Til toppen

Hypotetisk redesign av avisa Hordaland på Voss


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Kan papiravisa verkeleg leggast ned? Korleis vil lokalaviser måtta vera dersom alle saker skal skrivast til nett, med kommentarfelt, interaktiv grafikk og video blant dei nye verkemidla? Eg har spurt ni redaksjonelle medarbeidarar i lokalavisa Hordaland på Voss. Redaksjonen er skeptisk til å legga ned papiravisa, men klarer likevel å komma med konkrete forslag til korleis ein kunne gjort det på nettet åleine. På lang sikt vil ei rein nettsatsing vera i lokalavisene si interesse. Lokalaviser har eit framtidig økonomisk problem ved at det har vore ein dramatisk nedgang i papiravislesing blant unge mellom 20 og 29 år. Talet gjekk ned frå 80 % i 1994 til 60 % i 2008 (Høst 2010: 28), og nedgangen har vorte endå sterkare deretter, til 35 % i aldersgruppa 20-24 i 2012 (Medianorge 2012). Men framtidsproblemet er også journalistisk, ved at unge folk vert vande med å lesa gratisnyhende på nett, og sjeldan forheld seg til kvalitetsjournalistikk fordi den er på papir. Det er vanskeleg å tru at ungdom er uinteressert i dei sakene lokalavisene publiserer innafor nyheiter, informasjon og kultur. Men dei unge menneska sitt engasjement i offentlegheita har funne nye uttrykksformer, og der speler lokalavisene ei mykje mindre rolle enn dei kunne og burde gjera. Dette er eit samfunnsproblem så vel som ei økonomisk utfordring.

Løysinga kan vera å legga ned papiravisa og bruka alle ressursane på ei nettavis som er skalert for mobil, nettbrett og desktop. Økonomisk vertlokalavisene kvitt ein tung kostnad, og har ein sjanse til å finna nye måtar å tena pengar på før gratisvanane har tatt fullstendig over. I eit samfunnsperspektiv er det viktig å omsetja dei mest verdiskapande ferdigheitene til å fungera på nettet før det vert kulturelt for seint. Denne redningsoperasjonen er lett å formulera, men langt vanskelegare å gjennomføra. Det som trengst, er dristig redaksjonell innovasjon i redaksjonane og ein betalingsmodell som fungerer både på lysingsmarknaden og er akseptabel for abonnentane. Denne studien viser at ei omlegging vekk frå papir og over til nett truleg vil vera enklare å gjennomføra enn kva det er vanleg å tru i journalistkretsar. Journalistikken må vera prega av desse hovudreglane: Du treng ikkje skriva annleis til nett enn du gjorde på papir, men det er ein like vanskeleg jobb som det alltid har vore. Nye dugleikar trengst til meir aktiv biletbruk, videoreportasjar, meir interaktiv grafikk, og ein lokal kultur for lesarkommentarar. Framlegget til omorganisering inneber at desken må vera bemanna frå klokka seks til midnatt kvar dag, med fire spesialiserte funksjonar på vakt samstundes. Dette er nok den mest radikale endringa i forhold til vanleg drift av lokalaviser.

I dette kapittelet presenterer eg fyrst lokalavisa Hordaland og offentlegheita på Voss, og deretter den metoden eg kallar «hypotetisk redesign». Etter desse innleiande avsnitta presenterer eg handlingsplanen i to deler; det som er gammalt og godt og kan gjerast av dei som allereie jobbar i redaksjonen, og weborienterte kompetansar som inneber at redaksjonen må hyra inn nye folk for å kunna gjennomføra planen. Eg har organisert diskusjonen ut ifrå redaksjonsmedlemmene sine innspel i intervjua, men står åleine ansvarleg for resultatet.

Om Hordaland

Avisa Hordaland vert utgjeven på Voss, og er redigert på nynorsk. Hordaland kjem ut på papir tysdag, torsdag og laurdag. Dei har eit gjennomsnittleg sidetal på omkring 28 sider. Avisa vart skipa i 1883. Fram til 1972 var Hordaland ei Venstreavis, sidan den tid har ho vore partipolitisk ubunden. Avisa konkurrerte med nummer to-avisa Horda Tidend i perioden 1929-1987, då ho vart nedlagt. Sidan den tid har Hordaland vore ein monopolaktør på Voss, sjølv om Radio Voss hadde kommersiell drift nokre år på 80- og 90-talet.

Figur 1: Voss i forhold til Bergen og fjordane på nord- og sørsida.

Figur 1: Voss i forhold til Bergen og fjordane på nord- og sørsida.

Avisa har ein sterk uavhengig stilling i eigarskapssamanheng. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap med Astrid Kløve-Graue som hovudeigar, og er ikkje knytt til nokon av dei store mediekonserna slik som Amedia, Schibsted eller Polaris. Men Hordaland har ein avtale som gjer at dei brukar same nettplattform som dei om lag 70 avisene i Amedia-konsernet.

Geografien på Voss er prega av høge fjell, rasktflytande elver, djupe og tronge dalar, men også med eit mildt og ope terreng rundt tettstaden Vangen. Folkesetnaden på Voss er ca. 14 000 menneske, med om lag 7000 busett i Voss sentrum. Folk lever av jordbruk, handel og kommunale og statlege verksemder. Bygda er eit vegkryss for trafikk nordover til Sogn, austover til Oslo og sørover til Hardanger, og det er tungtransport, bussamband og mykje turistkøyring på vegane. Jernbanen har kopla Voss til Bergen sidan 1889 og til Oslo sidan 1909. Voss er ei skulebygd, og har også i større og større grad vorte ei turistbygd sidan 1990-talet. Festivalar som Vossajazz, Osafestivalen, Voss Cup og Ekstremsportveko har gjeve Voss eit nytt og dynamisk image, og den store utbygginga av hytter i Myrkdalen har tiltrekt seg mange bergensarar.

Sidan avisa Hordaland ikkje har konkurrentar i sitt kjerneområde, har dei ei dekningsgrad som er veldig høg, i likskap med mange andre monopolaviser. Avisa hadde eit opplag på 9386 i 2012 (Medienorge 2012), og ei husstandsdekning på over 93 prosent i Voss kommune, og kring 85 prosent i nabokommunane Ulvik og Granvin (Wikipedia 2013; «Avisa Hordaland»). Over 30 personar er tilsett i avisa. Hordaland er finansiert med abonnements- og annonseinntekter.

Ut ifrå måten avisbransjen utviklar seg på, har Hordaland eit problem som kjem til å verta større etter kvart som tida går. Papirlesarane vert eldre og til slutt døyr dei. Mange unge les ikkje papiravisa, og dersom dei ikkje får eit godt webtilbod, kan abonnementsgrunnlaget verta permanent svakare. I tillegg ser Hordaland at papiravisa vert dårlegare til å halda på abonnentar utanfor Voss. «Vi har vel så godt som 100 % papirabonnement på Voss», seier journalist Rolf Tepstad. «Det er ikkje her vi taper. Vi taper abonnement hjå andre- og tredjegenerasjons utflyttarar og unge som flyttar frå bygda. ‘Vi klarer oss med nettet seier dei’.» Redaksjonsmedlemmene innser at papiravisa vil verta svekka i ein langsiktig prosess. Webansvarleg Jan Egil Dyvik seier: «Talet på papirabonnentar kjem nok sakte, men sikkert til å gå ned, og talet på digitale brukarar kjem til å gå opp. Til slutt vil det vera ei vurdering om ein skal gje den ut på papir lenger, men eg trur det vil ta minst 15-20 år før me er der.»

Hordaland har ei nettutgåve (www.avisa-hordaland.no) som er tilrettelagt for mobil og desktop, og der får dei annonseinntekter, men har ikkje byrja å ta betalt for at folk brukar nettsida. «Dei enkle fellesnyhenda kjem ut på nett gratis», seier redaktør Frode Myhra Gjerald, «medan me tek oss betalt for dei meir kompliserte og eksklusive sakene. Dei må du gå til papiravisa for å få.» (Merk at Frode Myhra Gjerald slutta som redaktør i juni 2013, og at Elin Madsen vart tilsett i august 2013). Styringa av redaksjonen er prega av ei forsiktig haldning, der tanken er at nettavisa kannibaliserer papiravisa.

Figur 2: Faksimile av websida til Hordaland, 3. desember 2013.

Figur 2: Faksimile av websida til Hordaland, 3. desember 2013.

Deskleiar Geir Geitle meiner «det ideelle er at nett og papir utfyller kvarandre, men nettavisa kan vere med å undergrave eksistensen til papiravisa. Hordaland har jo ikkje mange konkurrentar, og det er viktig at nettutgåva ikkje fører til at folk sluttar å halde papirutgåva». Geitle trur at papiravisa vil overleve. «Eg trur at ho vil leve langt, langt inn i framtida. I alle fall for lokalavisene sin del.» Sjølv om ikkje alle framstod like sikre i trua som Geitle, så delte alle ei grunnhaldning om at papiravisa kjem til å dominera arbeidsdagen deira i mange år enno, og at dei er glade for dét.

Metode: Hypotetisk redesign

Redesign dreier seg om å laga eit framlegg til nye former og uttrykk i eit felt som allereie har vel etablerte uttrykksformer (til dømes nyheitssaka i journalistikken). At prosjektet er hypotetisk, betyr at eg formulerer råd om korleis endringane bør vera, men at eg ikkje har makt eller posisjon til å tvinga gjennom desse råda i offentlegheita og mediemarknaden på Voss. Det vert altså ikkje gjort ei reell organisatorisk og teknisk endring i avisa Hordaland. Ein slik premiss ville i realiteten gjort det uråd å forska realistisk på framtida for norsk journalistikk, fordi ingen redaksjonar ville tatt sjansen på å overlata styringa til ein akademikar. Den beste vegen vidare er difor å laga ei skisse, eit «redesign» eller ein «handlingsplan». Men det er viktig at planen er meint å tola den ultimate testen, som er at den faktisk vert tatt i bruk i Hordaland eller ein liknande lokalredaksjon.

Hypotetisk redesign er ikkje ein etablert metode, men kan tenkjast som ein kombinasjon av innovasjonsteori, interaksjonsdesign og aksjonsforsking. Innovasjonsstudier er eit fag i vekst, og dreier seg blant anna om å studera korleis nye tenester og marknader vert utvikla (tenk Innovasjon Norge), og kva som trengst for å få til éi vellukka implementering av teknologiske nyvinningar i ein marknad eller sosial kontekst; sjå Küng (2013) og Storsul og Krumsvik (2013) for utdjuping av omgrepet. Karlsen og Stavelin (2013) viser kor vanskeleg det er for datastøtta journalistikk å få fotfeste i norske redaksjonar. Sundet (2012: 49) skildrar korleis den norske mediemarknaden vart tatt på senga av iPhone og konsekvensane den fekk for mediebruken.

Økonomen Joseph Schumpeter (1934) er ein sentral forfattar innafor økonomisk innovasjonsteori, og han er særleg kjent for omgrepet «creative destruction». Nokon gonger kjem nye teknologiar og forandrar handlingsrommet så totalt at etablerte firma går dukken mens nyetableringar blomstrar og tar over marknaden. Denne prosessen har gått føre seg i den norske avisbransjen i rundt 20 år no, med ulik fart og retning i ulike typar aviser. Krumsvik, Skogerbø og Storsul (2013) har studert innovasjonsgraden i norske aviser med omsyn til eigarskap, og målte innovasjon ut ifrå om avisa hadde lansert, eller planlegg å lansera, ei iPad-teneste. Dei fann ut at store mediefirma har den sterkaste stimulansen for å innovera, medan mindre, uavhengige aviser er mindre innovative. Lokalavisa Hordaland er både uavhengig og relativt lita, så dei skulle ha dårlege vilkår for innovasjon.

Ein endå viktigare inspirasjon for denne studien kjem frå den ganske nye forskingstradisjonen for mediedesign. Den moderne computerindustrien har skapt ein stor marknad for grensesnitt i alt frå minibankar til websider. Også massemedium som radio, TV og film har fått digitale grensesnitt, og det er ein veksande sektor i akademia som underviser og forskar på hardware og software for nye medium, og som testar ut nye design på metodiske måtar. Dette kan kallast mediedesign (Nyre 2013), og denne er godt tilpassa eit såpass kulturelt komplisert tema som journalistikk. Feltet er prega av metodeutvikling (Nyre 2009, Fagerjord 2012), og eksperimentelle studium av ulike tekniske prototypar og innhaldsformer. Sentrale bidrag dreier seg om museumsformidling for iPhone (Liestøl 2013), lokative litteraturopplevingar (Løvlie 2012), snakkeradio på Internett (Nyre 2007), lokativ musikkoppleving (Fagerjord 2011), lokasjonsbasert journalistikk (Nyre et al. 2012, Øie 2013) og interaktiv fjernsynsreportasje (Aam 2010).

Den tredje viktige inspirasjonen kjem frå aksjonsforskinga. Den tradisjonelle samfunnsvitskapen er opptatt av å beskriva den rådande verkelegheita ved hjelp av teoriar og empiriske studium. Men ein aksjonsforskar er opptatt av å setja i verk ein ny måte å gjera ting på, og slik sett etablera ein ny sosial eller kulturell praksis. Ifølgje Reason og Bradbury (2000) så dreier det seg om å «bring together action and reflection, theory and practice, in participation with others, in the pursuit of practical solutions to issues of pressing concern to people». Pertti Jårvinen (2005) seier at «action research and design science should be considered as similar research approaches». Han set opp nokre steg som både aksjonsforsking og designstudiar pleier å inkludera i sin metode, og det gjer eg også: 1) Legga vekt på nytteaspektet ved å utvikla kunnskap som samarbeidspartnaren sjølv endar opp med å bruka frivillig og aktivt, 2) At forskinga går føre seg i samarbeid med ein eller fleire klientar, 3) At forskinga utviklar nye måtar å løyse problemet på, og 4) At forskaren blandar seg inn i det det blir forska på. Denne metoden eignar seg ypparleg for medievitskap, særleg profesjonsorienterte studium av journalistikk.

Målsetjinga er at arbeidsflyten i Hordaland vert endra slik at dei lagar god lokaljournalistikk spesifikt for nettet. Å tenkja ut ei organisatorisk reform som får til dette, er tidkrevjande, intellektuelt vanskeleg og ei stor diplomatisk utfordring. Det er vanskeleg å tenkja slike store tankar i den kvardagslege tralten. Difor kan aksjonsforskarar vera til god hjelp ved å setja i gang, transkribera og fortolka ein slik refleksjonsprosess. Som aksjonsforskar går eg synleg inn i den sosiale gruppa som redaksjonen i Hordaland er. I dette arbeidsmiljøet foreslår eg nye prosedyrar for form og innhald. Deltakarane i prosjektet er å rekna som medforskarar, for dei er også med på å evaluere dei endringane som er gjort. Resultatet skal vera eit sett med endringsforslag som alle involverte har bidrege til, og som dei i rimeleg grad vil prøva å gjennomføra viss dei får høve til det.

I aksjonsforsking er forskaren altså engasjert i å prøva å forandra ein liten del av samfunnet, i dette tilfellet kvardagsåtferda i ein avis redaksjon på Voss. Eg formulerte eit radikalt forslag om å legga ned papiravisa, og spurde journalistar og redaksjonsleiarar korleis dei hypotetisk ville gå framfor å laga journalistikk under slike vilkår. Eg brukte ein semi-strukturert intervjuguide (Gentikow 2005). Etterpå formulerte eg eit skriftleg forslag i lys av innspela frå avismedarbeidarane, og sendte det til konsultasjon hjå alle involverte. Eg intervjua ni medarbeidarar i Hordaland utan noko forsøk på å anonymisera dei. Eit aksjonsforskingsprosjekt med så tydelege «klientar» gjer det praktisk umogeleg å anonymisera dei. Dei ni intervjuobjekta er del av ein samla stab på 32 tilsette, pluss helgevikarar. Mitt utval er 100 % mannleg, og det skuldast hovudsakleg at det våren 2013 sat menn i dei sentrale posisjonane (bortsett frå at hovudeigaren er ei kvinne). Eg tar sjølvkritikk på at eg ikkje oppsøkte nokon av dei tre kvinnene som er journalistar i redaksjonen.

Eg stilte omtrent dei same spørsmåla til alle, og dei handla om samfunnsoppdraget, lesarkontakt, diverse medieformer som skrift, foto, kart, grafikk, video og lesarkommentarar, pluss at eg spurde kva redaksjonelle behov det er på desken. Intervjua varte i snitt ein time. Lydopptaka vart transkriberte, og tekstmaterialet utgjorde rundt rekna 180 sider. Min analyse føregjekk ved at eg klipte ut hundrevis av interessante sitat og flytta dei til eit nytt dokument. Eg «vaska» alle sitata for munnlege effektar, og forkorta dei. Eg valde hovudsakleg ut poeng som er konstruktive og framtidsretta, det vil seia formuleringar av typen «Eg trur me kan utnytte bilete i større grad på nett enn på papir», som ofte vart følgt av grunngjevingar frå informanten sjølv, til dømes at det ikkje går an å ha biletkarusell på papir. Fyrsteutkastet til denne artikkelen vart sendt til alle dei eg intervjua, pluss representantar for eigarane. Fleire viktige poeng vart justert som følgje av innspela, men råda som vert formulert, står eg åleine ansvarleg for. Teksten kan ikkje publiserast utan at alle konsulterte partar har akseptert innhaldet, elles ville eit kjernepoeng frå aksjonsforskinga vore brote. Kva sjanse ville det vera for å gjennomføra planen dersom sentrale personar i Hordaland var heilt imot han? Denne trykte versjonen vart akseptert av alle involverte i september 2013, og følgjer her.

Del 1: Gode, gamle praksisar

Fyrste del av handlingsplanen er ikkje særleg radikal. Det er klart at ei rekkje vel etablerte normer og skrivemåtar i lokaljournalistikken må vera med vidare til nettet. Samtalane i redaksjonen viser at særleg tre ting er tydeleg: 1) Samfunnsoppdraget for lokalavisa forandrar seg ikkje, 2) Reint skriveteknisk kan sakene vera akkurat så korte eller lange som dei var før, og 3) Biletbruken må intensiverast, men vert djupast sett ikkje endra.

Hugs lokaljournalistikkens samfunnsoppdrag

Viss Hordaland skal behalda sjølvsikkerheita og trua på at ein verkeleg driv med noko viktig, og noko som ein har greie på, må dei tenkja på journalistikken som eit samfunnsoppdrag i lokalsamfunnet. Redaktør Gjerald seier at «det å finna gode historier eller saker som nokon kanskje ikkje vil skal verta kjent, det må framleis vera vår oppgåve. Me må gjera den upopulære jobben med å bringa nye ting til torgs. Det er essensen i god lokaljournalistikk». Journalist Tepstad seier at «i motsetjing til alt ein finn på bloggar og andre plassar, så er Hordaland sine nyhende behandla av ein journalist med fagutdanning, med tankar og meiningar og kritisk sans».

Lokalavisa er tett på lesarane sine. «Dersom vi skriv noko feil, er det ingen terskel for at lesarane ringer og skjeller oss ut», seier Rolf Tepstad, og fortset: «Når BT skriv om Voss, får dei sikkert ikkje ei einaste tilbakemelding, men viss Hordaland skriv eit namn feil eller ein plass i bygda feil, så er det telefonstorm neste morgon eller rasande folk som kjem inn døra.» Kulturjournalist Nils Kvamsdal meiner «det er viktig for dei som driv med kultur på Voss, at vi er her. Dei blir jo både skuffa og lei seg om vi ikkje har høve til å dekke deira tilstellingar. Det har nesten ikkje skjedd viss det ikkje har stått i Hordaland». Featurejournalist Tor Halvorsen seier:«Eit portrett er jo personleg. Og viss du bur på Voss, kan det vera sterkare å verta portrettert i Hordaland enn å stå fram i VG. Det har vi opplevd fleire gangar. Det var nokre vossingar som stod fram på ei side i VG, men nekta å stille opp i Hordaland. VG var greitt fordi det var så stort og langt vekke, mens Hordaland vart så nært.»

Lokalavisa skriv viktig, relevant journalistikk. Det er i særleg grad tre journalistiske tema som må vera like sentrale i framtida som dei er no: nyheitsjournalistikk i form av hendingsnyheiter og strukturelle nyheiter, kultur- og featurejournalistikk, og sportsjournalistikk. Det er vanskeleg å sjå for seg kva lokaljournalistikk ville vera utan desse tre «berebjelkane», og her vert dei definert som heilt vesentlege i utøvinga av samfunnsoppdraget.

1. Hendingsnyheiter. Frode Rene er nyheitsleiar på nett og jobbar med dei raske nyheitene. «Det vil seia alle nyheiter som ikkje kan vente til papiravisa kjem ut, til dømes ulukker, ras og liknande hendingar. Eg skriv nesten ikkje i papiravisa, bortsett frå nokre oppsamlingssaker når det er ei litt stor hendingsnyheit, slik som stenginga av stamvegen no i vinter.» Tepstad skriv meir «strukturelle nyheiter» som ikkje er basert på eit drama akkurat no, men på langsiktige endringar i samfunnet. «Eg dekker formannskapet, kommunestyret og fleire fagutval, til dømes miljø og kultur, næring og tiltak, levekår. Eg forklarer korleis eit vedtak vart som det vart. For eksempel når dei legg ned Bolstad skule, får det jo ein konkret verknad for folk i Bolstadkrinsen. Då er det veldig viktig å få fram om alle meinte at det var riktig, eller om nokre meinte slik og andre meinte sånn.»

2. Kultur. Journalist Nils Kvamsdal seier: «Kulturjournalistikk handlar om musikk og litteratur, men også om lokalkultur generelt, det vere seg revyar eller andre arrangement. Så er det førehandsmeldingar, bokmeldingar og meldingar av CD-ar og konsertar. God kulturjournalistikk går inn i historia og forklarar bakgrunnen for temaet. Kulturjournalistikk må ha eit element av folkeopplysning i seg.» Halvorsen sine artiklar er «meir historiefortelling enn reine kjappe fakta. Poenget er at lesarane får ei god leseoppleving, og gjerne lærer noko også. Det gjeld å finne ein inngang som gjer at lesaren får lyst til å bli med på reisa gjennom brødteksten heilt fram til slutten».

3. Sport. Ørjan Brattetveit er Hordaland sin faste sportsjournalist. «Du må vite kven dei lokale idrettsutøvarane er», seier han. «Om eg skal på eit arrangement, så les eg meg litt opp på det, tek ein telefon, forhøyrer meg litt. Du må ha forståing for og respekt for sporten, det er då du kan sleppe deg laus. Om vinteren skriv me om skisport i alle mulige variantar, for eksempel langrenn, skiskyting, freestyle, og særleg i år sidan det var VM på Voss. Om sommaren så er det mest fotball, friidrett og sånn. Det er stor forskjell på sommar og vinter.»

Skriv så langt som nødvendig

Skrift er den viktigaste uttrykksforma i lokaljournalistikken. Den har bygd på skriftleg formuleringsevne i over hundre år, og skrifta må vera viktigast også i framtida. «Det er skrift me er gode på», seier redaktør Gjerald, «TV 2 er gode på levande bilete, og så har dei ei nettside som er OK. Men kjerneverksemda deira er levande bilete, og kjerneverksemda vår er skrift.» Skrift er eit fleksibelt uttrykksverktøy. Gjerald meiner at «saka si betydning vil bestemme saka si framtoning. Har du ei knallgod sak, skriv du til saka er fortalt, har du ei kort nyhendemelding, så er du i stikkordsformat. Nokre historier bør jo uansett forteljast kort og effektivt. ‘Bil køyrte utfor på Bolstadvegen, og så har du eit bilde, kanskje ein liten video og tre setningar».

På nettet må det vera same grundigheit som i papiravisa. Nyheitsjournalist Rene seier: «I dag er det berre dei faktabaserte opplysningane som kjem på nett. Kva har skjedd, kor har det skjedd, kor mange skadde, og så vidare. Men i papiravisa går ein meir i djupna. Viss ein berre skulle hatt ei nettbasert avis, så måtte denne grundigare handsaminga komme med der.» Grundigheit må også bety at det vert publisert mange saker kvar dag. «Viss me antar at papiravisa er vekke, så bør Hordaland publisera i hvert fall 10-15 saker kvar dag», seier Frode Rene. «Då tenkjer eg at ein journalist kan skriva kanskje 3-4 skikkelege saker for dagen. Vi skal jo undersøkja og sjekka litt også, forhåpentlegvis.» Det er viktig med hyppig oppdatering, særleg av hendingsnyheiter. Frode Rene seier at: «I nettsaker treng vi stadig oppdatering med meir informasjon etter som saka utviklar seg. Viss vi får melding om ei trafikkulykke, så skriv eg ein kort tekst med ein gong. Så dreg eg med ein fotograf til ulykkesstaden og oppdaterer saka. Det har blitt ein knallhard kamp mellom avisene for å få sakene først. Til og med politiet legg bilete ut på si Facebook-side. Folk som sit i kø, er også konkurrentar. Med dagens telefonar så er det to, tre trykk så ligg bildet på Facebook med ein kommentar.»

Strukturelle nyheiter kan vera like lange som før. Det treng ikkje vera kortare saker på nett, slik som oppfatninga var tidlegare. «Det er ein tendens no til at ein går bort frå at alt skal vera veldig kort på nett», seier Rolf Tepstad. «Vi publiserer ein del saker både på nett og i avis. Hendingsnyheiter bretter vi ofte ut i stort format på nettet, men så er dei gamle når papiravisa kjem ut, og då vert det berre ein notis. Altså vert saka større på nettet enn i avisa, men tidligare trudde vi jo at alt skulle verte så mykje kortare på nettet.» Tepstad er tydeleg: «Saker om kommune, økonomi og næringsliv er like viktige uansett kva plattform det skal produserast for. Skal eg gje det fulle biletet av saka, så er det grenser for kor mykje eg kan komprimera utan at det vert feil, eller får ei slagside. Viss eg skal kunne gå god for at ei sak speglar det som skjedde i møtet eg var på, så må den ha ei viss lengde.»

Bruk fleire foto enn før

Foto er sentrale i tradisjonell lokaljournalistikk, og dei kommuniserer i eit visuelt formspråk som er lett og raskt for lesaren å forhalda seg til. Foto og andre grafiske verkemiddel er mindre ressurskrevjande å bruka på nettet sidan både førearbeid og publisering skjer digitalt. «Fotografi er heilt avgjerande på nett», seier Frode Rene. «Skal Hordaland konkurrere med sosiale medium og andre aviser, så må me ha bilete. Det er avgjerande for å fange lesaren si merksemd.» «Folk krev å få historia sporenstreks», seier redaktør Gjerald. «Me kan ikkje venta til reporteren og fotografen har nådd fram til staden. Me ringer til folk me trur er på staden allereie. ‘Har du bilete?’ er fyrste spørsmål.»
Det trengst store mengder foto for å laga gode lokale saker. «No tar fotografen eitt, kanskje to gode bilete. I framtida må ein kanskje sørgje for at du har 15 knallgode bilete som skal fortelje ei historie», seier Gjerald. Sportsjournalist Brattetveit brukar allereie bilete aktivt på websida til Hordaland: «Når det er store arrangement, så brukar vi leserbildeseriar og eigne bildeseriar, blant anna frå NM på ski og Landsskyttarstemnet. Det er viktig fordi folk føler at dei er med på ting, og vert engasjerte i vår dekning. Kor viktig det er reint journalistisk er jo avhengig av kva vi får inn. Plutselig får me inn eit gullkorn. Det har skjedd nokre få gonger at eg har tatt ut bilete frå ein slik lesarbiletserie og brukt som hovudbilete i papiravisa.» Featurejournalist Halvorsen har framlegg til kreativ biletbruk på nett. «I eit portrettsystem for nett kunne eg vise bilete frå nyfødt til i dag, og lage det som ein biletcollage som rullar og går som ein slags film. Det kan du ikkje på papir. Da må du velje to-tre stykk på grunn av formatet.»

Men sjølv om det vert fleire bilete, så er kvalitet like avgjerande som før. «Bileta vil alltid vere viktig for å nå fram til folk», seier Vidar Herre. «Men frå me vaks opp til i dag har bilettakinga vorte mangedobla på grunn av digitale teknologiar. No er det ein enorm bildeflora, og unge folk utviklar ein betre biletsans. Vi som er eldre, blar i gamle album og føler at bilete er litt eksklusive. Sanninga er at me vert bombardert med bilete, og skal du stikke deg ut i den floraen, så er kvaliteten heilt avgjerande.»

Del 2: Radikal innovasjon

Andre del av handlingsplanen («redesignet») er meir radikal enn den fyrste, men hovudsakleg fordi aviser av Hordaland sin type har begrensa kompetanse på webdesign og programmering i redaksjonen. Sidan 1990-talet har det oppstått mange uttrykksformer og debattnormer på nettet utan at lokaljournalistar har vore særleg involverte, og difor kjennest det radikalt for dei å skulla jobba berre mot nettet. Samtalane i redaksjonen hjelpte meg å peika ut fire råd som utgjer eit ganske radikalt redesign når utgangspunktet er ei lokalavis: 1) Lag to framsider; for mobil versus iPad/laptop, 2) Skalér opp arbeidsinnsatsen på desken, 3) Bruk interaktiv grafikk og GPS-sensitive kart, 3) Bruk live og innspelte videoreportasjar, og 4) Dyrk ein kultur for lesarkommentarar. To nylege bøker tar for seg dei journalistiske implikasjonane av slike arbeidsmåtar; Journalistiske nyorienteringer av Martin Eide (2010) og Journalistikk i en digital hverdag av Ottosen og Krumsvik (2008).

To framsider

Det trengst ei todelt webside som vert produsert «live» på desken. Dette er fotograf Vidar Herre sin idé. «Viss Hordaland skulle designe alt til å passe på ein liten mobil, så vert det ‘Norsk telegrambyrå’», seier Herre. «Det er klart at hendingsnyheiter fungerer best på mobilen, medan dei større sakene som no er på papir, må presenterast i eit lekrare format som ein no forbinder med iPad, laptop etc. Det må finnast ein estetisk plattform på nett også, slik at ikkje alt vert tvunge inn i telegramformatet.»

Herre har eit forslag til korleis det kan løysast. Det må lagast to nett-format som lesaren kan velja mellom med eit klikk: det raske og det lekre. Herre fortset: «Du må ha forskjellige modular for kva type nyheiter det er. Er det ei ulykke, må du ha ein modul som presenterer saka i mobilvisning. Det må vera eit kraftig signal om kva type sak du kan vente deg, i hvertfall om det er ein rein nyheitssak eller ein reportasje. Og så må me kunna signalisera alvorlegheitsgrada i nyheita. Viss ‘Slottet’ i Modalen rasar og bygda vert oversvømt av ei flodbølgje, så sprenger du jo malen. Du må ha modular for dét også. Det er lett å standardisere sånne ting, så ein treng ikkje å lage det til eit ressursproblem.»
VG Nett si mobilside (sjå www.touch.vg.no) er eit godt døme på «det raske». Her kan lesaren skrolla langt nedover i nyheitssaker, og sjå nyheitsvideoar markert med «TV». Rørsleretninga er nedover/oppover, og den estetiske utfoldinga er minimal. Alt er innretta på effektivitet, presisjon og oppdatering. Denne sida gjev eit grovt inntrykk av korleis Hordaland også bør fungera på mobilen. Eit døme på «det lekre» kan vera frå aviser som The Guardian og The New York Times på nett. Den interaktive artikkelen «Snow Fall. The Avalance at Tunnel Creek» frå New York Times (sjå http://www.nytimes.com/projects/2012/snowYall/? i»=o#/?part=tunnel-creek) er eit godt eksempel. Her er det estetiske uttrykket gjennomarbeidd, med mange ulike verkemiddel på ulike stader nedover i teksten. Blant anna er det interaktiv grafikk over fjellområde, videointervju med involverte personar, og flotte svart-kvitt-bilete. Uttrykket passar bra både for iPad, laptop og desktop. Eksempelet viser at desse skjermane har plass til store bilete og nyansert typografi.

Lokalavisa må bevara det «lekre» frå papir, og denne typen kvalitet føreset stort format. Dette gjeld også for fotografia. Kulturjournalist Kvamsdal analyserer dette godt: «På ein liten skjerm må du konsentrere alt innhaldet innafor ei lita flate, og tenke meir på sentralmotiv med eit gitt fokus. Då mister du mykje informasjon som kan vere avgjerande for den samanhengen det står i. Du må ha fleire bilete, og kanskje laga ein serie for å vise ei utvikling. Du mistar panoramaeffekten, eller det storslagne som kulturen i sitt vesen ofte er. Ei danseforestilling med fantastiske kostyme og mange aktørar på scenen, der ynskjer du eit fargespel og eit rytmisk driv i bildet. Så kan det hende at ein publikummar sit måpande med open munn og følgjer intenst med, og det kan fortelje ei god historie. Dette er bra for å skildre ei stemning og få fram atmosfæren på arrangementet.»

Skalér opp deskinnsatsen

Vidar Herre er krystallklar: «Hordaland må styrka den sentrale desken. Folk må ha eit visst deskansvar i forhold til sine felt, men så må det vera nokon som sit på toppen og geleidar dette ut.» Brattetveit seier omtrent det same: «Vi må ha verktøya, kunnskapen og organiseringa. Og der er vi ikkje i mål uansett om det gjeld nett, papir, mobil eller kva vi enn skulle finne på å lage.» Webansvarleg Jan Egil Dyvik prøver å konkretisera behovet dersom papiravisa var lagt ned: «Det må vera minst tre folk på desken for at dette skal fungere, for det må jo fungere utanfor vanleg arbeidstid også. Du kan ikkje dekka alt frå klokka 24 til klokka 6, men du kan heller ikkje førehandspublisere alt. Noko må jo skje der og da. Når du har kasta deg ut i dette her, så må du ha ei viss form for beredskap.» Redaktør Gjerald klarar også fint å forhalda seg til ein premiss om at papiravisa er nedlagt.«Då vil ikkje desk- og redigeringsleddet redigere ei papiravis, dei vil redigere ei mobilløysing, ei iPadløysing, og ei e-avis. Programmeringsferdigheiter hjå nokon av medarbeidarane vil verta viktigare enn før». Deskleiar Geir Geitle følgjer opp framtidsscenarioet: «Journalistane leverer ikkje til nett eller papir, dei leverer til ein desk der alt vert redigert og går ut igjen. Sakene vert gått igjennom på same måte av desken uansett kvar dei skal publiserast. Alle jobbar både til nett og papir.» Det utpeikar seg eit desk-mannskap med fem spesialiserte rollar, sjølv om dét ikkje medfører at det må vera fem personar. Ein person kan nok praktisera fleire av rollene, sjølv om det ikkje er optimalt.

1. Vaktsjef/avviklar
2. Ghostwriter
3. Grafisk designar
4. Videoredigerar
5. Sosiale medium-vert

Vaktsjef/avviklar. Grunnfunksjonen til desken er like viktig i framtida som den har vore før. Deskleiar Geitle forklarar kva som er desken si oppgåve: «Desken må sette i gang saker og følgje dei opp undervegs i prosessen. Me må handtera idear frå journalistane, og tips som kjem inn utanifrå. Desken må vurdera dei opp mot ressursane me har, og kanskje omprioritera etterkvart som det kjem inn nye saker. Det er alltid saker det ikkje vert noko av likevel. Me må gå gjennom sakene på ein forsvarleg måte og bestemma kva me skal la liggja og kva me skal publisera.»

Ghostwriter. Redaktør Gjerald seier at «Hordaland er ikkje forspente med ein skikkelig nettdesk som sitter og redigerer når stoffet kjem inn frå journalisten. Det blir ei stor oppgåve i framtida. Journalisten sender brotstykke, delar av historia, på MMS eller det han har for handa, eit sitat, ein beskrivelse frå åstaden. Så må me ha ein ghostwriter som held kontakt med journalisten ute på staden, og eventuelt lesarane ute på staden, og som syr trådane i forteljinga slik at det ikkje berre vert enkeltsetningar». Journalist Frode Rene etterlyser det same: «Når ting går veldig fort, slik som med hendingsnyheiter, så er det jo fort gjort at det vert ein del feil, og difor ville det vore bra med ein nettdesk som kan styra og kvalitetssikra alt ein skriv.»

Dei tre siste deskfunksjonane; grafisk designar, videoredigerar, sosiale medium-vert, er knytte til store og viktige innhaldsområde på web. Nedanfor drøftar eg dei difor under separate overskrifter.

Bruk interaktiv grafikk og kart

«Det er ingen grunn til å tru at presentasjon blir mindre viktig sjølv om det ikkje skal presenterast i papiravisa», seier redaktør Gjerald. «Dette vil vere ei oppgåve for både dei tradisjonelle grafikarane, og for fotografane. Dei står kvarandre nær, og det trur eg også vil vere slik i framtida.» Journalist Kvamsdal meiner det trengst spesialisering i redaksjonen. «Med overgang til meir digitale virkemiddel så er det heilt avgjerande å ha folk som er gode nok til å kunne laga grafikk og redigera video så raskt som mulig. Det er ikkje hjelp i at alle kan litt, men ingen kan alt.»

Det vil vera lurt å innføra ein prosedyre som seier at alle saker i utgangspunktet skal kunna ha ein grafisk illustrasjon. Vidar Herre seier: «Det er så enormt mykje informasjon du kan dytta inn i ei enkel grafisk framstilling. Du kan laga ei vanvittig informasjonsmetta, men likevel spanande reise inn i eit gitt tema. Og du kan underbygga grafikken med biletmateriale. Dette vil tvinga seg fram viss Hordaland skal verta ei rein nettavis. Du må til eikvar tid dytte informasjon du har innhenta frå før, ut i nye prosjekt. Viss du har ein faktabase liggande vert det enkelt når det dukkar opp ei ny sak.»

Gjerald gjev eit døme knytt til krimjournalistikk: «Til dømes kan du laga noko nytt frå ein krimåstad. Du har ikkje berre eit kart og eit bilete av huset, men presenterer åstaden fleirdimensjonert. Du kan laga hybridar, du kan zoome deg inn i Google Earth og delvis gå inn i fotoet. Når du kan illustrere historia di enklare, kan du fortelja den enklare også.» Kulturjournalist Kvamsdal klarer lett å gje døme på relevant grafikk. «For kulturstoffet kan det verta viktig å ha 3D-formidling. Det kan vera å visa fram eit sensasjonelt funn frå eldre steinalder, med 360 graders filming så du kan sjå tingen frå alle kantar, og sjå storleiksforholda også. Det er klart at du ville få eit heilt anna inntrykk då enn viss du har eit flatt frontfotografi.» Featurejournalist Halvorsen ser også nytteverdien. «I eit portrett om ein ‘styregrossist’ går det an å ha grafikk om kven han har forretningsmessige forbindelsar til. Det er yttarst få som gidd å lesa ei oppramsing over slike ting. Men viss du har det grafisk, så vert det enklare.» Sportsjournalist Brattetveit er direkte entusiastisk. «Kampfakta har eg lyst å presentera med grafikk. Då ville me ha lagoppstillinga på ei fotballbane, og laget står slik som dei speler frå start, og så utviklar du det. Då ville du fått fram formasjonen til laget. Men det er klart at dette tek tid, og dei som lagar det, må ha litt peiling på fotball sånn at dei ikkje drit seg ut.»

Kart gjev enkelt oversyn, og er viktige. «Kart er viktig i kommunaljournalistikken fordi det gjev ei rask og overordna innsikt i korleis til dømes ein ny reguleringsplan skal bli», seier journalist Tepstad. «Det er naturleg å ha eit kart når ein presenterer kommentarar og motsegner, slik at lesaren kan orientere seg om kor det kontroversielle måtte finnast.» Nyhendejournalist Rene seier: «Om vi fortsatt snakkar om ulykker, så kan vi bruka kart til å forklara kvar ting har skjedd. Det måtte blitt sånn at du hadde to referansepunkt, med eit stort kart og eit lite inni. Det ville forklart vossingane veldig tydeleg kvar dette er.»

Live og innspelte videoreportasjar

Avisene har i liten grad tatt opp praksisar frå radio og fjernsyn. Difor er det eit radikalt redesign dersom Hordaland byrjar å senda videoar live og innspelt gjennom websida si. Nils Kvamsdal antydar at Hordaland i framtida nesten kan bli som lokal-TV. «No brukar folk Internett til å sjå fjernsyn, og det trur eg er ei utvikling som berre vil gå vidare. I framtida bør vi tilby gode lokale vinklingar, folkeopplysning og eit godt visuelt inntrykk.» Ørjan Brattetveit har ei skarp analyse av det han meiner er eit problem for lokalavisene når det gjeld video på nettet. «Folk sit på nett og trykker rundt, og blir vant til ein standard som små medium vanskeleg kan leve opp til. Det sit ein elleveåring som har Manchester United som favorittlag og får scoringane om igjen i reprise, og i alle slags vinklar, og alt er bra. Også kjem Hordaland og har ikkje scoringane fordi vi ikkje filma akkurat då. Vi har jo ikkje dei 24 kameraene som dei store TV-stasjonane har.»

Live overføring er ytterst uvanleg i lokaljournalistikken, men Nils Kvamsdal er likevel klar på kor viktig det er. «Skal vi bruke nettet riktig, må vi bruke den fullstendig grenselause muligheita vi har til å vere i sanntid. Vi kan vise det no. Akkurat når det skjer. Levande folk i levande situasjonar. Da får aktørane sjølve fortelje kva dei driv på med, i stadenfor at du skal gjengi det i ord. Men det er ein del rettigheitsproblem sidan ikkje alle tillet at du gjer opptak på ein konsert eller viser utsnitt av ein revy.» Men redaksjonen må likevel hugsa å bruka video i eit bevisst forhold til skriftjournalistikken. Skrifta trumfar alt, seier Tor Halvorsen: «I utgangspunktet skal eg laga ein skriftleg reportasje. Og om ein da i tillegg skal lage video, så bør jo den videoen vise noko anna enn det eg skriv. Det må vera sterke bilete, for eksempel når isen går i Strandelva og nesten tek med seg ei bru. Det er video, for det viser ei utvikling. Her ser det fyrst slik ut, så knekk det og knekk og knekk, og så ser det sånn ut.» Nyheitsjournalist Frode Rene seier at «video er bra for å visa lesaren dimensjonar og skadeomfang, og samtidig få intervju med folk som kan fortelje kva som har skjedd. Reporter treng ikkje vera synleg, men han intervjuar folk og set saman fire-fem videoklipp til ei sak. Det kan på sikt verta innført standup, med reporteren i biletet».

Video er eit mangesidig verkemiddel. Det fungerer også til fordjuping i kompleks informasjon til strukturelle nyheiter. Journalist Tepstad har klare tankar om dette: «Videofilming i kommunaljournalistikken går an, men det ville vore eit stort prosjekt. Da skulle me vore oppi helikopter og flydd over Tvildemoen. Det var då vi ville fått sett området best. Det ville vore interessant å fly over den nye traséen til E16. Me kunne visa at den skal gå slik og slik, og her skal det vera ein tunnel, og vegen kjem ikkje utatt før på Oppheim. Viss ein hadde bestemt seg for fem eller ti prosjekt på førehand, så kunne ein tatt alt i ein helikoptertur. Du får gjort mykje på ein time.»

«Video er viktig for kultursaker gitt at du har folk som kan det», seier Nils Kvamsdal. «På ein konsert kan du ha eit kamera som dekkjer scenerommet, men også eit som bevegar seg innimellom publikum og fangar opp stemninga. Kanskje reporteren får spontankommentarar frå folk som er i god stemning. Mange uttrykk er veldig visuelle, til dømes ‘Fargespill’, der ungar frå mange nasjonar har fantastiske kostymer og dansar og syng. Det aller meste sceniske er veldig visuelt og vil tena mykje på ein videoframvisning i forhold til skrift åleine.»

Sportsjournalist Brattetveit seier: «Freestyle VM burde vi sjølvsagt hatt video av. Der kan du ha berre dei heilt ekstreme triksa så det hadde vore lettare å lage. Freestyle er veldig visuelt. Det trenger ikkje vera film av vinnaren. Med litt førearbeid kunne me funne dei beste kameraposisjonane og fått bilete av spektakulære hopp og tryningar. Du hadde fått mykje action, med litt fart og stemning.»

Dyrk ein kultur for lesarkommentarar

Samtidas mediekvardag er så prega av sosiale medium og online-debatt at Hordaland berre må ha denne typen innhald. Kvamsdal seier: «Papiravisa er jo i sitt vesen einvegskommunikasjon, medan nettet opnar for uante muligheiter til å ta imot informasjon og spørsmål, og respondere på det igjen.» Redaktør Gjerald seier: «Det kan jo godt tenkast at me får ein sosialmedieleiar som skal drive Hordaland si verksemd på den typen plattformar», og deskleiar Geitle seier: «Det trengst ein moderator av lesarkommentarar. Eg er veldig motstandar av at ting kjem usensurert ut.»

Redaktør Gjerald kjenner dagleg presset frå dei sosiale media. «Folk går til dei store, Facebook og Twitter, så derfor blir me tvinga inn på dei. Folk er blitt vant til det og blir enda meir vant til det så me må nok vere til stades der. Legg me ei lenkje ut på Facebook, så får me fleire klikk, og fleire klikk genererer pengar. Eg trur ikkje lokalavisene vil klare å ta regien på sosiale medier sjølve.» Sportsjournalist Brattetveit ser kor viktig Facebook er. «Vossingane koplar seg til laget sitt via Facebook-sida vår. Hordaland legger ut fotballsaker, og det er veldig mange som trykker liker.» Ei viktig målgruppe er tilreisande, enten det gjeld festivalpublikum eller hytteeigarar. «Dei sosiale media kan gjera Hordaland interessant for 100.000 bergensarar som har hytte i våre område, eller køyrer gjennom Voss i helger og feriar. Dei skal sjekka om det er noko nytt på Finse eller Myrkdalen eller kor det måtte vera, og då er Hordaland ein naturleg stad å sjekka. Der er det eit stort potensial for å henta lesarar som igjen vil generera inntekter, forhåpentlegvis.» Sosiale medium og kommentarfelt er også nyttig fordi redaksjonen kan få inn gode nyheitstips, trur journalist Tepstad. «Terskelen for å skrive eit formelt brev til kommunen er mykje høgare enn å skrive to-tre setningar i eit kommentarfelt. Kanskje var det ein av ti som hadde noko for seg, som me kunne gå vidare med. Kanskje påpeiking av ei vinkling som vi ikkje har sett, som heller ikkje politikarane eller kommunane har sett, og som verkeleg hadde noko for seg? Det dreier seg om å senke terskelen for å komma med innspel».

For at Hordaland skal kunna ha ein verdifull offentleg rolle på nett, så må redaksjonen vera tett på samfunnet på Voss. Då er lesarkontakt i kommentarfelt og/eller sosiale medium heilt essensielt, men redaksjonen har svak innsats på dette no. Vidar Herre seier: «Me må komma tettare på lesarane, og bruke dei meir. Det er hvermannsen som må komme inn. Med ein gang du tar dei på alvor, og dei veit at det skjer noko om du henvendar deg, så vil du få ein mykje tettare dialog med lesarane. Viss du har den interaktiviteten, så vil det komma inn tips i mykje større grad.» Herre har eit ideal om public journalism, der kjelder frå mange grupper kjem med, og ikkje berre dei faste kjeldene i kommunen og næringslivet. Muligheita til å gje respons kan bevisstgjera folk om ting som er viktige og relevante for dei, seier Frode Rene. «Jo meir vi skriv om trafikkulukker, jo meir preventivt verkar det. Det er mange der ute som har sterke meiningar om både vegane og køyringa, og som gjerne vil kommentere. Jo meir folk engasjerer seg, jo meir tenkjer dei over faren for ulukker.» Redaksjonen må gå i reell diskusjon med lesarane, meiner Nils Kvamsdal. «Til no har det vore slik at journalistane ikkje skal gå i disputt med lesarane. Viss det skal svarast, så er det redaktøren som skal svare på vegne av avisa. Men prinsipielt er det ingenting i vegen for at vi kan diskutere ting på nettet. Då må ikkje vi journalistar gå i forsvarsposisjon, og ha piggane ut visst folk kjem med innvendingar. Vi vil tape på å avvise kritikk, og vere arrogante og seia ‘Nei, vi diskuterer ikkje det som har stått i avisa. Vi må klara å seia OK; har vi skrive det, så får vi enten seia at det var ein feil her, eller argumentere for kvifor vi gjorde det.»

Rolf Tepstad koplar kommentarfeltet på nettet med journalistikkens samfunnsoppdrag. Redaksjonen må oppdra lesarane av Hordaland til å verta gode samfunnsdebattantar. «Å skriva kommentarar er ei læringssak. Viss me etterlyste kommentarar, og gjorde klart for lesarane at dette var noko vi ville vise framover, så ville det kanskje stimulere til bidrag. Og det er ekstra viktig i forhold til dei unge, nye lesarane som ikkje har eit sterkt forhold til papir. Kommentarar er muligens ein inngangsbillett for dei å bli engasjert i lokalavisa og lokalsamfunnet», seier Tepstad. Nils Kvamsdal er endå tydelegare: «Det ville vore ein draum om vi greidde å motivere fleire av våre lesarar til å sjølv delta med innspel. Me må ‘oppdra’ dei, i gåseauge, til ein mykje større grad av frimodigheit i ytringane, og gjerne kome med eigne anmeldelsar av ting som dei synst er bra. Du skal kunne meine ting sjølv om du ikkje er høgskulelektor eller forskingsstipendiat. Det ligg i kulturens vesen at den er subjektiv, så folk må jo kunne ha ei meining sjølv.»

Konklusjon: Prøv handlingsplanen!

Redaksjonen i Hordaland har tru på at redigeringskulturen i avisa kan omsetjast til nett. God lokaljournalistikk er etterretteleg og sakleg. Det dreier seg om å få mest mulig presis og relevant informasjon fort fram til lesaren. Vidar Herre er kompromisslaus på kvalitet: «Det er godt nok for nett, vert det sagt innimellom. Det er ei merkeleg haldning etter mine begrep, for ein skal jo ikkje gå på akkord med kvalitet i journalistikken berre fordi det er på nett. Då mistar vi jo det som gjer oss spesielle, nemleg prioriteringa.» Dette kan fint gjerast berre på nett også. Haldninga er pragmatisk, og no-nonsense. Nils Kvamsdal formulerer det fint: «Viss ein tenkjer seg at papiravisa er daud, måtte Gud forby, så trur eg ikkje det ville vera vanskeleg å lage god nyheitsformidling og god kultur- og idrettsformidling på dei nettplattformane vi har no.»

Fyrste del av handlingsplanen er ikkje særleg radikal. Det er klart at ei rekkje allereie etablerte normer og skrivemåtar må vera med vidare til det nye mediet. Samtalane i redaksjonen viser at særleg tre ting er tydeleg: 1) Samfunnsoppdraget for lokalavisa forandrar seg ikkje, 2) Reint skriveteknisk kan sakene vera akkurat så korte eller lange som dei var før, og 3) Biletbruken må intensiverast, men vert djupast sett ikkje endra. Andre del av handlingsplanen er meir radikal: Å legga ned papiravisa og satsa alt på nettet. Problemet er at aviser av Hordaland sin type har begrensa kompetanse på webdesign og programmering i redaksjonen. Sidan 1990-talet har det oppstått mange uttrykksformer og debattnormer på nettet utan at lokaljournalistar har vore særleg involverte, og difor kjennest det radikalt for dei å skulla jobba berre mot nettet. Samtalane i redaksjonen hjelpte meg å peika ut fem råd som utgjer eit ganske radikalt redesign når utgangspunktet er ei lokalavis: 1) Lag to framsider; for mobil versus iPad/laptop, 2) Skalér opp arbeidsinnsatsen på desken, 3) Bruk interaktiv gra-fikk og GPS-sensitive kart, 4) Bruk live og innspelte videoreportasjar, og 5) Dyrk ein kultur for lesarkommentarar.
Det er berre ein konklusjon det er mogeleg å dra, nemleg at dette er verdt å verta prøvd ut i redaksjonen til Hordaland. Planen har potensial, og er «kvalitetssikra» frå golvet og oppover. Så dette er ein appell til redaktør Elin Madsen og eigarane av avisa: Prøv ut denne redaksjonelle planen!

Referansar

Eide, Martin (red.) (2010). Journalistiske nyorienteringer. Oslo: Scandinavian Academic Press.
Fagerjord, Anders (2012). «Design som medievitenskapelig metode». Norsk medietidsskrift, nr. 3/3012, s. 198-215.
Fagerjord, Anders (2011). «Between Place and Interface: Designing Situated Sound for the iPhone». Computers and Composition 28 (2011). 255-63.
Gentikow, Barbara (2005). Hvordan utforsker man medieerfaringer. Kristiansand: IJ-forlaget.
Høst, Sigurd. (2010). Avisåret 2010. Volda: Høgskulen i Volda.
Järvinen, Pertti (2005). «Action research as an approach in design science». Presentert på the European Academy of Management Conference, München, 4.-7.mai 2005.
Karlsen, Joakim og Stavelin, Eirik (2013). «Computational Journalism in Norwegian Newsrooms». Journalism Practice. Publisert online 23. juli 2013.
Krumsvik, Arne H., Eli Skogerbø og Tanja Storsul (2013). «Size, Ownershipand Innovation in Newspapers». I: Storsul og Krumsvik (red.) (2013) Media Innovations. A Multidisciplinary Study of Change. Gøteborg: NORDICOM.
Küng, Lucy (2013). «Innovation, Technology and Organisational Change». I: Storsul og Krumsvik (red.) (2013) Media Innovations. A Multidisciplinary Study of Change. Gøteborg: NORDICOM.
Liestøl, Gunnar (2013). «Topics of Innovation. Towards a Method of Invention and Innovation in Digital Media Design». I: Storsul og Krumsvik (red.) (2013) Media Innovations. A Multidisciplinary Study of Change. Gøteborg: NORDICOM.
Løvlie, Anders Sundnes (2009). «Textopia: designing a locative literary reader».I: Journal of Location Based Services, 3(4), 249-276.
MedieNorge (2012). «Opplagstall norske aviser 2010». Henta frå: http://medienorge/?cat=statistilck&medium=avis&queryID=190.
Nyre, Lars (2007). «Minimum Journalism. Experimental procedures for democraticparticipation in sound media». Journalism Studies (8)3: 397-413.
Nyre, Lars (2009). «Normative media research. Moving from the ivory tower to thecontrol room». Nordicom Review. Vol. 30 (2), s. 3-17.
Ottosen, Rune og Arne H. Krumsvik (red.) (2008). Journalistikk i en digital hverdag. Kristiansand: IJ-forlaget.
Nyre, Lars (2013). «Sats på mediedesign!». Kronikk i Bergens Tidende 10. februar 2013.
Nyre, Lars, Solveig Bjørnestad, Bjørnar Tessem og Kjetil Vaage Øie (2012). «Locative journalism: Designing a location-dependent news medium for smartphones». I: Convergence. The International Journal of Research into New Media Technologies. Vol. 18(3) s. 297-314.
Ottosen, Rune og Arne H. Krumsvik (red.) (2008). Journalistikk i en digital hverdag. Kristiansand: IJ-forlaget.
Reason, Peter og Hilary Bradbury (red.) (2000). Handbook of Action Research. Participatory Inquiry and Practice. London: Sage Publications.
Schumpeter, Joseph (1934). The Theory of Economic Development. London: Transaction Publishers.
Storsul, Tanja og Arne H. Krumsvik (2013). «What is Media Innovation?». I: Storsul og Krumsvik (red.) Media Innovations. A Multidisciplinary Study of Change. Goteborg: NORDICOM.
Sundet, Vilde Schanke (2012). Making Sense of Mobile Media. Institutional Working Notions, Strategies and Actions in Convergent Media Markets. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo.
Øie, Kjetil Vaage (2013). «Location sensitivity in locative journalism: an empirical study of experiences while producing locative journalism». I: Continuum 27 (4), 558-571.
Aam, Pål (2010). «TV-reportasjen 2.0. Ny teknologi – styrking av samfunnsoppdraget for TV- og videojournalistar». I: Johann Roppen og Sigurd Allern. Journalistikkens samfunnsoppdrag. Kristiansand: IJ-forlag.