Lista viser alle tekstar sortert under sjangeren "Debattinnlegg" på larsnyre.no.

Internett er betre enn DAB

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


DAB vert ikkje brukt særleg av dei unge, og vil få ei sakte fallande lyttarkurve etter som dei eldste lyttarane døyr og få yngre kjem til. Ole Jørgen Torvmark i Digitalradio Norge skriv i BT 23. september at Internett kan ikke erstatte DAB . «Internett er ikke et egnet alternativ til kringkasting, dersom man ønsker […]

Mediet ingen vil ha

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


DAB er ikkje bra for det norske samfunnet berre fordi det vert brukt milliardar på infrastruktur og PR-kampanjar. Det finst spennande digitale moglegheiter for lydleg kommunikasjon på nettet, men dei vert utforska av heilt andre krefter enn NRK, P4 og RadioNorge. Det gjeld alle former for musikk og snakking på mobilen, ein veksande brukarkultur knytt […]

Journalistikken koloniserer universitetet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Både universitetsleiinga og journalistikken krev forskingsformidling. Dette tvingar forskarar til å læra seg ei kommunikasjonsform som ikkje er viktig for å utføra forsking, og som dermed forstyrrar vår hovudaktivitet. Journalistikkens verdisyn koloniserer i særleg grad samfunnsvitskapane og humaniora. I denne artikkelen definerer eg profesjonane «journalistikk» og «forsking» som to skarpt forskjellige kommunikasjonsformer. Så fortel eg […]

Læraren veit best

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eg presenterer eit manifest for den myndige læraren. Målet er å bruka regelverket i kvalitetsreforma og kvalitetsrammeverket til å styrka lærarens rolle, ikkje svekka den ytterleggare. Eg ser dette i forhold til Kunnskapsdepartementets nye krav om læringsutbyteformuleringar. Den såkalla prosessorienterte pedagogikken har etter mitt syn gjeve studenten for stor definisjonsmakt i undervisningssamanhengar. Dialogisk kommunikasjon vert […]

”Arkeologene” er dårleg folkeopplysning

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Programserien ”Arkeologene” går på NRK1 på søndagskveldane. Den er produsert av NRK Østafjells, og programleiarar er kjendis Arne Hjeltnes og arkeolog Frode Iversen. Programmet er meint å vera klassisk folkeopplysning, men er meir folkeleg enn det er opplysande. Prosjektleiar Øystein Økter vart intervjua av NRK.no 2. mai 2012, og sa: «Arkeologi kan være en utfordring […]

P4 er ikkje uerstatteleg

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


HVEM TAR FEIL? Valgerd … eller 2 millioner nordmenn, står det i annonsa som P4-konsernet trykker i dagsavisene no i jula. Det retoriske poenget er at stasjonen har sterk støtte i folkedjupet. Men det er ein tilsnikelse av P4 å hevda at den er ei «folkekjær mediebedrift» berre fordi den har høg lyttaroppslutnad. Det som […]

Blodtåkefyrstane

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Journalistar let seg blende for mykje når blodtåka sig innover redaksjonen. Blodtåka er den tilstanden som oppstår når alle dei store redaksjonane dekkjer den same dramatiske hendinga til same tid, og dekninga blir så omfattande at det er farleg. Redaktørane i aviser, kringkasting og nett er med på å oppretthalda denne overfokuseringa gjennom sine prioriteringar, […]

Fallitt for fildelingskulturen

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Fansen oppfører seg ikkje på ein måte som er bærekraftig for den kulturen dei elskar. Dei viser ikkje lojalitet til favorittartistane sine når dei lastar ned musikk gratis. Musikk har sin opplevingsmessige eigenart. Hvis du finn Frank Zappa sin låt «What’s the ugliest part of your body?» (1968) på Limewire, lastar den ned og byrjar […]

Journalistens nye lojalitet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Journalistenes lojalitet til eierne fører til et nytt presseetisk regime, mener NA24 Propagandas kommentator. Journalistane utviklar ein sterk lojalitet til det konsernet som eig avisa. Denne lojaliteten endrar sakte, men sikkert grunnforholda i norsk journalistikk. Me kan sjå konturane av eit nytt presseetisk regime. Kommersiell drift er no den naturlege tilstanden for avisene, og dette […]

Klassekampen har nett-trøbbel

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Denne helga feirer Klassekampen at det er 30 år sidan dei byrja som dagsavis. Klassekampen har hatt stor vekst etter at Bjørgulv Braanen kom i redaktørstolen, og leverer eit solid journalistisk «produkt». Optimismen for framtida er sterk. Men for ei politisk avis som Klassekampen bringer suksess med seg eit dilemma. Jo meir vellukka avisa er […]