Til toppen

NRK Hordaland på staden kvil


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


På måndag fekk distriktsredaksjonane i NRK P1 ny sendeflate frå kl. 14 – 17 på ettermiddagen. Dette var ein del av ei nasjonal endring, med ei meir straumlinjeforma programflate enn før, og der blant anna”Her og nå” er flytta til kl. fem.

14 – 17 er eit veldig godt sendetidspunkt, og det betyr at distriktskontora har vorte oppgradert i NRK sin radiostrategi. Lyttartala skal stabiliserast og aukast. Omlegginga skal til ei viss grad også innebera ein fornying av innhaldet. Det er i særleg grad ein ambisjon at omlegginga skal gjera NRK P1 meir lokal, seier Kanalsjef Jon Branæs i Oslo.

Idealet er at NRK radio rapporter om dei same omgjevnadene som lyttarane bevegar seg gjennom, for då vil det følast mest interessant for lyttarane, slik at dei etablerer fase nye vanar. NRK sine distriktssendingar går no på lufta om ettermiddagen når lyttarane er i bevegelse heimover gjennom byen og landskapet, i bil og buss og til fots. Dette er ein radiostrategi som dreg på tanken om hyperlokal journalistikk, og eg støttar den på det sterkaste.

Men stemmer kartet til P1-sjefen med terrenget her vest? Kva er nytt? Eg tok på meg forskarhatten, og noterte det som skjedde i NRK Hordaland i timen frå 16-17 frå tysdag til fredag.

Grunnstemninga er den same som før. Programleiarane i NRK Hordaland har alltid vore litt flate og trauste, og det er dei enno. Tempoet i lydmiksen er ganske sakte, med få jinglar, småsnuttar og andre element som kan kvikka opp. Her burde redaksjonen ta grep, og laga eit meir variert lydbilete.

Det virkar ikkje som NRK Hordaland spelar nokon nye musikksjangrar etter omlegginga. Eg noterer meg middle of the road-artistar som Jefferson Starship, Lynyrd Skynyrd og Leonard Cohen, samtidspop frå Marit Larsen, Ashley Cole og Beyonce, norske klassikarar som Dum Dum Boys, og Bergensiana som Jan Eggum, Julian Berntzen og Gabrielle. Eg tippar at spelelistene er endå meir styrt av musikkstrategar i den sentrale leiinga, inkludert valget av dei låtane som skal appellera lokalt.

Temavalget i nyheiter, intervju og reportasjar har ikkje vorte merkbart meir lokal etter omlegginga. Trafikkmeldingane handlar om Bergenstraktene som før, og innhaldet ellers er også dominert av hendingar og folk i Vestlandets hovudstad. Det er intervju med Heikki Holmås sitt håp om å bli statsråd, Ole Didrik Lærum om Gades Institutt, Silje Gripsrud om paviljongen på Torgallmenningen under Festspillene, og det er kompakt rapportering om skulekrisa i Bergen, som er verre enn nokonsinne.

”Hordaland i dag” er likevel ikkje heilt utan innslag frå Hordalandsbygdene. Reporter Egil Torheim fartar omkring i Hardanger. I løpet av veka har han blant anna snakka med ein bakar i Rosendal og brannbilentusiastar i Odda. Eit innslag som skapte bru mellom by og land var intervjuet med Licksome Chicks på fredag. Dei har gjort strilesuksess med showet sitt, og no vert det sett opp på Ricks. Dei framførte for øvrig ein frisk og vakker versjon av den gamle r & b-klassikaren ’Mercy’.

Det nye ”Hordaland i dag” er eit ganske godt radioprogram, men det byr ikkje på nokon nyvinningar: ingen artige nye lydar, ingen spennande nye innringingsprogram med mobilisering på Facebook og Twitter, og heller ingen spelelister med trekkspelmusikk levert av lyttarar, og ingen nytilsette kjendisjournalistar eller risikable reportasjar laga av radikale kunstnartypar.

Så langt tyder ingenting på at redaksjonen i NRK Hordaland har tenkt å forandra metodane sine, eller at dei har fått ressursar til å tenkja nytt. Sjefane i Oslo greier ut om visjonen for ’nye P1’, medan journalistane på Minde held fram med å gjera det slik dei alltid har gjort. Då er i hvert fall husfreden sikra.