Lista viser alle tekstar sortert under emnet "Mediekritikk" på larsnyre.no.

”Arkeologene” er dårleg folkeopplysning

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Programserien ”Arkeologene” går på NRK1 på søndagskveldane. Den er produsert av NRK Østafjells, og programleiarar er kjendis Arne Hjeltnes og arkeolog Frode Iversen. Programmet er meint å vera klassisk folkeopplysning, men er meir folkeleg enn det er opplysande. Prosjektleiar Øystein Økter vart intervjua av NRK.no 2. mai 2012, og sa: «Arkeologi kan være en utfordring […]

Sjølvfokuserte medier

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Norske journalistar er for opptekne av eigen bransje. Det går utover nyhetsdekninga. Mediene har veldig mykje stoff om seg sjølve – om journalistane sine arbeidsmetodar, om suksess og fiasko blant kjente profilar, om dei store mediebedriftene sine lesar- og lyttartal, og så vidare. Det er gammalt nytt at mediene er sjølvfokuserte, men problemet blir ikkje […]

Blodtåkefyrstane

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Journalistar let seg blende for mykje når blodtåka sig innover redaksjonen. Blodtåka er den tilstanden som oppstår når alle dei store redaksjonane dekkjer den same dramatiske hendinga til same tid, og dekninga blir så omfattande at det er farleg. Redaktørane i aviser, kringkasting og nett er med på å oppretthalda denne overfokuseringa gjennom sine prioriteringar, […]

Journalistens nye lojalitet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Journalistenes lojalitet til eierne fører til et nytt presseetisk regime, mener NA24 Propagandas kommentator. Journalistane utviklar ein sterk lojalitet til det konsernet som eig avisa. Denne lojaliteten endrar sakte, men sikkert grunnforholda i norsk journalistikk. Me kan sjå konturane av eit nytt presseetisk regime. Kommersiell drift er no den naturlege tilstanden for avisene, og dette […]

Mediene har alltid vore udemokratiske

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Massemediene i Norge er akkurat så mektige som du mistenker, og journalistane brukar makta si akkurat så udemokratisk som dei alltid har gjort. Makta til å setja dagsorden for offentleg debatt har vore i massemediene sine hender i fleire hundre år. Journalistar og redaktørar fekk etterkvart så stor innflytelse at dei blei oppfatta som ei […]

Politisk kritikk av sosiale medier

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Problemet er politisk, og skuldast at Mark Zuckerberg er ein typisk amerikansk kapitalist. Han lagde ikkje Facebook for å forandra og forbedra samfunnet. Den grunnleggande motivasjonen var økonomisk opportunisme, og ikkje god kommunikasjon. Implikasjonane er mange, og eg tek for meg nokon av dei nedanfor. Eg praktiserer mistankens hermeneutikk, og forsøker å avsløra fordommar om […]

NRK Hordaland på staden kvil

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


På måndag fekk distriktsredaksjonane i NRK P1 ny sendeflate frå kl. 14 – 17 på ettermiddagen. Dette var ein del av ei nasjonal endring, med ei meir straumlinjeforma programflate enn før, og der blant anna”Her og nå” er flytta til kl. fem. 14 – 17 er eit veldig godt sendetidspunkt, og det betyr at distriktskontora […]

Styrt avvikling av mediebransjen

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I BT 15. april utfordrar Hilde Sandvik medieforskarane til å komma opp med ein plan for korleis mediene kan gjerast meir demokratiske. ”Om nokon kjenner resepten for å få fleire stemmer i tale, så kom med han! Frie medieforskarar, reis dykk og snakk ut!” Sidan det var eg som rota forskarane opp i denne klemma […]

Nyttig idioti på TV

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Heile veka ristar folk på hovudet over skvalderet i politikken og journalistikken, men får seg ikkje til å le. Den forløysande latteren kjem fyrst under “Hallo i uken” på NRK P2 laurdag ettermiddag. Då får me det rette perspektivet på sakene. Skvalderet i det offentlege rommet gjer ordskiftet mindre operativt, og “godtfolks lyst til å […]

Debatt er opium for folket

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Den låge kvaliteten på ordskiftet har allereie vart lenge, og hvis den varer ti til tjue år til så vil det norske samfunnet stagnera både materielt og intellektuelt. Den økonomiske velstanden i Norge har nådd eit nivå der nye materielle endringar berre ville kunna slå negativt ut for folk flest. Vanlige nordmenn ynskjer å oppretthalda […]