Til toppen

Blodtåkefyrstane


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Journalistar let seg blende for mykje når blodtåka sig innover redaksjonen.

Blodtåka er den tilstanden som oppstår når alle dei store redaksjonane dekkjer den same dramatiske hendinga til same tid, og dekninga blir så omfattande at det er farleg. Redaktørane i aviser, kringkasting og nett er med på å oppretthalda denne overfokuseringa gjennom sine prioriteringar, og har eit ansvar som følgje av dette.

Blodtåka skapar eit vanvittig trøkk av oppmerksomheit som er psykologisk og sosialt farleg for dei som står i fokus. På sitt verste herjar pressa med omgjevnadane og etterlet ting i fullstendig kaos for dei som var involvert. Tønne-saka er det verste eksempelet.

Stormen omkring Gerd Liv Valla i januar viser kor kritisk og negativ merksemda kan vera, medan den plutselege begeistringa for skihopparen Anders Jacobsen er eit (tilsynelatande) positivt eksempel. Men har dei fortjent dette voldsomme fokuset, eller er det mediene som rett og slett overdriv av kommersielle grunnar?

Eg meiner det ligg eit demokratisk problem i denne overfokuseringa. Det har liten eller ingen offentleg verdi å få så stort fokus på ein person eller ei hending. Det verste er faktisk ikkje det som kan skje med offeret for mediefokuset, men det som skjer med offentlegheita når denne overfokuseringa hender igjen og igjen, og i mange tilfelle skapar aksept for at store overskrifter og enorm dekning betyr at saka er viktig. Folk lærer jo ikkje noko nytt, men høyrer berre nokre få sentrale poeng om igjen og om igjen. Kanskje denne saka ikkje er viktig nok til at offentlegheita bør bli brydd så kraftig med den?

Det mest kritikkverdige er at redaktørane let dette skje igjen og igjen. Dei tenkjer ikkje at dei må beskytta offentlegheita mot dei kreftene deira eigen redaksjon har, ja at det er leiarens rolle å vita når det har blitt brukt nok makt.

Tvert imot så bortforklarer dei. Ein tåkefyrste brukar store ord utan å ha eit stort poeng, eller verre; han gjer det for å villeia folk. Redaktørar og andre som styrer prioriteringane bortforklarer at blodtåka er god forretning for mediebedriftene, og at kvar gong det toppar seg med merksemd er det masse aviser å selja, og store sjåartal å hausta. «Hvis ikkje me hadde gjort det hadde nokon annan gjort det», seier dei til kvarandre, og i sum gjer alle det.

Overfokuseringa blir framstilt som ei slags naturnødvendigheit i mediesamfunnet. I Klassekampen blei Gerd Liv Valla oppfatta som ei heroinne fordi ho haldt ut trøkket frå det samla pressekorpset, og ikkje bøyde av med eit falsk «unnskyld». Dette er då på ein måte enkeltmennesket i kamp mot ei institusjonalisert kommersiell overmakt.

Overfokuseringa blir gitt ein reint pragmatisk eksisens i marknaden. For eksempel har PR-byråa strategiar for kva som bør gjerast hvis ein klient blir fanga i ei klassisk ’kor lenge går det får han seier unnskyld’-blodtåke. Truleg blir han rådd til å seia unnskyld med ein gong uansett kva skuld han eigentleg har, berre for å få ein slutt på den negative merksemda som dei veit vil auka.

Det ligg eit interessant paradoks på lur i blodtåka. Einkvar offentleg påstand om at ei sak får for mykje pressedekning er med på å auka det problemet som ein ynskjer å bli kvitt, altså den store pressedekninga.

Tidvis blir dette veldig pussig, som når Dagbladet Magasinet har ei kjempestort oppslått sak om folk som har blitt psykisk skadd av for mykje mediefokus. Av og til står det ledarartiklar i avisene om kor uheldig det er at ei sak får så mykje merksemd, men dette blir reint dobbelspel. Det er jo redaktørane som skriv leiarane som har bestemt at det skulle gjerast slik!

Den mest ansvarlege måten å forholda seg til ei blodtåke på er å unngå å skriva om den aktuelle saka, eller i det minste vera moderat og akseptera kva tid det er nok. Då er du med på å tempa det offentlege trykket. Redaktørane må tola å ikkje trykka noko som det ville ha vore veldig gunstig for avisa å trykka. Når dei prioriterer saker så skulle dei tenkja over kva saker som ikkje bør få merksemd fordi det då ville bli for slitsomt, enerverande og negativt for offentlegheita.

Det einaste botemiddelet mot overfokusering er med andre ord ikkje-merksemd, og difor burde eg kanskje ikkje ha skrive denne kommentaren? Frustrerande.