Til toppen

Debatt er opium for folket


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Den låge kvaliteten på ordskiftet har allereie vart lenge, og hvis den varer ti til tjue år til så vil det norske samfunnet stagnera både materielt og intellektuelt.

Den økonomiske velstanden i Norge har nådd eit nivå der nye materielle endringar berre ville kunna slå negativt ut for folk flest. Vanlige nordmenn ynskjer å oppretthalda sin individuelle komfort, og det offentlege ordskiftet ber difor sterkt preg av ikkje å vera endringsorientert.

Eg føreset at høg kvalitet på ordskiftet viser seg igjen i konkret endring i den samfunnsmessige verkelegheita, til dømes basert på samarbeid og maktfordeling. Dersom det er låg kvalitet på ordskiftet vert det mykje snakk, mykje fram og tilbake, og lite handling.

Offentleg debatt i Norge i 2012 har som fremste konsekvens at status quo vert oppretthalde for nordmenn flest på det materielle nivået, og difor kan den oppfattast som opium for folket. Me lindrar vår kjensle av å vera overpriviligerte med stort engasjement, gode verdiar og hissig debatt. Alle kan få lufta sine viktige meiningar i offentlegheita, og det er også alt me vil.

Ordskiftet inkluderer den profesjonelle journalistikken i Aftenposten, NRK, Adresseavisen, kultureliten med sine nisjeorgan Morgenbladet og Klassekampen, og amatørdeltakinga i bloggar, kommentarar og oppføringar på sosiale medier.

Langt fleire deltakarer

Den digitale deltakinga betyr at langt fleire vert ansvarleggjort som deltakarar i offentlegheita, enn kva som var tilfelle for tjue år sidan. Dei siste vekene har fleire kronikkar drøfta statusen til notidas offentlege debatt. Guri Idsø Viken skreiv om «Sinna menn og nakne damer», VG 23. juli og Joachim Laberg spurte «Kven skal forstå sinnataggane?» i Aftenposten 1. august.

Idsøe Viken skriv at debatten er prega av folk som ikkje er spesielt flinke til å snakka for seg, men som er «påfallende opptatt av sin rett til å bli hørt». Den individuelle retten til å ytra seg vert stadig viktigare, og folk fremjer sine interesser på ein måte som ifølge Laberg tidvis er «hatsk, rasistisk og farleg», og som i alle tilfelle føregår med brutale grep kjent frå dagleglivet ellers.

Økonomisk idyll

Kva interesser dreier det seg om å forsvara? Barnefamiliane har råd til å gjera alt som kan kjøpast for pengar for at barna skal ha det bra. Arbeidarane (i Nordsjøen) tener dobbelt så mykje som professorane på universitetet. Pensjonistane kan dra på sydentur seks gonger i året, eller bu der tre månader i strekk. Folk flest byggjer hytteslott på fjellet. Norge er ein økonomisk idyll i internasjonalt perspektiv, og me vil alle behalda desse godene lengst mogeleg.

Den økonomiske velstanden gjer oss sjølvsentrerte, og gjev seg utslag i ei personleg og kulturell skråsikkerheit i debatten. Deltakarane i den norske offentlegheita føler seg alle veldig flinke, sjølvstendige og meiningsberettiga. Dei er sikre på sitt, og tenkjer ikkje ordentleg over kva motparten seier. Dette gjeld både venstre- og høgreorienterte, og rasistar og anti-rasistar.

Strategisk spel

Debatten handlar altså ikkje om å få folk til å skifta meining, og gjera noko smart saman. Når det foregår ein heit politisk debatt, til dømes i samband med eit stortingsvalg, så går politikarane frå studio til studio og seier det same til dei same motdebattantane. Det følest ikkje som dei politiske partia oppriktig søker best mogelege løysingar. Dei spelar eit strategisk spel som er meint å gagna partiet og ikkje veljarane. Arbeiderpartiet framtrer som spesielt strategisk.

Problemet er at denne debattkulturen no vert utbreidd i heile det norske samfunnet, og ikkje berre i TV-studio og blant politikarar. Ingen inbiller seg at ein Frp-politikar skal bli omvendt til SV-politikk i løpet av ein samtale på tre minutt, og ingen innbiller seg at ein nasjonalist skal bli omvendt av ein multikulturalist. Denne urokkelegheita er så utbreidd at programleiarane klisjémessig avsluttar med å seia «Det eneste som er sikkert er at debatten fortsetter …», og tråden nedover etter kronikken tek aldri slutt.

Reell dialog lite framtredande

I kontrast til denne forpostfektinga føreset reell dialog at deltakarene ikkje trur dei er smartare enn alle andre. Den er praktisk orientert, og dreier seg om å sikra verdiar for di gruppe i ein situasjon med begrensa ressursar. Slik sett skulle offentleg kommunikasjon ha eit konstant preg av interessekamp der dei ulike partane ofrar ære, pengar og/eller arbeidskraft for å få det betre enn dei har det no. Men på grunn av velstanden er denne politiske haldninga lite framtredande i Norge i 2012.

Kvaliteten på den offentlege kommunikasjonen i Norge vert stadig devaluert av dramatiske posisjonar, egoisme og intoleranse, og det er altfor mykje av den reint kvantitativt på grunn av folks låge terskel for å delta. Då vert debatten meir å rekna som ein terapi for individa eller gruppene. Denne låge kvaliteten på ordskriftet har allereie vart lenge, og hvis den varer ti til tjue år til så vil det norske samfunnet stagnera både materielt og intellektuelt.

Handlingsvegring

Karl Marx sa at «religion er opium for folket». Makthavarar på 1800-talet tente på at vanlege menneske engasjerte seg i religion, for då vart dei åtspreidde og protesterte mindre mot den urettferdige ressursfordelinga dei var offer for. Det har vore ulike former for «opium» i ulike land, til dømes film og fjernsyn på 1900-talet i USA, og vodka i samtidas Russland.

I Norge er vilkåra på ein måte omvendte: Me protesterer mindre og mindre fordi me har så utruleg rettferdig ressursfordeling, og ikkje er offer for noko som helst. Den rådande fordelingsnøkkelen vil vara lenger dersom folk fordjuper seg sterkt og oppriktig berre i tankar og meiningar, og ikkje i handlingar. Den hissige debatten med alle dei komplekse og kunnskapsrike posisjonane er det fremste symptomet på handlingsvegring i norsk offentlegheit.