Til toppen

Styrt avvikling av mediebransjen


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I BT 15. april utfordrar Hilde Sandvik medieforskarane til å komma opp med ein plan for korleis mediene kan gjerast meir demokratiske. ”Om nokon kjenner resepten for å få fleire stemmer i tale, så kom med han! Frie medieforskarar, reis dykk og snakk ut!”

Sidan det var eg som rota forskarane opp i denne klemma må eg ta fullt ansvar for å håndtera den. Medieforskarar flest oppfattar det nemleg ikkje som sitt mandat å prøva å endra på massmediene. Dei prøver vanlegvis å forstå mediene si rolle i samfunnet på ein meir distansert måte, for eksempel gjennom innsamling og analyse av empiriske data, grundige historieforteljingar og analysar av sentrale medietekstar. Medieforskarar flest vil difor neppe føla seg trufne av Sandvik si utfordring.

Men Sandvik spør no likevel etter ein plan for demokratisering av mediene. Roma vart ikkje bygd på ein dag, og kan ikkje rivast ned på ein dag heller. Det er soleklart at ei grunnleggande forandring av mediene si rolle i samfunnet ville ta mange tiår, ja, det ville kanskje ta ti år berre å laga ein plan som er god nok til å iverksetjast på alvor, og deretter ville det ta fleire tiår å få den gjennomført.

Planen burde vera å iverksetja ei styrt avvikling av mediebransjen. Men sidan målet jo ikkje ville vera å få folk til å slutta å kommunisera med kvarandre, er det avgjerande at denne avviklinga skjer parallelt med ei oppbygging av meir likebyrdige kommunikasjonsformer. Dette kan berre skje dersom folk flest oppfattar alternativa som meir meiningsfulle og tilfredsstillande enn dei noverande mediene.

Det ville vera ein kjempejobb å prøva å få til ei slik endring, både fordi mediebedriftene er uvillige til å gje frå seg kontrollen, og fordi det er ein råtten debattkultur i dei offentlege arenaene der folk flest har kontrollen. Nettdebattane på Hegnar Online og bt.no viser at det ville vera ytterst problematisk å ha ei offentlegheit der ingen redigerer det som kjem på trykk, for då blir det rå rasisme og æreskjelling med ein gong.

Sanninga er altså at ei demokratisering av mediene ville ha ført til fullt anarki dersom den vart iverksett i Norge i 2008. Folk har ikkje tilstrekkeleg trening i å snakka i den offentleg sfæren, og det finst ikkje ein etablert kultur eller tradisjon for slik åtferd. Som eg alt har sagt ville det ta mange tiår å endra på dette.

Demokratiseringsprosjektet måtte difor ha starta med ei mellomløysing der det framleis var ein ganske sterk redaksjonell kvalitetskontroll. Vanlege menneske kunne bestemma dagsorden og stå for mesteparten av snakkinga, men ein redaksjon ville styra ordet.

Dette kunne tenkjast på som ’minimumsjournalistikk’, der journalistane har fått så lita rolle som råd, men der det vert anerkjent at offentlegheita ikkje klarer seg utan dei. Journalistar og redaktørar ville her få rolla som sentralbordoperatørar istadenfor å styra den offentlege dagsorden i kvar minste detalj.

På vegne av vanvittig mange: Lars Nyre.