Lista viser alle tekstar publisert i "2012" på larsnyre.no.

Norsk medietidsskrift bør slutta å publisera på papir

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Det papirbaserte tidsskriftet vert mindre viktig år for år. Til kvardags brukar forskarane bibliotekets elektroniske tidsskriftskatalog, sidan universitet og høgskular uansett abonnerer på dei mest sentrale tidsskrifta. Forskarane lagrar dei vitskaplege artiklane som PDF-filer på sine personlege datamaskiner, medan papirversjonen står til pynt i hyllene på universitetsbiblioteket. Tidsskriftet Digital kompetanse, eller Nordic Journal of Digital […]

Sneversynt filmhistorie

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Det skarpe fokuset på filmkunsten og filmbransjen er styrken til Norsk filmhistorie, men også den største svakheita, meiner vår bokmeldar. Går det an at ei filmhistorie handlar for mykje om film? Ingen har skrive ei samla norsk filmhistorie sidan Sigurd Evensmos Det store tivoli kom ut i 1967. Difor er det sjølvsagt spennande at Universitetsforlaget gjev ut ei slik […]

Fagleg nullpunkt

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Om bevissthet er teoretisk og metodisk syltynn. Det er skuffande at Fagbokforlaget gjev ut ei bok som er så fagleg svak, meiner vår bokmeldar. Om bevissthet handlar om medvitstilstandar som går utover dei normalvitskapen anerkjenner som verkelege, til dømes nær-døden-opplevingar. Boka er teoretisk og metodisk syltynn, og tolkingane djupt spekulative. Holter Brudal tek for seg […]

Den amerikanske professoren

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Norske professorar og førsteamanuensisar har altfor stor avstand til studentane sine. Den amerikanske professoren, derimot, diskuterer, rettleiier og foreleser tett på studentane sine. Professorane er tilgjengelege og interesserte, og dette skapar ein tillitsfull fagleg kontakt. Tillit kan her definerast som villigheit til å oppfatta påstand X som fakta, nyttig informasjon, viktig, etc. Ein kan innvenda […]

Sanning og forvirring

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Kan me kontrollera vår tru? Kva skal til for at det me trur, er sant? Kva har du grunn til å tru at er verkeleg? Slik spør Raino Malnes, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, i si nye bok. Han tek opp epistemologiske spørsmål med supermange svar, og det heile er ein invitasjon til […]

Nyttig historie om farskap

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Lorentzen får meg til å sjå meir historisk på mi rolle som far, skriv vår bokmeldar. Eg er sjølv far, og har tenkt mykje på dét opp gjennom åra. Den nye boka til Jørgen Lorentzen fekk meg til å sjå meir historisk på mi rolle som far i familien og far for familien. Lorentzen brukar […]

Velorganisert om leiing

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Analysane av leiarrolla er høgst relevante for forståinga av det norske samfunnet i 2012. Leiaren er ein viktig figur i norsk yrkesliv, og det er stadig debatt om kva som er god og dårleg leiing. Difor er det lurt av Universitetsforlaget å gje ut ei «Hva er»-bok om leiing. Jan Ketil Arnulf er førsteamanuensis ved […]

Offentleg mediedesign

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Kva er den vesentlegaste medieforskinga fram mot 2020? Svaret er forskingsbasert mediedesign. Her er det offentleg tilsette medieforskarar som lagar eit komplett medium, med grensesnitt, prosedyrar for redaksjonelt innhald, og ein invitasjon til ei viss form for sosial interaksjon. Forskarar har allereie byrja å arbeida direkte med verkelegheita, og det finst gode eksempel på konkrete […]

Kvinners politiske makt

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Bok med potensial til å verta eit standardverk for folk som er opptekne av kvinnesakas historie. Skard har skrive ei global historie om kvinners politiske makt, og fokuserer på kvinner som har nådd toppen i sine land gjennom verv som statsminister eller president. Kva skjedde som gjorde at mønsteret med mannleg makt vart brote, spør […]

Journalistikken koloniserer universitetet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Både universitetsleiinga og journalistikken krev forskingsformidling. Dette tvingar forskarar til å læra seg ei kommunikasjonsform som ikkje er viktig for å utføra forsking, og som dermed forstyrrar vår hovudaktivitet. Journalistikkens verdisyn koloniserer i særleg grad samfunnsvitskapane og humaniora. I denne artikkelen definerer eg profesjonane «journalistikk» og «forsking» som to skarpt forskjellige kommunikasjonsformer. Så fortel eg […]