Til toppen

Offentleg mediedesign


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Kva er den vesentlegaste medieforskinga fram mot 2020? Svaret er forskingsbasert mediedesign. Her er det offentleg tilsette medieforskarar som lagar eit komplett medium, med grensesnitt, prosedyrar for redaksjonelt innhald, og ein invitasjon til ei viss form for sosial interaksjon. Forskarar har allereie byrja å arbeida direkte med verkelegheita, og det finst gode eksempel på konkrete nye medieløysingar laga med vitskaplege metodar.

Gunnar Liestøl og hans medarbeidarar driv kontinuerleg utvikling av den pedagogiske applikasjonen Situated Simulations, som viser vikinggraver, romerske ruinar og andre historiske fenomen som Augmented Reality på mobiltelefonen. Lars Nyre, Kjetil Vaage Øie og Bjørnar Tessem laga Lokanytt i 2009, med utprøving av lokaljournalistikk for mobiltelefonen med GPS-basert nyheitsprioritering. Pål Aam har skrive doktorgrad om Hypernytt, ein type interaktiv nyheitsreportasje for web som forsterkar grundigheita til TV-reportasjen, og Anders Sundnes Løvlie har skrive Textopia, som plasserer opplest og skriven litteratur på den staden dei skildrar, til dømes Knut Hamsund’s Sult i Christiania (Oslo).

Dette er spennande forsking, men den er ikkje spesielt politisk målretta. Her legg eg til eit nytt poeng, nemleg at mediedesign har potensiale for å vera meir samfunnsmessig sensitiv enn det er no. Dette er lett å sjå dersom ein tenkjer på korleis innovasjon vanlegvis skjer i den norske medie- og informasjonsbransjen.

Nye medier som Twitter og Facebook kjem nesten alltid frå utlandet, utan å vera tilpassa det norske politiske livet. Medan radio- og fjernsynsutviklinga i Norge truleg var for sterkt styrt av nasjonale interesser på 50- og 60-talet, så er internett- og mobilutviklinga for svakt styrt av fellesinteressene i vårt land. Nye medier bør finnast opp som er teknologisk og innhaldsmessig rett for vår geografi, våre transportmåtar og befolkingsmønster. For å representera våre interesser må mediet vera egalitært, deltakande, kooperativt og lokalt. No er det altfor lite av denne typen sensitiv kommunikasjons- eller interaksjonsdesign. Det er ikkje ei plikt for nokon å realisera slike vyer. Hvis VG, NRK og Telenor vil, så kan dei berre spinna vidare på det som kjem frå USA og andre land.

Dette problemet kallar Brian Winston «The Law of Supression of Radical Potential». Dei institusjonaliserte mediebedriftene er ikkje nøytrale i sin utforsking av samfunnets behov, fordi dei veljer å tilfredsstilla dei behova som er kommersielt drivverdige innafor den rådande økonomiske modellen for mediedrift. Det finst jo nødvendigvis mange fleire måtar å kommunisera på enn dei som er kommersielt drivverdige, men desse vert då korkje utvikla til medier, eller forska på av medieforskarar. Marknaden fungerer både konserverande og innsnevrande på utviklinga.

Offentleg mediedesign kan vera med på å løysa problemet med «lova om svekking av radikalt potensial». Medieforskarar kan operera på ein meir idealistisk basis, stå friare, gå våre eigne vegar og slik skapa noko som dei kommersielle kreftene ikkje kan skapa. Difor må det vera statens ansvar å utvikla nye medier gjennom universitets- og høgskulesektoren. Me har ein lang veg att å gå før me har fått innovativ forsking på beina innan mediefeltet, og det verkar nærmast utruleg at Norge nokon gong kunne utvikla eit så avansert miljø som ved MIT i Boston. På andre felt er Norge verdsleiande, til dømes innan forsking på olje og gass. Dette er heilt fenomentalt og til stor nytte for oss alle i vår oljesmurte økonomi, men offentlegheita treng at universitet og høgskular utviklar nye medieløysingar.

Offentlig mediedesign kan best gjerast i miljø som har mykje medieproduksjon i botnen, der særleg Gjøvik, Volda, Stavanger, Lillehammer, Oslo og Bergen bør framhevast. Kvar institusjon kunne få ansvar for ulike formmessige satsingsområde. Her kunne det formulerast ein langsiktig forskingsstrategi. Ein kunne fyrst byggja ut ein felles eksperimentell kompetanse over nokre år, og deretter satsa på nasjonale forskingsmål slik dei er formulert av Forskingsrådet.

Det ligg ein kritikk på lur i min visjon om mediedesign i medievitskapen. Den antyder at andre medieforskingsmetodar er for distanserte frå den pågåande utviklinga i mediene. Denne kritikken er medviten. Medieforskinga er nesten alltid bygd på eit post-factum-perspektiv på verkelegheita. Blant dei mest meritterande aktivitetane er litteraturoversyn, oppsummeringar av tidlegare forsking, og nøyaktig følgjing av metodereglar på dei ulike fagområda. Det er framlegg til forståing av det som allereie har skjedd, men ikkje framlegg til kva ein kan gjera i framtida. Forskinga står i fare for å verta ei reint administrativ oversikt over dei komplekse endringsprosessane der ute i samfunnet.

Pål Aam seier at medieforskarane arbeider i eit analytisk-kritisk paradigme, og hovudsakleg leverer enten nøytrale analysar av eit eller anna tema, eller gjev ei kritisk vurdering av eit trekk ved samfunnet. Sjølv om dette kan vera bra i seg sjølv, så har det no ført til det han polemisk kallar paradigme-paralyse: ein sjukdom som kjem av for stor tryggheit og rutine, og som fører til at alternative idear lett vert forkasta.

Då er det viktig å hugsa at medieforskarar har stor fridom og kreativitet, og kan levera radikale framlegg til nye medier til det større samfunnet. Som medieforskarar bør me ha som mål å konstruera noko som kommuniserer effektivt på ein verdfull måte, slik at det vert stadig betre kommunikasjon i samfunnet vårt.