Til toppen

Innspel til den nye regjeringas ytringsfridomspolitikk


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


ytring

Redaktør Lars Gauden-Kolbeinstveit har samla ti artiklar med ulike verdikonservative oppfatningar om ytringsfridom. Boka har bidrag frå aktive politikarar som Michael Tetzschner, Siv Jensen og Trine Skei Grande, akademikarar som Thomas Hylland Eriksen og Lars Fr. H. Svendsen, og ein politisk teiknar. Boka er utgitt av Civita, og redaktøren pluss tre av artikkelforfattarane er lønna medarbeidarar i denne tankesmia. Det er sjeldan ein ser bøker med eit så klart grunnlag for å formulera eit felles politisk eller ideologisk syn på ytringsfridom. Difor forventar eg å finna klare verdipåstandar, som ligg implisitt eller eksplisitt i eit fleirtal av tekstane, og som kan kallast verdikonservative. Eg forventar ikkje ei lærebok, og får det heller ikkje.

Rett nok er presentasjonen på baksida ganske flat. Der står det: “Ytringsfrihet er en grunnleggende rettighet i vårt liberale demokrati. Samtidig er ytringsfriheten omstridt, og med jevne mellomrom oppstår det debatter om dens begrunnelse og dens grenser. For Civita, som er en liberal tankesmie, er det naturlig å bidra i denne debatten”. Javisst, men dette er politisk korrekte vendingar utan nemneverdig substans. Kva er det eigentleg dei meiner? Kor tydeleg klarer dei å seia det?

Etter å ha lese boka vil eg seia at det faktisk er ein tydeleg substans i det forfattarane skriv om, og dette gjer boka interessant og viktig. Eg fann minst tre raude trådar: Ytringsfridomen kjem før demokratiet, den er ikkje absolutt, og einkvar har ansvar for ytringane sine. Meldinga er organisert slik at eg drøfter artiklane i boka basert på korleis dei stiller seg til desse tre raude trådane.

Fyrste punkt er: Ytringsfridom kjem før demokratiet. ”Ytringsfriheten er ikke et produkt av demokratiet, men demokratiet er et produkt av ytringsfriheten”, skriv Tetzschner (s. 108). Her slår han an tonen for den historiske forståinga av ytringsfridomen i denne boka. På 1700-talet tvang ytringsfridomen (eller i det minste –praksisen) i Frankrike, USA og andre land fram eit stadig meir inkluderande stemmerettsdemokrati, og ”har hatt helt avgjørende påvirkning på den samfunnsutvikling som har funnet sted fra slutten av 1900-tallet i den vestlige verden” (s. 108). Siv Jensen refererer til Ytringsfridomskommisjonen si instilling, der det heiter at ytringsfridom og openheit er konstituerande element ved demokratiet (s. 128). Ingen av dei andre forfattarane kjem med alternative historiske fortolkningar av ytringsfridomens rolle for statsdanninga i Europa. Forfattarane føreset dermed at ytringsfridomen har stor prinsipiell og praktisk verdi. Dersom du ynskjer å oppretthalda demokrati og folkestyre må du fyrst og fremst oppretthalda ytringsfridomen. Posisjonen kan inntakast i ulike styrkegrader, frå at ein er ytringsfridomsfundamentalist eller -absolutist til at ein ynskjer moderate eller strenge rettslege grenser for kva som kan ytrast offentleg. Boka har ein variert palett av posisjonar på dette punktet.

Dette bringer meg til den andre raude tråden: Ytringsfridomen er ikkje absolutt. Men fyrst må eg seia at Siv Jensen tek dissens her. Ho vil ha absolutt ytringsfridom, og set det fram tydeleg i tittelen “Med rett til å krenke”. ”I dag er det stadig oftere den som blir såret, som vinner. Slipper du opp for argumenter, er det bare å føle deg krenket, så må alle ytringer opphøre” (s. 134). Jurist og Civita-medarbeider Morten Kinander har same grunnresonnement som Siv Jensen: ”Alle som føler seg krenket av andres ytringer og som med rimelighet kan påstås å tilhøre en gruppe, kan nå søke vern hos domstolene og få sine meingsmotstandere straffedømt” (s. 47). Sjølv om han ikkje seier det rett ut, er Kinander tilhengar av absolutt ytringsfridom. Fremskrittspartiet er tydeleg imot alle begrensingar av ytringsfridomen. “Ytringsfriheten er en absolutt rettighet, ikke noe vi skal be om unnskyldning for. Da bør det være selvsagt at norske myndigheter rakrygget forsvarer innbyggernes rett til å bruke ytringsmulighetene som følger av menneskerettighetene” (s. 136).

Både Jensen og Kinander argumenterer overtydande for mest mogeleg utstrakt ytringsfridom, men som eg har antyda er det likevel eit anna syn som dominerer i boka. Dette kan kallast det ”konsekvensialistiske” synet, der ein skjeler til det som reint praktisk foregår mellom menneske i dei kampane og konfliktene som bringer opp spørsmål om ytringsfridom. Einkvar ytring kan mista sin immunitet hvis omstendigheitene ligg til rette for det, seier Svendsen. Han siterer ”skadeprinsippet” frå John Stuart Mills On Liberty (1859): ”Det eneste formålet for hvilket makt med rette kan utøves mot noe medlem av et sivilisert fellesskap, mot dets vilje, er å forhindre skade på andre” (s. 12). Det finst fleire typar skade som ikkje kan aksepterast av samfunnet, og personvern er til dømes ein viktig moderne rett som kan ta skade av absolutt ytringsfridom. Både Civita-medarbeider Torkel Brekke og stortingsrepresentant for Høgre Michael Tetzschner argumenterer for at ytringsfridomen ikkje kan ikkje vera absolutt, sjølv om den utan tvil er eit fundament for demokratiet.

Torkel Brekke meiner det er viktig med statleg regulering av hatefulle ytringar på internett. Brekke er også konsekvensialist, og og dét betyr at han fokuserer på kva slags (gode) konsekvensar det får å setja grenser for ytringsfridomen. Han heller til å tru at ”hatefulle ytringer kan føre til hatkriminalitet, og at det å begrense de mest ekstreme tilfeller av hatefulle ytringer, vil kunne få ned forekomsten av hatkriminalitet” (s. 28). Han siterer juristen Audrey Guichard: ”Selv om ytringsfrihet er ekstremt viktig, kan ikke dette fjerne det faktum at uregulert hat i cyberspace vil nære seg selv og en dag komme inn i den virkelige verden med en vold vi aldri før har sett” (s. 22). Statar må samarbeida om lovgjeving for ytringar på nett, meiner Brekke, og argumenterer for at Norge framleis må ha ein rasismeparagraf.

Michael Tetzschner argumenterer også for at det må vera innskrenkingar i ytringsfridomen. Men dersom myndigheitene skal gripa inn i ytringsfridomen må det vera nødvendig utfrå ein rettsleg standard som domstolane gjev innhald etter eige skjønn. Tetzschner nemner “a) nasjonal sikkerhet, territorial integritet eller offentlig trygghet, b) forebygge uorden eller kriminalitet, c) beskyttelsen av helse eller moral, d) omdømmevernet, e) vernet om andres rettigheter – herunder religion og gruppehets, f) fortrolige opplysninger, g) hensynet til domstolenes autoritet og upartiskhet” (s. 118-122). Tetzschner argumenterer svært ansvarleg (og kjedeleg), men eg oppfattar at han har det mest klartenkte verdisynet blant alle som bidreg til boka. I demonstrasjonstoget kan ein gjerne ropa høgt om absolutt ytringsfridom, men når ein stortingspolitikar ser interessene til heile samfunnet under eitt, så vert det ikkje så enkelt lenger. I løpet av lesinga vert eg overtydd om at absolutt ytringsfridom ikkje er ein haldbar posisjon i Norge i vår tid.

Tredje og siste fellestrekk er oppfattinga om at: Einkvar har ansvar for ytringane sine. Her ligg det under eit kommunikativt syn på ytringsfridom, der kontakten og den gjensidige avhengigheita mellom borgarane fører til ulike typar tolmodigheit og beherskelse istadenfor rein vold. Premissen her er altså at ein ynskjer å kritisera ein annan person eller posisjon, men prøver å besinna seg. Filosof og Civita-medarbeidar Svendsen viser at ynskjet om å kritisera vert balansert mot ei haldning som kan kallast toleranse. Toleranse inneber at ein har ein viss respekt og nysgjerrigheit for den andre, og undersøker litt nærare kva som faktisk er tilfelle før ein kjem med sin kritikk. Men likevel har toleranse ” karakter av å være (implisitt eller eksplisitt) fordømmende”, seier Svendsen. ”Man kan bare vise toleranse overfor noe man i en eller annen forstand mener er galt, eller i det minste mindreverdig” (s. 16).

På vegne av Venstre skriv Trine Skei Grande: “Vi har ansvar for faktainnholdet i ytringene våre. Vi har ansvar for logikken i resonnementene. Vi har ansvar for moralen i det vi sier. Og ikke minst har vi ansvar for konsekvensene av det vi mener” (s. 149). Ein kan jo spørja seg korleis i all verda ein skulle kunna handheva dette ansvaret, til dømes overfor ein som meiner at innvandrarar bør kastast ut av landet. Men likevel er denne posisjonen svært ansvarleg og lett å seia seg samd i. Ein gammal anarkist som Thomas Hylland Eriksen skriv seg også inn i denne posisjonen. Han har eit nesten Skjervheimsk argument knytta til saka frå 2005 då Jyllandsposten trykte karakikaturar av profeten Mohammed, og utløyste demonstrasjonar, vold og død. Han seier at redaktør Flemming Rose kunne førebudd trykkinga på ein måte som ville kunne gjeve han større moralsk autoritet, og kanskje også ville fått han til å velja ein annan strategi. “Ifølge et kosmopolitisk blikk på karikaturene ville Rose ha blitt anbefalt å legge dem frem for noen muslimer han kjente, og forklare at målet var å markere en tydelig posisjon i debatten om ytringsfrihet og religion. Hvis han etter samtalen fremdeles ønsket å trykke dem, ville han hatt en annen moralsk autoriet enn den som oppstår når man bare snakker om og til folk, men aldri med dem” (s. 81).

Framskrittspartiet og Siv Jensen er ikkje overraskande blodig imot tanken om at borgarane har ytringsansvar. Ho seier at ”ytringsansvar” er ein nyordbastard som den raudgrøne regjeringa har tatt i bruk til ein manipulerande dobbeltkommunikasjon, “satt til verden og først tatt i bruk av AUF-leder Eskil Pedersen” (s. 136). Det er interessant å merka seg at FrP på to viktige punkt, absolutisme og ytringsansvar, har ein klart forskjellig posisjon frå regjeringspartnaren Høgre. Her kan ein sjå med eit halvt auge at det er Høgre som har det mest gjennomførlege og ansvarlege politikkframlegget.

Til slutt vil eg minna om kva historisk situasjon eg leste denne boka i. I oktober 2013 var det regjeringsskifte i Norge, og ei Høgre-FrP-regjering erstatta den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg. Siv Jensen, som skriv i denne boka, er no finansminister, og Erna Solberg er statsminister. Framtida er ”blåblå”, skriv journalistane. Ytringsfrihet er eit ideologisk skrift som kan hjelpa den nye regjeringa med å utforma og grunngje sin politikk vedrørande ytringsfridom. Særleg Tetzschner sin artikkel kunne vera nyttig i politikkutforminga. Samstudes ville Arbeiderparti- og SV-folk truleg vera samd i det meste av dette også, så boka gjev uttrykk for ein ganske brei konsensus i den norske offentlegheita. Boka er vel verdt å lesa for alle som interesserer seg for ytringsfridomsspørsmål.