Til toppen

Opprop mot samtidsopportunisme


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det har vorte legitimt å ha mange motstridande meiningar samstundes. Har opportunismen vunne over dei samanhengande ideologiane?

I 1998 er så mange velutdanna menneske på veg oppover i yrkeslivet at dei kunne ha påverka den politiske dagsorden i Noreg dersom dei klarte å utvikla eit alternativ til dei rådande intellektuelle normene. Utdanningsgenerasjonen frå byrjinga av 90-talet skal i arbeid, men har ikkje styrke til å utfordra konformiteten og den økonomiske ærgjerrigheita. Meir presist og skremmande; dei har ikkje vilje. Majoriteten er offer for eit komplisert intellektuelt sjølvbedrag som gjer dei til den sikraste garan­tisten for status quo, og difor kallar eg dei samtids­oppor­tu­nistar.

Eg vil ha så brei yrkeserfaring som mogleg, seier dei unge kunnskaps­rike menneska. Dei brukar kunnskaps­bak­grunnen sin som ein reiskap for å vera med på det som skjer innanfor kulturen, tekno­logien­ og arbeidsmarknad­en, uavhengig av kva som skjer. Deira intellektu­elle praksis er å tilpassa seg rådande politiske og kulturelle attitydar blant andre som er i omtrent den same situasjonen. Dei føyer seg heilt frivillig og utan ettertanke inn under allslags skriftande kulturelle konjunkturar, for slik får dei best realisert ambisjonane sine.

Teikning: Trond Ivar Hansen
Teikning: Trond Ivar Hansen

Mitt ærend er å setja kritiske ord på den mentaliteten eg vel å kalla samtidsopportunisme. Min definisjon av begrepet er henta frå Hans Skjervheim sin artikkel Den klassiske journa­listikken og den nye medieideologien (1992).

Eg trur mange vil kjenna igjen samtidsopportunismen både hjå seg sjølve og hjå andre kulturarbeidarar og studentar seint i 1990-åra. Den er ikkje noko nytt fenomen, for i overflodstider finst det fråtsarar både i den kulturelle og økonomiske kapitalen. Likevel har samtidsopportunisten neppe nokon­sinne hatt så gode levevilkår som i 1990-åra, det tiåret då informasjons­revolu­sjonen kom til Noreg og mark­nads­liberalismen vart stoverein i heile folket. Den er ein taus og alment anerkjent mentalitet i ukontrollerbar vekst. Samtids­oppor­tu­nisten er eit menneske i 20- eller 30-åra. Han har fått kunnskapen sin på universitetet eller høgskulen, og er enten student eller har fått jobb innan kultur, journa­listikk, reklame, admi­nistra­sjon eller økonomi. Dette er vår tids intellektuelle. Dei finst i tusental, og flesteparten bur i Oslo.

Fordi dette er eit fundamentalt angrep kjenner eg meg forplikta til å skissera eit alternativ, ei haldning som både kan motverka opportunisme og medverka til intellektuell frisetjing. Min alternative mentalitet kan kallast konsekvens. Nettopp i ei sterk inntrykksverd er det viktig å beherska seg, nettopp i tider med raske omskifte trengst det identitetsmessig ro, slik at det vert råd å reagera samanhengande på utviklinga i kultur- og samfunnslivet. Eg seier ikkje at ein særskilt konsekvens er nødvendig, men at konsekvens er heilt nødvendig. I 1990-åra er det stor mangel på slik intellektuell inertia, på medviten tregleik overfor endringar i tenkje- og veremåte, på vilje til åndeleg stabilitet av ulike slag. Folk burde dyrka ferdigheita til ikkje å akseptera det som vert sagt, men slik skepsis er arbeidskrevjande og folk flest er late.

Rastløysa som kulturell drivkraft

Kvifor er samtidsopportunismen i ukontrollerbar vekst? Lat meg byrja med sosiologen Georg Simmel sin påstand om at mennesket er eit forskjellsvesen, dvs. at dets bevissthet reagerer på forskjellen mellom øye­blikkets inntrykk og det foregående (Simmel 1978). Min påstand er at samtids­oppor­tunisten reagerer for sterkt, at behovet for forskjellar, stimulans, nye ting har vorte skrudd opp til eit nivå der det vert sublimert og gjort til noko naturleg. Denne nervøse tilstanden (som historisk er mest kjent frå det hektiske fysiske livet i storbyane) vert no driven opp like mykje av ut­dannings­­­systemet som av den økonomiske rørsla i kulturen og samfunnet. Utviklinga er sjølv­for­sterk­ande.

Rastløysa i kulturlivet er enklast å kjenna att, og gjev dessutan nødvendige spor for å kunna identifisera den komplekse sam­tidsopportunismen som finst i utdanningssystemet. Eit grunn­leggande trekk er at samtidsopportunisten treng raskt skiftande aktivitetar og haldningar for å føla seg produktiv og velfungerande. Ein dag utan telefonering, cafésamtalar, epostveksling og fjern­syn er ein ikkje-dag.

Eit anna grunnleggande trekk ved opportunismen er at det nye og spennande vert gjort til eit geo­grafisk spørsmål. Rett nok gjev Internettet, fjernsynet og allslags magasin kulturen tilgjengeleg i heile Noreg, men berre som formidling av det som skjer ein annan stad. Å sjå på fjernsyn vil aldri verta the real thing. Difor vert Oslo (eller London, New York og Paris) sin status som verkeleg åstad for kulturlivet meir og meir tiltrekk­ande, meir og meir viktig å oppsøka dersom ein skal kunna skilja seg ut og realisera mogleg­heitane og nysgjerrigheita si. Det er ved nærvere og deltaking at dagens kulturliv er mest progressivt, sjølv for dei med jobb som webdesigner. Eg må vera med der det skjer, seier samtidsopportunisten.

Kort sagt er samtidsopportunisme tendensen til å ta mest omsyn til kulturelle og økonomiske moglegheiter i augne­blinken. Dei klarar ikkje å motstå moglegheitene til fordelar, og har danna eit effektivt intellektuelt forsvarssystem. Alle som ikkje er med er faktisk imot, dei er reaksjonære og kjedelege, kanskje til og med teknofobe!

Eit veldig tydleg døme på samtidsopportunisme er flyttetrongen blant akademikarane. Same om dei bur i Stavanger, Bergen eller Trondheim så er Oslo deira eigentlege mål. Eg må flytta til Oslo dersom eg skal kunna gjera karriere i kulturlivet, seier dei. Folk som vert buande vert oppfatta som taparar, dei hadde ikkje mot og evner nok til å ta det avgjerande skrittet. Samtids­oppor­tu­nisten sin rasjonalitet går slik: Me lever i ei historisk utvikling der sentrali­­sering av attrak­tive jobbar er ei­ nødvendig utvikling. Å setja seg imot den er bak­strev­ersk, difor bør eg søkja arbeid der dei beste moglegheitene er. Han lever i ein mentalitet basert på pre­destina­sjon. Eg er friteken frå å yta motstand mot dei dominerande utviklings­trekka i samfunnet. Det er ikkje mitt ansvar. Eg er unnateken frå kreftene som held oss på plass, tenkjer han samstundes med tusen­vis av andre, eg har rett til å bryta ut for å søkja det nye og spennande. Å vera engasjert i sam­tida er ikkje sam­tids­opportunistisk, men å legitimera den fullstendig gjennom atterhaldslaus deltaking er.

Å sitja i Volda gjev ei kontinuerleg, smertefull kjensle både av å gå glipp av noko og å verta feildefinert av dei andre. (Eg er ikkje ein nynorskfanatikar.) I Bergen har kjensla av tomheit og forvrenging ein annan nyanse, men den dreg oss heilte tida vidare mot sentrum, mot den kulturen som har overtak på oss fordi me sjølve ikkje deltek i defineringa av kva som er viktig. Eg vil åtvara om at den plassen der det verkeleg skjer i hovud­sak er ein illusjon som folk skapar seg i sjølvforsvar, for å kunna navigera i det kulturelle kaoset som alle må forholda seg til. Kjensla av å gå glipp av noko kan vera like sterk i New York som i Volda, for den er ein variabel emosjonell mentalitet, ikkje ein nødvendigheit.

Teikning: Trond Ivar Hansen
Teikning: Trond Ivar Hansen

I makroperspektiv er tiltrekkinga til det nye og ukjente sjølvsagt ei livs­viktig evne. Alle pattedyr har sterk nysgjerrigheit, skriv zoologen Desmond Morris. Av alle ikke-spesialister er apene kanskje de mest oppor­tunistiske. Som gruppe har de spesialisert seg i ikke-spesialisering. Og blant apene er den nakne ape den mest fremragende opportunist av dem alle (Morris 1968: 123). Morris snakkar om å finna løysingar på kroppslege primærbehov som mat og tryggleik, men i eit velferds­samfunn som Noreg treng me bruka så lite energi på primærbehov at den medfødte nysgjerrig­heita vert retta mot kulturen med full kraft.

I jungelverda og steinalderen kunne ein ikkje vera pysete for å overleva, ein måtte kasta seg ut i verda utan uvilje eller nøling. Det var samfunnsnedbrytande å vera tilbake­halden. Men i vår kulturelle parallell i Noreg i 1990-åra er det ikkje viktig for utviklinga av kulturlivet å ha flest mogleg menneske med heftig nysgjerrigheit og arbeidsvilje overfor det nye. Istadenfor å vera produktiv, skapar den kulturelle nysgjerrigheita ein heftig vilje til sjølv­realisering som slett ikkje er viktig for å vidareføra kulturarven. Utforskingstrong er ikkje åleine ein tilstrekkeleg intellek­tuell reiskap til å nærma seg kulturlivet med, for den vert lett ståande i stampe i møtet med alle andre sin like sterke trong. Den søkande og opne intellek­tuelle er ein myte som vert opp­­rett­halden av identitetsforvirra intellektuelle for å rett­ferdig­gjera si eiga famling i den kom­plekse kulturen. Akutt sjølvrealiseringstrong er eit morbid trekk fordi den gjer folk blinde for verdien av samfunnsmessig stabilitet, verdien av permanens dersom ein skal opparbeida klokskap. Å jakta på samanhengar istadenfor forskjellar er reaksjonært etter dagens intellektuelle målestokk, men nettopp difor kan ein slik mentalitet utgjera ein forskjell.

Pengar og konformitet som intellektuell valuta

Korleis fungerer samtidsopportunismen i det marknadsliberale kulturlivet anno 1998? Jo, den er i praksis ei snedig omplassering av intellektuelle verdiar. Formelt vil erkjenninga alltid vera den mest verdfulle intellektuelle kvaliteteten, men i praksis er den lett å byta ut med anerkjenning. Det store Eureka! er ikkje vanleg blant folk, sjølv ikkje blant dei velutdanna. Me har sjeldan plutse­lege geniale innsikter eller nyskapande litterære og teoretiske evner, me driv fyrst og fremst kreativ forståing av andre sine tankar. Vår ibuande evne til å etterlikna vert stimulert av den store mengda av forståingskjelder i samtida. Bøkene, heime­sidene, sitata, namna til forfattarane og per­son­leg­domane, filmane, skodespelarane, aktørane i nærings­livet – all slags kulturell og yrkes­messig stimulans erstattar vel så mykje som utviklar sjølvstendet. Kjente og viktige personar vert til ideal på grunn av si evne til å halda seg nærverande i offentlegheita snarare enn for kvaliteten i arbeidet sitt.

For ein samtidsopportunist er det å vera ein vellukka produsent av kultur det same som å vera populær, omtykt, viktig, innbringande. I produksjonslivet er det mark­­nads­kreftene som rår, og samtids­opportunisten motset seg ikkje deira kortsiktige stimulering av ærgjerrigheita. Han dyrkar ikkje avstand og skepsis til dei noverande moglegheitene, men stuper ut i dei med ei nærmast erotisk glede. Han manglar den intellek­tuelle frigiditeten som trengst for å dømma klokt, og let kulturell tole­ranse vera den høgaste lova for livsførselen sin. Då er ikkje vegen lang frå openheit til eit kritikklaust og servilt liv. For sjølv om folk er med der det skjer får dei ikkje nødvendigvis noko interessant til å skje, og sjølv om dei tener pengar har dei ikkje nødvendigvis ein verdfull personlegdom.

I mitt eksempel vert samtidsopportunisten altså tiltrekt til Oslo på grunn av behovet for sterk intellektuell stimu­lans. Når han fyrst er komen til Oslo er han fri. Han kan gjera det han vil, for ingen held han nede i provinsiell stagna­sjon, ingen moglegheiter er stengte ute, og ingen legg merke til han utan at han gjev seg til kjenne. I motsetnad til i bygdelivet, der alle veit alt om alle uansett, trivst samtidsopportunisten best i bylivet, der folk er kjente fordi dei har utmerka seg, fått ein god karriere, har ein mektig vennekrets, blitt intervjua i Aftenposten. Folka dyrkar kvarandre som reiskapar for å klatra vidare i det kulturelle livet, dei gjev kvarandre gjensidig anerkjenning etter sinnrike sosiale reglar som må meistrast. Men korleis vert ein viktig blant folk som sjølve er viktige? Naturlegvis ved konformitet, ved å gjera ting akkurat slik andre gjer dei.

Denne konformiteten er kompleks og nesten sjølvmotseiande. Simmel har skildra den godt i essayet eg nemnte ovanfor. Den byrjar med ei utvikling som tilsynelatande er motsett av konformitet: Man blir aparte, kaprisiøs, kunstlet. Meningen med å opptre slik ligger da ikke lenger i atferdens inn­hold, men bare i dens form, i det at den er annerledes, slik at man stikker seg ut og deri­gjennom gjør seg bemerket (s.99). Møta med dei rette menneska på telefonen, seminaret, festen eller Tostrup­kjellaren er kortvarige og sjeldne, og den pågåande må framstå poengtert, konsen­trert, karakte­ristisk. Det som nå oppebærer den enkeltes verdi, er ikke lenger det almene menneske i ham, men nettopp det å være i besittelse av unike egenskaper og ikke kunne for­veksles med noen annen (s.101).

Korleis kan så desse kreative, individualistiske og unike menneska finna noko felles, og kommu­nisera så godt med kvarandre som dei faktisk gjer? Jo, fellesskapet mellom opportunistane er basert på det Simmel kallar blasert­heit, eit svært utbreidd psykisk fenomen i 1998. Blasertheit stammar frå nettopp det forholdet at variasjons­rikdomen og inntrykksmengda er så stor. Blasert­hetens vesen er å sløves overfor tingenes inn­byrdes forskjeller (s.92). Meir presist: Betydningen og verdien av tingenes for­skjeller og dermed tingene selv persiperes som intetsigende. De fortoner seg for den blaserte i en ensartet matt og grå belysning, hvor ingen av dem er verd å bli fore­trukket fremfor andre. Denne sinnsstemning er den tro subjektive refleks av at penge­økonomien har trengt helt gjennom. Her har Simmel eit poeng som kan reformulerast slik: Forskjells­rik­domen og dei unike personlegdomane er ein kulturell kapital som vert omsett til pengeverdiar ved å kvanti­fisera anerkjenning og merksemd.

Påstanden er altså at marknadskreftene på ein stereotyp måte veg opp for og nøytraliserer mang­faldet i kulturlivet, og at denne forma for vikarierande kulturell utvikling finn stad utan å verta hindra av aktørane sine unike personlegdomar. Nei, den vert faktisk oppfordra til og vidareført av dei intellektuelle. Marknadssystemet vert brukt som ein effektiv felles­nemnar for alle kultu­relle verdiar, og den kulturelle kapitalen kan målast i harde pengar som minutt på fjernsynet, spalte­meter i avisa eller rosande ord frå betydningsfulle folk medan andre høyrer på. Marknadskreftene har fått aksept og er legitimerte som eit fact of life. Spotmarknaden­ har fått fritt spelerom i kulturen, og det er her at sam­tids­opportunisten sin konformitet viser tydlegast att.

Sidan marknaden styrer, er det heile tida den kulturelle og politiske åtferda som har høg­kon­junktur som gjev best kurs, og samtidsopportunisten er difor prega av eit sterkt behov for opp­datering. Han lever med ei kon­stant redsle for å ha gått glipp av noko. Han må halda seg informert om det som skjer i informa­sjonsteknologien, i samtidslitteraturen, i mediene, i poli­tikken og i motelivet, og må til eikvar tid også setja seg inn i dei tidlegare tidene som er in, til dømes 70-talet. Slik vert hans personlege preferansar omdanna til eit forbruksmønster istadenfor eit verkeleg individuelt særdrag. Alle opportunistane har god greie på akkurat det same, sjølv om alle arbeider med sine unike ting og har heilt forskjellig identitet. Moglegheitane til å vera unik og vita heilt for­skjellige ting har aldri vore større, men likevel gjer folk sin servilitet overfor den kulturelle marknaden i samtida at konformiteten i kulturlivet aldri har vore større.

Utdanningssystemet legitimerer opportunismen

Eg vil identifisera ei tredje kjelde til samtidsopportunisme i tillegg til rastløysa og marknads­liberalismen. Den kan kallast formell habilitet, og er eit resultat av kampanjen mot arbeidsløyse som Arbeiderpartiregjeringa sette igang på byrjinga av 90-talet. Som motmiddel mot arbeidsløysa blant unge menneske vart det satsa dramatisk på høgare utdanning, med det sjølvsagte resultatet at Noreg no har den største arbeidsløysa nokonsinne blant høgt utdanna menneske. I denne situa­sjonen har det utvikla seg ei forvirrande blanding av konstant karriere­panikk, ekte vilje til å studera det som interesser ein, og ei forventing om heile tida å vera oppdatert på det andre gjer suksess med. I sum vert dei unge menneska utsette for eit så komplisert press frå samtida at dei har liten sjanse til å koma ut av utdanninga som kloke menneske, men veldig stor sjanse til å koma ut med ei vel innstudert rolle som intellektuelt oppe­gåande og kreativ.

Eg seier altså at samtidsopportunismen vert legitimert av den intellektuelle tyngda som ei seriøs utdanning gjev, men også at den står så sterkt på universitet og høgskular fordi Arbeiderpartiet gjorde utdanning til ein kortsiktig økonomisk strategi, og på den måten prega folk med kon­kurranse­mentalitet. Alle samfunnslag respekterer kunnskap, og denne anerkjenninga gjer samtids­opportunismen vanskeleg å oppdaga og endå vanskelegare å kjempa imot. Sidan den har invadert universiteta vert samtidsopportunismen i stadig sterkare grad ein intellektuell infrastruktur i Noreg, ein mentalitet som er så vanleg at den vert tatt for gitt.

Teikning: Trond Ivar Hansen
Teikning: Trond Ivar Hansen

For ikkje så lenge sidan var det uvanleg å ta høgare utdanning, det vil seia at det var eit privi­legium å kunna utvikla og realisera seg sjølv gjennom kunnskap. No gjer studentmassen dette som ei sjølvfølge. Medan høgare utdanning tid­legare til ei viss grad var ein fristad frå konformitet, er den no det kraftigaste statsfinansierte produksjonsfeltet for ­kulturell einsretting. Talet på vel­utdanna og kulturelt skulerte menneske er i stadig auke, men dei færraste av desse utviklar eit sjølvstende og ein intellektuell konsekvens som kompenserer for instabiliteten i ­kulturelt mang­fald. Dei har formell habilitet til å spela ei rolle i kulturlivet, men kan likevel vera intellektuelt inhabile.

Sjølvbedraget

Folk trur dei tenkjer sjølvstendig. Dei trur dei veit kva dei vil med liva sine og kva verknad hand­lingane deira får i omgjevnaden. Dei trur grunnen til at dei klarer å vera med er deira oppdaterte og innforståtte kunnskap, deira personlege intellektuelle kvalitetar. Men nettopp å tru dette er ei rutinemessig rolle som vert innøvd gjennom utdanning og sosialisering blant sine jamaldrande, ein rein stereotypi som skuldast vanen med å etterlikna. Høgare utdanning gjev ikkje særlege sjansar for klokskap, men garanterer ein intellektuell konformitet bygd på illusjonen om origi­nali­tet. Dette identitetsproblemet skuldast at utdanning styrer vår verdi­ut­vikling meir enn våre verdiar styrer utdanningsvegen vår. Sosiologen Melvin Kohn skriv at for dei fleste menneske er ut­danninga snarare ein determinant for sjølvstyringsverdiar og kulturell orientering enn ein konsekvens av dei. (Sjå Kohn 1978).

Det opportunistiske behovet blant folk fører til auke i det kulturelle rollespelet. Folk sin kunnskap har vorte ein meny av moglege kulturelle veremåtar som dei veljer seg sjølve utifrå. Det er kultur­livet og utdanninga som gjev oss denne menyen, og sjølvrealiseringa vert såleis eit rollespel som destabiliserer sjølvet og aukar behovet for å oppføra seg på visse, korrekte måtar. Verden er selvsagt ikke et teater, men det er ikke så lett å påpeke på nøyaktig hvilke måter den ikke er det, skreiv Erving Goffman (1974: 65). Me kan ikkje så lett vita om folk gjev eit autentisk uttrykk for seg sjølve, eller om dei spelar ei rolle for oss. I dagliglivet lar det seg dessuten som regel gjøre å skape nesten et hvilket som helst falskt inntrykk uten å risikere å bli grepet i en direkte løgn (1974: 58).

Når ein dyktig samtidsopportunist utfaldar seg kan han setja dei fleste retorisk til veggs, og difor vinna det aktuelle rollespelet utan dermed å ha vunne ein meir permanent intellek­tuell siger. For opportunisten er alltid offensiv og pågåande. Han kan kasta rundt seg med mein­ingar og fakta om allslags samfunns­emne, han kan bruka ­menyen av ideologiske straumdrag som han lærte på universitetet til å forsvara kva som helst slags kulturell, politisk og identitets­messig påstand, og dei færraste vil spørja etter konsekvens. Ingen samtidsopportunistar spør nokon­sinne etter konse­kvens, og difor er det legitimt å meina ei rekkje motstridande ting sam­stundes. Dette er defini­sjonen på per­spektiv­rikdom i 1998.

Samtidopportunisten har ein kunnskapstørst som overgår einkvar beherska intellektuell sin ånde­lege kapasitet, og han brukar den til å følgja kulturelle og politiske preferansar som ikkje kjem frå noko konkret hald, og heller ikkje har nokon indre konsekvens, men er der som skiftande straum­drag i sesongen. Han er stolt over å klara å tileigna seg desse trendane, og inngår ein begeistra allianse med andre som han merkar også er på nett. Slik medverkar han til å skapa intellektuelle sub­kulturar som går av moten hjå gründerane etterkvart som dei vert meir allmenne. Mangel på stabilt ideo­logisk liv er sjølve imperativet i sam­tids­­­oppor­tunisten sitt sjølvbedrag.

Ein appell til likevekt

Kulturlivet står midt oppi informasjons- og utdanningsrevolusjonen, men nettopp difor er dei færraste aktørane istand til å halda begge beina på jorda. Iveren etter å utnytta moglegheitane er for stor, kjensla av at utviklinga kjem uansett lammar folk si evne til å vera tilbakehaldne, og tvinger dei til å vera med. Eg må protestera mot denne mentaliteten trass i faren for å verta oppfatta som regressiv, puritansk eller Gerhardsen-tenkjande.

Eg vil ikkje tilbake til tidlegare tider, eg trur også at den situasjonen me er midt oppi har fram­tida for seg. Men kanskje vil min protest kunna vekka nokon opp frå den automatiske begeistringa, frå den kvilelause variasjonen i ideologi og tenkjemåtar, sjølv om den neppe vil redda mange ut av konformiteten. Berre framståande personlege kvalitetar kan gjera det. Eg vil skissera ein person­leg kvalitet som kan dyrkast i protest mot samtids­opportunismen, og i beste fall kan verta så utbreidd at den skapar reell endring i kva som er aksepterte tenkjemåtar.

Eg kallar denne mentaliteten intellektuell inertia, og metaforen er basert på Isaac Newton si fyrste rørslelov, som lyder slik: Ein lekam vil forbli i ro eller i rettlinja rørsle med konstant fart dersom den ikkje vert påverka av ei ubalansert ytre kraft. Gjenstandar har ein slags latskap i seg, ein slags uvilje mot å endra fart og retning. Det finst ein kompleks fysiologisk variant av inertia-prinsippet som vert kalla homeostasis; kroppen si evne til å oppretthalda indre stabilitet og likevekt trass i endringar i det ytre miljøet og dei indre vilkåra. Både den fysiske og fysiologiske inertia kan fint føregå utan vår medvitne medverknad, men den intellektuelle inertia krev kraft og habilitet, den må opparbeidast som ei ferdigheit. Diverre er ikkje inertia ei ferdigheit folk strevar etter i 1998.

Istaden er det evna til dynamisk skifte av oppfatning som vert kalla ei dyd no for tida, men eg trur denne fleksibiliteten og toleransen kan verta så dominerande at den vert ukonstruktiv. I eit klima med svak stimu­lans må energien setjast inn på søkjing etter nye kulturelle krefter, men i eit klima av ubalan­serte og mot­setjings­fulle krefter må energien setjast inn på å halda retninga og farten stabil. Det trengst samsvar mellom ord og handling, mellom tidlegare og seinare påstandar.

I eit klima av ubalanserte ytre krefter må konse­kvensen skapast ved kontinuerleg intellektuell kompensa­sjon. Sidan eg no snakkar om tenkjing vil desse energi­utfaldingane medføra ein kunn­skaps­vekst som ikkje oppstår dersom den nye vinden vert følgt. Den som gjer motstand får trent musklane til å yta meir. Den som bereknar presist og følgjer kursen konsekvent opparbeider seg eit kart som skapar perspektiv over overflata, eit utsyn og ein oversikt som ikkje kan skapast midt i stormen.

I 1998 er det uhyre vanskeleg å lykkast med kontinuerleg kompensasjon for alle inntrykka frå Internett, fjernsyn og kulturlivet ellers. Eg pretenderer ikkje sjølv å ha laga eit kart som kan redda meg frå samtidsopportunismen, men eg spår at den som klarer det, og kanskje også skriv ned sin oversikt og får utgitt den, vil gjera vår generasjon ei teneste. Kanskje den beste rettesnora for å finna samanhengar er denne devisen: Når dei gode svara slår mot deg frå alle kantar, slå tilbake gjennom uvilje mot å tru dei.

Litteraturliste

Goffman, Erving (1974) Vårt rollespill til daglig. En studie i hverdagslivets dramatikk. Oslo: Dreyer.
Kohn, Melvin (1978) Konformitet og klasse i Dag Østerberg (red.) Handling og samfunn. Sosiologisk teori i utvalg. Oslo: Pax.
Morris, Desmond (1968) Den nakne ape. En zoologisk studie av mennesket som dyreart. Oslo: Gyldendal.
Simmel, Georg [1902] (1978) Storbyene og åndslivet, i Dag Østerberg (red.) Handling og samfunn. Sosiologisk teori i utvalg. Oslo: Pax.
Skjervheim, Hans (1992) Den klassiske journa­listikken og den nye medieideologien, i Filosofi og dømmekraft. Oslo: Universitetsforlaget.