Lista viser alle tekstar publisert i "2013" på larsnyre.no.

Farvel leiarskap!

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Hermed sluttar eg som redaktør i Norsk medietidsskrift. Eg seier takk til redaksjonsmedlemmer, fagfeller, forfattarar og forlag for godt samarbeid i fire og eit halvt år. Redaktørvervet i NMT er det mest givande av dei leiarverva eg har hatt. Alt arbeidet er fagleg orientert, det vert gjort på dugnad, og redaksjonen får ikkje noko anna […]

Velmeint, men tungt om lærartrivsel

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Emosjonelle forhold er mykje viktigare for skulearbeidet enn administrasjon og målstyring. Læraren bør ikkje ha distanse til elevane, slår denne boka fast. Læring handlar om trivsel og om meistring av kommunikasjonen med elevar, medlærarar og foreldre. Desse emosjonelle forholda er mykje viktigare for skulearbeidet enn administrasjon og målstyring. Skolen som arbeidsplass er skriven av eit […]

Den brennande læraren

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Ei emosjonell utblåsing om undervisning, som er sårt tiltrengt. Det er talent og hardt arbeid som gjer deg til ein god lærar. Dersom noko står på spel, er du nervøs når du snakkar, og då er sjansen stor for at du får elevane til å høyra etter og læra noko nytt. Den siste tida har […]

Feil pedagogisk nivå

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eg anerkjenner at ein skolert matematikar sikkert synest dette er opplysande, men for dei fleste av oss er det uforståeleg. Matematikk er eit språk som kan snakkast på mange nivå. Det kan gjerast så enkelt at ein tiåring forstår det, og så vanskeleg at nesten ingen i verda forstår det. Nytteverdien av ein introduksjon står […]

”Arkeologene” er dårleg folkeopplysning

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Programserien ”Arkeologene” går på NRK1 på søndagskveldane. Den er produsert av NRK Østafjells, og programleiarar er kjendis Arne Hjeltnes og arkeolog Frode Iversen. Programmet er meint å vera klassisk folkeopplysning, men er meir folkeleg enn det er opplysande. Prosjektleiar Øystein Økter vart intervjua av NRK.no 2. mai 2012, og sa: «Arkeologi kan være en utfordring […]

Den byråkratiserte bjørnen

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det er stort drama i menneska sitt forhold til bjørnen. Omtrent 150 brunbjørnar vandrar omkring i norsk natur, dei fleste i grensetraktene mot Sverige og på Nordkalotten. Det verkar som biologen og naturforvaltaren Ole Jakob Sørensen kjenner alle saman personleg. Denne boka er grundig som få, med 15 kapittel som krysspeilar bjørnens kompliserte samliv med […]

Dyster diagnose for Storbritannia

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Dersom ein tenkjer på Sherlock Holmes og lojalitet mot dronninga, bommar ein kraftig på gjennomsnittslivet i Storbritannia i dag. Det britiske samfunnet har endra seg på grunn av aukande innvandring og rå marknadskapitalisme, og kritikarar snakkar om «Broken Britain». I denne boka set Øyvind Bratberg ein dyster diagnose på Storbritannia i vår tid. Bratberg er […]

Innspel til den nye regjeringas ytringsfridomspolitikk

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Redaktør Lars Gauden-Kolbeinstveit har samla ti artiklar med ulike verdikonservative oppfatningar om ytringsfridom. Boka har bidrag frå aktive politikarar som Michael Tetzschner, Siv Jensen og Trine Skei Grande, akademikarar som Thomas Hylland Eriksen og Lars Fr. H. Svendsen, og ein politisk teiknar. Boka er utgitt av Civita, og redaktøren pluss tre av artikkelforfattarane er lønna […]

Kampskrift for dyra

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Med for mykje moralsk indignasjon, meiner vår bokmeldar. Sjeldan har eg lese ei meir normativ bok. Forfattarane dømmer menneskeslekta for vår stadig råare tingleggjering av dyra, og dommen er ikkje nådig. Alle dyreslag på jorda er no underlagde menneska si målsetjing om å gjera livet godt for menneska. Dette styrkeforholdet er korkje naturleg eller moralsk […]

Ungdommar er teknologiske deterministar

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Den teknologiske utviklinga er grunnleggande open. Ungdommar som torer å utfordra dei sosiale medienes tvangstrøye kan utgjera ei veldig kraft.   Dei fleste ele­var på vidare­gå­ande sku­lar er på eit sta­dium i livet der dei enno ikkje har reflek­tert noko sær­leg over tek­no­logi­ut­vik­linga, og sine eigne val­mog­leg­hei­ter når det gjeld medie­åt­ferd. Ung­dom­mane er stort sett tek­no­lo­gi­en­tu­si­as­tar, […]