Til toppen

”Arkeologene” er dårleg folkeopplysning


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Programserien ”Arkeologene” går på NRK1 på søndagskveldane. Den er produsert av NRK Østafjells, og programleiarar er kjendis Arne Hjeltnes og arkeolog Frode Iversen. Programmet er meint å vera klassisk folkeopplysning, men er meir folkeleg enn det er opplysande.

Logo for NRK sin programserie, 2012.
Logo for NRK sin programserie, 2012.

Prosjektleiar Øystein Økter vart intervjua av NRK.no 2. mai 2012, og sa: «Arkeologi kan være en utfordring å gjøre interessant for hvermannsen. Men vi håper å avlive myten om at arkeologi kan virke som et litt kjedelig felt hvor de kun finner gamle steiner og spydspisser. Utfordringen vår er å få de som bare er sånn passe interessert, til å synes at dette er spennende».

Men korleis appelerer ein til hvermannsen i vår tid? Me lever i eit kunnskapssamfunn der gjennomsnittsutdanninga er høg, og interessa for kultur og historie også er jevnt høg. NRK burde ha tiltrudd oss interesse for større djupn og detaljrikdom i formidlinga. Utfordringa er verkeleg ikkje å gjera det spennande, men å gjera det interessant.

Eg er ikkje interessert i kunstige dialogar mellom programleiarane og arkeologane. Dei møtest liksom tilfeldig ute på jordet, og presser fram entusiastiske utrop i hytt og pine. Hjeltnes kan ikkje noko om arkeologi og verkar ofte meir interessert i å slå ein god vits enn å høyra etter, medan Iversen ikkje kan noko om åtferd framfor kamera og verkar lett hysterisk heile tida.

Hjeltnes avbryt intervjuobjekta midt i setninga. Kanskje var poenget at samtalane skulle framstå som ”naturlege”, men sanninga er at omtrent ingenting arkeologane vil fortelja vert ført til endes fordi programleiarane snakkar i munnen på dei. Tidvis kan me føla den undertrykte irritasjonen hjå arkeologane.

Hjeltnes køyrer på med ein klisjemessig patriotisme. Når han intervjuer folk på austlandet, til dømes ved Gokstad i Vestfold, er han patriot for at vikingane eigentleg kom frå Vestlandet. Når han intervjuer folk i Sverige eller Danmark er han patriot for at vikingane eigentleg kom frå Norge.  Dette er sjølvsagt meint å vera comic relief, men dét lærer oss sjølvsagt ingenting om historia.

Programma manglar fagleg fokus. Det verkar som produsentane ikkje har gjort ordentleg research på norsk arkeologisk historie, men fyrst og fremst funne ut kven dei kan snakka med akkurat no. Kamerateamet dukkar opp på eit utgravningsfelt eller ein vikingleir, spør nokon tilfeldige spørsmål, og køyrer vidare til neste stad. Så klipper dei det heile saman til nokon grove tema som ”sjøfart” og ”høgfjell”. Internt i enkeltprogramma er det plutselege hopp til nye tidsaldrar, og det er ”faste postar” som gjerne ikkje har noko med kveldens tema å gjera.

For å visa at eg ikkje er åleine om å fremja denne kritikken vil eg sitera «jonas» frå VG Debatt 31.03.13 : «De skulle vært tydeligere på hva hensikten med programmet var og holdt seg til dette. Var dette et program om norsk historie, om arkeologiske arbeidsmetoder, om gravskikker i vikingetida eller om middelalder-mat? For mye innhold, for lite fokus”. Dette er fornuftige ord frå ”hvermannsen”, synest no eg.

Sakas kjerne er at me lærer langt mindre om norsk arkeologi enn me kunne ha gjort. Me lærer ting som arkeologar kan fortelja utan nemneverdig førebuing, slik som at vikinghjelmar ikkje hadde horn og at vatnet sto høgare før. Me får ei aning om korleis ei kokegrop fungerer, men Hjeltnes vel å pakka kjøtet inn i aluminiumsfolie i staden for å bruka autentisk steinalderinnpakking.

Det mest skuffande er alt det som ikkje er med, og som eg difor ikkje veit heilt kva er. Eg drøymer om god grafikk som viser havnivåendringar og husbyggingsmetodar. Eg vil ha kart med ferdsels- og handelsruter, og rekonstruksjonar der skodespelarar og statistar viser korleis kvardagsliv og krigføring arta seg for tusenvis av år sidan. Ja, i mine villaste fantasiar ser eg for meg at NRK kunne ha laga ein programserie på same nivå som BBC. Kvifor ikkje?

På vegne av historisk interesserte lisensbetalarane er eg djupt såra og vonbroten. Eg skrur nok på neste søndag også, for norsk arkeologisk historie er så rik, og intervjuobjekta så kunnskapsrike, at NRK ikkje heilt klarer å vatna ut interessa mi.