Til toppen

P4 er ikkje uerstatteleg


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


HVEM TAR FEIL? Valgerd … eller 2 millioner nordmenn, står det i annonsa som P4-konsernet trykker i dagsavisene no i jula. Det retoriske poenget er at stasjonen har sterk støtte i folkedjupet. Men det er ein tilsnikelse av P4 å hevda at den er ei «folkekjær mediebedrift» berre fordi den har høg lyttaroppslutnad. Det som er folkekjært, er ei viss hyggeleg stemning som P4 er ein tilfeldig leverandør av. At to millionar nordmenn jevnleg høyrer Silje Stang og Eagles på P4 betyr ikkje at me er store fans av radiokanalen, det betyr fyrst og fremst at me likar denne typen stemning i daglegliva våre. Og at mange ikkje har skifta kanal på eit halvt år, betyr heller ikkje at P4 er så kjær for dei, det betyr fyrst og fremst at dei er vanemenneske og har blitt vant med P4-stemninga.

DET GJELD ALTSÅ om å få det rette perspektivet på denne typen kommunikasjon og ikkje akseptera P4-annonsa si antydning om at dei har eit unikt redaksjonelt produkt som berre dei kan levera, og som attpåtil er avgjerande i to millionar nordmenn sitt liv. Kjernen i P4 sitt format er pludrete kosestemningar, enten det er morgonstemning i P4s «Radiofrokost» med Bjørn og Tor, eller ettermiddagsstemning i «Rett & Slett» med Silje og Kårstein. Same om ein vil forsvara eller kritisera P4, er det ingen som kan bestrida at deira fremste bidrag til norsk offentlegheit, er pludrete prat. Eg meiner praten må tilkjennast stor verdi, men at P4 ikkje kan tilkjennast noka spesiell ære for det. Konkurrentar som NRK P1 og Radio 1 sender mykje den same blandinga av prat og popmusikk. Den gjev oss ei kjensle av godt humør på kjøkkenet om morgonen og gjev oss eit menneskeleg nærvere i bilen på veg til jobb.

I RADIOBRANSJEN vert P4 sitt opplegg kalla eit middle of the road-format, og det trengst berre eit minimum av redaksjonell innsats og kreativitet for å produsera det. At Valgerd flyttar konsesjonen for å laga riksdekkande kommersiell hygge frå eit redaksjonslokale til eit anna, er difor mest ein katastrofe for dei som misser jobben og aksjegevinsten sin. Dette er alvorleg, men ikkje meir alvorleg enn dei tragediane P4 og andre medier formidlar frå den store verda kvar dag. Det katastrofale for folk flest ville vore om ingen i den norske eteren lenger lagde hyggelege stemningar til å leva liva våre etter. Dersom radioen vendte tilbake til idealet frå 1930-talet om opinionsneglisjering og folkeopplysning, ville me sett ein folkebevegelse av langt kraftigare format enn det P4 sine desperate annonser legg opp til. Min påstand er at nordmenn flest ikkje vil få noka kjensle av tap den dagen P4 sluttar å senda riksdekkande. Ikkje var P4 sitt innhald tenksomt eller provokativt nok til å få folk til å opparbeida sterke positive eller negative kjensler, og ikkje var musikkutvalget originalt nok til at det berre kunne identifiserast med P4. Behovet for sosial massasje og musikalsk stimulans kan tilfredsstillast av andre mediebedrifter, og to veker etter at Kanal 4 har byrja med sin
bakgrunnsmusikk, er P4 gløymt for alltid.

DET ER DIFOR OVERSPENT og lite truverdig av P4 å appellera til folkets røyst i annonsa si. Eg meiner folk bør tenkja seg om to gonger før dei sender støtteerklæringar til P4. Den begeistringa P4 synest å spora hjå lyttarane, er etter alt å døma eit tynt ferniss av velvilje over eit djupare sosialt behov som har lite med Silje Stang å gjera. I den grad det no vil strøyma inn sympatierklæringar til P4 og æreskjellingar av statsråden, trur eg det skuldast at den private radiohyggen vert blanda saman med merkenamnet P4. Det er akkurat denne samanblandinga annonsekampanja oppfordrar til.