Til toppen

God kommunikasjon i Bergens Tidende


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Dette skal handla om god kommunikasjon, og eg vil setja opp ein viktig forskjell. Ein diskusjon er open for betre argument, og den vert djupast sett driven av eit ynskje om samkøyrt endring av samfunnet. Ein debatt, derimot, er lukka for motstandaren sine argument, og talaren snakkar for å overtala eit publikum til å gjera som han seier, og deltakarane i debatten ’kringkastar’ til kvarandre. Hvis de går med på desse definisjonane, så må me vera samde om at diskusjon er betre kommunikasjon enn debatt.

Som de skjønar skal eg gå innover i det klassiske skiljet mellom overtyding og overtaling, som Hans Skjervheim skreiv om i sin kritikk av tabloidjournalistikken i Dagbladet og VG på 1980-talet. Overtalaren kan skriva flammande talar for sosialt ansvar for Barack Obama, eller skifta jobb og skriva flammande talar mot sosialt ansvar for Sarah Palin. Skribenten trur eigentleg ikkje på nokon av løysingane, men er ein ordkunstar som kan brilljera med sine retoriske finessar. I motsetnad kan du tenkja deg overtydaren, som gråtkvalt skriv talar om den eine løysinga, og som berre vil ha forbetring av den. Han ville ikkje anbefalt den motsette løysinga om han så fekk ein milion.

Eg vil allereie no avsløra min posisjon. Eg held med overtydaren, som vil ha diskusjon, og som meiner at god argumentasjon skal ha endringspotensiale i verkelegheita. Det dreier seg ikkje om ein språkleg og estetisk overflate, men om realistisk rådgjeving som er meint å ha gjennomslagskraft i kvardagen til folk. Særleg leiarartiklar må vera tydelege, og endå meir når det er ei regions- eller lokalavis der folk bur tett på kvarandre.

Dagens spørsmål er i kor stor grad leiarartiklane i Bergens Tidende er overtydande. Eg meiner ikkje at det er snakk om ein eksakt vitskap. Men som den akademikaren eg er, har eg lest systematisk gjennom dei artiklane eg fekk tilsendt. Eg har identifisert dei elementære bestanddelane i ein argumentasjon: påstand, heimel, belegg, og brukt dette til å gjera ei tolking av kor overtydande dykkar tekstar er. Meir om dette seinare.

Dette dreier seg altså om argumentasjon, og sidan sjangeren er leiarartiklar dreier det seg om om argumentasjon knytt til politiske interesser, maktforhold, vinnarar og taparar. Det dreier seg ikkje om fakta, men om å setje fram påstandar som er meir eller mindre overtydande, men ikkje sanne eller falske. Det dreier seg om å  innta ein posisjon og begrunna den. Å vinna tilslutning til det ein vil skal bli gjort. Å vilja noko med det ein seier.

Digresjon: Debatt er opium for folket

Før eg går i gang med den jobben eg får betalt for, så vil eg ta ein digresjon. Du kan oppfatta den som ein bonus, Sjur.

Utan å anklaga Bergens Tidende spesifikt, så meiner eg me i Norge i 2010 lever i ei sofistisk politisk offentlegheit. Folk som deltek i offentlegheita føler seg veldig flinke og meiningsberettiga, dei er sikre på sitt, og slår kvarandre i hovudet med argument utan å søkja reelt samarbeid. Det er ein flinkiskultur i norsk offentlegheit no, og det svekkar diskusjonen. Hvis du trur du er smartare enn alle andre så høyrer du eigentleg ikkje etter på kva dei andre seier, og du tek det neppe til følgje.

I ein slik situasjon har debatten blitt opium for folket. Då er føremålet med å debattatera blitt å døyva endringsviljen, ikkje å auka den. Karl Marx sa som kjent at ”religion er opium for folket”. Makthavarar på 1800-talet tente på at vanlege menneske engasjerte seg i religion, for då vart dei åtspreidde og protesterte mindre mot den urettferdige ressursfordelinga dei var offer for.

I USA har film og fjernsyn fungert ideologisk dempande på arbeidarklassen i over hundre år, og nasjonalstoltheit er med å stabilisera både Russland og Kina. Det ideelt for dei rådande institutsjonane at folk fordjuper seg sterkt og oppriktig i noko som (tilfeldigvis) ikkje utfordrar status quo.

Verkeleg diskusjon riv ned slike ideologiske soveputer. Folk anerkjenner at i strevet etter konstruktive løysingar må begge partar ofra noko (ære, pengar, arbeidskraft) til fordel for eit samfunn som er betre enn no. På grunn av sitt endringspotensial er slik diskusjon uønskt av dei som likar samfunnet slik det er no.

Korleis kan eg påstå at undertrykkande krefter er verksame i det rike og demokratiske Norge i 2010? Eg vil diskutera tre eksempel på at offentleg debatt i stor grad fungerer som middel til eit anna mål, eller som lynavleiar for reell endringskraft.

Det verste eksempelet er den teknologiske determinismen i journalistikken om nye medier. Her er den rådande ideologien sterkt støttande til kommersielle initiativ, uansett kva det er. Alt som er nytt er bra, og dersom det er laga av Apple er det endå betre. Dette var spesielt tydeleg ved iPad-lanseringa i USA vinteren 2010. All omtale fungerer som PR for iPad, og Steve Jobs ler heile vegen til banken. Anbefalinga av iPad har svært lite endringspotensiale, og styrkar fyrst og fremst makta til kultureliten i Norge. Ein ny dippedutt til å utmerka seg med i alle møta og seminara du går på, heilt til du kjøper ein ny.

Eit anna eksempel som også er ganske ille er ”Hjernevask” med Harald Eia og Ole-Martin Ihle vinteren 2010. Harald Eia var overtydd om at at biologien må inn i samfunnsfaga, og hans tabloide og kompromisslause forsvar for denne teorien vakte interesse hjå folk. I løpet av ein hektisk vår fekk NRK ein stor kommersiell suksess, og boka ”Født sånn eller blitt sånn?” vart lansert.

Hjernevask-debatten har fått stor kredibilitet blant journalistar og kulturelite i Norge. Mange meiner at den er noko av det mest positive som har hendt i norsk offentlegheit på årevis. Her var det engasjement for og imot samfunnsfag og biologi på brei front i samfunnet, og Facebook kokte over av meiningar.

Etter mitt syn hadde Hjernevask begrensa endringspotensial. Debatten handlar mest om å læra seg nye kompliserte begrep i stadenfor dei gamle, og forstå samfunnet rundt seg på ein annan, men like abstrakt måte som før. Kanskje Hjernevask-debatten førte til at folk no opererer med ein betre teori om mennesket enn før, men det er også alt.

For sjølv om læring er viktig, har den ikkje nødvendigvis særleg endringskraft. Det er vanskeleg å operasjonalisera Eia sine komplekse og abstrakte tankar om mennesket, og lite har forandra seg i folk sine liv som følge av nye innsikter frå programserien.

Det siste eksempelet er minst ille. Når det foregår ein heit politisk debatt, til dømes i samband med eit stortingsvalg, så går politikarane frå studio til studio og uttalar sine offisielle standpunkt til dei same motdebattantane. Debatt består i å kasta ord i ansiktet på kvarandre utan at at nokon av talarane treng å endra på argumentasjonen sin. Me veit på førehand at det er slik. Ingen innbiller seg vel at ein FrP-politikar skal bli omvendt til SV-politikk i løpet av ein samtale på tre minutt. Denne urokkelegheita er så utbreidd programleiarane klisjémessig avsluttar med å seia ”Det eneste som er sikkert er at debatten fortsetter …”.

Men det er jo forståeleg at politikarar seier det same om igjen og om igjen. Argumentasjonen for auka kommunalt sjølvstyre endrar seg jo ikkje akkurat i løpet av fem minutt, og det kan ligga stort endringspotensial i politikarane sine repitisjonar av standpunkt og lovforslag, sjølv om dei kan vera veldig irriterande.

Meiningane i leiarartiklane

Så var det slutt på digresjonen, og tilbake til spørsmålet: Kor overtydande er dekans leiarartiklar? No er grunnen rydda for ein analyse av Bergens Tidende sine leiarar på side 3. Eg fekk to utvalgte tekstar frå kvar av dekan, utvalgt av Sjur går eg utifrå. Med desse ti tekstane som materiale ville eg finna ut kor sofistiske eller overtydande leiarane dykkar er, eller: kor mykje opium det er i dei.

De skriv veldig refleksivt om verda, og då meiner eg at de ikkje skriv fakta, men tolkar fakta og tolkar folks handlingar. Dette er ein slags meta-forståing.

Fyrst dei mest politiske meiningane. Sjur Holsen meiner at kommunane har overdreven lydigheit mot hovedstaden Oslo, og at dei må streva mot auka sjølvstyre ved å læra av lobbyismen i Brussel. På det lokalpolitiske planet meiner Frode Bjerkestrand at det nye BI-bygget på Møhlenpris blir stygt, og at Tilsynsutvalget for byens utforming ikkje har nokon reell funksjon når slike bygg blir godkjent. Hilde Sandvik meiner at Jan Egeland og NUPI ikkje driv kritisk forsking, men har alliert seg med Utanriksdepartementet og pengane og makta der.

På det meir kulturelle området refsar Asbjørn Kristoffersen Den store journalistprisen for gje fyrstepremie til Dagbladet Magasinet sin reportasje om ein einsam, død mann, fordi den vart skriven på bekostning av ein som ikkje kunne verga seg mot offentleggjering.

Det mest intellektuelle stoffet står Olav Kobbeltveit for. Han meiner for eksempel at Hans Olav Lahlum ikkje har ein god analyse av Einar Gerhardsens forslag til samarbeid med nazistane i 1940, og at boka ellers ikkje gjev gode svar på sine eigne spørsmål.

Det er minst eitt fellestrekk i desse tekstane. Ingen av dei er personlege i henvendelsesformen. Det er ingen betruelsar, anekdotar frå eigen kvardag, eller djupe samtalar med viktige folk. Rett nok skriv Olav Kobbeltveit at han sat på kveldsvakt i BT i 1985, og fekk ein telefon frå Arne Treholt sin nytilsette forsvarar Arne Haugestad som ville snakka om pengebeviset. Men ingen av leiarene er prega av personleg investering, dei er faktisk heilt anonyme i denne forstanden. Eg er usikker på kor godt denne distanserte stilen fungerer, men han er i hvert fall velskriven og seriøs, og konsekvent gjennomført.

Ved hjelp av apparatet påstand, heimel, belegg kan eg peika ut standpunkta dykkar meir presist, og prøva å visa graden av forpliktelse på handling som ligg i dei, og derigjennom seia noko om kor overtydande dei er.

Påstanden

Dette er ei formulering som avsendaren vil ha tilslutning til, og den er sjølve kjernen i overtydingsarbeidet. Ein påstand er ikkje sann eller falsk, den er meir eller mindre overtydande. Det vert ofte skilt mellom evaluerande og advokerande påstandar.

Den evaluerande haldninga inneber kritiske påstandar om personars handlingar, saksforhold, etc. Til dømes er Olav Kobbeltveit klart kritisk til Lahlums bok om Einar Gerhardsen, og skriv ”Det klarer han ikkje å sannsynleggjera”, ”Kva vil Hans Olav Lahlum seia med dette?”. Slike evalueringar inneheld vanlegvis pluss- og minusord, slik som Asbjørn Kristoffersens ”idyllisk gatetun” versus ”forfall og forslumming”. Føremålet er å signalisera ei positiv eller negativ haldning til eit gitt emne, for gjennom slik enkelheit vera maksimalt overtydande.

Påstandar kan ofte ta form av retoriske spørsmål, som når Frode Bjerkestrand spør ”Har hastverket gått utover utformingen (av BI-bygget)?” Eigentleg er dette ein påstand om at hasterverket har gått utover utforminga. Basta bom!

Påstandar vert også brukt advokerande, og då gjeld det altså å anbefala framtidige handlingar og beslutningar. Den mest konkrete advokeringa fann eg i Asbjørn Kristoffersens ”Hybelhusterror”, der han rår til ei prinsippfast handheving av vedtekter som hindrar omgjering av store leiligheiter til hybelhus for studentar. Dette forslaget ville etter alt å dømma ha forhindra vidare hyblifisering i Bergen sentrum, og er eit ytterst konkret forslag om endring.

Den siste påstandsformen eg vil nemna er gjendrivelse, eller foregriping av motargument. Sjølv om du har eit godt argument kan det henda det finst nokon svakheitar. Sjur Holsen sitt forsvar for oljeturnus i helsesektoren må ikkje tolkast som eit angrep på arbeidsminister Hanne Bjurstrøm, og difor er Holsen utsøkt hyggeleg og høfleg mot henne.

For å dempa motstandaren sine muligheitar til å utnyttar svakheitane dine, så kan du presentera dei sjølv, og visa korleis dei kan nøytraliserast eller overkommast. Dersom du tek brodden av motstandarens angrepsvåpen, så rammar det deg svakare. Her fann eg ikkje eksempel.

No er det på tide å definera meir teoretisk kva ’endringsvilje’ er. Ord er handling, seier moderne språkfilosofar. Utifrå språkfilosofen J.L. Austin må ei eindringsorientert ytring ha fire eigenskapar: 1) Ytringa spesifiserer ei framtidig handling og innhaldet i den. 2) Nokon må vere i stand til å innfri dei enkeltelementa som vert spesifisert. 3) Den talande må faktisk ha tenkt å utføre handlinga han legg fram premissa for. 4) Den talande og dei han henvender seg til må dele oppfatninga av at ytringa er forpliktande. Det siste punktet er alltid det vanskelegaste å få til, og det er difor det trengst så mykje argumentasjon.

I sum har tekstane dykkar mange beslekta påstandar, men få tydelege påstandsrekkefølgjer som bygger opp argumentet systematisk. Asbjørn Kristoffersen hadde imidlertid eit godt eksempel, med sin ”eg trur ikkje”-struktur i ”Ein verdig død”.

Heimelen

Ein heimel er ein lovmessigheit, ein norm eller ein regel som rettferdiggjer påstanden, enten den er evaluerande eller advokerande. Ein heimel kan ofte formulerast både positivt og negativt.

”Politikarane tener på det når vi ukritisk godtek bullshit”, skriv Hilde Sandvik, og det er det same som å seia at ”politikarane tapar på det når vi kritisk avviser bullshit”. Olav Kobbeltveit formulerer ein fin liten heimel; ”Utan pengebeviset ville Treholt stå att som ein liten spion”, og omvendt; ”med pengebeviset ville Treholt stå att som ein stor spion”. Ein heimel er eit slags vippepunkt mellom to måtar å forstå ei sak på, der både Treholthataren og Treholtelskaren appelerer til same heimel.

Sjur Holsen formulerer ein lovmessigheit som er vanskeleg å vera usamd i, same kva politisk syn ein har. ”Beslutninger som treffes nær brukerne tjener brukerne best”, og han talar utifrå denne heimelen for oljeturnus i det psykiatriske helsevernet. Finst det eit parti som lever etter regelen ”beslutninger som treffes nær brukerne tjener brukerne verst”? Poenget mitt er at heimelen er for velmeinande til at det kan finnast eit motsetningspunkt.

Ein heimel er ofte underforstått, slik som når Frode Bjerkestrand føreset at ’det er ikkje bra for byen at alle nye bygg blir 21 meter høge’. Vidare, i Frode Bjerkestrand sin ”Ufred i Valhall” handlar det om at forsvarsminister Grete Faremo har ein vanskeleg jobb med Afghanistanpolitikken, og at forsvaret lekker til VG, men eg klarer ikkje å finna ein heimel; verken eksplisitt eller implisitt. Kanskje temaet er for komplisert for meg?

Det er generelt vanskeleg å finna tydelege heimlar i tekstande dykkar. De opererer i liten grad utifrå frå lovmessigheiter og reglar som lesarane kan kjenna igjen, eller så er dei godt kamuflert.

Belegget

Belegg er fakta som avsendaren brukar til å underbygga ein påstand med, til dømes når Hilde Sandvik underbygger sitt poeng om at det nesten er kult å vera dum, med eit sitat frå Paradise Hotel: ”Hun er liksom ikke min type, hun ser så jordnær ut – jeg er liksom litt mer down to earth”. Jenta sa akkurat dette, og Sandvik har sjølvsagt lov å bruka det som angrepsmål.

Alle dykkar tekstar har lange parti med fakta, nøktern analyse og til tider avgjerande, skarpt belegg. Olav Kobbeltveit sine to historiske kommentarar er naturleg nok prega av mykje dokumentasjon av handlingane til Einar Gerhardsen og Arne Treholt, og ulike tolkingar av dei frå historikarar, journalistar og politikarar. Desse tekstane har for øvrig ikkje særleg framtredande endringsvilje, og innhaldet tek form av spennande historisk forteljing og kollegial kritikk.

I Sjur Holsens artikkel om psykisk helsevern finst det eit klassisk belegg. Her går det fram at pasienten Helga fekk langt færre pleiarar å forholda seg til, og etterpå oppførte ho seg langt rolegare enn før. Her er det ein direkte, kausal samanheng mellom inngrepet; eit nærare forhold til færre pleiarar, og resultatet; eit verdigare liv. Slike poeng skapar klarheit i argumentasjonen, og dannar ein tydeleg basis for vidare diskusjon. Skal me beholda og utvida denne ordninga? Har kommunen råd til det?

I mange tilfelle vert belegget brukt så grundig at det meir er å rekna som ryggdekning. Dette gjeld særleg når ditt argument er utfordrande og konfronterande, for då veit du at du vil få svar på tiltale. Det kan handla om ekstra grundig dokumentasjon av det sentrale belegget, til dømes med statistiske fakta i ein fotnote, eller ei møysommeleg konkretisering av heimelen, slik som i analysar av lovtekstar. I dekans tekstar er det relativt lite konfronterande argumentasjon, og difor mindre systematisk belegg og ryggdekning, og meir preg av åpen drøfting og essayistisk tenkjing.

Konklusjon: Vanskelege vilkår for overtyding i Norge

Innlegget mitt skulle handla om god kommunikasjon, sa eg innleiingsvis. Dykkar tekstar er utvilsomt god kommunikasjon, særleg når det gjeld faktasjekk, skrivestil, disposisjon av stoffet, etc. Men eg var spesielt opptatt av kor endringsorientert og overtydande dykkar tekstar er, og då er konklusjonen at dei ikkje har særleg endringsvilje. De er nok flinke og rasjonelle og klartenkte, men ikkje kompromisslause, risikovillige eller ’flammande’, slik som Magnus Marsdal eller Bjørnstjerne Bjørnson.

Her er det difor ikkje mykje som følest verkeleg viktig. Tekstane er heller ikkje prega av ein samlande tanke som uttrykkjer viljen til leiarredaksjonen i BT. Det følest ikkje som de brenn for eit felles prosjekt, som Bergens Tidende og politiske parti kunne forsøka å realisera. BT er ikkje ein bastion for klare verdiar, men eit forretningsministerium der ei rekkje forskjellige verdiar vert forvalta frå dag til dag, med strategiske siktemål.

Eg unnskylder dekan, for det er verkeleg vanskeleg å vera noko meir enn ein debattsentral i Norge i 2010. Eg skal til Irland på studiereise i morgon tidleg. I Irland har dei farleg debatt, der både politikarar og folk har ei klar kjensle av å verta utsett for sterke endringskrefter, hovudsakleg av negativ art og demokratisk fordelt. Argumentasjonen er i større grad ein kamp mot endring, og dét gjev meining når du nettopp har mista jobben. Situasjonen i Irland gjer det lettare å fella ein dom over den norske offentlegheita i 2010.

I Norge er me så velståande og trygge at folk ikkje føler seg trua frå noko hold, kanskje med unntak av sitt eige kosthold. Folk kan vera så egosentriske dei vil, og har genuint ikkje bruk for å alliera seg med andre i eit langsiktig samarbeid for å sikra verdiar. Den ufarlege debatten i Norge er uttrykk for at me ynskjer å leva akkurat slik me gjer.