Til toppen

Feil pedagogisk nivå


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


matte

Eg anerkjenner at ein skolert matematikar sikkert synest dette er opplysande, men for dei fleste av oss er det uforståeleg.

Matematikk er eit språk som kan snakkast på mange nivå. Det kan gjerast så enkelt at ein tiåring forstår det, og så vanskeleg at nesten ingen i verda forstår det. Nytteverdien av ein introduksjon står i direkte forhold til kor matematisk forfattaren forklarar dei utvalde emna sine.

Lisa Lorentzen er professor i matematikk ved NTNU og har spesialisert seg på kompleks funksjonsteori og analytisk teori for kjedebrøk. Ho snakkar språket på høgste nivå. Hva er matematikk har sju kapittel som tek for seg talhistorie frå dei gamle sumerarane og indarane, bruksretta matematikk og matematikkens relasjon til abstrakte forhold som sanning, det uendelege og skjønnheit.

Det viste seg å vera svært frustrerande å lesa denne boka. Fyrst trudde eg sjølvsagt at det var meg det var noko gale med, men etter å ha streva meg gjennom heile boka, slår eg fast at ein må kunna matematikk frå før av for å forstå henne. Eg har trass alt realfag frå gymnaset i 1988 med karakteren fem i snitt, og hjelper dagleg dei tre born mine med matematikk frå ungdomsskuletrinnet og nedover.

Eg skjønar kvifor det går gale. Lorentzen har valt feil nivå for bruken sin av det matematiske språket. Her er til dømes forklaringa hennar på kor lang tid det tek for menneskeheita å auka med ein milliard: P(t) = 7 + 1/12+(1/4)xt x t. Når det gjeld andregradslikningar, skriv Lorentzen sorglaust at «som vi vet er løsningen av den lik x= (-b+/-kvadratrot av b2-4xc)/2.» Eg anerkjenner at ein skolert matematikar sikkert synest dette er opplysande, men for dei fleste av oss er det uforståeleg.

Lorentzen har heller ikkje eit godt grep om pedagogikken. Det verkar som ho trur det er nok å insistera på at det er enkelt, så vert det enkelt. «Hele problemet er altså løst ved å multiplisere alle punktvektorene med én og samme matrise. Enkelt og greit og ryddig.» Ho skriv til dømes «Dette ser veldig opplagt og troverdig ut – vi har da alle lært på skolen at slik er det.» Dersom lesaren ikkje skjønar poenget, men likevel får beskjed om at det er opplagt, så er kommunikasjonen broten.

Hva er matematikk bør jo som alle dei andre «Hva er»-bøkene gje nybyrjaren «stimulerende møter med ukjente tema». Eg meiner både forlag og forfattar burde ha skjønt dette. Boka kunne ha forklart kva rekning med tal er for slags ferdigheit, kva pluss og minus er for noko, korleis likningar, funksjonar og grafar fungerer, og kva dei kan vera til nytte for. Ho kunne gjerne ha brukt det matematiske språket, men på eit enklare nivå. Boka burde også hatt fleire pedagogiske figurar som viser fram dei fine samanhengane i matematikken. Dette kunne forlaget gjerne ha hjelpt henne med. Så kunne det vore nokre vidaregåande tema enten mot slutten av kvart kapittel, eller som eit eige kapittel lengst bak i boka.

Det er for så vidt positivt å bryna seg på verkeleg vanskelege ting. Ein må lesa svært sakte. Om att og om att må ein gå gjennom to–tre setningar, før ein dristar seg vidare til neste setning. Den typen læring er ikkje vanleg for vaksne, etablerte fagfolk som meg sjølv. Det gjev meg ei kjensle av korleis det må vera å studera matematikk på NTNU og andre realfagsbastionar, men det hjelper meg ikkje til forstå kva matematikk er.