Til toppen

Mediumteori


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I løpet av det 20. århundret vart vestlege samfunn sterkt prega av elektroniske medier. Ved fyrste augekast er det kontakten med skjermar og kamera, høgtalarar og mikrofonar, mus, tastatur og telefon som pregar informasjonsoverføringa. Og utan denne fyrste teknologiske kontakten ville ikkje menneska kunna hatt kontakt med kvarandre gjennom mediene.

Forskarblikket bør dvela ved denne overflata. Elektroniske medier blinkar, pip og durar av liv, og byr seg fram til teoriar som set sanselegheit og materialitet i høgsetet. ‘Mediumteori’ er basert på ei systematisk interesse for å forstå den betydninga mediet sjølv hai i kommunikasjonen. Denne artikkelen argumenterer for ei hermeneutisk innretting av mediumteori, med mål om å gjera den teoretisk stoverein så den kan supplera den tekstorienterte og kulturanalytiske forskinga på massemedier. På denne bakgrunnen kan mandatet til faget ‘medievitskap’ fornyast og fokuserast betre.

Mediet si innretting

Eit medum er eit system av teknologiar som set menneske i kommunikativ kontakt med kvarandre. Det åpnar for visse uttrykksmåtar som samtidig stengjer for andre. Eg tenkjer difor på mediene som teknologiar f or perseptuell erfaring. TV krev foreksempel evna til å fanga opp raske visuelle og auditive omskifte som ei naturleg heilheit, for eksempel ‘Jostein Gripsrud snakkar på Debatt 21’. Og så finst det ei rekkje ferdigheiter som TV ikkje gjer bruk av i det heile tatt. Mediet har såleis ei ibuande fortolking av kvalitetar som tid, rom, bevegelse og personlegheit – det som Harold Innis kalla «the bias of communication». Denne innrettinga er knytt til mediet sin materialitet.

Menneska må føya seg ganske sterkt etter desse materielle strukturane. Når folk har dei rette ferdigheitane, kan dei for eksempel kommunisera gjennom SMS-meldingar og føla seg i direkte kontakt med menneska og ting på den andre sida. Eit gitt medium krev at brukaren lever seg inn i dets spesifikke teknologiske system og utviklar ein sensitivitet og kunnskapsrikdom som berre gjeld overfor det. Evna til å bruka eit medium heng saman med kulturelle og sosiale forhold på brei front, det som mange kallar ‘den kulturelle kompetansen’. Men i staden for å sjå etter forståingsprosessar i trendar, symbolske regime, identitetskamp og kjønnsforhold, vil eg sjå etter dei i teknologien, ja, i tinga sjølve.

Harold Innis var den fyrste bevegaren av mediumteorien, og på 1960-talet stod Marshall McLuhan fram som ein følsom profet for elektroniske medier. «The medium is the message», sa han, og sette i gang ein frodig, men berre halwitskapleg forskingstradisjon. I det norske fagmiljøet har denne tradisjonen lenge vorte oppfatta som useriøs og teknologi-deterministisk. Anders Johansen, som sjølv har arbeidd grundig med McLuhan, meiner at «når ansvarlige medievitere skyr medieteori i egentlig forstand, kan man ha dem unnskyldt: fra den kanten kommer det bare ville overdrivelser, som man så må streve med å korrigere» (2002:46). Eg går frivillig inn i dette korrigeringsstrevet, fordi eg meiner mange ansvarlege medievitarar har eit synsproblem som ein godt grunngjeven mediumteori er det beste hjelpemiddel mot. Dette vil eg grunngje i detalj nedanfor.

Kva slags posisjon er det så eg inntek? I artikkelen «Medium Theory» (1995) henviser Joshua Meyrowitz til den fyrste generasjonen med mediumteori, der Innis, McLuhan og Ong høyrer heime (1), og den andre generasjonen, der han sjølv og andre høyrer heime. Andre generasjon kobla inn fleire teoretiske ståstader for å nyansera og utvikla mediumteorien sine påstandar, for eksempel sosiologi (Meyrowitz), poststrukturalisme (Friedrich Kittler) og visuell estetikk (Derrick De Kerkhove) (2).

Den posisjonen eg utviklar her kan såleis tenkjast på som tredjegenerasjons mediumteori, endå eit forsøk på å skildra mediene sin sanselege appell. Mitt prosjekt består i å utvikla den fyrste generasjonen sine innsikter ved hjelp av pragmatisk teknologiteori frå Amerika og persepsjonsfenomenologi frå kontinentet. Her står Don Ihde og Maurice Merleau-Ponty sine filosofiske prosjekt sentralt, og dessutan Rudolf Arnheim sin analyse av radio som teknologi for forståing, Paddy Scannell sin fenomenologi om kringkasting og Anders Johansen sine utforskingar av retorikk og teknikk (3).

Tilnærminga inneber ei klart hermeneutisk oppfatting av korleis massekommunikasjon fungerer. Mediumteori vrir imidlertid om på ein del tradisjonelle forhold. Det viktigaste er at innhald og fortolking vert behandla med omtrent den same nonchalansen som tekst- og kulturhermeneutikken behandlar teknologi og persepsjon. Sjølv om min posisjon har brodd mot medieforskingas tekstfokuserte hermeneutikk, (…) er den hermeneutiske tenkjemåten meir generelt ei vesentleg hjelp i strevet med å forstå mediene sin virkemåte (4).

Bjelken i forskarauget

Slik eg ser det, betyr hermeneutikk i mediefagleg samanheng to ting: erkjenningsteori og forskingsmetode, dvs. forskaren sin teori om korleis folk forstår mediene og deira innhald, og forskaren si metode for å få teorien til å skapa empirisk kunnskap og dokumentasjon av forståingsprosessar i ein avgrensa historisk periode. Dette kan også kallast eit sett av epistemologiske premiss, eller ein «bjelke i auget».

Kva innflytelse har dei elektroniske mediene på forståingsprosessane blant folk? Og korleis kan dei hermeneutiske forholda mellom enkeltmenneske og medium best teoretiserast? Eg set altså fram persepsjon som eit avgjerande premiss for å koma fram til gode svar på dei to spørsmåla, og stiller dei på nytt i dette lyset: Kva betydning har persepsjonen for den kvardagslege bruken av elektroniske medier, og kva innflytelse har begrepet ‘persepsjon’ i humanistisk teori om medieforståing?

Svaret sprikar. Fenomenet persepsjon har stor betydning i den kvardagslege omgangen med mediene, mens begrepet har liten innflytelse på den vitskaplege drøftinga av forståingsprosessane blant medievitarar. Mi vitskapsteoretiske målsetjing er difor todelt. Eg vil fyrst drøfta kvifor ‘persepsjon’ har så låg status i humanistisk forsking på mediene, og deretter leggja fram nokre element til ein teori om kva praktisk innflytelse den perseptuelle opplevinga har på forståinga. Målet er å argumentera overtydande for at persepsjon er eit viktig teoretisk emne, og visa at med eit presist begrepsapparat kan forskarar produsera ny og nyttig forsking om erfaringa av mediene.

Eg føreset at vokabularet i hermeneutisk informerte artiklar og monografiar er ei sentral kjelde for å finna ut kva epistemologiske premiss som er verksame. Hans Skjervheim har sagt: «Bjelken i sitt eige auga ser ein ikkje, for det er den ein ser med» (Skjervheim 1976:89). All forsking føregår med ein bjelke i auget, og den materialiserer seg i dei begrepa som vert brukt for å snakka om gjenstanden. Eg vil drøfta to slike bjelkar, dvs. to innretningar på hermeneutikken med ulike erkjenningsinteresser, nemleg det som kan kallast semiotisk hermeneutikk eller teksthermeneutikk, og det som kan kallast fenomenologisk hermeneutikk eller mediehermeneutikk. Den fyrste omtalar i stor grad forståingsprosessane som noko mentalt som er betinga av kodar og konvensjonar, medan den andre i stor grad tenkjer på dei som noko erfaringsbasert, kroppsleggjort og materielt betinga.5 Den eine ser noko den andre ikkje ser, og omvendt.

Paddy Scannell har formulert ein tanke i same landskap som Skjervheim, men orienterer den direkte mot det teksthermeneutiske perspektivet. I Radio, Television & Modern Life (1996) seier han at einkvar fagtekst har eit fundamentalt vokabular som det vert føresett at ei gruppe av lesarar meistrar (1996:4). Når grunnfagsstudenten og forskaren lærer seg å bruka ord som ‘denotasjon/konnotasjon’, ‘konvensjon’, ‘tekst’, og ‘fortolking’, går ho inn i eit allereie etablert språkspel, i dette tilfellet semiotisk teori eller cultural studies. Denne tilhøyrigheita kan gjelda sjølv om forskaren kanskje ikkje peikar den ut i artikkelen eller verket, og sjølv om den ikkje er teoretisk reflektert. Begrepa er altså lada med premiss som ho sjølv ikkje nødvendigvis kontrollerer. For teksthermeneutikk kan det for eksempel vera at forståinga av kringkasting føregår på essensielt same måte som forståinga av skrift, og at maktforhold er det viktigaste ved all kommunikasjon. Scannell meiner at dersom forskaren vil unngå dei epistemologiske premissane i eit gitt vokabular, må ho snakka eit annaspråk (Scannell 1996:4).

Det fremste av begrepa i teksthermeneutikken er naturleg nok ‘tekst’. Det er for eksempel vanleg å benemna metoden deira som ‘tekstanalyse’. Dette er ei utforsking som nærmar seg forståingsakta med startpunkt i ein velstrukturert bodskap. Det som ofte manglar i slike tilnærmingar er ei interesse for å teoretisera den sanselege erfaringa av tekstmaterialet og apparaturen det vert presentert i. Her er det såleis ein blind flekk. Vokabularet og dei hevdvunne resonnementsmåtane ser ut til å skapa ei teoretisk nøling overfor persepsjonen og dei teknologiske rammene som teksten verkar innafor.

Nedafor vil eg gå meir presist inn på kva ved teksthermeneutikken eg meiner hemmar interessa for det sanselege ved mediene. Eg vil påpeika at føremålet med denne kritikken er å korrigera medieforskinga sitt hermeneutiske blikk i retning av ‘teknologi’ og ‘persepsjon’, ikkje å avvisa det semiotiske paradigmet som blikket enno er prega av.

Vegen om teksten

For å visa kvifor begrepet ‘tekst’ har blitt så sentralt i medieforskingas hermeneutikk, vil eg gje ei historisk skisse. ‘Tekst’ kjem frå det latinske ‘textus’, som betyr vev, samanheng, forhold, kobling. Verbet ‘texere’ betyr å veva. Gjennom historia har begrepet tekst i hovudsak referert til skriven tekst, som vittarleg har materielle likheitstrekk med ein vev. Både handskrivne manuskript og trykte bøker har tette og små linjer med teikn som på nokre skritts avstand ser ut som ein vev eller eit mønster. For ein analfabet ser teikna berre ut som ein vev, men han veit kanskje likevel at veven er laga av ein som kan skriva, og at ein som kan lesa kan følgja tråden og løysa floken. Lesing og skriving kan såleis tenkjast på som tilgang til ei djupast sett usynleg meining, den lingvistiske bodskapen i teksten.

Det er då den kodifiserte meininga som er føremålet med teksten, medan teikna på papiret mest fungerer som ein beholdar eller kanal. Her ligg det ein kime til å tenkja på forståing som det å dekoda ein tekst ved hjelp av intellektuelle ferdigheiter. Teksthermeneutikken sin beskrivelse av forståing framelskar langt på veg det som føregår inni hovudet, der arbitrære teikn får ein konvensjonsbasert referanse. Denne symbolske oppfattinga av forståing kan verka rimeleg for verbal kommunikasjon, og nesten sjølvinnlysande for lesing av typografisk skrift.

Det kan verka som at folk si perseptuelle følsomheit ikkje vert særleg sterkt utfordra i lesinga av ei trykt bok. Skrift inviterer til ein cerebral og taus kommunikasjon, og typografien dei siste par hundre åra har hatt som konsekvens at tileigningsprosessen vert nesten umerkeleg. Det vanlege er å lesa gjennom materialet i staden for å forholda seg til det meiningsfulle ved eller i materialet, og det har difor ikkje vorte lagt særleg vekt på den sanselege dimensjonen ved tileigning av skrift. På grunn av dette vert det rimeleg å føresetja at den teknologiske dimensjonen ved mediet er transparent. Dette har Liv Hausken omtalt som «medieblindhet»: «Man neglisjerer ganske enkelt at mediet spiller en rolle, samtidig som et bestemt medium, og noen ganger også en bestemt genre, en bestemt diskursform og et bestemt referensielt sikte, forutsettes» (Hausken 2000:101).

Semiotikk og litteraturvitskapleg hermeneutikk føreset langt på veg at alle språkprodukt vert opplevd på same måten, nemleg gjennom fortolking. Språket vert sett på som ein kompleks vev av essensielt immateriell betydning som det krevst langsiktig læring for å meistra. Alfabetet, syntaksen og grammatikken tvingar lesaren til alltid å fortolka. Begrepet beskriv for eksempel både den raske gjennomlesinga av ein roman, meir konsentrerte analysar der eit dikt vert lest gjentatte gonger medan tolkingar vert kasta fram, og stringente teoretiske fortolkingar gjort av ein litteraturvitar, ein filosof eller ein kulturkritikar. I det siste tilfellet er det ofte snakk om å fortolka fram ein kode, eit system av konvensjonar, eller eit episteme som vert tenkt å liggje til grunn for tekstmeininga.

Mitt syn er at begrepa ‘lesing’ og ‘fortolking’ i dei fleste tilfelle er for cerebrale til å passa for bruken av elektroniske medier. Begrepa passar imidlertid strålande for aktiviteten som forskaren gjer, enten det er overfor litterære eller elektronisk medierte tekstar. I analytisk forstand er fortolking å koma så tett innpå teksten at du kan sjå linjene og samanhengane, og nøsta opp dei skjulte ideologiske føringane i teksten, slik at dei kan reformulerast for forskingsmessige føremål. Gjennom si interesse for fortolking står tekstforskarane i fare for å overvurdera viktigheita av mentale kvalitetar i mediebruken til alle dei som ikkje sjølve er forskarar. Den doble hermeneutikken sitt ideal om å fortolka ein aktivitet som sjølv inneber fortolking, kan overdrivast.

Orienteringa mot fortolking er problematisk for medieforskinga også av historiske grunnar. Den føreset ein tileigningssituasjon som står i kontrast til medieutviklinga i vestlege land sidan tidleg på 1900-talet. Kort sagt har medier som telefon, grammofon, film, radio og fjernsyn gjort mediebruken perseptuelt mykje rikare enn kva ordet ‘lesing’ signaliserer. Folk gjer utstrakt bruk av ikkje-typografisk og berre delvis lingvistisk kommunikasjon i kvardagen, og dei hermeneutiske ferdigheitene har etter alt å døma skifta form i lag med mediebruken.

Med eit makro-historisk blikk seier Walter Ong at det utviklar seg ei ‘sekundær muntlegheit’ med dei elektroniske mediene, og Marshall McLuhan kallar det eit ‘akustisk rom’. Her ligg kimen til formuleringa av ein eksplisitt mediumorientert teori om forståing. Begge formuleringane står i kontrast til dei premissa som skriftkulturen og teksthermeneutikken har for tileigningssituasjonen. Men då den semiotisk baserte hermeneutikken vart utvikla og tatt i bruk på medietekstar frå 1960-åra og framover, vart det i liten grad tatt til følgje at elektroniske medier hadde sanselege og teknologiske eigenskapar som var nye i kulturen. Kimen til ei ny innretting av hermeneutikken vart ikkje særleg godt organisert.

Tekstbegrepet vart tatt i bruk på kringkasting, film og all slags andre medier, gjerne i ein kombinasjon av semiotisk hermeneutikk og marxisme slik som i cultural studies-tradisjonen.7 Medieblindheita spreidde seg i medieforskinga. Utvidinga av referansen var nesten ukontrollert stor, men utviklinga av epistemologiske premiss omkring den perseptuelle opplevinga haldt ikkje same tempo. Den intellektualistiske modellen vart overført til auditive og audiovisuelle uttrykksformer, og mykje dei same fortolkingsstrategiane og tekststrukturane som skrifta har vart tenkt på som verksame også her. Som konsekvens av denne utviklinga, kan lærebøker i medievitskap introdusera studentane for eit «utvida tekstbegrep», for eksempel slik det vert definert i Schwebs og Østbye sin Media i samfunnet (1999):«[…] alle typar meiningsberande utsegner, same kva form dei framstår i, og same kva formål dei er lagafor» (Schwebs & Østbye 1999:145).

Denne definisjonen ber i seg det Liv Hausken kallar nonchalant medieblindhet. «Den finnes i teorier og analyser hvor man baserer seg på teoretisk arvegods fra studier av andre medier enn det aktuelle uten at dette i tilstrekkelig grad innreflekteres» (Hausken 2000:101). I eit så sterkt utvida tekstbegrep som det Schwebs og Østbye opererer med, er det berre lingvistiske kodar og andre sterkt abstraherte forståingsstrukturar som kan vera felles for alle tekstane. Skriftspråket vert eit universelt medium, og vesentlege sanselege forskjellar fell bort. Slik er grunnfagsstudentens fyrste møte med hermeneutikk i mediefaget.

I ein artikkel i Media, Culture & Society (1990) tek David Morley og Roger Silverstone eit oppgjer med denne vide tenkjemåten. I cultural studies-tradisjonen er det ein risiko for at begrepa ‘tekst’ og ‘lesing’ vert gjevne ein ukonstruktivt stor referanse, erkjenner dei. Begrepa har vorte så teoretisk viktige at dei ikkje vert forlatne, sjølv om dei har begrensa verdi for å beskriva bruken av dei mange mediene i kvardagen.

We do not respond to, or use, these different media in identical ways, yet we often persist with a single notion of ‘reading’ as a portmanteau term. The diversity of technologies and the many different creative possibilities which each engenders, ought to be recognized in our characterization of our relationships to them (Morley & Silverstone 1990:46).

Eg vedgår at kritikken av teksthermeneutikk i medievitskapen ikkje kan fremjast absolutt. Det er tydelege bruer til persepsjonen i den semiotiske eller tekstorienterte hermeneutikken, for eksempel hjå visuelt orienterte forskarar som Roland Barthes og John Ellis, og i hermeneutiske undersøkingar av kommunikasjonens materialitet. Men likevel er det rimeleg å seia at teksthermeneutikken ikkje benemner den teknologiske erfaringa av mediene særleg presist. Det er eit problem at ‘persepsjon’ vert oppfatta som eit umiddelbart og uanalyserbart subjektivt fenomen, medan ‘lesing’ og ‘fortolking’ vert oppfatta som noko ein har tilgang til gjennom kulturelle konvensjonar som ligg innleira i ein tekst, og gjennom vitnesbyrd frå brukaren om sjølvforståinga si.

Går det an å forska på persepsjon?

Mange medieforskarar vender seg bort frå hermeneutiske undersøkingar av persepsjonen. I verket The Dynasty Years (1995) formulerer Jostein Gripsrud eit kunnskapssyn som i det minste på teoretisk nivå resonnerer slik, sjølv om perseptuelle forhold knytt til nytelse og visuelt engasjement vert drøfta fleire stader i boka.

Gripsrud er interessert i kringkastingsmediene sine forståingsmåtar, og presenterer seg eksplisitt som ein tekstorientert forskar. Han meiner at teksten er det avgjerande elementet i kommunikasjonsprosessen, noko som kjem tydeleg fram i denne setninga frå introduksjonen: «The text is the primary link between producers and audiences. It must draw on shared semiotic resources in order to communicate at all, even if a significant gap between encoding and decoding remains» (Gripsrud 1995:9). Han oppfattar tekstanalyse og fortolking som heilt sentralt for å forstå teknologisk mediert meining (fjernsynsprogram), både i emosjonell og rasjonell forstand. I ei anna setning skriv han: «One cannot move ‘through’ a text to reach its foundational codes and processes without reading it and thus implicitly performing some kind of interpretation» (Gripsrud 1995:15). Desse setningane gjer det rimeleg å kobla The Dynasty Years til den tekstanalytiske tradisjonen frå semiotikk og cultural studies, slik eg skisserte den ovanfor.

I byrjinga av kapittelet «Dimensions of domestic reception» formulerer Gripsrud nokre teoretiske påstandar omkring forståing og persepsjon i forhold til kringkastinga. I pakt med min definisjon av kva ein hermeneutikk bør innehalda, skildrar han både korleis han meiner folk si forståing av fjernsynstekstar føregår, og kva som kan forskast på ut ifrå denne teorien. Eg vil sitera to avsnitt som går til kjernen av problemstillinga omkring persepsjonen sin status i mediefaget. Langt på veg bekreftar desse avsnitta min påstand om at teksthermeneutikken si erkjenningsinteresse er mentalt i staden for materielt orientert, i det minste på teoretisk nivå.

Establishing reliable knowledge about domestic reception is […] very difficult Not only is it impossible for researchers to be present in all households when Dynastyis on – or even in a statistically representative sample of them – it is also a simple fact that the production of meaning and pleasure takes place inside peoples heads and therefore cannot be directly observed in any way. The moment of perception, the immediate impression and processing of sounds and images can actually never be studied We will always have to rely on external observations and post-factum verbal reports from viewers. What goes on at the crucial moment of perception – when a synchronous search-movement in all the audiovisual and non-verbal systems of codes takes place – can only be inferred, not least from an analysis of the text itself (cf. Rasmussen 1988:35f).

However, people think about what they see while watching, pick up ‘clues’ to the story lines, try to make connections, experience and take note of their own emotions, etc. All of this work may stay in their minds after the immediate experience, they may think and speak about it later, even much later. While the immediate perceptive experience is certainly important, the more or less delayed mental work on this experience, during and af ter viewing – the making sense of it – is at least equally important The English language does not have the very useful distinction in Germanic languages between Erlebung [sic] (the momentary experience) and Erfahrung (u\e result of a reflection on the momentary experience), but the process of reception must be thought of as encompassing bofh. A number of contextual factors contribute both to the immediate decoding of the televisual signs (Erlebung) [sic] and to the less timebound process of making sense (Erfahrung) (Gripsrud 1995:108).

Slik eg les Gripsrud, seier han at i den grad forskaren vil forska på persepsjon, må han gjera det gjennom fortolking av snakking om den perseptuelle opplevinga, og gjennom slutningar om sanseprosessar ut ifrå teksten. Forskaren kan berre få tilgang til sansinga ut ifrå det mentale etterarbeidet slik det manifesterer seg i tale og nye (sekundære) tekstar. Persepsjonsaugneblinken og dens forståingsprosessar er utilgjengeleg.

Dette teoretiske resonnementet er ikkje særleg kontroversielt. Gripsrud viser til kognitiv teori og hevdvunnen tysk hermeneutikk i formuleringa av det, og gjev logisk konsistente grunnar for å tenkja at persepsjonen finn stad «inside people’s heads and therefore cannot be directly observed in any way». Det vert gjort klart at den perseptuelle erfaringa er notidig på ein måte som er vanskeleg å gripa.

Til forskjell frå dei fleste medieforskarar tek Gripsrud eksplisitt tak i dette problemet, men eg meiner altså at ein må gå mykje lenger i forsøket på å teoretisera dei perseptuelle aspekta ved medieforståinga. Sjølv om det er uråd å koma til sikre empiriske resultat omkring eit medium sin persepsjonsmåte, så er jo denne ‘måten’ verksam i det praktiske livet, slik Gripsrud sjølv påpeiker.

Persepsjonen er rett og slett for viktig til å kunna utdefinerast frå forskinga. Den umiddelbare forståinga av ein situasjon, det som Gripsrud kallar Erlebnis, er ei fullverdig forståingsakt i sin eigen rett. Ein sjåar må ikkje reflektera over og reformulera si eiga sjåingsakt før TV-programmet kan verta meiningsfullt for han. Den forseinka mentale bearbeidinga som teksthermeneutikaren fokuserer på, gjev berre meir meining, dvs. at den forandrar minnet om programmet ut ifrå ein meir kritisk og gjennomtenkt haldning. Men folk forstår altså programmet og situasjonen dei ser det i mens dei er engasjert i den, og det kan ikkje forskaren sjå bort ifrå.

Problemet er at sjølv om fortolkinga etterpå ikkje er avgjerande for at eit kringkastingsprogram vert forstått, ser den ut til å ha fått hegemoni som forskingsgjenstand for kulturanalytikarar og hermeneutikarar. Men er utdefineringa av persepsjonen tvingande nødvendig? Nei, vil eg svara. Ikkje dersom bjelken i auget vert innretta annleis. Det gjeld å anerkjenna at persepsjon er knytt til eit materiale som det er råd for forskarar å innkretsa på ei rekkje måtar, og at ein kan dra slutningar om persepsjonen på bakgrunn av materialet.
Men då må ein altså legga til sides det meste av tankegodset omkring ‘tekst’ (9).

Vegen om mediet

Ovanfor siterte eg Gripsrud på at teksten er «the primary link» mellom produsentar og mottakarar, medan eg altså seier at det er mediet som er primært. I introduksjonen omtalte eg eit medium som ein teknologi for perseptuell erfaring, og den tanken vil eg utdjupa ved å skissera ein ‘mediehermeneutikk’.

Slik teksten er gjenstanden for teksthermeneutisk forsking, er mediet gjenstanden for mediehermeneutisk forsking. Sidan mediehermeneutikk er eit heuristisk begrep, er det viktig å gje ein tydeleg teoretisk definisjon, sjølv om den truleg vil måtta modifiserast etter kvart. Paul Ricoeur har definert hermeneutikk slik (Ricoeur 1991:53): «Hermeneutics is the theory of the operations of understanding in their relation to the interpretation oftexts». Dette er då openbert ein teksthermeneutikk, og det er ein dobbel hermeneutikk i den forstand at forskaren tolkar uttrykk som allereie er fortolka. Eg vil difor byta ut nokre av orda i Ricoeur sin setning og setja fram denne definisjonen av mediehermeneutikk, framleis på engelsk: ‘Hermeneutics is the theory of the operations of technology in their relation to the perceptual experience of a medium and its presentations’.

Vekta er her skifta frå interne mekanismar i den menneskelege forståelsen til mekanismar i forholdet mellom teknologi og persepsjon. Ut ifrå denne materialistiske vendinga vil forskaren då ikkje primært analysera ‘fortolkingar av verda’ slik den doble hermeneutikken føreset, men i staden analysera ei ‘umiddelbar oppleving av verda gjennom teknologi’. Det handlar såleis om å kartleggja perseptuelle betydningar som varierer med kva handlingsrom eit gitt teknologisk system opprettar. Dette kan såleis kallast ein enkel eller eksistensiell mediehermeneutikk, sidan den ikkje føreset fortolking.

Det er frå denne posisjonen at teoretiseringa av persepsjon må finna stad, men før eg legg den fram i detalj, er det nødvendig å avklara kva eit medium er. Ordet vert sjølvsagt brukt i mange tydingar, men for mine føremål trengst det eit presist begrepsapparat som identifiserer ulike teknologiske element i mediet. Eg har laga ein deskriptiv modell der eg har identifisert nokre av dei elementa som er med å konstruera brukaren sitt handlingsrom. Modellen er utvikla for radiomediet fordi det har eit relativt ukomplisert handlingsrom, samanlikna med for eksempel fjernsyn, film og PC.

Modell av radiomediet: Kvart element kunne vore utpeikt i langt større detalj, for eksempel kunne årstala for dei ulike plattformane si utbreiing vore spesifisert. Mitt føremål er likevel ikkje å skriva substansielt om radio, men å skissera dei nødvendige elementa i eit medium. Det kan naturlegvis teiknast modellar for kvart einaste medium ut ifrå logikken i dette oppsettet, og i prosessen vil forståinga av kva eit 'medium' er, verta vidareutvikla.
Modell av radiomediet: Kvart element kunne vore utpeikt i langt større detalj, for eksempel kunne årstala for dei ulike plattformane si utbreiing vore spesifisert. Mitt føremål er likevel ikkje å skriva substansielt om radio, men å skissera dei nødvendige elementa i eit medium. Det kan naturlegvis teiknast modellar for kvart einaste medium ut ifrå logikken i dette oppsettet, og i prosessen vil forståinga av kva eit ‘medium’ er, verta vidareutvikla.

Lyd er radiomediet sitt materielle produkt. Den teknologiske infrastrukturen er innretta på å produsera lyd omtrent slik ein bilfabrikk produserer bilar. Journalistar, intervjuobjekt og reklamekundar må forma sine uttrykk i dette råmaterialet, og kommunikasjonen ber sterkt preg av det. Men sjølv om lyd er ei vare i medieindustrien, har den samtidig sin eigen unike gjenstandskarakter som bransjen aldri blir herre over. Lyd er eit umiddelbart materiale, den dirrar gjennom lufta og vert med ein gong avløyst av ein ny lyd. I elektroniske medier har lydmaterialet ein sterk tendens til å skapa stemningar eller ‘ambience’ rundt brukaren.

Men lyden er sjølvsagt meint å kommunisera noko, lyden er meint å vera eit programinnslag, eit musikkstykke, ei stemme. Det finst ei semiotisk koda meining som heng fast i delar av lyden; ikkje støy frå høgtalaren eller spraking frå atmosfæren, men ein regissert lyd som gjerne også kan kallast ‘tekst’.

Grensesnittet er dei gjenstandane eller apparaturane som brukaren er i direkte kroppsleg kontakt med i sin livssituasjon. Her kan me for enkelheits skuld tenkja på ein journalist, ein musikkprodusent og ein radiolyttar på kjøkenet. Grensesnittet består av nokre element som brukaren forheld seg til ganske passivt til, slik som høgtalaren og mikrofonen med deira nesten umerkelege kanalisering av lyd, og nokre element som vert arbeidd med i korte eller lengre økter innimellom, slik som voluminnstillingar, skifte av plate, opptak av lyd på band etc. Dersom ein tok bort desse teknologiane og deira grensesnitt, ville heile kommunikasjonen bli borte. Grensesnittet er difor eit kontaktpunkt med stor meiningsfylde, sjølv om det er ein fast struktur.

Grensesnittet kan ha stor kreativ betydning, noko som er tydeleg i musikkprodusentar sitt arbeid, der miksebordet og andre apparat med eit mangesidig bruksregister er avgjerande for det endelege uttrykket. Ein liknande kreativitet kan finnast i bruken av digitale arbeidsstasjonar blant kontorfolk, der Internett, e-post og andre informasjonstenester gjev brukaren stort rom for å uttrykka seg.

Apparaturane sin funksjonalitet er vesentleg for brukaren si kjensle av kontroll over erfaringa si. Utviklinga i retning av miniatyrisering viser dette. Medan radioapparata fram til 1950-talet krevde at lyttaren sat i ro, typisk heime i stova si, gjorde transistorteknologi det etter kvart råd å ta med radioen på piknik, joggetur og liknande. Grensesnitt er til ein viss grad også trendbasert. Stadig vert det lansert ein ny modell der knappane ser annleis ut og det er bass-boost og equalizer på digitalt display. Det hender at folk kjøper seg eit nytt apparat på grunn av rein fascinasjon med utstyret, og ikkje fordi det nye er meir funksjonelt enn det gamle.

Plattformen er eit sett av teknologiar som sikrar fysisk kontakt frå produsent til mottakar. Det trengst alltid to samkøyrte og kompatible plattformar for at eit medium skal kunna skapa kommunikativ handling og erfaring, for eksempel ein FM-sendar og ein FM-mottakar, men for alle praktiske føremål kan dette omtalast som ein plattform. Produksjonsplattformen for DAB-radio er lite verdt så lenge mottakarplattformen er så lite utbreidd i folkesetnaden, dei to plattform-elementa må vera utbreidde samtidig og fungera i lag som eitt fundament for kommunikasjon (10).

Det er eit stort økonomisk løft å lansera ein ny plattform for kommunikasjon. Standardar og avtaleverk gjer at medieplattformar pleier å vera utbreidde ganske lenge; for eksempel vart den analoge plattformen for telefoni etablert på 1870-talet og er enno dominerande, sjølv om ISDN og mobiltelefoni har utfordra den det siste tiåret.

Ved endepunkta for plattformen finn me grensesnittet, der høgtalarar, mikrofonar og liknande omset dei menneskelege uttrykka til elektriske signal og omvendt, medan dei transportprosessane som sikrar den fysiske kontakten gjennom systemet er beskytta ved automatisering og blackboxing. Plattformen er såleis ein lite fleksibel struktur, for den determinerer rett og slett kva signal som kan transporterast frå produsent- til mottakarplattformen, og derigjennom begrensar den uttrykksrikdomen i grensesnittet. Det har difor stor betydning for persepsjonen kva plattformar som er i bruk. Når det gjeld lydmedier, er det ein dramatisk skilnad mellom ‘live’ radio og plater spelt på eit stereoanlegg.

Det eg kallar ein plattform, er det tekniske grunnlaget for ei viss kjensle av ‘romlegheit’ eller ‘tidslegheit’, som kan vera svært utbreidd i folkesetnaden dersom mediet er svært utbreidd. Her møter me igjen tanken om «bias» eller innretting. McLuhan refererer til menneskelege «sense ratios» eller «patterns of perception» (1964:18), som står i forhold til ein teknologi sin sanselege konfigurasjon, og Meyrowitz refererer til «communication pathways and barriers» (1995:71) på ein liknande måte. Her handlar det om ein materiell determinasjon av meining, ein kvalitet ved massekommunikasjonen som det ikkje går an å forhandla om, i det minste ikkje etter at ein plattform er etablert.

Maskineriet er motoren som driv lyden sitt uproblematiske nærvere for brukarane. Maskineriet er veldig stabilt. Det kan skjer endringar i plattformen og andre deler av medieoppsettet utan at maskineriet treng endra seg i det heile tatt. For eksempel har norske apparat vorte drivne av 220 volts straum og transistorar i rundt femti år, medan grensesnitta til apparata har endra seg frå mono til stereo, frå svart/kvitt til farge, frå video til DVD.

Maskineriet er ‘blackboxa’. Folk treng ikkje vita korleis ein forsterkar virkar for å bruka den. Den faktum at den finst i alle apparat som har høgtalar eller mikrofon tilknytt, betyr at brukarane er avhengige av den. Men nesten ingen av brukarane kunne ha fiksa den om den gjekk sund, ja, folk treng ikkje eingong vita at det trengst ein forsterkar for å bruka radioen. Det finst ein heil industri som tek seg av detaljane, slik at folkesetnaden kan fortsetja å kommunisera utan ingeniørutdanning.

Det teknologiske systemet som vert skissert i modellen er gigantisk. For radioen sitt vedkommande dreier det seg om store infrastrukturar over lågland, fjord og fjell, svære produksjonseiningar på Marienlyst, Minde eller Tyholt og millionvis av radiomottakarar. Mediet utgjer ein økologisk dimensjon ved samfunnslivet på grunn av sin gjenstandskarakter. Viss alle datamaskinene ved Universitetet i Bergen vart samla i ein haug, ville den verta som ein liten ås. I lys av desse teknologiske faktaene vert det nesten absurd å tenkja på bruken og forståinga av mediene som ‘fortolking’.

Sansen for verkelegheit

Korleis kan dei teknologiske forholda som vert skildra ovanfor koblast til hermeneutikken si interesse for forståing og erkjennelse? Det vil seie: Korleis kan mediumteorien forbetrast slik at den kan skildra bruken av mediet på ein «ansvarleg» måte? Her trengst det støtte frå filosofisk hald, og eg har alt peikt ut fenomenologisk persepsjonsteori og teknologiteori som eit godt startpunkt.

Persepsjon er å orientera seg kroppsleg i omgjevnadene, fyrst og fremst gjennom bevegelse og handgripleg omgang med ting, og gjennom syn, høyrsel, lukt og smak. Merleau-Ponty skriv: «Perception provides me with a ‘field of presence’ in the broad sense, extending in two dimensions: the here-there dimension and the past-present-future dimension» (1992:265). Persepsjonen skaper eit nærversfelt, og dei tinga og menneska som er i feltet vert forstått gjennom ferdigheiter som er oppøvd og sedimentert i kroppen. Denne definisjonen inkluderer kontakt gjennom teknologi, noko som gjerne kan kallast mediepersepsjon viss ein vil skilja det frå ‘uteknologiske’ opplevingsfelt. I radiomediet vil dette involvera all slags ferdigheiter frå journalistens bruk av mikrofon og opptaksutstyr til lyttarens bruk av radioen som ei lydleg kulisse i kvardagen. Eg drøftar mediet sine spesielle krav til persepsjonen i detalj nedanfor.

Korleis bør ein beskriva dei hermeneutiske forholda i mediebruken ut ifrå ein slik definisjon? Sidan mitt resonnement brukar radiomediet som hovudeksempel, er det rimeleg å fokusera på snakking og lytting, på lydframstillingar og erfaringa av dei. Her står menneska fram i sin lydlege drakt, og tonefall, kroppsbevegelsar, personlege veremåtar og innspelingssituasjonar vert sentrale faktorar. Lytting vert her ikkje oppfatta som eit mentalt fenomen, men som ein kroppskontaktmedverda.

Ved å dyrka dette persepsjonsbegrepet, kan ein ta tak i forståingsprosessar som er langt mindre bevisste og subjektive enn kva ‘fortolking’ eller Erfahrung signaliserer. Merleau-Ponty framhever at persepsjon må sjåast som ein nesten «impersonalbeing». «Thus there appears round our personal existence a margin oialmost impersonal existence, which can be practically taken for granted, and which I rely on to keep me alive» (1992:83). Sosiologen Alfred Schutz snakkar om «den naturlege haldninga» (Schutz 1970), og peikar ut ei prepersonleg grunnhaldning som er perseptuelt tillitsfull overfor gjenstandar og deira rammebetingelsar. Fordi desse fenomena er fullstendig integrerte i dagleglivet og hovudsakleg fungerer fint, vil opplevinga av dei følest heilt verkelege og realistiske. Dei kan då vanskeleg kritiserast og reflekterast over til kvardags. Mediene inngår i dette feltet og vert såleis brukt til ei avslappa, ‘direkte’ forståing av kvardagen og medmenneska. Det er difor ikkje mykje hjelp i å spørja folk om persepsjonen deira. Bjelken i sitt eige auga ser dei ikkje, for det er den dei ser med.

For forskaren handlar det framleis om å fortolka forholdet mellom mediering og erfaring, men no med eit nøyaktig utforma vokabular i verktøykassa (sjå modell 1). Lat meg understreka at resultatet av forskaren sitt arbeid er ein implisitt persepsjon, dvs. ein beskrivelse av perseptuell erfaring av ein gitt teknologi i ein gitt historisk periode, og ikkje persepsjonen sjølv.

I fortsetjinga byggjer eg på fenomenologen og vitskapsteoretikaren Don Ihde sin teori om persepsjon og teknologi i Technology and the Lifeworld (1990) (11). Ihde meiner at ved bruk av tekniske instrument, det vere seg teleskop, bil, termometer eller fjernsyn, vert tilgangen til verda stabilisert av den aktuelle teknologien. Meininga med aktivitetane oppstår ut ifrå materielle forhold som er stabilisert ulikt i dei ulike instrumenta. Ihde føreset ikkje at persepsjonen som sådan er teknologisk determinert, men framhever tvert imot at forholdet mellom menneske og teknologi er multi-stabilt. Likheita med McLuhan sine idear i Understanding Media (1964) er slåande i all sin kontrastrikdom.

Nedanfor vil eg peika ut tre trekk ved den persepsjonen det er naturleg å ha overfor elektronisk medieutstyr, og som difor produserer samfunnsmessig forståing og kunnskap. Eg kallar dei perseptuell realisme, sosial transparens og teknologibevisstheit.

Perseptuell realisme

At teknologiforholdet har ein så sterk kroppsleg dimensjon, inneber i praksis at det forlenger sanseapparatet si rekkevidde, og endrar det personlege handlingsrommet samanlikna med situasjonar der ein teknologi ikkje vert brukt. For eksempel har briller eit grensesnitt som mogleggjer eit svært direkte engasjement med verda for den svaksynte, og det er nettopp fordi brillene inneber ei teknologisk forandring av hennar verd. Bilkøyring er også eit godt eksempel på perseptuell realisme. Handlingane under køyreturen skjer med ei så sterk innleving at sjåføren ikkje har eit bevisst forhold til teknologien. Tvert imot er det slik at viss ho byrjar å tenkja på måten ho køyrer bil på, kunne ho vorte ein farleg sjåfør.

Koblinga til den erkjenningsteorien eg kallar ‘enkel hermeneutikk’ er klar her. Perseptuell realisme viser til eit teknologiforhold som alltid er under utvikling, midt i ein prosess, men som ikkje dermed er subjektivt, impulsstyrt eller uforutsigbart. Teknologien er tvert imot styrande på ein så klar og forståeleg måte at det ikkje er bruk for refleksjon, ja, det kan vera direkte farleg å tenkja seg om.

Ut ifrå dette kan det formulerast ein interessant regel om vektinga mellom persepsjon og fortolking: All fortolking er perseptuell, men ikkje all persepsjon er fortolkande. Maurice Merleau-Ponty sin filosofi er godt eigna til å klargjera på kva måte persepsjonen er primær. I Phenomenology ofPerception (1945) framhevar han at kroppen sin omgang med teknologiar er ein del av sjølve det å vera eit menneske, og uttrykka seg som menneske.

To get used to a hat, a car ora stick is to be transplanted into them, or conversely, to incorporate them into the bulk of our own body. Habit expresses our power of dilating our befng-fn-the-world, or changing our existence by appropriatfng fresh instruments (Merleau-Ponty 1992:143).

Dette er kunnskap i hendene. Merleau-Ponty koblar dette teknologiske engasjementet til kommunikasjon gjennom diskusjon av fleire uttrykksteknologiar, spesielt orgelet og skrivemaskina. Her får han fram det ufortolka aspektet ved kommunikasjonen. Han seier at det er råd å skriva på maskin utan å kunna seia kvar bokstavane er på tastaturet. Å kunna skriva på maskin handlar difor ikkje om å vita plassen til kvar enkelt bokstav, og heller ikkje om å ha tileigna seg ein betinga refleks som vert utløyst når bokstaven vert sett. Folk sine kommunikative ferdigheiter er ikkje basert på mentale kunnskapssystem, og dei er heller ikkje automatiserte handlingar. I staden er dei kunnskap «[wjhich is forthcoming only when bodily effort is made, and cannot be formulated in detachment from that effort» (Merleau-Ponty 1992:144). ‘Effort’ tilsvarar her det eg kallar engasjement.

Radio og fjernsyn er for lengst naturaliserte i menneskelivet. Men dei utgjer svært kompliserte eksempel på det kroppslege engasjementet med verda som Merleau-Ponty skildrar. For eksempel endrar realismen deira seg hyppig pga. utskiftingar av komponentar i mediet. Lat meg ta eit eksempel på endring i perseptuell realisme frå radiolyttingas historie. Fyrst føregjekk lyttinga hovudsakleg med krystallapparat og høyretelefonar, men rundt 1925 kom det eit skifte til røyrforsterka apparat med høgtalar. Lyttinga endra seg frå ein isolasjonistisk aktivitet for teknisk interesserte (på linje med tidleg internettbruk) til ein samlande aktivitet for heile familien. Dette skiftet i brukargrensesnitt omskapte det akustiske uttrykket, og endringa hadde openbare perseptuelle og sosiale konsekvensar.

Sosial transparens

Radio og fjernsyn er sterkt prega av direktesendingas nerve, det intime personlege nærveret og ein makelaus realisme i lyd og bilete. Det er slåande kor like desse presentasjonane er på dei verkelege forholda, i det minste er kjensla av verkelegheit stor. Denne usikre tilkoblinga har altså svært høg status som kanal til eller kontaktpunkt med verda, og det skuldast ikkje så mykje det indeksikalske preget, men den retoriske oppbygginga av aksept, tillit og generell sosial identifikasjon. Massemediene vert på eit vis sosialt transparente som kompensasjon for den tekniske kompleksiteten.

Her er det viktig å peika ut mediet sin referensialitet, sjølv om det er vanskeleg. Radio og fjernsyn kan samanliknast med eit termometer. Her er det eit interessant forhold mellom det semiotikarar ville kalla symbolsk og indeksikalsk referanse. Eit termometer føreset ein kode for å kunna lesast, vanlegvis fahrenheit eller celsius, og dette er då ein symbolsk referanse. Men samstundes står utslaget på skalaen i eit indeksikalsk forhold til temperaturen utanfor vindauget, fordi kvikksølv utvider og trekkjer seg saman i forhold til temperaturen. I sum vert det avlest som ei sanning. Her er det ei samkøyring av språklege og fysikalske aspekt ved teknologien som gjer den realistisk og funksjonell.

Radio og fjernsyn fungerer ikkje heilt likt. Mediets indeksikalitet følgjer ikkje ved sida av ein kode, slik som i termometeret sitt tilfelle. Sjølve den materielle presentasjonen av verda er koda på måtar som brukaren må ha lært seg konvensjonane for, for å oppleva den som verkelegheitsnær. Dette kan gjelda normer for snakkemåten dersom ein talar skal verta oppfatta som truverdig, og konvensjonar for biletutsnitt, lydklipping, zooming etc. Denne ibuande kodinga av presentasjonen betyr at i motsetnad til termometeret kan ikkje eit massemedium seiast å visa enten rett eller feil. Det er ingen hjelp i å kassera fjernsynsapparatet viss du oppdagar at det ikkje viser eit korrekt bilete av verda.

På ein måte pressar mediet fram tillit frå brukarane. Ein radiolyttar har så lite handlingsrom overfor ei nyheit frå New York at han må investera tillit til at hendingane vert presenterte sannferdig. Ja, på grunn av fjernsynet sin sterke tendens til å følast transparent, kan han gjerne føla seg som eit vitne til hendingar langt borte. Det å ha sett månelandinga på fjernsyn i 1969 har ein vitnestatus som ingen etterfølgande generasjonar kan visa til. Det vert gjerne sagt at radio og fjernsyn har ein særleg liveness (13).

I kontrast til dette vil journalistane i eit produksjonsmiljø kjenna til detaljar om presentasjonen som vanlege sjåarar ikkje har tilgang til, og dette peikar mot ein klar skilnad i bevisstheita om verkemiddel. Den eine parten er naiv medan den andre er vel vitande om alle inngrepa i indeksikaliteten. Ein annan måte å seia dette på er at lekmannen får ei kjensle av verkelegheit når han ser Dagsrevyen, medan journalisten simpelthen ser eit meir eller mindre godt produsert innslag.

Massemediene har stort rom for sviktande tillit fordi den enkelte presentasjonen kviler på retoriske og kommunikative konvensjonar som vert følt ulikt av ulike personar. Noko så vagt som stemningar kan bestemma utfallet, enten det er den retoriske stemninga i programmet eller private stemningar framfor apparatet. I diskusjonen av språkstrukturane si rolle er det viktig å hugsa at dei er ein del av det kroppslege engasjementet i verda, og kan utforskast ut ifrå dette startpunktet så vel som frå det strukturelle.

Her står spørsmålet om kontakt sentralt. Kva er det som sikrar ein reell sosial identifikasjon mellom partane i radioen? Eg har alt peika i retning av det umiddelbare, eller liveness. Det er verdt å gå ein filosofisk omveg for å presisera den gjensidige attraksjonen som denne kvaliteten har, ikkje minst fordi den har mykje å seie for retoriske strategiar. Merleau-Ponty oppfattar språkleg åtferd som ein instruktiv spontanitet (Merleau-Ponty 1964:97). Språkbruk og språkforståing er ein situasjonsbestemt anvendelse av semiotiske strukturar, meiner han, og vil læra oss «a new conception of the being of language, which is now logic in contingency – an oriented system which nevertheless always elaborates random factors, taking what was fortuitous up again into a meaningful whole – incarnate logic» (Merleau-Ponty 1964:88).

Ein god radiotalar må vera våken for det kontingente i kommunikasjonen – det forståingsarbeidet som tvingar seg på frå den umiddelbare omgjevnaden og må utførast på ein god måte akkurat no. Her er det mykje som liknar på det den retoriske tradisjonen kallar kairos, dvs. ei umiddelbar verbal situasjonsforståing som gjer at ein kan gripa inn i og forandra situasjonen (14). Radioatferda tek instruks frå språk og teknologi, og ved hjelp av desse instruksane kan den vera spontan og konvensjonelt kommunikativ samtidig. Dette er ein ‘enkel hermeneutikk’ i den forstand at refleksjon og fortolking ikkje eingong vert omtalt, sjølv om språket står i sentrum for skildringa.

Det endelege poenget er at også i massemediene kan ein person vera oppriktig og initiativrik i kommunikasjonen, og verta oppfatta som oppriktig av brukarane. Då er mediet så sosialt transparent som råd er. Sjølv om kritiske medieforskarar påpeikar ei mengd manipulative grep og rutinemessige forenklingar, er radio og fjernsyn sosialt transparente nesten heile tida.

Langsiktige vanar eller rutinar er svært viktige for denne store tilliten. Etter tiår med fjernsynssjåing har folk ei naturleg haldning overfor dette grensesnittet, fordi det er fast inventar i kvardagslivet. Paddy Scannell (1996) hevdar at «dailiness» er ein avgjerande kvalitet ved både radio og fjernsyn, og at dette er ei teknologisk oppretta kontaktflate med stor sosial klangbotn. Slik perseptuell avhengigheit av teknologi vert knapt nok merka i dagleglivet. Tanken om ‘sosial transparens’ inneber difor også at mediet kan verta ei sosial livsforsikring, at det kan fungera som garanti for medmenneskelege stimuli i ein einsom kvardag.

Teknologibevisstheit

Det er ikkje uvanleg å ha ei kjensle av at teknologi er noko fullverdig og nesten menneskeleg i sin eigen rett. For eksempel kan ein gamal Volvo Amazon vera så kjær for eigaren at han vert på gråten når bilen går på søppelfyllinga, sjølv om bilen kanskje ikkje har vore starta på tjue år. Teknologi kan verta menneskets beste venn, og ei slik antropomorfisering er eit viktig trekk ved mediene for mange. Her har ikkje mediet nokon transparens i forhold til ting utanfor seg sjølv, det har blitt til gjenstand for ei strengt privat erfaring.

For eksempel kan grensesnittet (og plattformen) avgi sin eigen lyd. Ein Beatles-elskar kan vera så knytt til ‘sounden’ av sine gamle mono-singlar spelt på Sølvsuper-anlegget at dette materielle trekket vert avgjerande for musikknytelsen. Denne perseptuelle erfaringa treng ikkje stå i forhold til funksjonalitet, men opphevar den på mange måtar. I staden er det følelsen av å ha erfaringa som gjeld. Ein viss teknologi vert då foretrekt framfor ein annan på reint estetisk grunnlag. Du lyttar til lyden av ei singleplate, og ikkje til the Beatles. Dette trekket ved persepsjonen er teknologirefleksivt fordi det her er ei klar bevisstheit om at det er teknologien som skapar den aktuelle erfaringa.

Ei følgje av dette kan vera at engasjementet med teknologien som teknologi kan bli viktig for ein person sin identitet. For eksempel er det vesentleg for sjølvforståinga til mange menneske å kunna visa fram ein stilig mobiltelefon. Det er ei veksande utbreiing av digitale plattformar for kommunikasjon, og det går med mykje tid til plundring og leik med utstyret. Kanskje vert spørsmål omkring teknologisk orientert identitetsdanning meir presserande enn før som ei følgje av dette.

Konklusjon: Mediet innrettar mennesket

Går det an å forska på persepsjonen av medier? Eg meiner å ha svart eit overtydande ja på dette spørsmålet. Dersom forskaren startar med teknologi i staden for tekst, vert gjenstanden for persepsjon mykje lettare å sjå, og derifrå kan ein slutta seg til vesentlege sanse- og handlingsmessige ferdigheiter. Desse er pre-personlege og utbreidde på brei front i folkesetnaden, dei er ikkje subjektive eller strengt private.

Eg har skissert det grunnleggande teknologiske systemet til eit elektronisk medium (radio), og drøfta tre trekk ved den persepsjonen det er naturleg å ha overfor det (perseptuell realisme, sosial transparens og teknologibevisstheit). Slik meiner eg å ha vist at det går an å teoretisera persepsjonen i eit humanistisk perspektiv. Rett nok er mitt resultat ein implisitt persepsjon, ein skriftleg beskrivelse som berre kan appellera symbolsk, men skildringane vert ikkje nødvendigvis urealistiske eller uviktige av den grunn.

Eit ankepunkt mot mitt prosjekt kan vera at det ikkje har ein velutvikla vitskapleg metode (15). Eg sa jo i starten at hermeneutikk også handlar om å skapa empirisk kunnskap om emnet. Men for at ein stabil metode skal kunna oppstå, må enkeltforskaren og miljøet gjera forbetringar og justeringar i både det metodologiske og teoretiske resonnementet over tid.

Posisjonen står også open for eit anna hogg. Sidan den er eksplisitt kobla til mediumteori, vil nokon garantert oppfatta resonnementet som teknologisk determinisme. Forskarar er generelt raske til å fremja slik kritikk. Fordi teknologiske og industrielle forhold kan framtre som sentrale premissleverandørar for kommunikasjonen, er det ikkje uvanleg at forskaren føler at sentrale verdiar vert truga. Som forsvar legg forskaren gjerne ekstra stor vekt på mennesket sin forståingsfridom, og ender opp i ein posisjon som kan kallast ‘sosial determinisme’.

Eg avviser einkvar tanke om at min teoretiske posisjon er deterministisk. Den er konstruktiv. Dersom teknologiar verkeleg påverkar persepsjonen og forståingsmønstra til menneske, så følgjer det at menneske kan konstruera visse teknologiar for å skapa visse forståingsmønster. Særleg forskarar vil kunna arbeida med slike moglegheitar, og her ligg moglegheita for at medieforskinga gjev seg sjølv eit nytt mandat i samfunnslivet.

Ein forskar kan prøva å byggja eit teknologisk system som fremjer ein viss verdi. I radiosamanheng kan han for eksempel søkja etter eit grensesnitt og ein plattform som fremjer ein viss type dialog maksimalt. Det er rimeleg å tru at eit radioformat med gratis innringing og lang taletid for alle som kom på lufta vil fremja dialogferdigheitene i samfunnet meir enn P4 sine konkurransar på SMS.

Sjølv om det siste resonnementet kan framstå som deterministisk, er det rettare å seia at det peikar ut kommunikasjonens materialitet som ein viktig dimensjon. Her er den teoretiske balansekunsten for å unngå determinisme ei ståande utfordring. Det er den fysiske kontakten mellom menneske og teknologi som skapar forståing. I koblingspunktet skjer det ein mirakuløs ting, nemleg at ein forutsigbar teknologisk funksjonalitet får ein uforutsigbar menneskeleg verdi. Forskaren må streva etter å beskriva begge desse kreftene utfyllande, ellers vert verkelegheita forvrengt.

Artikkelen er ein omarbeidd versjon av innlegget «Sanselaus medievitskap. Om grensenefor ‘tekst’ og ‘lesing’ i medievitskap», som vart halde som vitskapsteoretisk innlegg i mai 2001. Kommisjonen oppfatta det som teoretisk grovkorna og unødvendig polemisk, og underkjente det. Vinteren 2003 vart ein ny versjon levert på nytt under tittelen «Mediumteori», og den vart godkjent.

Noter:

1. For fyrstegenerasjons mediumteori sjå for eksempel Innis(i99i) [1951]; Horton & Wohl (1979) [1956]; Carpenter (1979) [1960]; McLuhan (1994) [1964]; Schwartz (1974) og Ong (1982).
2. For andregenerasjons mediumteori sjå for eksempel Meyrowitz (1985); De Kerckhove-(i995); Kittler (1999) [1986].
3. Min fenomenologiske posisjon er særleg basert på Merleau-Ponty (1992) [1945]; Ihde (1990); Borgmann (1984); Arnheim (1986) [1936]; Scannell (1996) og Johansen (2002).
4. Min hermeneutiske posisjon er basert på tankar som kan finnast hjå Gadamer (1989) [1960]; Ricoeur (1991); Iser (1978) og Jakobson (1988) [1960], sjølv om han ikkje alltid vert tenkt på som ein hermeneutikar.
5. Liv Hausken (1999) har gjeve eit oversyn over kontrastar og likheitspunkt mellom desse tradisjonane, særleg i tilknytning til foto og film.
6. Ein slik mistankens hermeneutikk kan ein for eksempel finna hjå Foucault (1994) [1966].
7. Ein kjernetekst i cultural studies-tradisjonen er Stuart Hall (1980). Ei sentral lærebok imediefaget dei siste tiåra har vore Allen (1992), der fjernsynet vert analysert med ei rekkje ulike kulturanalytiske metodar.
8. Sjå Roland Barthes (1977a; 1977b); Ellis (1982) og Gumbrecht & Pfeiffer (1994).
9. For tidlegare forsøk frå mi side på å innkretsa persepsjonen i audit.
10.Det finst mange verk som diskuterer det eg kallar ‘plattformar’. Sjå for eksempel Chanan (1995); Winston (1998); Kittler (1999) [1986] og Briggs & Burke (2002). Verket Norsk mediehistorie av Bastiansen & Dahl (2003) er svært bevisst på makrohistoriske endringar i plattformane for massekommunikasjon.
11. Andre nyare bidrag til den teknologifilosofiske tradisjonen er Borgmann (1984); Winner (1986); Carey & Quirk (1989); Mitcham (1994) og Feenberg (1999).
12. Beslekta tilnærmingar til persepsjon kan finnast i Gibson (1966); Spicker (1970); Sobchack (1992).
13. Forsking på ‘sosial transparens’ (utan at dei brukar dette begrepet) kan finnast hjå Meyrowitz (1985) om amerikansk fjernsyn, hjå Auslander (1999) om liveness i direkte og innspelte presentasjonar, og hjå Ellis (2000) og Durham Peters (2001) om reportasje og direkteoverføring i fjernsyn.
14. Sjå Andersen (1997) for ein introduksjon til det antikke begrepet om kairos. For ei drøfting av kairos i samband med stemmebruk i radio, sjå Nyre (2000). Det finst også klare likskapar mellom instruktiv spontanitet og det Bitzer (1991) [1968] kallar «den retoriske situasjonen».
15. Sjå likevel Nyre (2003), der mediumteorien sin metodologi vert grundig drøfta og ein spesielt tilrettelagt historisk metode vert anvendt på to medier: radio og musikkinnspeling.

Litteratur

Andersen, Øivind (1997), «Rette ord i rette tid», i Rhetorica Scandinavian nr. 4.
Allen, Robert C. (red.) (1992), Channels of Discourse, Reassembkd. London: Routledge.
Arnheim, Rudolf (1986) [1936], Radio. Salem: Ayer Company.
Auslander, Philip (1999), Liveness. Performance in a Mediatized Culture. New York: Routledge.
Barthes, Roland (1977a), «Rhetoric of the Image», Umage, Musk, Text. London: Fontana Press.
Barthes, Roland (1977b), «The Grain of the Voke», Umage, Musk, Text. London: Fontana Press.
Bastiansen, Henrik Grue & Hans Fredrik Dahl (2003), Norsk mediehistorie. Oslo: Universitetsforlaget.
Benjamin, Walter (1968) [1936], «The Work of Art in the Age of Mechanical Reproduction», illluminations. Essays and Reflections. New York: Schocken Books.
Bitzer, Lloyd (1991) [1968], «The Rhetorical Situation», i Medhurst, M. & T. Benson (eds.), Rhetorical Dimensions inMedia. A Critical Casebook. Dubuque: Kendall/Hunt.
Borgmann, Albert (1984), Technology and the Character of Contemporary Life. Chicago: Chicago University Press.
Briggs, Asa & Peter Burke (2002), A Social History of the Media. From Gutenberg to the Internet. London: Polity Press.
Carey, James & John Quirk (1989), «The Mythos of the Electronic Revolution», i Communication as Culture. Essays on Media and Society. New York: Routledge.
Carpenter, Edmund (1979) [1960], «The New Languages», i Gumpert, Gary & Robert Cathcart (eds.), INTER/MEDIA. Interpersonal Communication in a Media World. New York: Oxford University Press.
Chanan, Michael (1995), Repeated Takes. A Short History of Recording and its Effects on Music. New York: Verso.
De Kerckhove, Derrick (1995), The Skin of Culture. Investigating the New Electronic Reality. London: Kogan Page.
Durham Peters, John (2001), «Witnessing», i Media, Culture & Society nr. 6.
Ellis, John (1982), Visible Fictions. Cinema: Television: Video. London: Routledge.
Ellis, John (2000), Seeing Things. Television in the Age of Uncertainty. London: LB. Tauris.
Feenberg, Andrew (1999), Questioning Technology. New York: Routledge.
Foucault, Michel (1994) [1966], The Order of Things. An Archaeology of the Human Sciences. London: Routledge.
Gadamer, Hans-Georg (1989) [1960], Truth and Method. London: Sheed & Ward.
Gibson, James J. (1966), The Senses Considered as Perceptual Systems. Boston: Houghton Mifflin.
Gumbrecht, Hans Ulrich & K. Ludwig Pfeiffer (red.) (1994), Materialities of Communication. Stanford: Stanford University Press.
Gripsrud, Jostein (1995), The Dynasty Years. Hollywood Television and Critical Media Studies. New York: Routledge.
Hall, Stuart (1980), «Encoding/Decoding», i Hobson, Lowe & Ellis (eds.), Culture, Media, Language. London: Hutchinson.
Hausken, Liv (1999), Semiologi og fenomenologi i teorier om de fotografiske medier. Arbeidsnotat ved Institutt for medievitskap, Universitetet i Bergen.
Hausken, Liv (2000), «Tekstteoretiske utfordringer i den medievitenskapelige disiplin», i Norsk Medietidsskrift nr. 1.
Horton, Donald & Richard Wohl (1979) [1956], «Mass Communication and Para-Social Interaction: Observations on Intimacy at a Distance», i Gumpert, Gary & Robert Cathcart (red.),INTER/MEDIA. Interpersonal Communication in a Media World. New York: Oxford University Press.
Ihde, Don (1990), Technology and the Lifeworld. From Garden to Earth. Indianapolis: Indiana University Press.
Innis, Harold (1991) [1951], The Bias of Communication. Toronto: University of Toronto Press.
Iser, Wolfgang (1978), The Act of Reading. A Theory of Aesthetic Response. Baltimore: Johns Hopkins University Press.
Jakobson, Roman (1988) [1960], «Linguistics and poetics», i Lodge, David (ed.), Modem Criticism and Theory. A Reader. London: Longman.
Johansen, Anders (2002), Talerens troverdighet. Tekniske og kulturelle betingelser for politisk retorikk. Oslo: Universitetsforlaget.
Kittler, Friedrich (1999) [1986], Gramophone, Film, Typewriter. Stanford: Stanford University Press.
McLuhan, Marshall (1994) [1964], Understanding Media. TheExtensions of Man. Cambridge: MIT Press.
Merleau-Ponty, Maurice (1992) [1945], Phenomenology of Perception. London: Routledge. Omsett frå fransk av Colin Smith.
Merleau-Ponty, Maurice (1964) [1951], «On the Phenomenology of Language», i Signs. Evanston: Northwestern University Press. Omsett frå fransk av Richard C. McCleary.
Meyrowitz, Joshua (1985), No Sense of Place. The Impact of Electronic Media on Social Behavior. New York: Oxford University Press.
Meyrowitz, Joshua (1995), «Medium Theory», i D. Crowley & D. Mitchell (red.), Communication Theory Today. Cambridge: Polity Press.
Mitcham, Carl (1994), Thinking Through Technology. The Path between Engineering and Philosophy. Chicago: University of Chicago Press.
Morley, David & Roger Silverstone (1990), «Domestic communication – technologies and meanings», i Media, Culture and Society nr. 1.
Nyre, Lars (1997), Radioen og det lydlege. Om nokre føresetnader for studiet av mediepersepsjon. Rapport nr. 34, Institutt for medievitskap, Universitetet i Bergen.
Nyre, Lars (1998), «Språkrørsler i radio – ei fenomenologisk tilnærming til lyd», i Norsk Medietidsskrift nr. 1.
Nyre, Lars (2000), «Retorisk spontanitet og kontroll», i Rhetorica Scandinavica nr. 14.
Nyre, Lars (2003), Fidelity Matters. Sound Media and Realism in the 20th Century. Volda: Høgskulen i Volda.
Ong, Walter (1982), Orality and Literacy. The Technologizing of the Word, New York: Routledge.
Ricoeur, Paul (1991), «The Task of Hermeneutics», From Text to Action. Evanston: Northwestern University Press.
Scannell, Paddy (1996), Radio, Tekvision & Modem Life. Oxford: Blackwell.
Schutz, Alfred (1970), On Phenomenology and Social Relations. Chicago: University of Chicago Press.
Schwartz, Tony (1974), TheResponsiveChord. New York: Anchor Books.
Schwebs, Ture & Helge Østbye (1999), Media i samfunnet. Oslo: Samlaget.
Skjervheim, Hans (1976) [1962], «Oppleving og eksistens», i Deltakar og tilskodar og andre essays. Oslo: Tanum-Norli.
Sobchack, Vivian (1992), The Address of the Eye. A Phenomenology of Film Experience. Princeton: Princeton University Press.
Spicker, Stuart (red.) (1970), The Philosophy of the Body Rejections of Cartesian Dualism. New York: Quadrangle.
Winner, Langdon (1986), The Whale & the Reactor. A Search for Limits in an Age of High Technology. Chicago: Chicago University Press.
Winston, Brian (1998), Media Technology and Society. A History From the Telegraph to the Internet. London: Routledge.