og viser tydeleg fram radioen sin psykologiske funksjon.

Både radio og fjernsyn kviler på ei kjensle av personleg identifikasjon. Ofte er den sløv og lite engasjert, som når ein glattslikka talkshow-vert bablar i veg. Men ei sjeldan gong høyrer du stemma til ein du verkeleg kjenner, ein barndomskamerat, ein tidlegare kollega, di eiga mor kanskje i ein enquete frå Storgata i lokalradioen. Her er det kringkastinga sin teknologiske evne til å inngi tillit gjennom personformidling som viser igjen. Det kjennest som ei uformidla kontakt med eit menneske, som om det var telefoni eller samtale andlet til andlet.

Eg opplevde noko slikt på turen. På vegen nordover skulle eg besøkja mi venninne Billie-Jean Sorenson i Westchester, New York. Eg kom til staden klokka seks om kvelden, og tre timar seinare såg eg ho på TV, med sending frå den hagen eg nyleg hadde parkert i. Det var ei interessant tilfeldigheit for ein medieforskar på tur i Amerika.

Det viste seg at ho lagar hageprogram for Pleasantville Community Television, og diskuterer hagebruk med veninner og demonstrerer den for kamera i sin eigen hage. Billie-Jean sine program er så nær som fjernsyn kan vera, særleg for hageinteresserte forstadsamerikanarar i Pleasantville. Ho og dei andre damene i Hageforeninga har eit sterkt engasjement i lokalsamfunnet ved hjelp TV, og det er klart at den lokale stasjonen utgjer ei offentlegheit som dei har oversyn over og kan påverka.

Programmet var laga i to bolkar på ti minuttars uredigerte opptak, så det er klart at dette ikkje var godt TV. I eit slikt smålåte fjernsyn er ikkje sjåaren si medie­avhengigheit særleg problematisk fordi me trygt kan stola på intensjonane til dei som snakkar. I denne versjonen handlar fjernsyn om ein intimitet som muligens er kjedeleg, men som er like sann som kvardagen sjølv. Kontrasten kjem med eit trykk på fjernkontrollen.

Evig kvit støy

Det amerikanske mennesket lever av straum og elektroniske apparaturar, og det lever for teknologisk fjernkontroll og fjernsyn. Dataskjermen er samtidas magiske rektangel, elektrisitet for synet, like grunnleggande som dagslys.

Kommersielt fjernsyn syner fram avhengigheita klarast av alle medier. Eg låg nedsunken i senga på Days Inn Hotel i Niagara Falls, fjernkontrollen haldt eg med eit slapt grep. Network-TV flimra i augo på meg med sine vanvittig raske skifte i lyd og biletklipp, stemmer og kroppar spratt fram og forsvann på dei merkelegaste måtar ettersom trailerer, reklamar, soaps vart zappa forbi. Men eg forstod det jo likevel, for i Norge er fjernsyn også produsert for eit overflateblikk og visuell sampling.

Den digitale visualiteten har stor sanseleg verdi, og gjev oss tilfredsstillinga av å skjøna intertekstuelle konvensjonar, men det gjev ikkje akkurat ei kjensle av å styra sitt eige liv. Amerikanaren berre må sjå network-TV, utan dei tydelege rasjonelle motiva som finst for bilbruk, telefoni, internett. Kommersielt fjernsyn presenterer ei verkelegheit så langt utanfor personleg kontroll at det er nødvendig å lena seg bakover i stolen. Amerikansk fjernsyn er bygd på begeistringa for det teknologisk visuelle og dets lydspor, for fossebrus i heimen.

Eg var spent då eg kom fram. Det var seint på kveld utanfor sesongen, og tomme hotell, tause casino og parkeringsplassar auka kjensla av å oververa det heile åleine. Fossen var opplyst med fluorescent lys, og såg ut som ei fontene i Las Vegas eller eit display på Times Square. Den vart tydeleg dramatisert for å verta sett på avstand frå hotellrommet, eller frå den den roterande gourmetrestauranten i casino-tårnet to hundre meter over bakken.

Elektrisitet og televisjon er som mor og barn, og det perfekte eksempelet på denne samanhengen er Niagarafossen. Fossen har den kolossale krafta som trengst for å føra medielivet fram til millionar av menneske sin amerikanske heim. Den er motoren som driv dei elektroniske mediene, som omformar rørsle-energi til kulturliv utan at folk treng gjera meir enn å sjå på. Fossen sin evige kvite støy er bunnlinja til massekulturen i Amerika. Til erstatning for at dei skrur av fossefallet får dei kommersielt fjernsyn og neonlys. Det er fyrst viss straumen vert slått av at fossen sjølv kjem til syne, men då kjem også abstinensen.

Fakta om Marshall McLuhan

Marshall McLuhan (1911-80) var ein kanadisk litteraturforskar som frå 1950-talet vendte merksemda mot massemediene. Hans viktigaste bøker er The Gutenberg Galaxy (1962), Understanding Media (1964) og Laws of Media (1988, saman med Eric McLuhan). McLuhan var aforistisk og springande i skrivemåten, og har vorte tatt til inntekt for ei rekkje ulike syn på mediene. Blant anna er Neil Postman og Jean Baudrillard inspirert av hans tenkjemåte. McLuhans teoretiske grunnsyn kan samanfattast i setninga the medium is the message, og hans samfunnsvisjon i stikkordet the global village.