Til toppen

Den ekstraordinære høyringa


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eit resepsjonsteoretisk hovudoppgåveprosjekt ved HF-seksjonen på Institutt for medievitskap.

Sidan kring hundreårsskiftet har det vore råd å flytta, spela inn og endra på lydar slik at dei vert lausrivne frå den materielle situasjonen dei oppstår i. Den teknologiske utviklinga førte til noko grunnleggande nytt. Tidlegare forsvann alltid lydane der dei oppstod, men no kan dei brukast til kommunikasjon utover ein konkret romleg og tidsleg omgjevnad.

Tekniske underverk har for all framtid forstyrra den eigentlege, utanomelektriske ordninga i måten vår å sansa på. Radioar, stereoanlegg og telefonar gjev oss sansehøve som strekkjer seg utover dei naturlege sansegrensene, sansehøve som gjer det mogeleg å utveksla lydleg meining i ekstrasanseleg format fordi det lydleg meiningsfulle ikkje lenger er strengt bunde til ein konkret situasjon. Eg kan høyra noko som skjedde for tjuefem år sidan eller noko som skjer i Oslo når eg er i Bergen, dessutan høyrer eg det samstundes med kanskje 200.000 andre. Den einsame høyringa av medieprodukt er ein gjenstand med ein pris, den vert prosjektert i NRK-huset på vegne av dei tusen heimane og Michael Jackson sel 15 millionar CD-ar på verdsbasis. Den lausrivne, reduserte høyringa gjennomsyrer livsverdene våre.

Dei eksistensformene elektrisk formidling gjev lydane skapar med nødvendige høyremåtar som berre er aktive i særskilte situasjonar. Lydmediene fyller stovene med lydar av handlingar som har/hadde større meiningsrikdom enn høyringa kan gripa. Høyringa lyt difor på eigenhand utføra eit arbeid den ville gjort betre dersom resten av persepsjonsapparatet kunne taka del. Lyttaren til medielydar er til dømes aldri der som det han høyrer oppstår. På grunn av sitt perseptuelle fråvere vert han fråteke høvet til å sameina persepsjonsevnene for å gripa ein aktuell lyttesituasjon. Dei teknisk formidla bodskapane i radioen, på stereoanlegget og i telefonen er kondenserte til lydar som høyringa naudsynlegvis vert åleine om å gripa; dette er sjølve eksistensgrunnlaget for lydmediene.

Bruken vår av radioapparat og andre tekniske gjenstandar burde undra einkvar, den burde oppfattast som verkeleg snål. Istaden vert den teken for gitt, sjølv av dei som forskar på all slags bruk og kast av medieprodukt. I denne teksten spør eg meg sjølv tre spørsmål som treng svar dersom den skal kunna gjera nytte i medieforskinga: Korleis kan det vera råd å skapa samanhangande, kommuniserbar meining utav noko som berre er lydar? Korleis skil erfaringane i den teknologisk igangsette høyringa seg frå erfaringane i den opprinnelege, førteknologiske høyringa? Kan dette emnet gjerast til fenomenologisk teori?

Forsøket mitt på eit svar er bygd på eit sett av stikkord: den heilskapleggjerande persepsjonen, høyrefeltet, merksemda, lydhendingane, lydhandlingane, reduseringa og bruken vår av teknologien.

Den heilskapleggjerande persepsjonen

Edmund Husserl tenkte seg eit føremålsretta og meiningsberande samsvar mellom strukturar i verda av gjenstandar, hendingar og menneske og strukturar i vår erfaring av verda (1). Denne korrelasjonen mellom ein måte å erfara på (akten) og det som vert erfart (objektet) kallar han intensjonaliteten. «Eg kan ikkje tenka utan å tenka på noko», sa Husserl. Intensjonaliteten krev eit objekt for å vera aktiv, difor er det uråd å sjå utan å sjå på noko eller å høyra utan å høyra lydar. Han skilde mellom handlingsintensjonaliteten, som er medviten, språkleg og utførande, og den operative intensjonaliteten, som skapar den naturlege og uproblematiserte tilknytinga mellom mennesket og verda.

Istadenfor som Husserl å gje medvitet hovudmerksemda tala Maurice Merlau-Ponty om ein heilskap av kropp, sansing og verd som er intensjonen og skapar materiale for refleksjon og anna medvitsliv (2). Persepsjonsforståinga hans er avgjerande for mitt prosjekt, den er fundamentet for vår erfaring av noko som helst, ein storleik som føregrip høyringa: «Vor perception fører til genstande, og når genstanden først er konstitueret, fræmtreder den som grunden til alle de oplevelser af den, vi har haft og vil kunde få» (3).

Merleau-Ponty understreka at persepsjonen har kroppen som innsamlar av erfaring samstundes som den er kvart menneske si uttrykkskjelde. Kroppen gjev oss romleg og tidlege ærvære i ein omgjevnad. Gjenstandar, hendingar og andre menneske skapar saman med handlingsrommet til enkeltkroppen ein heilskapleg situasjon som alle støtt er involverte i, og denne er fundamentet for det som vert erfart og forstått. Persepsjonen er den evna som intensjonaliteten vert retta ut i verda gjennom, den opprettar nærvere for kroppen ved dei enkelte sansane sine felt, som skapar kontaktflater ut i verda, gjev oss røter og orienterer oss i det som skjer ikring. Meining oppstår altså alltid i tilknytinga til eit livsområde i den materielle røyndomen som set føringar  på  opplevingsrikdom,  handlingsrom og forståingsevner. På grunnlag av det som sansane samlar inn tolkar og forstår me forskjellig. Persepsjonen er sjølve måten for kvar enkelt til å skapa seg sin versjon av røyndomen på.

Omgjevnadane er alltid meir eller mindre felles for grupper av menneske og utgjer såleis eit felles materiale for persepsjonen, og denne verkar meir eller mindre på samme måte for menneska i ein kulturkrins. Dessutan vert fellesforståingar skapte fordi me medvite utfører handlingar med og for kvarandre. Persepsjonen har ei avgrensa mengd av verkemåtar sjølv om den har eit endelaust verkeområde. Difor er det berre råd å undersøka ‘måtane’ i vår sanselege og kroppslege utoverretting. Desse er ålmenne, men ikkje einsretta.

Tida som går gjev enkeltkroppen ein barndom, hukommelse, dugleikar, omgangskrins, osb.; ein særskilt forståingsbakgrunn som skapar særskille interesser, kunnskapar. Ved bakgrunnen sin skapar kvar enkelt kropp situasjonar for seg sjølv. Desse situasjonane set ovdigre føringar på kvar enkelt sine konkrete perseptuelle erfaringar. Den ihuga ornitologen skapar seg lyderfaringar og høyredugleikar som er ulike den ihuga lyttaren til Beethoven sine, men begge utnyttar moglegheiter i persepsjonen. Sanseleg materiale vert oppsøkt med føremål om å stetta ei interesse for denne typen materiale. For museumsgjengaren er ei meiningsfull erfaring av situasjonen mogeleggjort av synet, for gastronomen er lukt og smak dei avgjerande innfallsportane. Slik varierer situasjonane sine krav til persepsjonen. Men i alle høve er persepsjonen sin heilskapleggjerande funksjon stadig verkande. Denne sameininga av inntrykk kan gjeme ha eit relativt sanseleg fokus; konsentrert lytting eller speiding over horisonten, men resultatet vil måtta vera ei heilskapleg erfaring som involverer alle sansane i ei eller anna grad. Eg veit kor eg er og kva som skjer ikring meg, dessutan kan eg gjera noko sjølv.

Heilskapleggjeringa som persepsjonen føretek er ein verknad av dei konkrete sansenntrykka som til eikvar tid omgjev oss, men også av den røynsla kroppen har i verda. Eg veit at bussen snart kjem rundt hjørna eg høyrer motorduren, når sola går ned veit eg at den kjem att imorgon. Me nyttar la til å ordna notida, og i notida kan me prosjektera framtida. Det finst orden i måtane omverda føregår på som stadfestar ein orden i persepsjonen.  Samstundes er menneska på jakt etter orden både medvite og førmedvite gjennom verkemåtane til persepsjonen. Intensjonaliteten er gjennomsyrande.

Høyrefeltet

Den utoverrettinga som høyringa mogeleggjer har visse verkeområde som er felles med dei andre sansefelta, men har også opningar mot verda som den er åleine om å gripa. Sansane skapar ein sum i erfaringa av noko heilskapleg som føregår utanfor og/eller på grunn av kroppen, men dei verkar aldri uavhengig av kvarandre. Kvar sans refererer heile tida til den same situasjonen og opprettar ei notid med hendingar, handlingar og omgjevnader som vert gripen på forskjelligarta og overlappande måtar.

Høyrefeltet er ei viss utstrekking i området kring kroppen som er kjenslevart for dei vibrasjonane me kallar lyd. Saman med synsfeltet og dei andre sanselege gripefelta utgjer det den heilskapleggjerande persepsjonen. Synsfeltet verkar framover i forhold til hovudet, det har ei rundleg form og verkar ved eit forhold mellom fokus og bakgrunn som gjer blikket konsentrert i alle vanlege former for sjåing. Høyrefeltet omsluttar kroppen i 360 grader omkring og over/under med ei viss utstrekking som avheng av volumet og eigenarten til lydane. Del er råd å fokusera høyringa også, men fokuset er hovudsakleg vaneskapt og umedvite, og gjer somme lydar til typiske utkantlydar medan andre vanlegvis er i fokus. 1 auditoriet er stemma det naturlege fokuset, medan skraping og hosting vert borthøyrde som utkantlydar. Einkvar situasjon har eit eller fleire sosialt føretrukne fokusforhold som er styrte av lydeigenskapar og av praksisar menneska imellom. Naturlegvis er kommunikative lydar i all hovudsak fokuslydar, medan tikkinga av klokker er eit typisk utkantdøme.

Det at høyringa verkar i alle retningar frå kroppen inneber at lydar kan trenga seg på frå alle kantar. Lydar kan omslutta den høyrande, men kan også vera konsentrerte til ei side av feltet, slik det opne vindauga deltek i lydsituasjonen ved å sleppa inn lydar som kontinuerleg vil koma akkurat derifrå, same kvar i rommet den høyrande plasserer seg. Lydane kan også variera mellom ulike posisjonar etter særskilte mønster, slik lydane frå tennisbanen vekselvis kjem frå høgre og venstre for den som sit ved nettet. Omsluttinga kan koma til ved særskilte lydar sin eigenart, slik musikk kan omslutta utan å koma frå alle kantar fordi den grip kjenslene og konsentrasjonen vår, eller omsluttinga kan koma til ved lydar frå alle kantar, slik lyderfaringa frå maskinrommet på ein stor båt er eit smerteleg døme på. Høyringa si evne til å erfara lydar og relativ stille på forskjellige stader til same tid er ein struktur som synet ikkje deler; synsfeltet er konstant oppfylt av fargar, former og/eller forflyttingar og kan ikkje vera tomt på venstresida, slik høyringa kan.4 Eg har indirekte føregripe høyringa sin retningssans; evna vår til å høyra kvar lyden kjem ifrå i feltet. Det er vanlegvis vanskeleg å finna retninga til lydar som verkar omsluttande, medan lydar som tydleg høyrest frå ei særskilt retning sjeldan verkar omsluttande. Don Ihde ser omslulting og retningsgjeving som to dimensjonsaspekt ved høyringa som er konstante og verkar samstundes, men som er underlagte situasjonen og det intensjonelle fokuset (5).

Me høyrer fyrst og fremst lyden av ting, seier Ihde. Ting som skjer, vil eg gjerne tilføya. Idet noko skjer får tinga ei stemme som gjer inntrykk på den høyrande. Noko fell, noko vert slått mot noko anna, luft skapar friksjon i eller mellom gjenstandar. Gniding, rulling, susing; små eller store, viktige eller uviktige hendingar i omgjevnaden peikar mot gjenstandar fordi dei rører seg. Ikkje minst vert einkvar høyrande akkompagnert av lydane av sine eigne eller andre sine handlingar. Tannpuss, oppvask, gange, skriving, symjing, osb. inneber eit spekter av handlingar med ulike gjenstandar som er knytte til særskilte situasjonar, og såleis lagar lydar som er knytte til desse situasjonane. Fordi stemma i ei hending har liten variasjon i uttrykk frå gong til gong vert hendinga prega av lydane like mykje som av dei synlege aspekta ved den. Dessutan finst det lydar som er bundne til omgjevnadar; til dømes bylydar, fjell-lydar, sjølydar, det finst lydar av sesong; snølydar om vinteren, knitringa av lauv om hausten, og det finst lydar av tidspunkt; stilla i gatene om natta, vekkarklokka si ringing til eit gjeve klokkeslett.

Lydhendingar er frå naturen si side knytte til stader og gjenstandar. Dersom eg ynskjer å høyra fossedur må eg oppsøka ein fossesituasjon. Heilt til dei lydtekniske nyvinningane kom, var banda mellom lydar, gjenstandar og menneskeleg nærvere sterkt samanknytte, slik at einkvar fysisk måtte oppsøka dei hendingane og/eller handlingane han ville høyra lydane av. No kan du spela ein foss av frå eit band utan nokonsinne å ha sett den.

I perseptuelt perspektiv har lydkjeldene to framtoningsformer; heilskapar som i eit gjeve tilfelle berre kan gripast ved høyringa og såleis er usynlege, luktfrie, osb. (vinden, medielydane), og heilskapar som har nærvere i situasjonen ved meir enn lydane frå dei. Normalt kjem lydane frå ei kjelde som er nærverande i situasjonen, og som kan vera synleg eller usynleg etter korleis den erfarande festar blikket; det renn i vasken, men eg ser ut vindauga. Slike lydhendingar kan gjerast synlege til dømes dersom cg går rundt hjørna, inn i det andre rommet eller bryt vekkarklokka open for å sjå hammaren som slår mot metall.

Einkvar naturleg lyd, i motsetnad til dei teknisk formidla lydane, har ei kjelde i situasjonen til den høyrande som i dei fleste tilfelle kan gripast ved fleire sansar enn høyringa, og som alltid er tilstades i heilskapleg form. Lydar er indeksielle, dei peikar mot ein årsak slik røyk peikar mot eld, og årsakane er alltid materielle og difor prinsipielt opne mot persepsjonen som heilskap. Dei «usynlege lydane’ er mest interessante for mine føremål fordi dei set det perseptuelle apparatet i ein tilstand av frigir; evnene vert ikkje utnytta slik dei har potensiale for. No er den akusmatiske høyringa6 ein aktivitet som kan føregå reindyrka i timesvis framføre radioen, den faktiske kjelda til lyden er langt utanfor rekkevidde for persepsjonen enten romleg eller både romleg og tidsleg.

I lydmediebruken høyrer me lydar som persepsjonen aldri kan erfara årsaka til; dei er per definisjon røyk utan eld. No tenkjer eg på radio og stereo, medan telefonen skapar lydar som står i mellomstilling. Eg veit gjerne både utsjånaden, namnet og plasseringa til lydkjelda (mor, til dømes) fordi eg tidlegare har hatt nærvere til den, men eg erfarer ikkje oppkomsten til lydane i eit nærvere som gjer dei perseptuelle muligheitane utfylde.

Merksemda

Sidan eg er oppteken av korleis høyringa verkar, og kva verkemåtar som vert endra av dei teknisk formidla lydane, lyt eg handsama dei intensjonelle linjene i høyringa. I den kvardagslege livsverda er høyringa enten konsentrert til lytting, eller den verkar i uanstrengt, umiddelbar oppleving av dei lydane som måtte finnast.

Vidare er lydane i mange situasjonar noko som skjer utan den høyrande sin kontroll, slik at lydar skapar høyring utan viljeshandlingar. Fossen durar kontinuerleg. Dersom ein kropp står ved breidda vil han/ho måtta høyra fossen. Slik verkar ikkje synet fordi me kan avskjera oss frå synsinntrykk ved å lukka augene. Me vert stadig overraska, forstyrra, beroliga og skremde av lydar fordi me aldri har kontroll over meir enn deler av den situasjonen me er i. Sidan lydar alltid er nærverande i ei eller anna framtoning og styrkegrad vert høyringa av dei automatisk, den kan verka utan å vera medviten. Det aktivt søkande blikket får stor merksemd i persepsjonen. Høyringa vert til og med teken for gitt i dei situasjonane der den verkar åleine og kommuniserande; i talen, radiolyttinga, osb. Dette er ein hovudeigenskap ved persepsjonen som heilskap, me problematiserer ikkje sansinga i livsverda bortsett frå dersom noko er gale. Merleau-Ponty seier at persepsjonen verkar i ein atmosfære av generalitet og anonymitet (Merleau-Ponty 1992: s.215). Den er alltid reiskap for noko anna enn seg sjølv same kva føremål den erfarande måtte ha.

Den uanstrengte høyringa i situasjonar som ikkje har lydar til føremål er i hovudsak ei hjelp for synet til å heilskapleggjera situasjonen. Høyrer du eit fly brukar du lyden til å forsøka å få auga på det. Når mynten trillar under bordet høyrer du kvar den legg seg til ro, så kan du finna den med blikket og ta den i handa. Ofte snur me ikkje eingong blikket til lyden, me høyrer den, gjev den rom i situasjonen og held uforstyrra fram med gjeremåla.

Den konsentrerte lyttinga har ein særskilt noverande lydsituasjon som erfaringsgjenstand, vanlegvis tale eller musikk, men også andre informasjonsberande lydar som bilmotorar for mekanikaren eller vaktmannen si merksemd om mistenkelege lydar frå kjellaren. Kva føremål lyttaren måtte ha med si føremålsretta lytting er uråd å generalisera over. Somme gonger er føremålet estetisk og kanskje heilt utan nytteverdi, andre gonger ventar lyttaren på startpistolen sitt signal om å springa som pokker. Lytting er ein aktivitet som krev mykje merksemd for å oppretthaldast fordi den så fort skapar assosiasjonar til tidlegare høyring og fordi den har eigen lydaktivitet som drivkraft i lyttinga. Telefonsamtalen skapar oftast konsentrert lytting hjå begge partar fordi den elles ikkje ville vore kommuniserande, medan lyttinga til radio-og stereoanlegglyd ofte fell over i høyring fordi merksemda flyttar seg til eit anna perseptuelt fokus som ikkje er redusert til rein høyring. Lydane frå radio og stereoanlegg har aldri ei nærverande lydkjelde som gjev den høyrande høve til sjølvstendig handsaming av meiningsmaterialet i dei. Det er difor berre velvilje frå den høyrande som kan skapa lytting til einvegskommunikasjonen i dei lydlege massemediene, og denne velviljen kan vera vanskeleg å mønstra.

Saman med synet grip høyringa dei språklege utvekslingane med omverda, ordet i tale eller skrift kan berre høyrast eller sjåast. Den kommunikative viljen vår har høyringa som sitt fremste perseptuelle hjelpemiddel, medan synet handsamar visuelle representasjonar av det som talen uttalar. Me brukar store delar av kvardagen til tale og lytting til musikk; dei to mest meiningstette kommunikasjonsmåtane våre. Den umiddelbare utvekslinga av meining i samtalen er ei drivkraft i kvardagslivet som talen og høyringa har hovudrollene i. Lyttinga som oppstår i samtale med andre menneske er i særklasse den mest konsentrerte høyremåten. Den er så samanblanda med talemuligheitane at den vert ein deltakande aktivitet i motsetnad til den passive opplevinga av talehandlingar som til dømes radiolyttinga set igang. Berre telefonen kan oppnå ei slik grad av lytting når det gjeld lydmediene fordi den føreset eit kroppsleg og tenkande engasjement frå ein som er talar og lyttar samstundes.

I eit studium av høyringa lyt lydane gjevast merksemd etter kor vanleg det er å høyra dei, og etter kva interesse dei høyrande har for lydane. Storparten av lydane som omgjev oss i kvardagen er del av situasjonen som ei naturleg informasjonskjelde, men me persiperer dei ikkje medvite. Dei er ein part av heilskaplegdomen i erfaringa utan å vera emne for den handlande intensjonaliteten. For mine føremål er dei lydane me lyttar til meir interessante enn dei som er bakteppe for handlingane i dagleglivet. Dei framtredande lydane skil seg frå lydomgjevnaden både ved måten dei vert laga på, ved karaktertrekka i uttrykket og naturlegvis ved måten den høyrande henvender seg til dei på.

Lydhendingane og lydhandlingane

All rørsle skapar lydar. Dette er eit fysikalsk årsak/verknadfaktum som er fenomenologisk interessant i dei tilfella lydane er innanfor det frekvensspekteret som gjer dei høyrlege for menneska. Sidan rørsla alltid foregår mellom eller i gjenstandar er eikvar rørsle ei hending, ei hending som gjev lyd frå seg. Likevel er det berre somme lydhendingar som har sjølve lyden til føremål, lyden i hendinga er elles ofte eit biprodukt av ein annan intensjon, eller hendinga er heilt utan intensjonar. Lyttinga vår vert hovudsakleg inspirert av kva grad av meining me tillegg lyden, noko som igjen er eit resultat av måten den er frambrakt på. Difor er høyringa knytt til eit skilje mellom lydhandlingar, lydhendingar forårsaka av menneske og føremålslause lydhendingar.

Lyden av regnet er føremålslaus sjølv om den gjev meining for oss ved å visa til regnveret som føregår. I selskapet klirrar det uavbrote i glas, koppar og bestikk, men så slår einkvan på glaset med skeia, og alle skjønar at han skal tala. Intensjonssvake lydframbringingar lyt vika for eit føremålsretta lydleg uttrykk som skapar lyttande merksemd hjå dei nærverande. Slik snur bruken av etereiskapane frå eit føremål til eit anna, og lydhendingane stilnar av på grunn av ei lydhandling som innevarslar ytterlegare handling med lydar.

For talen er sjølvsagt det høgste intensjonelle lyduttrykket til menneska. I den har kommunikasjonen sin til eikvar tid mest aktuelle, spontane og tilfredsstillande formuleringsevne. Talen er lydhandlinga par exellence fordi den alltid er meint å verta høyrd på, og alltid får minst ein merksam lyttar i den talande sjølv. Talehandlingane kan som daglegspråksfilosofane understreka utføra gjerningar like mykje som handlingar med armar og reiskapar kan (7). At tale er lydar skapte med strupehovud, munnhole, nase, tunge og lepper etter eit sinnrikt og mangfaldig mønster kan lett gløymast fordi me høyrer etter meining, og difor snarare reflekterer over det som vert sagt enn at det må seiast for å kunna ha ei rolle i persepsjonen.

Me høyrer ord etter andre kriterier enn lydhendingane. Du kan høyra ei talt setning «hesten vrinskar» og du kan stå ved ein hest når den vrinskar. Formuleringa påstår noko om eit saksforhold gjennom menneskelydar som berre har konvensjonsskapt referanse til den lydhendinga som hestevrinsket er, medan hesten som vrinskar er eit heilskapleg saksforhold som vert gripe av heile persepsjonsapparatet med lydane berre som ein viss del av heilskapen.

Lydhandlinga vert meiningslaus for den døve fordi meininga som den talande intenderer vert formidla ved lydane. Det er ikkje råd å sjå kva som vert snakka om på same vis som det er råd å sjå at einkvan spelar trommer.

Så lenge erfaringa føregår i naturleg nærvere til lydhandlingane vert dei erfarte i heilskap; alt som er perseptuelt mogeleg å sansa er tilgjengeleg. Nærveret inneber intensjonsfylde og detaljrikdom av eit slag som ikkje er absolutt naudsynt for å gripa den meininga som er føremålet med handlinga, men som var ein uløysleg del av alle lydsituasjonar fram til dei teknologiske revolusjonane.

Lydhandlingane er veleigna som materiale for lydmediene fordi deira kommunikasjon har sin essens i det som lyden kan formidla, medan anna sansemateriale har sekundær verdi. Den moderne bruken av lydmediene har forlengst tilpassa seg desse grunnleggande intensjonslinjene. Kven som les nyhende eller spelar trommer på Topp Tjue-hiten er likegyldig for lyttarar utan særskilte interesser fordi me ikkje i noko høve kan erfara meir enn den opplesande stemma eller trommaren sine slag på trommene. Når mennesket er redusert til sine lydlege uttrykk vert det anonymisert.

I lydmediene lyt alle lydar definerast som handlingar. Når eg held telefonrøyret ut vindauga for å demonstrera den plagsomme trafikkstøyen for kameraten i andre enden, og når reportaren spelar inn bjeffing på band eller føretek intervjuet i kennelen brukar me lydhendingar til eit føremål. Einkvar mikrofon, same kva den snappar opp, gjer lyden til handling fordi den får ein intensjon i ei eller anna form for kommunikasjon.

Reduseringa

Med omgrepet reduksjon nemner eg ei fokusering av den generelle tilgangen til forståing av ein situasjon (sakstilhøve), ei endring i framsyningsforma som gjer kompleksiteten og meiningspotensialet i situasjonen mindre for den erfarande. Kva som vert borte avheng av korleis reduksjonsprosessen verkar; i mitt tilfelle vert lyden ståande att åleine som meiningsberar. Rett nok kan CD-coveret formidla visuell informasjon og telefonen verkar ved ei oppsøking som gjev rom for tilleggsinformasjon, men teknologien ville vore meiningslaus utan den brukarvennlege reduksjonen frå heilskapleg persepsjon til einsam lausriven høyring.

Reduksjonane i den tekniske handsaminga av lydar har ei rad forskjelligarta konsekvensar. Dei inntrykka på synet, kjensla, smaks- og luktesansen som kunne erfarast i innspelingssituasjonen vert borte og kan berre førestillast av den høyrande. Muligheiten for kroppsleg nærvere og sjølvstendig meiningsskaping i den formidla lydsituasjonen er uråd, den høyrande kan berre ha kroppsleg engasjement i den situasjonen som omgjev høyringa. Lydane frå apparaturen kan i beste fall få ei tolkande og førestillande velvilje frå den høyrande, eit naturleg tilhøve til slike erfaringar er perseptuelt uråd. Vidare lausriv innspelinga lydane frå ei naturleg tilknyting til ein situasjon i røynleg tid og rom. Dei kan høyrast ein heilt annan stad og lenge etter dei handlingane som skapte dei. Ved innspelinga vert lydane situasjonsfrie ved å kunna høyrast utanfor del naturlege nærveret, dei er fullførte fordi den høyrande er hjelpelaus i forhold til dei, dei er kollektive fordi kven som helst kan få dei avspelte og dei kan gjentakast fordi dei har vorte materielle gjenstandar. Alle eigenskapane som medielydane får ved reduksjonar er eigenskapar som ingen naturlege lydar kan ha. Dei reduserte lydsituasjonane føregår samstundes med den naturlege situasjonen som høyraren lever i, og vert såleis aldri meir enn eit sansetillegg. Dei kan kuttast av når som helst ved å legga på røyret eller trekka ut kontakten.

Telefonlydane er til vanleg ikkje innspelte, dei føregår i notid for partane i samtalen, talet på deltakarar er strengt avgrensa, og det er råd å vita kven som talar og kvar dei på grunn av den oppsøkande verkemåten til telefonnettet. Me styrer medielydar fram for oss sjølve, men berre ved telefonen kan me styra innhaldet i dei. Det er også berre telefonen som krev lydhandlingar frå den høyrande, partane er alltid både talar og lyttar samstundes. Difor liknar telefonsituasjonen på ein naturleg nærveredialog, sjølv om den ikkje er det. Reduksjonen i høva til sanseerfaring og nærvere må naturlegvis vera tilstades også i telefonsamtalen, men lydane er ikkje i samme grad frisette og modifiserte.

Den perseptuelle reduksjonen fører til at lydsituasjonane si opprinnelege stemme vert fokusert i det som mikrofonen fangar opp frå posisjonen sin og utifrå verkemåtane den har. Det lydlege produktet vert høyrd av lyttarane i visse punkt (høgtalarane) som ikkje samsvarar med lydsituasjonen si opprinnelege lydgjeving. Til dømes vil den innspelte susinga i ei trekrune lyda frå ein høgtalar som berre har utstrekking i kvadratdesimeter, slik at lyden frå eit heilskapleg tre som kanskje er tjue meter høgt lyt gjenskapast ved innlevingsevne og god lydgjengjeving i det tekniske utstyret.

Musikken frå CD-plata, lydbiletet i radioteateret og telefonsamtalen vert mogeleggjorte og bygde saman av utsnitt frå røyndomen som aldri kan vera heilskapleg perseptuell røyndom for den lyttande. Lydar vert nedfelte og omgjorte til elektriske impulsar som i høyringa på mottakarsida ikkje er meir enn indeksielle spor av noko som var eller er røyndom ein annan stad. Berre den materielle eksistensen til lydane som potensiell eller reell høyring er enno strengt røynleg i reduksjonen. I bodskapsproduksjonen endrar sansematerialet altså karakter frå å vera umiddelbar røyndom til å verta eit uavgjort høve til høyring. Det finst ingen avgrensingar i erfaringsvilkåra på kven som kan oppleva ein innspelt lydsituasjon, heller ikkje i kvar og når.

Den fenomenologisk sett mest interessante reduksjonen føregår i realiseringa av erfarings- og meiningspotensialet til lydsituasjonen i kvar enkeltvise mediebrukar. Kvar person konkretiserer lyderfaringa utifrå eigne mentale føresetnader, i ein situasjon som vert oppretta ved hans/hennar eigen kropp og på grunnlag av erfaringsmangfaldet frå fortida. Takka vere tidlegare heilskaplege perseptuelle erfaringar kan me fylla ut lydsituasjonen ved forestillingar om korleis personane i lydsituasjonen ser ut, kva kjønn dei har, kva klede dei ber, korleis studioet, location ser ut og kva førebuingar innspelinga har krevd. Når medielydane vert konkretiserte i medvitslivet til enkeltmenneska endrar dei form frå eit uavgjort meiningspotensiale til realiserte forståingar. Det einaste som er sikkert om desse forståingane er at ingen enkeltlyttar kan lykkast i å realisera fullt ut det potensialet som ligg i lydsituasjonen. Mi forståing av mediebodskapen er ei konkretisering som får ei særskilt form for meg, men som kunne fått ei anna form – og gjer det hjå andre brukarar. Difor kan det ikkje finnast ei realiseringsform som er den fullstendige, korrekte og endegyldige. Den forståinga som vert skapt av den reduserte høyringa er berre ein versjon av det som skjedde kring mikrofonane ved innspelinga. Røyndomen har vorte eit spørsmål om å høyra etter.

Bruken vår av teknologien

Denne teksten er ei skissering av visse verkemåtar i vekselverknaden mellom lydformidlingsteknologien og sansinga vår. Eg vil understreka at det er vår bruk av desse reduksjonsreiskapane som gjev innhald til verknadane deira på persepsjonen. Me er ikkje offer for teknologien, me utnyttar den til føremål som kan vera gode eller dårlege, skadelege eller velgjerande.

Gamle Marshall McLuhan tenkte seg den elektrisk mogeleggjorte medieteknologien som ei forlenging av nervesystemet vårt. Synet får sett gjenstandar og høyringa får høyrt hendingar som elles ville vore skjulte i ugripeleg romleg og/eller tidsleg fråvere, og dette får konsekvensar:

«In the electric age, when our central nervous system is technologically extended to involve us in the whole of mankind and to incorporate the whole of mankind in us, we necessarily participate, in depth, in the consequences of our every action.» (8)

Tilgangen mediebrukaren får til ‘heile den menneskelege verda’ er sørgeleg mykje mindre enn ei direktekopling mellom dei enkelte personane sine nervesystem. Den er snarare eit allereie dramatisk redusert perseptuelt brotstykke som mediebrukarane lyt nytta si oppsamla erfaring i verda til å gjenskapa ein versjon av utan å ana noko om originalen. Mediebrukaren skapar seg altså ei individuell, assosiasjonsbasert forståing takka vere sin  kulturavhengige perseptuelle dugleik. Det kan umogeleg vera mediet som skapar ei eventuell involvering i mediebodskapane frå brukarane si side fordi det å forstå ein mediebodskap krev  aktiv  abstrahering hjå den enkelte utifrå brukaren sin eigen røyndom. Det er ei menneskeleg bragd at det faktisk er råd  å  verta forelska i filmskodespelarar, ikkje ei bragd mediet kan gjevast æra for.

Slagord kan aldri fanga opp kompliserte teoretiske storleikar, men om noko skulle vera bodskapen måtte det vera bruken vår av lydmediene, istadenfor som McLuhan seier: «The medium is the message». Musikken frå stereoanlegget kan brukast til medviten læring av engelsk, men den kan også vera berre  høyring.  Me brukar ein viss dose importert sansemateriale så best me kan for å gjera det meiningsfylt, og som det meste andre kan slik bruking verta ein vane; noko det krevst medviten merksemd å forstå rekkevidda av. Fyrst etter at sosiale bruksmønster oppstår som følge av tilvande persepsjonsreduksjonar vert mediet sjølv ein del av bodskapen. Den utbreidde bruken skapar endringar i verkemåtane til persepsjonsapparat som vidare skapar endringar i forståinga og veremåtane våre, og slik vert det skapt interesse blant medievitarane. Fyrst då har mediet sjølv vorte ein bodskap.

Når persepsjonen vert gjort til emne i medieforskinga lyt den individuelle høyringa og sjåinga anerkjennast som grunnleggande inngangar til all forståing av mediebodskapar. Det finst ingen grunnar til å ta lett på dette faktumet, sjølv om det er innlysande.

 

1 – Mi summariske fortolking av Husserl er hovudsakleg henta frå Hammond. Howarth, Keat: Understanding phenomenology, Oxford 1994.
2 – Maurice Merlcau-Ponty: The Phenomenology of Perception, London 1994.
3 – Maurice Merleau-Ponty: Kroppens fenomenologi, Oslo 1994 (Omsett til dansk av Bjørn Nake), s.l.
4 – Strengt fenomenologisk er fråveret av lyd i stilla også lyd fordi me høyrer at ingenting skjer heilt til noko plutseleg skjer som bryt stilla.
5 – Don Ihde: Listening and Voice. A Phenomenology of Sound. Athens 1976.
6 – Michel Chion definerer ‘akusmatisk’ som «sounds one hears without seeing their originating cause». Radio, phonograph, and telephone, all which transmit sounds without showing their emitter, are acousmatic media by definition». Audiovision, New York 1994, s.71.
7 – Så lenge talen ikkje vert problematisert som lydlege handlingar står den heilskapleggjerande persepsjonen si rolle for forståinga av meiningsinnhaldet i ytringa i fare for å verta oversett. I så fall vert det i neste ledd svært vanskeleg å koma til innsikt i korleis talen verkar på lyttaren i den reine høyringa på radio og i telefonen.
8 – Marshall McLuhan: Understanding Media. London 1987. s.4.

LITTERATURLISTE:

Maurice Merleau-Ponty (1945): The Phenomenology of Perception, London 1992
Maurice Merleau-Ponty (1945): Kroppens fenomenologi. Oslo 1994. (Omsett til dansk av Bjørn Nake)
Don Ihde (1976): Listening and Voice, Athens 1976
Marshall McLuhan (1964): Understanding Media. London 1987
Hammond. Howarth, Keat (1991): Understanding Phenomenology, Oxford 1994