Til toppen

Journalistikken koloniserer universitetet


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Både universitetsleiinga og journalistikken krev forskingsformidling. Dette tvingar forskarar til å læra seg ei kommunikasjonsform som ikkje er viktig for å utføra forsking, og som dermed forstyrrar vår hovudaktivitet. Journalistikkens verdisyn koloniserer i særleg grad samfunnsvitskapane og humaniora.

I denne artikkelen definerer eg profesjonane «journalistikk» og «forsking» som to skarpt forskjellige kommunikasjonsformer. Så fortel eg ei historie frå sommaren 2010 om misforstått kommunikasjon mellom journalistar og forskarar, med meg sjølv i rolla som forskar. I eit intervju i Dagens Næringsliv forsøkte eg nemleg å framheva forskingas eigne offentlegheiter, der eg meiner journalistikkens verdisyn ikkje har nokon sentral plass. Eg vart «fortjenstfullt skutt ned» i påfølgande medieoppslag, og historia viser at journalistikkens oppfatning av kva som er god kommunikasjon dominerer fullstendig i offentlegheita. Eg vil difor appellera til forskarane om å stola på dei kommunikasjonsverdiane som genuint ligg til vår profesjon. Med ein metafor frå Marshall McLuhan må forskarane flytta frå elfenbenstårnet til kontrolltårnet, og sikra verdiane før journalistane overtek alt.

Journalistikk versus forsking

Forsking og journalistikkhar forskjellige teknikkar og fortolkingsrammer, og bør oppfattast som forskjellige kommunikasjonsformer. Hanstad (2010: 124) seier at «journalistene må forenkle og ta tak i hovedtrekkene der forskeren i større grad er ute etter detaljkunnskap». Lindholm (2010) seier at journalistar beskriv verda gjennom eksempelhistoriar, medan forskarar beskriv den gjennom årsaksforklaringar. Det siste poenget vert klart når ein samanliknar journalistikk med årsaksforklaringane til fysikarane i CERNS Large Hadron Collider.

Dei to profesjonane har svært ulike samfunnsformål. Journalistikken formidlar den eksisterande verkelegheita gjennom kritisk utvelging av informasjon om den, medan forskinga oppdagar og lagar ny kunnskap om verkelegheita. Sjølv om forskarens nye innsikter naturlegvis vert kommunisert offentleg, så er ikkje denne kommunikasjonen sakens kjerne. Forskarane lagar kunnskapen, så får resten av samfunnet bruka den så godt dei kan.

Journalistikk derimot, har kommunikasjon som eit mål i seg sjølv, noko som i særleg grad viser seg i vekta på uavhengig redaktøransvar og det lidenskapelege forsvaret for trykkefridomen. Norsk journalistikk forpliktar seg på demokratisering og multikulturell dialog. Etter 22. juli har dette verdfulle normverket vorte kraftig styrka.

Når det gjeld skrivestil, dreier journalistikk seg om å dyrka konflikt og motsetnader, om å personifisera sakens innhald, å tilspissa, forenkla og laga sensasjon fordi dette lettare fangar oppmerksomheit. «Saka er dramatisk, ergo er den viktig». Journalistar brukar eit språk som er spesiallaga for å vera tilgjengeleg, med korte, tydelege setningar, enkelt poeng etc. Nyheiter er per definisjon kortsiktige. Det dreier seg om rask oppdatering i korte treffsikre artiklar, med klar overføringsverdi til Twitter og andre lynraske digitale medier.

Forskingas kommunikasjon er mykje meir saktegåande, og kjem hovudsakleg heilt til slutt i ein lang og kompleks prosess med fram- og tilbakesteg. Forskingas skrivestil ber preg av at hovudmålsetjinga er å få verkelegheita til å utkrystallisera seg i forståeleg form, same om ho er stygg eller fin, nyttig eller unyttig. Forsking er basert på påstandar med eit belegg bygd på kvalitetssikra informasjon akkumulert over lang tid. Forskarar skriv lange tekstar med høg kompleksitet, hyppige referansar til andre tekstar og ein innforstått bruk av begrep. Til slutt løftar dei augene og prøver å forklara kva dei har gjort. Forskingas kommunikasjon er såleis langt meir instrumentell enn journalistikkens, og inngår som eitt av mange verkemiddel til å få auka inn- sikt om eit emne. Den er ikkje i noko tilfelle rask, fordi det er ein del av jobben å tenkja seg nøye om før du seier noko. Tydelegheit er heller ikkje eit framtredande trekk. Forskarar er åpne for mange svar, og er forsiktige med å konkludera.

Forsking er den mest radikale kunnskapstypen, og den som krev lengst tid for å meistrast og lengst tid for å påverka samfunnet. Sjølv om påverkinga går sakte, kan den verta desto sterkare når den har virka ei stund. Den progressive «learning by doing»-pedagogikken frå John Dewey er eit godt eksempel. I løpet av mange tiår vart strenge og tradisjonsbundne læringsformer erstatta av opne og diskuterande former, og dette har hatt stor innflytelse på kvardagskommunikasjonen særleg i USA og europeiske land.

Veksten i formidling frå universitetet kan nettopp tolkast som ein bekreftelse av kor spesialisert forskingas kommunikasjon er. Det er vanskeleg for forskaren å formidla resultat og innsikter på ein journalistisk måte, og difor må det opprettast kommunikasjonsavdelingar med formidlingsekspertar. Internt på universitetet vert formidlarane ofte kritisert for å ha betre greie på journalistikk enn på den forskinga dei skal formidla, men dette er heilt naturleg ut ifrå mitt perspektiv.

Forskar «fortjenstfullt skutt ned»

Rett før sommarferien i 2010 leste ein journalist i Dagens Næringsliv utruleg nok leiaren i Norsk medietidsskrift nr. 2, der eg presenterte fem forskaroffentlegheiter under tittelen «Offentlege kretsløp utanfor journalistikken».

Journalist Øystein K. Langberg ringte meg opp tysdag 22. juni, og skreiv ein artikkel som gjentok poenga frå leiaren i til dels tabloid form. Artikkelen i Dagens Næringsliv var eit hederleg stykke arbeid, med tittelen «Advarer mot journalister». Journalist Langberg gjengav mine poeng på ein presis måte, og han brukte god plass. Eg sa at det er risikabelt å formidla kompleks, forutsetningsrik forsking i den journalistiske offentlegheita. Ikkje minst er det vanskeleg å redda seg inn igjen etter eit feilskjær, når alt foregår i muntleg tale med eit kamera og ein ondt flirande Harald Eia opp i ansiktet. «Det blir feil at vi alltid skal løpe etter og være med på journalistenes lek, sier Nyre».

Det mest tabloide eg sa var at det kanskje aldri vil kunna oppstå ein god dialog mellom forskarar og journalistar. Det er lite å henta på å vera med i denne typen forskingsformidling, utan at eg dermed meiner at forskarar skal bli sitjande åleine i elfenbenstårnet. Det finst minst fem andre måtar å formidla forsking på som ikkje gjer oss avhengige av det journalistiske kretsløpet i offentlegheita. Dette var altfor kjedeleg for Dagens Næringsliv, så her slutta deira artikkel.

Oppslaget i Dagens Næringsliv hadde tittelen «Advarer mot journalister», og i denne uttalelsen låg det ein gryande sensasjon. Det er ingenting journalistar reagerer meir aggressivt på enn kritikk av journalistar, og desksjefen i Dagens Næringsliv sa tydelegvis «køyr på». Neste dag sto eg uskuldig og venta på eit tog på jernbanestasjonen i Bergen då eg fekk auge på framsida på Dagens Næringsliv. Den fekk meg nesten til å falla ned i skinnegangen. «Ber forskerne ta til vettet», snerra forskingsminister Tora Åsland. «Å advare mot journalister og mediene er ikke en klok strategi».

Neste dag brukte Dagens Næringsliv det klassiske grepet å gjera gårsdagens helt til dagens skurk, og dei hadde fått både ministeren og fleire universitetsrektorar med på retorikken. Artikkelen inni avisa heitte «Forskerffykt etter NRK-serie», og her vart forskarar generelt framstilt som nærmast ynkelege og redde for mediene. Dette var offentleg refs frå det nasjonale leiarnivået, for alle skjønar vel at det er tenestenekt å ikkje formidla.

Rektor Ole Petter Ottersen ved Universitetet i Oslo seier: «I loven står det svart på hvitt at formidling er en viktig del av vårt samfunnsoppdrag. Vi skal delta i samfunnsdebatten, og da er vi helt avhengige av å ha et godt forhold til mediene». Rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen følgte også pliktens kall, og sa: «Å lære seg medienes logikk er en utfordring, men den utfordringen bør forskerne ta».

Resten av dagen måtte eg forsvara mine på dette tidspunkt uhyrlege påstandar mot kritikk frå alle kantar. Fyrst ringte NRK Kulturnytt og fekk meg i debatt mot sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen. Deretter var eg i kamp med ein Frp-talsmann i Radio Norge, og han meinte at eg sløsar bort skattebetalarenes pengar fordi eg ikkje vil fortelja kva eg finn ut gjennom forskinga mi. Om kvelden var eg i ny debatt med Frp-mannen på Dagsnytt 18, og no sa han at mine haldningar var uttrykk for ein maktarroganse best kjent frå regime i andre delar av verda som me ikkje likar å samanlikna oss med. Då Kveldsnytt byrja, var Frp-mannen forsyne meg der igjen. Han gjentok tydelegvis poenga sine til kamera i korridoren utanfor Dagsnytt 18 mens eg sykla uvitande heim frå NRK sine lokale i Bergen. Eg blei, som Bergens Tidende (2010) så vakkert formulerte det, «fortjenstfullt skutt ned» frå alle kantar. Då Verdens Gang ringte, skjønte eg at polariseringa var i ferd med å ta overhand, og gav eg meg sjølv intervjuforbud. (Eg hadde for øvrig ei ond glede av å svara nei til å verta intervjua i VG).

Min posisjon vart hardt fordømt i dei journalistiske mediene dei neste dagane. Den villfarne kommunikasjonsforskaren vart refsa på leiarplass i Dagens Næringsliv og Bergens Tidende. Kommentator Ingunn Økland (2010) i Aftenposten skriv at eg nører opp under «den myteomspunne mistilliten mellom disse to yrkesgruppene», og eg burde forstå at «forskere like lite som politikere og forretningsfolk selv skal kunne velge om de vil være i mediene». Sven Egil Omdal (2010) i Stavanger Aftenblad skriv at eg framstiller meg som ein taus helt som «trekker skuldrene opp over ørene og prøver å trenge seg gjennom et ustyrlig kobbel av reportere som brøler meningsløse spørsmål i munnen på hverandre».

Medieforskar Jostein Gripsrud (2010) var den einaste som hadde ein viss sans for mitt argument. Han tolka heile saka som uttrykk for at «forskning og forskningens forhold til resten av samfunnet rykker stadig høyere på offentlighetens dagsorden». Dette oppfattar Gripsrud som eit utvetydig gode, medan eg er meir skeptisk til journalistikkens rolle for dagsordensetjinga på universitetet.

Hold kjeft og formidl!

Moralen er at forskaren skal formidla utan protest. Universitets- og forskingsleiinga har nytte av formidlinga fordi den hjelper til å tiltrekka studentar og eksterne aktivitetar, og kanskje aukar overføringa på neste års statsbudsjett dersom den (positive) offentlege merksemda aukar. Korkje forskingsminister Tora Aasland, rektorane ved UiO og UiB eller NFR-direktør Arvid Hallen vil koma på kant med mediene. Dei snakkar ikkje eit sekund ut ifrå forskingas kommunikasjonsformer, men føreset at journalistikken er den fremste, ja, einaste vegen til offentlegheita. Denne haldninga er i ein viss forstand undertrykkande, fordi dei snakkar med ein så selvfølgeleg kjensle av å ha rett. Hvis du meiner noko anna, så må du ta til vettet.

Eg tolkar den hissige mediemerksemda som ei ad hoc haldningskampanje for å forhindra at fleire skulle få den gale ideen å stilla seg utanfor journalistikkens verdisyn for offentleg kommunikasjon. Sjølv om det er mogeleg å snakka på andre måtar, så er det illegitimt og svikefullt å gjera det. «Forskere som trekker seg tilbake, vil bidra til å svekke legitimiteten til hele forskersamfunnet, som er offentlig finansiert og underlagt formidlingsplikt», skriv Bergens Tidende (2010). Eg trur ikkje forskarane er så redde for å vera i mediene som dei er for kva leiinga vil seia hvis dei ikkje er i mediene.

Den mest utførlege kritikken kom frå Hallen i blogginnlegget «Forskningen trenger journalistene» (2010). Her set han fram ei målsetjing som fyrst kom på dagsordenen på 1980-talet. «Hvordan kan vi få flere forskere til å formidle mer, hvordan kan vi øke kompetansen til god formidling og evnen til å beherske ulike kommunikasjonsformer og medier?». Her har Forskingsrådet eit nasjonalt ansvar, seier Hallen, og han «vil prioritere å bygge kompetanse i forskningskommunikasjon både hos forskere og journalister, som et supplement til det institusjonene selv gjør».

Setningane til Hallen kan lesast som støtte til for eksempel tiltaket Forskar Grand Prix, eit nytt element i dei årlege Forskingsdagane frå 2010. Dette er eit skrekkeksempel på forskingskommunikasjon, der forskarane er fråtatt all makt i strevet etter det Hallen kallar «god formidling og evnen til å beherske ulike kommunikasjonsformer». Forskarane har fått «profesjonell hjelp både med innholdet i presentasjonen, sceneopptredenen og stemmebruk. De har også fått medietrening og inspirerende veiledning fra gode forskningsformidlere» (Forskningsdagene 2011). Forskaren brukar vekevis med tid på å førebu ei fire minutts framsyning av forskinga si, og dommarane dømmer over framføringa meir enn forskinga. Forskar Grand Prix viser kor stor avstand det er mellom den journalistiske og forskingsmessige kommunikasjonen.

Noko kan vera velfungerande i offentlegheita, men er likevel heilt meiningslaust i forskingsmiljøet. Forskar Grand Prix er berre mogeleg fordi normverket sakte, men sikkert har vorte justert slik at det gir anerkjennelse for forskarar å delta på slike journalistiske arenaer.

Forskarane søker tradisjonelt anerkjenning i universitetets spesialistoffentlegheiter, medan journalistar søkjer den i redaksjonar, presseorganisasjonar og den allmenne offentlegheita (Nag 1996: 14-15). Men det blir stadig meir legitimt også for forskaren å søka anerkjenning frå institusjonane i den breie offentlegheita. Jørn Hurum, Knut Jørgen Røed Ødegård og Frank Aarebrot er eksempel på forskarar som haustar anerkjenning ved å formidla forskinga si på journalistikkens vilkår. Historikaren Christian Meyer (2010) seier det er «en forutsetning [er] at forskerne har forståelse og innsikt i journalistikkens verden, og respekterer dette håndverket». Men hvis dét betyr at me samtidig må underlegga oss journalistikkens verdisyn, er eg ueinig, for då kjem ikkje forskingas måte å tenkja på fram i offentlegheita. Etter mitt syn bør forskarar forholda seg til journalistikk og mediebransje som eitt av mange felt det går an å forska på, og ikkje som ein privilegert praksis som alle skal streba etter å bli flinke til. Det ville blitt reaksjonar hvis forskarar måtte læra seg praksisen til politiet eller legeyrket, sjølv om dei fremj er viktige verdiar som tryggheit og god helse. Men journalistikken skal me sverga truskap til! Universitetet er ein uavhengig samfunnsinstitusjon som ikkje bør setja andre institusjonars kommunikasjonsformer over vår eigen. Tvert imot bør me vurdera alle dei andre språkformene på ein kritisk måte, og berre bidra i den grad det er samfunnsmessig nødvendig.

Forskarane treng ikkje venta på tur til å verta dagens tilfeldige ekspert i mediene. Det finst i alle fall fem offentlege krinsløp der forskarane sin eigen dagsorden og formidlingsmåte pregar resonnementa. Denne positive utpeikinga var hovudpoenget i min leiar i Norsk medietidsskrift, men Dagens Næringsliv skreiv ingenting om den.

Den viktigaste offentlegheita er dei vitskaplege tidsskrifta og akademiske forlaga. Her sørgjer blindt utførte fagfellevurderingar for kvalitetssikring og kritikk, der til dømes slomsete metode eller urimelege normative vinklingar i all hovedsak blir luka bort. Denne offentlegheita har såleis ein fundamental kritisk og kvalitetssikrande funksjon.

Undervisninga er ei offentlegheit der forskarar systematisk formidlar viktige innsikter frå tidlegare og noverande forsking til titusenvis av unge menneske, som i neste ledd bringer våre lærdommar ut i arbeidslivet og samfunnet ellers. I undervisninga vert forskinga presentert på ein måte som føreset at studenten har ein mangel på kunnskap, men at ho også har stor erkjenningsinteresse og evne til kritisk tileigning av innhaldet.

Kronikkar i avisene er ei interessant offentlegheit inni det journalistiske kretsløpet. Sjølv om redaksjonen naturlegvis fungerer som ein portvakt for innhaldet i debatt- og kronikkinnlegga, er det ein utbreidd praksis at teksten enten vert antatt eller avvist, og at den i liten grad vert endra redaksjonelt.

Forskarar bidreg til Nou-rapportar, offentlege råd og utval og høyringsuttalelsar til diverse politiske initiativ og reformar. Gjennom kritisk deltaking i staten si forvaltning av samfunns- og naturressursar får forskinga implikasjonar for vanlege folk i notid og framtid.

Heimesider, bloggar og profilar på sosiale medier er relativt nye offentlege arenaer i sterk vekst. Her er forskaren sin eigen redaktør på godt og vondt, og kan få ut forskingsresultat uavhengig av både det journalistiske kretsløpet og den til tider konserverande fagfellekulturen i tidsskrift og forlag.

Frå elfenbenstårnet til kontrolltårnet

Eg oppfattar at me er inne i ein relativt ny profesjonskamp som er utløyst av at journalistikken har vorte ei så mektig kraft i samfunnet at den systematisk koloniserer andre sfærar, kanskje særleg samfunnsvitskapane og humaniora. Kampen står om måten verkelegheita vert definert på. Misforholdet mellom forskarens kunnskap om verkelegheita og det som vert formidla om den må verta minst mogeleg, og her kan ikkje journalistane hjelpa oss nemneverdig.

Dei fem saktegåande og presise offentlege arenaene eg nemnte ovanfor hjelper forskarane til det som er vår jobb: å vera kreative og nysgjerrige i forhold til verkelegheita, og utvida samfunnets forståing av kva som er verkeleg, og korleis det er verkeleg. Men dersom eg har rett i at journalistikken koloniserer universitetet, så vil denne målsetjinga sakte, men sikkert verta utvtna fordi forskarane (frivillig) involverer seg i allslags formidlingsprosjekt.

Dei forskarane som deler min analyse har ikkje noko anna val enn å vera prinsippfaste i sitt fokus på forskingas innhald, og bruka mest mogeleg av si begrensa tid og merksemd på nettopp dette. Slik sett må forskaren forlata sitt elfenbenstårn av attraktiv ekspertise, slutta å vera kortsiktig viktig og gjera alt arbeidet sjølv, i ei offentleg rolle som ikkje er determinert av journalistikken.

Litteratur

Bergens Tidende (2010, 26. juni). «Forskning for alle». Leiarartikkel.
Bjerke,  R  (2010,   1. juli).  «Hjernevask XIV». Kommentar i Klassekampen.
Brurås, S. (2010, 24. juni). «Forskernes frykt for journalister». Blogginnlegg på http: / / svein-b.blogspot.com/2010/06/forskernes-frykt-for-journalister.html
Dagens Næringsliv (2010, 24 . juni). «Om å formidle» 1 -1 -. Leiarartikkel.
Forskningsdagene (2011). «Forsker Grand Prix med nasjonal finale». Forskningsdagene.no.
Gripsrud, J. (2010, 26. juni). «Forskere og journalister. Dagens Næringsliv.
Hallen, Arvid (2010, 24. juni). «Forskningen trenger journalistene». Blogginnlegg på http://blogg.forskningsradet.no/arvidhallen/2010/06/24/forskningen-trenger-journalistene/
Hanstad, D. (2010). «Forskjeller mellom journalistikk og forsking» Norsk medietidsskrift, (2): 120-130.
Langberg, 0. K. (2010, 23. juni). «Advarer mot journalister». Dagens Næringsliv.
Langberg, 0. K. (2010, 24 juni). «Forskerfrykt etter NRK-serie». Dagens Næringsliv.
Lindholm, M. (2010, 14. juli). «Bygg ned mistilliten». Aftenposten.
Meyer, J. C. (2010, 16. juli). «Den tabloide verden». Bergens Tidende.
Nag, W (1996). Medieforskningens hvem vet hest. En studie av møtet mellom Akademia og Pressen. Rapport nr. 28 fra Institutt for medievitenskap, Universitetet i Bergen.
Nyre, L. (2004). «Apologetisk medieforsking». Debattinnlegg. Norsk medietidsskrift, (4): 358-361.
Nyre, L. (2009). «Normative media research. Moving from the ivory tower to the control room». Nordicom Review, 30 (2): 3-17.
Nyre, L. (2010). «Offentlege kretsløp utanfor journalistikken». Norsk medietidsskrift, (2): 119-120.
Omdal, S. E. (2010, 26. juni). «Pianist på horehuset». Stavanger Aftenblad.
Økland, I. (2010, 29. juni). «Forskere som folk flest». Aftenposten.
Ørjasæter, E. (2010, 3. juli). «Tause forskere?». E24.