Lista viser alle tekstar sortert under emnet "Essays" på larsnyre.no.

Intellektuell implosjon

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Vår tids kulturliv er kraftfullt fordi det er fritt, men det har for lite retning til å vera ei politisk drivkraft. Me tenkjer så raskt og kortsiktig at me står i fare for å verta mentalt innelukka i samtida. Dette skapar risiko for ein intellektuell implosjon som har ukjend sprengkraft fordi verknadene berre viser seg […]

Journalistikken koloniserer universitetet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Både universitetsleiinga og journalistikken krev forskingsformidling. Dette tvingar forskarar til å læra seg ei kommunikasjonsform som ikkje er viktig for å utføra forsking, og som dermed forstyrrar vår hovudaktivitet. Journalistikkens verdisyn koloniserer i særleg grad samfunnsvitskapane og humaniora. I denne artikkelen definerer eg profesjonane «journalistikk» og «forsking» som to skarpt forskjellige kommunikasjonsformer. Så fortel eg […]

Læraren veit best

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Eg presenterer eit manifest for den myndige læraren. Målet er å bruka regelverket i kvalitetsreforma og kvalitetsrammeverket til å styrka lærarens rolle, ikkje svekka den ytterleggare. Eg ser dette i forhold til Kunnskapsdepartementets nye krav om læringsutbyteformuleringar. Den såkalla prosessorienterte pedagogikken har etter mitt syn gjeve studenten for stor definisjonsmakt i undervisningssamanhengar. Dialogisk kommunikasjon vert […]

Opprop mot samtidsopportunisme

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Det har vorte legitimt å ha mange motstridande meiningar samstundes. Har opportunismen vunne over dei samanhengande ideologiane? I 1998 er så mange velutdanna menneske på veg oppover i yrkeslivet at dei kunne ha påverka den politiske dagsorden i Noreg dersom dei klarte å utvikla eit alternativ til dei rådande intellektuelle normene. Utdanningsgenerasjonen frå byrjinga av […]

God kommunikasjon i Bergens Tidende

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Dette skal handla om god kommunikasjon, og eg vil setja opp ein viktig forskjell. Ein diskusjon er open for betre argument, og den vert djupast sett driven av eit ynskje om samkøyrt endring av samfunnet. Ein debatt, derimot, er lukka for motstandaren sine argument, og talaren snakkar for å overtala eit publikum til å gjera […]