Til toppen

Intellektuell sjølvbiografi for Lars Nyre frå 1995 til 2018

Eg har vore ein aktiv medieforskar i 23 år, og har 21 år igjen til eg vert pensjonist. Halvvegs i forskarlivet gjer eg opp status.

Denne sjølvbiografien heng saman med at svært mange av mine publikasjonar no er tilgjengelege på larsnyre.no og larsnyre.com. Her skriv eg ei forteljing om alle desse tekstane som er skrivne på engelsk og norsk, og på ulike fagområde over ganske lang tid. Det viser seg at dei faktisk saman med kvarandre og utgjer ein original teori om medier.

Her handlar det mest om faglege posisjonar. Du finn informasjon om min forskings-CV, undervisningsportefølje og karrierehistorie på tilsettsida ved Universitetet i Bergen.

Historia vert fortalt nokolunde kronologisk, og er delt i fem kapittel:

Introduksjon

Når eg ser tilbake på ungdomstida mi står det klart at eg alltid skulle bli ein medievitar. Heilt frå barndomen på Voss var eg oppteken av populærkultur, filmar, musikk og bøker. Eg høyrde på Beatlesplatene til mor mi, kjøpte psykedelia-LPar på postordre frå Lærdal, og abonnerte på amerikansk MAD i mange år. Eg leste alle Hardybøkene, alle Agatha Christie-romanane, Bagley, McLean og etterkvart meir seriøse klassikarar som Bjørneboe, Kafka og Mykle. Min kulturelle skulesekk er nok ganske typisk for unge menn som drog til universitetet frå bygdene på Vestlandet på 80- og 90-talet.

Slik såg eg ut i 2003. (Foto: Silje Gripsrud).

Eg set starten på mi intellektuelle karriere til 1995. Då fekk eg min fyrste teoretiske eller drøftande publikasjon på trykk. Det var ein kronikk i Morgenbladet med tittelen ”Misbruk av ytringsfridomen” der eg brukte akademiske prinsipp for argumentasjon etter beste evne. Den kanskje viktigaste boka er Sound Media. From live journalism to musical recording (LENKE) på Routlege i 2008. Den mest aktuelle når dette vert skrive i august 2018 er ««Making business models for academic prototypes. A new approach to media innovation» (LENKE) i Journal of Media Innovation.

Akademisk forsking må føregå utan tidsfrist og utan krav om profitt. Eg skjøttar mi rolle som professor ved Universitetet i Bergen slik at eg står mest mogeleg fritt overfor dei rådande meiningsregima. Eg vil ikkje verta forhåndsinkludert i nokon etablerte posisjonar, og dette er eit akademisk privilegium som eg brukar heile tida.

Min faglege sjølvbiografi får større alvor etterkvart. I mi tid som medieforskar (ca. 1995 til no) har utviklinga vore tydeleg. Eg ser med veksande bekymring at den  menneskelege kommunikasjonen kviler stadig tyngre på datamaskiner, mobilar og deira grensesnitt. Arbeidet med å laga alternative medieløysingar har vorte meir presserande for kvart år. Frå omtrent 2012 sa eg farvel til rollen som intervjuobjekt, ekspert og debattant i den norske offentlegheita. Sidan 2016 har eg brukt all mi forskings- og undervisningstid på mediedesign og teknologiteoriar. Kunstig intelligens er eit av dei viktigaste tema i mediesektoren no for tida, og må utforskast av friståande akademiske miljø såvel som av marknadsinteresser og regjeringar.

1. Teknologihistorie

I mange år studerte eg samverknaden mellom lydteknologiar og samfunnet, og fordjupa meg i teknologihistorie, vitskaps- og teknologifilosofi og andre tilnæringar til lydmediehistoria. Eg var opptatt av kva rolle lydmedier speler for vår forståing av verda. Ordentleg historisk danning inkluderer kunnskap om korleis teknologiar er innvevde i den menneskelege kommunikasjonen. Rundt 2008 følte eg meg ferdig med å skriva historisk om mediene, og eg fokuserte meir på samtidas journalistikk, offentlegheit og brukarmønster. Fyrst rundt 2016 tok eg oppatt denne fyrste tråden i mitt forfattarskap, men då med eit meir generelt fokus på teknologiteoriar.

Radio og musikkinnspeling (1995 – 2008)

Eg byrja på houvudfag i medievitskap på Universitetet i Bergen i 1994. I denne tidlege fasen var eg 100 % fokusert på radiomediet, særleg det fundamentale forholdet at radio kommuniserer i lyd åleine. Min fyrste publikasjon om dette temaet kom i studenttidsskriftet Replikk under tittelen ”Den ekstraordinære høyringa” (1995). Eg fekk Norgesnettstipend ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen hausten 1997. Anders Johansen var hovudrettleiar, og Don Ihde (USA) var birettleiar. Eg var på eit forskaropphald ved Ihde sitt institutt ved Stony Brook University, New York i år 2000. Her lærte eg mykje om amerikansk teknologihistorie og –filosofi. Doktorgradsperioden frå 1997 til 2003 var ein periode der eg forska og arbeidde på eigenhand, og den står i stor kontrast til det mykje meir omfattande samarbeidet eg byrja med då Linda Eide og eg skriv lærebok i lag frå 2003-2004, og også samarbeidet med Barbara Genikow i Kulturteknikker byrja.

Sjølvportrett frå ca. 2005. (Foto: Lars Nyre).

Radioen og det lydlege (1997) er ei fenomenologisk prega hovudoppgåve i medievitskap, der særleg Merleau-Ponty sin persepsjonsteori og Alfred Schutz sin sosiologi var i fokus. Eg hadde Anders Johansen som rettleiar på hovudoppgåva. Arbeidet med oppgåva førte også til to vitskaplege artiklar, nemleg “Språkrørsler i radio” i Norsk medietidsskrift (1998), og “Retorisk Spontanitet og kontroll” i Rhetorica Scandinavica (2000).

Fidelity Matters. Sound Media and Realism in the 20th Century (2003) er det største samanhengande forskingsarbeidet så langt i karrieren min. Det er ei makrohistorisk forteljing om den perseptuelle opplevinga av radio- og musikklyd i Vesten frå 1870-talet fram til vår tid, med ein omfattande teoretisk introduksjon til ”mediumteori”. Eit sentralt poeng var at det føregår ein materiell determinasjon av meining i kommunikasjonen, og kvalitetane i denne kan ikkje styrast av nokon. Avhandlinga spenner opp dei store teknologiske og sosiale utviklingstrekka i radio og musikkinnspeling, gjennom ein kombinasjon av makrohistorisk metode og retorisk analyse av ein serie med lydeksempel. Det følgde med ein CD med 44 spor frå heile perioden, inkludert både popmusikk, klassisk musikk, live sportsjournalistikk og tett redigerte nyheitssaker, som alle vart analysert i detalj med omsyn på romlegheit, tidslegheit og personframtoning. Forteljinga sluttar med digital innspeling på 1990-talet, og internettets påverking på medieerfaringa vert ikkje drøfta.

Lærebøker om radio

Radiomediet har vore ein viktig del av min akademiske identitet, også når det gjeld undervisning. Radioradio. Lyd i journalistikk (2004) er skriven saman med journalist Linda Eide, og handlar om den journalistiske dimensjonen ved radio. Me henvendte oss både til studentar og profesjonelle. Boka er sterkt prega av samarbeid, og me skreiv alle kapitla i lag. Dette bidrog til at fokuset vart langt meir praktisk og matnyttig for journalistar enn eg åleine kunne fått til. Radioradio har stor vekt på lydeksempel på ein vedlagt CD, og nesten alle eksempla er norske. Det pedagogiske formålet var å forklara korleis dei sosiale stemningane mellom lyttarar og program blir brukt av radiojournalistar, i sjangrar som vitnejournalistikk, redigerte reportasjar og aktualitetsmagasin. Boka er delvis beslekta med mi doktorgradsavhandling, men utan omtale av musikkinnspeling eller internasjonal lydmediehistorie.

Sound Media (2008) er basert på doktorgraden, men er sterkt omarbeidd og har eit nytt kapittel om ”The Acoustic Internet”. Viktigast er det at den historiske kronologien er snudd om, slik at heile forteljinga går bakover frå notid til fortid. Denne metoden kallar eg ’backwards history’, og praktiserer den aktivt i forelesingsamanheng. Også i Sound Media er det stor vekt på analyse av vedlagte lydeksempel på ein CD, deriblant ei rekkje nye lydeksempel som er betre tilpassa det anglosaksiske språkområdet. Sverre Liestøl ved Høgskulen i Volda var sentral i å få finansiert CDen. Det mest originale med Sound Media samanlikna med Fidelity Matters er likevel det rike illustrasjonsmaterialet, der teiknar Atle Skorstad lagde historiske tablå og tekniske teikningar, medan eg sjølv lagde tidslinjer over dominansen til ulike lydteknologiar. Eg har arbeidd vidare med grafiske forteljemetodar, og den kan blant anna sjåast i artikkelen ”Cartographic Journalism” (2011).

Lyngvær, Jørgen Warvik, Linda Eide og Lars Nyre (2017) Lydjournalistikk. Ei innføring i radio og podkasting. Oslo: Samlaget 2017.

Mediumteori (2003-2007)

Interessa for teknologihistorie vart etterkvart meir teoretisk, og eg byrja å reflektera over fleire typar av teknologiar i tillegg til radio og musikkinnspeling. Saman med Atle Skorstad var eg redaktør for ei samling med klassiske medievitskaplege tekstar; Magiske systemer (2001). Det fyrste tydelege ekesempelet på mi eiga tenking om teknologi er kronikken «Medieavhengig i Amerika» (2003) i Klassekampen.

”Mediumteori” i Norsk Medietidsskrift (2004) er ei omarbeiding av mitt vitskapsteoretiske innlegg som vart godkjent vinteren 2003. Her set eg fram ein kritikk av medievitskapen sin mangel på interesse for perseptuelle og materielle forhold i massekommunikasjonen, med Jostein Gripsrud si The Dynasty Years (2005) som angrepsmål. Den tunge semiotiske inspirasjonen gjorde at mykje medieforsking ikkje tok tilstrekkeleg omsyn til sansing og teknologi i kommunikasjonen. Eg argumenterte for at det trengst meir kjenslevare tilnærmingar til den kulturelle betydninga av teknologiske forhold, og lanserte tradisjonen for ’mediumteori’ i USA som eit forslag. I ettertid har denne typen teknologiforståing blitt mykje meir utbreidd i medieforskinga.

Eg har skrive to engelskspråklege artiklar om moderne teknologihistorie som eg gjerne vil framheva. “The Interactive Sublime. Obstacles to Dialogue in Digital Broadcasting» (2006) tok for seg James Carey’s analyse av korleis folk blir fascinert av dei nye muligheitane som teknologisk fenomen, utan dermed nødvendigvis å bruka dei til noko viktig. Artikkelen “What happens when I turn on the TV set?” (2007) handla om fjernsynets teknologiske karakter, med særleg vekt på Paddy Scannells påstand om at denne erfaringa er fundamentalt sosial, og difor meiningsfull i seg sjølv.

«What is teletext?» (2016). DENNE ER IKKJE PUBLISERT.

Radio på internett (2003 – 2010)

Frå 2004 gjekk eg inn i ein aktiv periode som forskingsleiar i europeisk målestokk. Djupast sett var eg interessert i samtidshistorie, og difor var det svært nyttig å vera i så hyppig kontakt med forskarar frå andre land. Eg arbeidde mest med historien om medieteknologiar etter 1990, og særleg innflytelsen frå internett og mobiltelefon.

Eg vart introdusert til europeisk forsking på området gjennom COST A20 “The Impact of the Internet on Mass Media in Europe”. Eg deltok som menig medlem frå 2001, og i 2004 fekk eg ansvar for å stabla på beina ei forskingsgruppe for radio- og lydmedier. Eg etablerte og leia forskarnettverket Digital Radio Cultures in Europe (DRACE).

Radioforskargruppa DRACE hadde møte i Dublin i 2006. Frå venstre Alexandros Baltzis, Lars Nyre, Stephen Lax, Marko Ala-Fossi og Susana Santos. (Foto: Helen Shaw).

Gruppa forskar på framtida for radio i det digitale medielandskapet, med særleg vekt på Europa, og diskusjonen rundt innføringa av DAB. Eg koordinerte både seminarverksemd, økonomi og publikasjonsplanar i tre år (2004-2006), heilt til COST A20 var avslutta. Her samarbeidde eg tett med Colin Sparks (Storbritannia).

Arbeidet i DRACE resulterte i artikkelen “The Next Generation Platform. Comparing audience registration and participation in digital sound media” (2008), saman Marko Ala-Fossi. Eg bidrog også til ein monografi på Intellect med tittelen Digital Radio in Europe: Technologies, Industries and Culture (2010). Boka vart skriven i tett samarbeid med Brian O’Neill (Irland), Per Jauert (Danmark), Stephen Lax (Storbritannia) og Helen Shaw (Irland). DRACE gjorde også ein kvalitativ intervjustudie som eg omtalar nærare nedanfor. No lever gruppa vidare som eit sjølvstendig forskarnettverk, der særleg dei teknologiske og reguleringsmessige forholda ved radio står i sentrum.

Anti-DAB

Årstal. Eg har skrive ein del om innføringa av DAB-radio i Noreg, men har alltid oppfatta DAB som ein mindreverdig teknologi, og vart til slutt heilt oppgitt. MEIR.

2. Journalistikk

Som medievitar er eg interessert i kommunikasjonen mellom menneske; særleg deira oppleving av det å kommunisera. Det virkar som menneska alltid har noko å seia til kvarandre, og formidlar innsiktene sine både privat og offentleg. Her er journalistikk i særklasse den viktigaste forma for kommunikasjon, og eg i ein lang periode hadde eg hovudfokus på journalistikkforsking. Dette skjedde samtidig med ei vesentleg endring i metodiske framgangsmåtar. Fram til rundt 2003 var eg ein arkivar og kjeldeforskar, men frå då av har eg basert forskinga mi på kvalitative intervju med journalistar, leiarar og vanlege folk. Denne typen humanistisk forsking er ein heilt nødvendig del av mitt virke. Viss eg ikkje konsulterer folk på ein grundig hermeneutisk måte vil forskinga mi på kommunikasjon til slutt bli utdatert.

Den raude sekken følgte meg i mange år. (Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås).

Kulturteknikker (2003 – 2006)

I 2003 fekk eg postdoktorstipend innafor Barbara Gentikow sitt prosjekt «Nye medier som kulturteknikker og fora for kommunikativ handling. Empiriske studier og byggestener til en teori» frå 2003 til 2006. Prosjektet var finansiert av Norges forskningsråd innenfor programmet Kommunikasjon, IKT og medier (KIM). Kulturteknikker hadde som føremål å undersøka nye mediers påverking på den demokratiske offentlegheita i vestlege land. Jürgen Habermas’ offentlegheitsteori var heilt sentral, særleg for prosjektleiar Barbara Gentikow sitt arbeid.

Eg byrja å gjera kvalitative studier av journalistikkens rolle i samfunnet, med særleg fokus på vanlege menneske sin mediebruk. Ei god oppsummering av mine innsikter frå Kulturteknikkar kan finnast i bokkapittelet “Nye medier, gammeldags journalistikk” (2006). LENKE.

I denne fasen var eg svært normativ i tilnærminga til medier. Eg hadde jobba med distanserte historiske perspektiv på mediene i mange år, og Kulturteknikker gjorde at eg kom tettare på den empiriske verkelegheita i Noreg, både når det gjaldt status for medieteknologiane og folk si medieåtferd. Her vart det mykje nytt, og internett kunne skapa både god kommunikasjon og meir av det same gamle. Her ville det avhenga av forskaren sine metodar og innsats.

Eg var ansvarleg for eit doktorgradskurs «Technology and the Public Sphere» i 2006, og her var det fokus på god kommunikasjon.

Vanlege folks deltaking i mediene (2005)

Då eg var med i Kulturteknikker leia eg den kvalitative intervjustudien ”Participation in the Media”, som var eit samarbeid med DRACE. Prosjektet tok utgangspunkt i dei nye muligheitane for deltaking eller ’interaksjon’ i mediene, og dette temaet har vorte sentralt i moderne medieforsking. Utifrå demokratiteoriar vil det vera bra at fleire menneske deltek i offentlegheita, og me ville spørja vanlege folk kva erfaringar med og meiningar om å delta i program som Big Brother, SMS-fjernsyn og innringingsprogram på radio. På grunn av kontaktnettet i DRACE lykkast me med å utføra ei komparativ undersøking av to land i 2005. Mediepsykolog Markus Appel (Tyskland) var sentral i utviklinga av spørjeskjema og intervjumetode, medan sjølve intervjuunderøskinga fann stad i Bergen, Noreg og Dublin, Irland. Brian O’Neill og eg utførte 32 kvalitative intervju i kvar vår by, med hjelp frå vitskaplege assistentar. Materialet vart svært omfattande og rikt, og det vart i fyrste omgang brukt til ei masteroppgåve og ei rekkje konferansepapers frå Appel, O’Neill og meg sjølv.

“For and against participation” (2011) er skriven saman med Brian O’Neill. Dette er ein ei hermeneutisk analyse av heile spekteret i informantane sine meiningar om deltakingar. Same person kunne vera både for og imot deltaking avhengig av kva programformat og tematikk det var snakk om. Artikkelen brukar både det norske og irske intervjumaterialet, og har mange interessante sitat.

Journalistars bruk av søkemotorar (2007) 

“Journalisten som teknologisk determinist: holdninger til søkemotorer og nettpublisering” (2010) er eit bokkapittel som oppsummerer eit forskingsprosjekt om søkemotorar. Etter postdokperioden vart eg engasjert i prosjektet ”Journalisten og søkemotorene”, som var finansiert av Rådet for anvendt medieforsking. Prosjektleiar var Dag Elgesem. Eg var fagleg ansvarleg for ei kvalitativ intervjuundersøking med 32 journalistar frå avis, radio, fjernsyn og internett i Norge, der me spurte korleis dei brukar søkemotorar i det journalistiske arbeidet, og i kva grad dei trur søkemotorar har endra journalistikken. Min empiriske analyse viser at journalistane er sjølvsikre i sin omgang med søkemotorar, og gjer sitt beste for å utnytta dei nye verktøya på måtar som forbetrar journalistikken. Journalistane oppfattar at det som heilt naturleg å følgja med på teknologiutviklinga, og dei er slik sett teknologioptimistar.

Søkemotor-prosjektet vart etter kvart kobla saman med NFR-prosjektet Journalistikkens samfunnsoppdrag i endring (JOSAM), og min viktigaste publikasjon frå prosjektet vart utgitt i ein antologi frå prosjektet, redigert av Johann Roppen og Sigurd Allern.

Meir om JOSAM.

Vanlege folks tillit til Facebook på mobilen (2012)

Kommunikasjonen i mediene er sterkt prega av tillitsrelasjonar, og dette temaet er djupt hermeneutisk og interessant utifrå min humanistiske bakgrunn. Viktige spørsmål er korleis begrepet ’tillit’ skal definerast, korleis tillitsrelasjonane varierer med ulike medieformer, og ikkje minst: korleis nasjonale kulturar påverkar tilliten til mediene. Eg var redaktør for eit spesialnummer av Communication Management Quarterly saman med Liina Pustinen (Finland), med tittelen ”Trust in the media across Europe” (2013). Der utforska me nettopp desse spørsmåla. Eg har også bidrege til ei teoretisk grunnstudie av tillit til mediene, nemleg ”What does it mean to trust the media?” (2013) (LENKE), skriven saman med Jelena Jurisic (Kroatia) og Tereza Pavlickova (Tjekkia), og eit teoretisk essay om tillit til journalistikk; ”Gode grunnar til ikkje å stola på journalistikk” (2013) (LENKE).

Eg ynskte etterkvart å undersøka tillitsrelasjonar empirisk, og i 2012 gjekk eg igang med eit kvantitativt og kvalitativt prosjekt med 99 informantar frå Sogndal. Eg samarbeidde med Bjørnar Tessem frå starten, pluss at Grete Netteland, Pål Aam og Stig Hovlandsdal Øvreås også gav viktige bidrag.

Faksimile frå Sogns Avis i juni 2012.

Kva erfaringar og meiningar har vanlege folk med deling av personleg informasjon på smarttelefonar. Har dei tillit til dei institusjonane og personane som er involvert i deira daglegdagse kommunikasjon? Dette tek Bjørnar og eg for oss i dei to artiklane «The influence of social media use on willingness to share location information» (2013) og «Hyppig bruk av Facebook aukar tilliten til den du deler informasjon med» (2013).

Samtalar om innovasjon med journalistar i Hordaland (2012)

Eit anna eksempel på sosiologi og hermeneutikk er studien ”God lokaljournalistikk berre på nettet. Redesign av lokalavisa Hordaland på Voss” (2013), vitskapleg artikkel til ein antologi på Cappelen Damm. Eg gjorde kvalitative intervju med storparten av journalistane i lokalavisa Hordaland på Voss, og fekk dei med på eit tankeksperiment om at avisa ikkje lenger skulle gjevast ut på papir. Korleis ville dei ha redesigna avisa si?

Nyre, Lars (2014) ”God lokaljournalistikk berre på nett: Hypotetisk redesign av avisa Hordaland på Voss”, in Krumsvik and Morlandstø (eds) Innovasjon og verdiskaping i lokale medier, Cappelen Damm Høyskoleforlaget 2014.

Oppstilt bilete for eit innlegg om høyretelefon-prosjektet i Bergens Tidende. (Foto: Barbara Wendelbo).

Bruk av støydempande øyretelefonar i storbyen (2013)

Dette er ei kultursosiologisk, empirisk studie av bruk av støykansellerande høyretelefonar i London
10 informantar, og tre typar innhald vart testa. Dette skjedde medan eg var visiting fellow ved City, University of London i 2013.

Eg lærte kor følsom persepsjonen er.

Nyre, Lars (2015) «Urban Headphone Listening and the Situational Fit of Music, Radio and Podcasting». Journal of Radio and Audio Studies vol 22(2): 279-298.

Å avvikla live-TV frå mobilen (2014)

Dette er ei praksisorientert sosiologisk studie basert på kvalitative intervju og TV-opptak i TV2 med profesjonelle journalistar saman med Frode Guribye og masterstudent Erlend Dybvig Torvund.

Eg lærte kor finstemt den profesjonelle sitt forhold til teknologi er både teknisk og kommunikasjonsmessig.

Guribye, Frode, and Lars Nyre: «The Changing Ecology of Tools for Live News Reporting» (2017) i Journalism Practice. (LENKE).

 

3. Kritisk posisjon

Eg har alltid følt meg som ein typisk nynorsk vestlending, litt vrang og vrien, men på vegne av gode verdiar. Eg er pessimistisk, men forsøker å omdanna den negative energien til (angstbasert) løysingsorientert handling. Objektivitet er liksom ei dyd. I kontrast til dette eksponerer eg mine verdiar aktivt i kronikkar, essays, bokmeldingar og andre evaluerande tekstar. Denne kritiske grunnhaldninga har gjeve seg uttrykk på forskjellige måtar opp gjennom åra. Eg finn den igjen i mi historie som samfunnsdebattant, bokmeldar og fagkritikar. Min posisjon har også likskapstrekk med den (akk så politisk korrekte) retninga Responsible Research and Innovation.

Det er universitetsinstitusjonen som tillet meg å gjera dette. Eg utset meg ikkje for risiko ved å sjå bort frå kortsiktige mål om popularitet, publikasjonspoeng eller profitt, og heller forfølga dei teoriar og tankefigurar eg ynskjer. Dette er jo heile poenget med akademia!

Samfunnsdebatt

I studietida i Bergen på 1990-talet var det veldig prestisjetungt å vera flink skribent. Eg var med i Studvest, og eg skreiv for Replikk. Min største frekkheit i denne perioden var nok essayet «Opprop mot samtidsopportunisme» (1998) i Syn og Segn.

Kritikk av kjendiseriet, Herborg Kråkevik, Tande P, Davy Wathne.

”Journalistikken koloniserer universitetet” (2012). Essay i Nytt norsk tidsskrift.

Pokker ta Twitter.

Støtte til Latour då han fekk Holbergprisen.

Bokmeldingar

Kritikk betyr i akademisk forstand å underlegga ein tekst ei nøye hermeneutisk vurdering og seier kor god, fornuftig, sann og relevant teksten er. Eg har vore bokmeldar for ulike fora i mange år.

Forskerforum: svært mange meldingar i perioden XXX.

Norsk medietidsskrift: fleire dusin meldingar, blant anna Gunn Enli.

New Media & Society: Paddy Scannell, Nico Carpentier, John Durham Peters, Nick Couldry & Andreas Hepp.

Fagkritikk

Kritikk betyr også refs. Dersom verkelegheita vert forvridd, eller viktige tema vert ignorerte, så krevst det refs. Eg er ein streng kritikar av mitt eige fag medievitskap i Noreg og Europa.

Artikkelen «Apologetic Media Research» (2006) er klart polemisk, og eg kritiserer mitt eige fag for å vera ettergivande i møte med kommersielle og statlege interesser. Eg har også kritisert mitt eige fag i fleire leiarar i Norsk medietidsskrift. (LENKE).

”Normative Media Research” (2009) er ein viktig artikkel i min forfattarskap. Her går eg inn på nokre fundamentalproblem med forskarens rolle i samfunnet. Det er klart at forskinga påverkar samfunnet, og eg meiner at forskaren bør vera bevisst på dette, og gjera eksplisitte normative val. Mitt val er å vera kritisk til dei noverande ordningane. Alternativet er at forskaren påverkar samfunnet utan å tenkja på det, og dét er utilfredsstillande.

I ”The Broadcast Pulic and Its Problems” (2011) i Javnost – The Public tek eg for meg John Dewey’s stort anlagte kritikk av offentlegheita i USA på 1920-talet, og overfører den til radio og fjernsyn på 2000-talet. Poenget er at offentlegheita ikkje var tilstrekkeleg demokratisk på då, og heller ikkje er det no.

Bygg kontrolltårnet nå! 2017. Essay i Nordicom Information. Dette er min skarpast formulerte kritikk av medievitskapen så langt, men skapte ikkje særleg diskusjon.

Responsible research and innovation (RRI)

Sidan ca. 2015 har sett meg inn i responsible research and innovation (RRI). Særleg i tilknytning til VisMedia-prosjektet, men også som grunnlag for ein søknad til IKT Pluss i Forskingsrådet våren 2018.

4. Mediedesign

Media dreier seg om endringar i forholdet mellom menneske og teknologiar. Teknologiar endrar seg historisk, og det går an å endre, vidareutvikle og finne opp noko nytt. Kvart medium er basert på ei viss samansetjing av materielle komponentar utifrå skala, tempo og mønster. Denne samansetjinga påverkar kva kommunikasjon som er mogeleg mellom menneska. Det er viktig at forskarar også bidreg til utviklinga ved å laga konkret løysingar. Dette kan vere informasjonssystem, interaksjonsdesign og innhaldsproduksjon. Forskarar kan manipulera desse komponentane, bygga prototypar, testa dei ut og rapportera om kor brukbare dei er.

Ny metodisk innretning

Artikkelen ”Medium design method” (2013) i Journal of Media Innovations hadde vore under utarbeiding sidan Demostasjon-prosjektet i 2005. Artikkelen er meint å vera ei konkret oppskrift på korleis eit forskarteam kan konstruera og testa ut eit nytt medium utan å avvika frå den verdiorienteringa som er valgt. Den er spesielt meint for å auka det normative medvitet blant master- og PhD-studentar innafor tema som interaksjonsdesign, journalistikk og andre kreative forskingsprosjekt.

  • Laga ei teknologisk løysing for din norm.
  • Laga innhald for denne løysinga.
  • Evaluera løysinga med brukarar.
  • Evaluera i kor stor grad normen vart oppfylt.

Denne enkle prosedyren har eg forsøkt å følgja som leiar eller deltakar i til saman ti mediedesign.

1. Demostasjon (2005)

Eg var prosjektleiar, og samarbeidde tett med Sverre Liestøl, Reidulf Botn, Paul Bjerke og Egil Skogseth i arbeidet med Demostasjon.

Korleis kan telefonlinjer koblast saman slik at flest mogeleg kan snakka saman på radio? Dette var eit hovudspørsmål for Demostasjon, som var ein del av mitt postdokprosjekt i Kulturteknikker. Med gode ressursar frå NFR leia eg det redaksjonelle eksperimentet Demostasjon, og me gjennomførte to eksperimentfasar ved Høgskulen i Volda i april og september 2005, og me hadde ein stab på 11 redaksjonsmedlemmer og 89 deltakarar.

Me er nede i kjellarstudioet ved Høgskulen i Volda. (Foto: Sverre Liestøl).

Samla sett førte Demostasjon-prosjektet til fleire artiklar i ein antologi for Kulturteknikker, redigert av Barbara Gentikow og Egil Skogseth, pluss bacheloroppgåver i Volda, og eit panel på European Communication Conference i Amsterdam i 2005.

Eg var hovudforfattar for artikkelen “Minimum Journalism. Experimental procedures for democratic participation in sound media” (2007). Den vart også omsett til norsk og publisert i den nemnte anotologien av Gentikow og Skogstad som ”Minimumsjournalistikk” (2009?) LENKE. I tillegg skreiv eg den meir populærvitskaplege teksten «Prinsipp for massedialog i norsk radio» (2005) LENKE. Bokkapittelet “Nye medier, gammeldags journalistikk” (2006) LENKE var også prega av Demostasjon-prosjektet.

2. Lokanytt (2009)

Eg var prosjektleiar, med Kjetil Vaage Øie, Bjørnar Tessem, Solveig Bjørnestad, Eirik Stavelin og Kristine Leirvåg som medarbeidarar.

Demostasjon gav meirsmak, og eg hadde lyst å utvikla eit endå meir radikalt prosjekt. Demostasjon var basert på hyllevare, men det går også an å designa sin eigen heilt originale teknologi. Me utvikla eit omfattande eksperimentelt opplegg for Ekstremsportveko på Voss i 2009. I forkant vart teknologien utvikla av to masterstudentar i Bergen, og PhD-stipendiat Kjetil Vaage Øie bidrog også tungt. På Voss hadde med 12 stabsmedlemmer, inkludert journaliststudentar frå Volda, og me lagde 93 nyheitssaker som vart testa ut på 32 frivillige informantar.

Eg er hovudforfattar på ein artikkel som tek for seg dei journalistikkfaglege aspekta ved Lokanytt; «Locative Journalism. Experimenting with location-dependent news for smartphones» (2011), skriven med Solveig Bjørnestad, Bjørnar Tessem og Kjetil Vaage Øie. Saman med Bjørnar Tessem skreiv eg ein nynorsk versjon av funna våre; ”Lokaljournalistikk for mobilen” (2012). Eit samandrag av våre funn er også publisert i ”Experimenting with new media for journalism” (2010). Dette er ein oversiktsartikkel med utgreiing om metode og teori for både Lokanytt og Demostasjon. Kjetil Vaage Øie arbeider med eit doktorgradsprosjekt om Lokanytt, og det er stipulert å vera ferdig i 2014. Stipendiat Pål Aam, også ved HVO, har laga eit eksperimentelt prosjekt kalla ”Hypernytt”, som dreier seg om interaktiv fjernsynsreportasje, og som gjer bruk av omtrent same forskingsdesign som Lokanytt. Eg var rettleiar for Aam.

3. Amplifon (2014)

Eg var prosjektleiar, i samarbeid med to studentgrupper på INFOMEVI173.  Dei skulle konstruera to mobile, journalistiske medium som er optimalt for terreng og kultur på Vestlandet.

Erfaringane frå dette studentprosjektet vert oppsummert i ein rapport i Nordicom Information (LENKE) i 2014.

Publikasjoner:

Nyre, Lars (2014) ”Amplifon. På sporet av et mer intelligent radiomedium”. Nordicom-Information36(4): 92-96.

Nyre, Lars (2015) «Designing the Amplifon. A locative sound medium to supplement DAB radio». Journal of Media Innovations, vol 2(2): 58-73).

4. PediaCloud (2014)

Bjørnar Tessem var prosjektleiar, med meg, Weiqin Chen og Solveig Bjørnestad som sentrale medarbeidarar. Med hjelp frå Bjarte Johansen og Csaba Veres.

Empirisk studie i London i april 2014, samkøyrt med min studie av øyretelefonbruk hausten 2013.

Publikasjon:

Bjørnar Tessem, Solveig Bjørnestad, Weiqin Chen, Lars Nyre (2015) «Word Clouds for Locative Information», Journal of Location-based Services. 9(4):254-272.

5. NewsCloud (2015)

NewsCloud er ei vidareutvikling av PediaCloud for journalistikk. Bjørnar Tessem var prosjektleiar, med meg og Simen Skaret Karlsen som medarbeidarar.

Tessem, Bjørnar, Simen Skaret Karlsen og Lars Nyre (2016) «Mobilen som distribusjonskanal for hyperlokale nyheiter». NOKOBIT.

Publikasjon om innovasjonsteori i samarbeid med Joao Ribeiro. Geo-lokasjonsteknologi. Business models, NewsCloud.

Nyre, Lars, Joao Ribeiro and Bjørnar Tessem (2018) «Making business models for academic prototypes. A new approach to media innovation». Journal of Media Innovation4(2).

6. Tilhører (2015)

Jon Hoem var prosjektleiar, med meg, Bjørnar Tessem og Johannes Mario Ringheim som sentrale medarbeidarar.

Jon Hoem og eg observerer ein informant som testar Tilhører ute i bakgarden. (Foto: Marianne Mathiesen).

Publikasjonar:

Hoem, Jon Øyvind & Lars Nyre (2018) «Tilhører. En prototype på fremtidens omsluttende radio». I Norsk medietidsskrift 25(1): 1 – 19.

Nyre, Lars, Jon Hoem, Bjørnar Tessem & Johannes Ringheim (2017) Designing the Auditor: A Prototype of Locative Radio with Original Sound Content. Journal of Radio & Audio Media24(1): 90-110.

7. Prosopo (2016)

Eg var prosjektleiar i tett samarbeid med Bjørnar Tessem, Joar Midtun og Simen Skaret Karlsen. Prosjektet inngår i Vismedia-prosjektet (NFR) som Astrid Gynnild er leiar for. Prosopo er eit RRI-prosjekt i den forstand at vi konsulterte bransjeaktørar og tok omsyn til deira innspel. Vi innsåg at i sin noverande form kan ikkje Prosopo brukast av nyheitsredaksjonar, fordi bileta som vert laga vil bryta for kraftig med det etiske normverket  til å kunna tolererast.

Publikasjon:

Midtun, Joar, Bjørnar Tessem, Simen Karlsen & Lars Nyre (2017) «Realistic face manipulation by morphing with average faces». Norsk Informatikkonferanse2017. Henta frå https://ojs.bibsys.no/index.php/NIK/article/view/426.

8. INJECT (2017-18)

INJECT er ein  innovation action i Horisont 2020. Professor Neil Maiden ved City University of London er prosjektleiar. Vårt team i Noreg består av folk frå M’Labs og Institutt for informasjons- og medievitskap. Balder Holm, Aleksander Tonheim, Benjamin Andreassen, Ola Roth Johnsen, Ingvild Fiskerstrand og Oda Elise Nordberg.

Frå Hallingdølen 12. september 2017. Frå venstre: Aleksander Nygård Tonheim, Lars Nyre, Sindre Thoresen Lønnes og Ørjan Blytt Polden». (Foto: Caroline Utti).

INJECT er eit kreativt søke- og skriveverktøyet for journalistar. Verktøyet gir mellom anna forslag til kjelder, illustrasjonar, støtte til å finne idear til oppfølgingsaker og raskare kjeldetilvising.

Me har samarbeidd med 12 journalistar i lokalavisene Hordaland, Sunnhordland, og Hallingdølen for å testa INJECT. Denne testinga vart skalert opp i eit og eit halvt år, og vart avslutta våren 2018.

Førebelse analysar viser at INJECT aldri vart følt som særleg nyttig av journalistane, delvis pga. mangel på relevant kjeldeinnhald, men også fordi lokaljournalistikk ikkje er særleg avhengig av kreativitet.

Eg er ein av medforfattarane på «Making the News: Digital Creativity Support for Journalists» i Proceedings of the 2018 CHI Conference. Neil Maiden er hovudforfattar. Planen er at det norske teamet skal publisera artiklar frå det spesifikt norske arbeidet med INJECT, og der er Balder Holm ein sentral medforskar.

Facsimile frå lokalavisa Hordaland på Voss, DATO.

9. NewsAngler (2018 -)

Prosjektleiar er Andreas Opdahl, med Bjørnar Tessem, meg, Csaba Veres som medarbeidarar. Teknologiane som vert utvikla skal testast saman med medie-IKT-firmaet WolfTech.

10. The Locanews Experiments (2018?)

Våren 2018 søkte eg som prosjektleiar for «The Locanews Experiments» i IKT Pluss i Norges forskingsråd. Dette prosjektet har spennande planar for korleis ein kan utforska kraftfulle teknologiar som droner, kunstig intelligens og AR og VR. Les meir om søknaden på TekLab Lokanytt 2.  Lokanytt er eit RRI-prosjekt i den forstand at vi vil konsultera bransjeaktørar og ta omsyn til deira innspel i utviklingsprosessen.

5. Teknologiteori

Kva har eg lært av å vera ein meir eller mindre sentral deltakar i ni forskjellige akademiske teknologiprosjekt sidan 2005? Jo, kort sagt dette: her er det sterke krefter, og me kontrollerer dei ikkje særleg godt. Eg vil for sikkerheits skuld teoretisera ulike variantar av teknologisk determinisme, og eg vil utforska kunstig intelligens, geo-lokasjon, droner, ansiktsgjenkjenning, syntetisk tale og andre kraftfulle, ja kanskje farlege, teknologiar. Dette er mitt fremste ansvar som medieforskar dei neste åra.

Teknologisk determinisme (2016 -)

Sidan 1995 då eg byrja å forska på medier har det vore ein stabil auke i talet på medier folk har tilgang til i kvardagen, såvel som  volumet på innhald og tidsbruk på medier. Det foregår ein jamn auke i innflytelsen til datamaskiner i kvardagens kommunikasjon, og det er nødvendig å ta desse kreftene på alvor.

Eg haldt fordrag om teknologisk determinisme på Substans-konferansen i 2018. (Foto: Audun Nydegger Wermundsen).

Eg jobbar med eit artikkelmanus med arbeidstittelen «Teknologi tek over. Snart er teknologisk determinisme den beste teorien om verkelegheita», og håpar å få det på trykk i eit norskspråkleg tidsskrift  i løpet av 2018. Eit kjernepoeng er at menneska delegerer oppgåver til teknologiar, men samtidig skjer det ei maktforskyving til fordel for nettopp desse. Her oppfører mennesket seg litt som trollmannens læregut; me veit ikkje heilt kva krefter me leikar med. Her står Martin Heideggers teknologiteori sentralt. Eg teoretiserer difor utviklinga utan å føresetja at mennesket styrer alt, eller har den viktigaste rolla i relasjonen. Denne tankegangen passar godt med visse trekk i fenomenologien til Don Ihde, og veldig god med McLuhans mediumteori. Eg har utvikla dette resonnementet over mange år, og halde forelesingar om teknologisk determinisme både i undervisninga og i offentlegheita. Gode eksempel er ”Ungdommar er teknologiske deterministar” (2013) og ”Teknologiar er moralske aktørar” (2013). Eg haldt eit foredrag med tittelen «Technology takeover» på teknologikonferansen Substans vinteren 2018. Den vert arrangert av Anders Vaage Nilsen for Myldring.

Saman med Bjørnar Tessem jobbar eg med ein annan deterministisk analyse, der me tek for oss «Perceptual mechanics» i støydempande øyretelefonar. MEIR.

Innovasjonspedagogikk (2016 -)

I samband med Media City Bergen som vart planlagt frå ca. 2012 og opna i 2017, så interesserte eg meg i stadig større grad for teoriar om design og innovasjon. Det føltes viktig å setja seg inn i akademiske teoriar om design og innovasjon for at den kommersielt orienterte utviklinga i Media City Bergen ikkje skulle få hegemoni på heile tematikken.

Dette førte meg i retning av RRI, meir spesifikt den retninga som dreier seg om ansvarleg innovasjon for universitets- og høgskulesektoren (HEIRRI). Denne snunaden har ført til store endringar i mine undervisningsmetodar. Frå fyrst å halda tradisjonelle forlesingsbaserte kurs slik medievitarar pleier å gjera har eg gått vidare til prototype-baserte kurs der studentane skal laga ein fungerande versjon av ein medieteknologi utifrå innovasjonsprinsipp av ulike slag.

Det mest spennande er å setja studentane i arbeid med nye, til dels risikable teknologiar som droner, ansiktgjenkjenning og syntetisk tale. Denne tilnærminga førte etterkvart til at me namnga vår praksis som innovasjonspedagogikk. Omgrepet er henta frå Lotte Darsø. Studentane har stor fridom til å utvikla ein teknologi, innafor ressursmessige rammer som kjem frå kursleiinga. Men djupast sett er forholdet mellom lærar og student på universitetet prega av at læringsinstitusjonen har kontrollen, slik eg føreset i essayet «Læraren veit best» (2012). Den reelle risikoen for studenten er difor låg. Eg har skrive fleire artiklar om innovasjonspedagogikk i samarbeid med kollegaer og faglærarar.

Eg prøver ei av dei VR-journalistiske forteljingane på kurset INFOMEVI173 våren 2018. (Foto: Robert Nedrejord).

Droner i medieundervisninga (2016)

Empirisk studie der me intervjua 12 SJEKK studentar, faglæarar og administratorar knytta til kurset INFOMEVI173 ved Universitetet i Bergen. Dette var eit samarbeid med Frode Guribye og Astrid Gynnild, med Joakim Vindenes som vitskapleg assistent. Prosjektet førte til to publikasjonar:

Guribye, Frode, Lars Nyre & Astrid Gynnild (2018) Kameradroner som journalistisk verktøy – et designeksperiment i høyere utdanning. I Astrid Gynnild (Red.) Droner i sivilsamfunnet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Nyre, Lars, Frode Guribye & Astrid Gynnild (2018) «Taking risks with drones. Responsible innovation pedagogy for media education». In Gynnild & Uskali (eds.) Responsible Drone Journalism. Abingdon: Routledge Focus.

VR-journalistikk på eit semester (2018)

Dette er kvalitativ tekstanalyse, med vekt på dei kreative «reglane» som er etablert for realistisk VR-journalistikk. Samarbeid med Joakim Vindenes, basert på kurset INFOMEVI173.

Kunstig intelligens er viktig

Kunstig intelligens (KI) er det viktigaste temaet for medieforskarar i vår tid, men det er ikkje eit enkelt tema å snakka om. Eg er i ein læringsfase når det gjeld KI, og har skrive bokmeldingar av ei rekkje klassikarar på feltet. (LENKE).

Sidan ca. 2017 har eg sett meg inn i historia om kunstig intelligens, og studert fleire teoriar om likskapar og forskjellar mellom datamaskina og mennesket, og kva det vil seia å tenkja, resonnera og handla intelligent. Eg har ikkje publisert noko vitskapleg om kunstig intelligens enno, men i 2017 skreiv eg ein serie med meldingar av kjente bøker innan kunstig intelligens-tradisjonen (LENKE).

Min inngang til informasjonsvitskap og datateknologi kom faktisk i doktorgraden på 1990-talet, då eg forska på streaming audio, harddiskredigering, filoverføring og etterkvart podkasting. Deretter hadde eg ein lang periode med fokus på mobiltelefon og design av lokative teknologiar. Dei seinare åra har eg forholdt meg til kreative søketeknologiar, dronevideo, VR-journalistikk og ansiktsgjenkjenning (datasyn). Alle desse verktøya vert no forsterka med kunstig intelligens-funksjonalitet, og det vart etterkvart klart for meg at kunstig intelligens kjem til å vera eit vesentleg tema for alle nye teknologiar.

Biografien vart sist oppdatert i august 2018.