Til toppen

Intellektuell implosjon


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Vår tids kulturliv er kraftfullt fordi det er fritt, men det har for lite retning til å vera ei politisk drivkraft. Me tenkjer så raskt og kortsiktig at me står i fare for å verta mentalt innelukka i samtida. Dette skapar risiko for ein intellektuell implosjon som har ukjend sprengkraft fordi verknadene berre viser seg i framtida.

Min kanonade mot intellektuell opportunisme i fyrste Syn og Segn 1998 har gjeve rekyl. I tredje nummer kom det to opprop mot Lars Nyre. Blant mine synder var å kritisera «dei intellektuelle» for å vera mentalt marknadsstyrte. Som straff vert eg kalla ein elitistisk, pietistisk, konservativ, moralistisk og idealistisk bygdefanatikar og mislykka radikalar. For å visa at eg ikkje har brote saman, gjer eg eit nytt forsøk på å kritisera samtidsopportunismen, denne gongen mest som eit politisk fenomen.

Kronisk velferdspermisjon

Verkeleg progressiv tenking, som Sjur Holsen, Jan Zahl og Edvard Lysne ser opp til på ulike måtar, er tradisjonelt kjenneteikna av «tru på og vilje til samfunnsmessig endring». Mitt resonnement tek samfunnsmessig endring er eit mekanisk fenomen som like gjerne kan få kraft frå konsumet til folk som frå deira politiske vilje.

Dei politiske forholda i Noreg i 1999 er sterkt prega av velvære; me vert ikkje tvinga på plass av nødvendigheiter, me plaskar komfortabelt omkring i eit hav av moglegheiter. Det eg kallar samtidsopportunisme, må oppfattast som ideologien til dette velværet, og den har som fremste mantra at vidare konsum er heilt ålreit og opp til kvar enkelt å avgrensa sjølv. Dette er ein kortsiktig, liksom-upolitisk tenkjemåte som vert nedfelt i oss gjennom utdanningssystemet og dei rådande kulturkonjunkturane, og han er så generell at ingen enkeltperson kan stå ansvarleg for han. Slik opportunistisk kraft ligg i Verdikommisjonen så vel som under alle juletrea.

Samtidsopportunismen har som fremste intellektuelle effekt at kritikk av dei noverande atferdsmønstra framstår som trøyttande framtidsangst a Ia «Fremtiden i våre hender». Alle kjenner smaken av moralisme på tunga når nokon påstår at me lever ansvarslaust. Eg vil hevda at den globale handlefridomen i realiteten er ein marknadsverdi kamuflert som politisk ideal. I vesten er fridom ikkje lenger ein moralsk rett, han er ei kortsiktig investering i samtida der effekten vert større di meir intenst ein lever, dvs. di fleire intellektuelle og materielle spor ein set etter seg.

For at eit slikt liv skal kunna bli intellektuelt leveleg, må det oppstå mystifikasjonar som rettferdiggjer og forklarer det. Hans Skjervheim skildra mystifiserte folk slik: «Dei ser ikkje bjelken i sitt eige auga, for det er den dei ser med.» Det snedige med samtidsopportunismen er at medverkinga er aktiv og bevisst fordi han let seg framstilla som progressiv. Det mest poengterte eksempelet eg har funne, er dette: «Eg vil besøka Vietnam før landet vert øydelagt av vestleg sivilisasjon.» Dette er blind, ubekymra rovdrift på framtida, ei bevisst tilslutning til noko ein sjølv seier er øydeleggjande. Naturlegvis vert velutdanna, suksessrike og ressurssterke forbrukarar dei fremste heroldane for denne typen ideologi.

Sjølvkritikk

Begge motinnlegga kritiserer meg for å setja fram eit sjølvstendig idealmenneske som burde leva i staden for opportunistane. «Er kjenneteiknet på at ein tenkjer sjølvstendig, at ein tenkjer det same som Nyre?» skriv Holsen og Zahl. Lysne skriv at mitt ideal er den beherska og konsekvente typen som har innsett verdien av samfunnsmessig stabilitet, permanens og vidareføring av kulturarven.

Eg må erkjenna at mitt idealmenneske er for tungt for denne verda. Eg vil ikkje lenger skissera betre måtar å oppføra seg på i framtida, men halda meg strengt til kritikk av kjeldene for opportunisme i notida. Ein gong i framtida når eg forstår meir, vil eg kanskje våga å vera både kritisk og konstruktiv (eller moralistisk).

Holsen og Zahl kritiserer meg for å leggja altfor stor vekt på Oslo som opportunismens sentrum. «Akademi og periferi er det einaste saliggjerande i Nyres verd.» Dei har rett i at Oslo som demografisk fenomen ikkje er så viktig. Det eg no vil kritisera, er eit globalt intellektuelt fenomen som er viktig langt utover den sjablongaktige debatten om forholdet mellom urban hovudstad og provinsielle bygder.

Formelt flinke folk

Det forundrar meg at «intellektuell» enno er noko som vert omtala einsidig positivt i ålmenta så vel som på kafeane. Lysne, Eivind Røssaak, Langeland & Co brukar omgrepet som eit ideal. Michel Foucault seier at intellektuelle fyrst og fremst er ikkje-manuelt arbeidande personar, og hans ideal blant desse er folk som «gør brug af sin viden, sin kompetence, sit forhold til sandheden i de politiske kampe» (Briigger 1995: 143). Intellektuelle er kjenneteikna ved ikkje å basera sitt virke på manuelt arbeid, og dette er ein sosial definisjon eg vil foreslå til erstatning for det fordunklande frie idealet som alle kan fylla med sine preferansar. Intellektuelle er folk som er formelt flinke å tenkja, og klarer å ha sin intellektuelle kapasitet som levebrød, t.d. fagleg tilsette på universitet og høgskular, stipendiatar, frie kunstnarar, forfattarar og musikarar, folk i forlag, aviser, kringkasting, for ikkje å gløyma studentar!

Kvifor inkludera alle i omgrepet i staden for å dyrka ein særskild tenkjemåte? Jo, fordi det er dei intellektuelle si faktiske åtferd i samfunnet eg er oppteken av, det er den som vil prega framtida mest konkret; debattane, konferansane, utgjevingane, undervisninga, all den intellektuelle aktiviteten. Lysne må finna seg i å stå som representant for den rådande trenden i denne marknaden, ein intellektuell tendens eg finn det lett å kritisera, nemleg den formelle flinkheita.

Lysne formulerer sitt intellektuelle ideal slik: «Eg vil meine at di djupare kunnskap ein sit med, di betre føresetnader har ein for gjere velgrunna vurderingar og eventuelt komme med velgrunna kritikk». Lysne kjem til å verta dyktigare og dyktigare til å forstå si samtid og fortid di eldre han vert. Slik historisk kulturanalyse er ein blant mange kjønnslause, men yttarst korrekte disiplinar i akademia og ålmenta. Han er ufarleg for alle og difor lett å omsetja, ein slags humanistisk parallell til matematikarane sitt oversiktlege univers. Lysne vil aldri kjenna seg trygg nok til eventuelt å kritisera notidslivet, for det finst jo så mange forhold som nyanserer saka.

På grunn av Hernes sitt utdanningsregime har Noreg fått ein generasjon av formelt flinke folk med hovudfag. Etter mitt syn er det ein framtredande tendens blant desse å sjå i bakspegelen i staden for å sjå på vegen framfor seg. Dei forklarer og forstår vår tids kultur så grundig at dei endar opp som apologetar for all utvikling.

Den fremste innsikta innanfor kulturforklaringsregimet er at livsrommet for studentar og andre intellektuelle i 1999 er fullstendig ope og mangetydig (di lenger vekk frå byen du bur, di enklare lever du). Kulturskapinga er heilt fri. Thomas Hylland Eriksen forklarer denne «postmoderne identitets- forvirringa» ut ifrå kulturell urbanisering, sterkare individualisme, PC-kommunikasjon og generell fragmentering av offentlegheita. Eg meiner at Hylland Eriksen er ein av dei professorane som flinkt og nødvendig forklarer korleis notida fungerer, og at denne framgangsmåten er altfor utbreidd. Det finst for mange forklaringar av det politiske og kulturelle mangfaldet!

Trøyttande toleranse

Respektabiliteten til dei flinke forklaringane vert halden ved like av den akademiske varianten av samtidsopportunisme, ein Politimester Bastian-liknande toleranse for kva som helst slags fagleg stoff som ikkje trugar eins eige ekspertområde. Toleransen er egostyrt, men ikkje nødvendigvis egoistisk.

Den minner om ansvarsfråskrivinga som ligg på lur i Kardemomme-lova: Så lenge du ikkje skader andre, kan du gjera kva du vil. Her vert det føresett at folk er frie til å gjera det me vil. Det inneber at for å gjera kva eg vil, er det tilstrekkeleg å tru at eg ikkje skader andre, for det er berre mi eiga dømmekraft som legg band på handlingane mine. Det er berre mitt perspektiv som bestemmer kva som er ein god tanke.

Toleransen i akademia er også bygd på ein slik sviktande fridomstanke. Han fungerer i verkelegheita som ein stille aksept av forholda slik dei er no, same korleis dei er. Ofte vedkjenner forfattarane kor glade dei er i samtida, og kor artig det var å skriva ei heil bok om Elvis. Toleransen forandrar seg til idyllisering. Akademia stadfestar at det finst gode grunnar til at det er slik i vårt land no, og det er lett å slå seg til ro med det når me har det godt på alle måtar. Eg meiner at forklaringsidealet har vorte arbeidsinstruks for ein generasjon av intellektuelle. Med så enkle grunnforhold er det ikkje merkeleg at marknaden for intellektuell aktivitet stadig veks.

Lysne sitt ideal er i utgangspunktet prisverdig, men i all si vekt på kunnskap, kompetanse og vidd fordunklar det at intellektuelle lever sine kvardagsliv like manuelt og marknadsregulert og kortsiktig som alle andre. Kunnskapen vert verdsett ut ifrå tilbod og etterspurnad. Dei intellektuelle brukar ikkje energien sin på å endra samfunnet politisk. Dette opportunistiske draget i intellektuelle si åtferd vert legitimert og verna mot kritikk av kunnskapsregimet som Lysne er ein del av.

Marknaden i våre hender

Vår frie vestlege veljing av tenkjemåtar føregår innafor eit trygt økonomisk liv som kjem til å vera i vekst uavhengig av kva ideologi me møter det med, fordi alle ideologiane me kan tenkja oss, følgjer dei grunnleggjande marknadslogiske reglane. Så lenge samtidsverdiane er i vekst, betyr det lite kva kulturelt innhald dei har.

I nasjonalstaten var kulturelt samhald ein avgjerande verdi. No er det ein fritidsaktivitet fordi systemet som vart bygd opp, har vorte i stand til å fungera uavhengig av kulturelt einfald eller mangfald. Eit opportunistisk system treng berre merksemd for å vera levedyktig (t.d. kjendissystemet i norsk presse og kringkasting).

Dei elektroniske media er avgjerande for denne merksemda. Kulturteoretikaren Fredric Jameson seier at dei siste tiåra har det skjedd ein veldig ekspansjon av massekultur til heile samfunnet, slik at både politikk, produksjon, sjølvet og kvardagslivet kan oppfattast som eit kulturelt val, eit «statement». Han påstår at kulturlivet som heilskap vert stadig meir estetisert som følgje av dette, dvs. løfta opp som ein tilsynelatande autonom gjenstand, tilsynelatande fristilt frå politisk stillingstaking, og tilsynelatande gjort uavhengig av den materielle basisen som faktisk er føresetnaden for liva våre.

Det er heilt nødvendig for denne prosessen at folk verkeleg ynskjer å forbruka, og det gjer me jo alle, for elles ville me ikkje gjort det. Fordi me lever i eit frisetjande velferdssamfunn, nyt den store majoriteten godt av auka vekst i kulturlivet, det er ikkje slik som i 1920-åra at dei rike tente og dei fattige tapte. Alle tener! Alle har moglegheit til opprykk, auka lønn, større ansvar, større prestisje og meir makt. Nullvekst er ei utenkeleg skam på alle område.

Dersom det er logisk at ideologi skapar handling, er det er like logisk å slutta seg til ideologi ut ifrå handlingar. Sjølvsagt finst det tenkjande menneske som er for dei dominerande utviklingstrekka i samfunnet, slik som sentralisering, internasjonalisering og global marknadsøkonomi, og dei lagar ideologiar til fordel for desse trekka. Holsen og Zahl skriv: «Det er – tru det eller ei – logisk mogleg å visa ei open haldning til fenomen som urbanisering, regional oppbygging og nasjonal nedbygging i ei globalisert samtid.»

Ja, eg er heilt einig, og presiserer at det dominerande levesettet i Noreg i 1999 er eit konsumentliv som vil setja spor etter seg i ressursforholda, i maktforholda, og i åtferda til innbyggarane i lange tider framover. Som ei naturleg følgje er dei positive haldningane til konsumentlivet i absolutt og totalt fleirtal som ideologisk straumdrag blant unge, meir eller mindre akademiske menneske i Noreg i dag. Dei intellektuelle har stor innverknad, har misunningsverdig lønn, kjempehøgt forbruk, aktivt reiseliv i jobben og på fritida, og veit å gjera nettopp dette frie livet forlokkande for andre. A gjera mitt angrep på denne tankegangen til eit uttrykk for intoleranse er å gje lammet ulveklede.

Ta samtida for framtida!

Nyre opplever si samtid som ein ørken, seier Lysne. «Han likar ikkje si samtid, ei tid han føler seg i utakt med.» Eg trur samtida er den einaste tida som kan kritiserast med politisk effekt, og den einaste tida som aktivt slår tilbake mot kritikken. Den som kritiserer Arbeidarpartistaten på 80-talet, driv historieskriving, og den som kritiserer framtida, er hypotetisk i hovudet. Me må kritisera samtida dersom me vil treffa nokon heime.

Eg er ikkje konserverande, eg meiner ikkje at me skal tilbake til fortidige styreformer eller tidsaldrar, for dei eksisterer berre som draumebilete i hovuda våre i alle fall. Men eg meiner at det er intellektuelt mogleg for folk i 1999 å ta stilling til konsekvensane av sine samfunnshandlingar på ein måte som overskrid dei legitimeringsprosessane eg har kritisert.

Det er den velkjende sjølvstende-ideologien som gjer det akseptabelt ikkje å ta ansvar, for dersom fridomen er individuell, er ansvaret individuelt også. Mystifikasjonen går slik: Me tenkjer oss fram i tid og ser tilbake på konsekvensane av det me gjorde i 1999. Ut ifrå moralske verdisett inntek me standpunkt der noko vert vurdert som ille, f.eks. klimaendringane, og noko vert vurdert som godt, f.eks. den økonomiske stabiliteten. Når me gjer opp status for tankeeksperimentet, føler me kanskje at prognosen for framtida ikkje burde realiserast, og spør oss sjølve som så: «Har eg ansvar for å endra på ting dersom eg meiner eg er med på å skapa eit problem? Nei. Dette var jo berre ein tanke eg hadde. Eg er ingen dommedagsprofet!» Me tek ansvar ved å sitja på kafé og diskutera verds’ problema ei stund, ved å få nokre fakta på bordet gjennom pensum, slik at me i alle fall er klar over dei.

Fyrst når me intellektuelle har kome forbi denne mystifikasjonen, vert handlingslivet framtidsretta og verkeleg progressivt. Me lever i ein politisk kultur som administrerer notida med stor energi og stort hell fordi me har lært oss så mange grunngjevingar for å nøya oss med det. Dette kallar eg samtidsopportunisme.

Notar:

1. Side 143 i Niels Brugger: «Foucault, Sartre og den intellektuelle» i Brugger et.al.: Foucaults masker, 1995.
2. Thomas Hylland Eriksen: «Norway went crazy. Åttitallets kulturrevolusjon» i typisk norsk, 1993.
3. Terje Rasmussen: Moderne maskiner, 1995.