Til toppen

Journalistens nye lojalitet


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Journalistenes lojalitet til eierne fører til et nytt presseetisk regime, mener NA24 Propagandas kommentator.

Journalistane utviklar ein sterk lojalitet til det konsernet som eig avisa. Denne lojaliteten endrar sakte, men sikkert grunnforholda i norsk journalistikk. Me kan sjå konturane av eit nytt presseetisk regime.

Kommersiell drift er no den naturlege tilstanden for avisene, og dette har utvikla seg sidan 1970-talet. Før aviskonserna begynte å dominera i norsk journalistikk, hadde partipressa sin store periode. Då var politisk haldning den viktigaste rettesnora for det som vart trykt, no er det i stadig større grad fortenestemargin som er rettesnora.

I Arbeiderpartiet styrte Martin Tranmæl det journalistiske arbeidet med hard disiplin. Det finst parallellar til denne målretta ideologiske leiinga i dei store aviskonserna i vår tid. Rupert Murdock eller Kjell Aamot får sin vilje både på forretningsnivået og i redaksjonell samanheng. Det tek berre litt lenger tid og skjer meir indirekte enn i partipresseperioden.

Storleiken åleine gjer aviskonserna til ideologiprodusentar langt utover det som tidlegare var vanleg. Lat meg ta Schibsted (snart Media Norge) som eksempel. Media Norge skal eiga Aftenposten, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad.

Media Norge-fusjonen har ikkje som føremål å utvikla norsk journalistikk til å bli betre for samfunnet, formålet med fusjonen er fullstendig økonomisk. Det gjeld å gjera verksemdene meir robuste, henta større inntekter, samla ressursar til digital utvikling og få journalistikken ut i nye kanalar.

Den regionale tilknyttinga og særpreget til kvart enkelt mediehus skal opprettholdast. Tilfeldigvis er dette bra også for samkøyring av annonsesalg, og vil gje andre synergieffektar mellom marknadsdrift og journalistikk. Det kan dreia seg om å lata vera å skriva negativt om lokale annonsørar så dei ikkje blir sure, eller å skriva positivt om dei ein har sponsoravtale med. Aktivt samarbeid med lokalt eller nasjonalt næringsliv profilerer avisa for utvalgte lesargrupper, med tanke både på å auka annonseringa og opplaget.

I markedspressa sitt regime finst det eksempel på betalingsjournalistikk, der Se og Hør er ei foregangsbedrift. Aviser har dessutan lesarkonkurransar med premiar som er gitt av sponsorar, eller får dekka reisekostnadane til ein eksotisk stad som dei skriv reportasjar frå. Svein Brurås har påpeikt mange slike tilfelle. Ei slik samanblanding av motiv er heilt naturleg i andre bransjar, og blir det meir og meir i avisjournalistikken også.

Stavanger Aftenblad støttar patriotisk opp om fotballlaget Viking, både gjennom journalistikk og annonsering og andre former for synleggjering. Det er viktig for avisa å vera synlege i heimemarknaden, og det får dei godt til på denne måten.

– Det finnes dem som er negative til sponsing, og ser dette som et problem i forhold til en uavhengig redaksjonell dekning av laget. Jeg mener at dette ikke er et problematisk, det er et stort skille mellom vår redaksjon og markedsavdelingen, fastslår Bjerga (heimesida til markedsavdelingen i Stavanger Aftenblad).

Stavanger Aftenblad profilerer også kulturhovudstaden Stavanger2008 med heilsides annonser for dei medverkande sponsorane. Sven Egil Omdal søv ikkje dårleg på grunn av avtalane avisa har inngått.

– Vi kan vise til 115 års journalistisk erfaring på området. Vi opplever ikke at det skaper noen journalistiske problemer for oss (NRK Rogaland, 27. mars).

Aviseigaren sine forventingar til arbeidstakaren liknar mykje på forventningane ei IT-bedrift eller ein fabrikk har til sine arbeidstakarar. Journalisten må akseptera dei tronge økonomiske rammene, må jobba på prosjektbasis med interne budsjett, må utføra arbeidet utifrå ein intern kodeks eller bedriftskultur der all verdidommar er basert på fortenestemarginen, enten på kort eller lang sikt.

På same måte som dei store ideologiske bevegelsane på 1900-talet har dei store aviskonserna ein forventning om lojalitet, og ei organisert måte å utbreia og minna arbeidstakarane på dette lojalitetskravet. Dette får journalistane til å sensurera seg sjølve, og unnskylda eller hald munn om ting dei ikkje er einige i. I den forstand er marknadspressa eit undertrykkande regime.