Til toppen

Den amerikanske professoren


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Norske professorar og førsteamanuensisar har altfor stor avstand til studentane sine. Den amerikanske professoren, derimot, diskuterer, rettleiier og foreleser tett på studentane sine. Professorane er tilgjengelege og interesserte, og dette skapar ein tillitsfull fagleg kontakt. Tillit kan her definerast som villigheit til å oppfatta påstand X som fakta, nyttig informasjon, viktig, etc.

Ein kan innvenda at det neppe er så idyllisk på alle dei tusenvis av universitet og colleges i USA. Og kanskje skuldast professorane sin velvilje eit økonomisk press frå studentane. Foreldra betaler ein formue for barnas utdanning, og då vil dei ha dei beste forelesarane, og ikkje verta avspist med juniorar og fabrikkundervisning. Topp-professorane må snakka med studentane, og ikkje berre dét, dei må gje studentane personleg oppfølgjing og læra å kjenna dei godt nok til å kunna tilpassa opplæringa til personlegdomen. Her verkar det som at den kapitalistiske logikken for ein gongs skuld bidreg positivt.

Idealet om den amerikanske professoren er relevant også for norske universitetet. Frå 1980-talet satsa universiteta på teoretiske undervisningar i medievitskap filmvitskap og journalistikk, medan høgskulane hadde praktiske utdanningar i journalistikk og produksjon (t.d. film, radio, fjernsyn).

Journalistikkutdanningane ved HiAO og HVO er gode eksempel på tett undervisning. Læraren kjente studentane, og la til rette med ei forståing av personleg-domen til kvar enkelt. Men det heile føregjekk utan den høge vitskaplege kom-petansen som ein universitetsprofessor har, og hadde mest til felles med vidaregåande oppplæring. I Norge var du enten ekspert eller lærar, men ikkje begge deler på ein gong.

No er ikkje biletet så klart lenger. Fleire høgskular har vorte omgjort til universitet, slik at til dømes journalistikkutdanninga i Stavanger no føregår ved eit universitet. Dei har fått fleire tilsette, og den vitskaplege kompetansen aukar. Men dette har kanskje ikkje noko særleg positiv effekt på studentkontakten, for dei nytilsette brukar mykje tid på forsking, og går ofte inn i ei distansert rolle som plenumsforelesar og sensor.

Ei anna interessant endring er at dei etablerte universita i større grad enn før satsar på praktiske utdanningar. I 2004 starta det samanslåtte Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen opp bachelorprogram i journalistikk, film og fjernsyn og nye medier, og utdannar no 180 praktisk orienterte kandidatar i tillegg til studentane på medievitskap og informasjonsvitskap. Instituttet er ein studentfabrikk som ikkje er godt posisjonert for å gje studentane tett oppfølging.

Sanninga er at studentkontakten er best hjå undervisningsassistentar og innhyrde bransjefolk som arbeider praktisk med studentane. Dette er bra på kort sikt, men desse folka har både lågare kompetanse på kjernefaga i den gitte utdanninga, og dei har eit meir flyktig nærvere enn fast tilsette. Det vert ikkje utvikla ein kultur for stuentkontakt i den faste staben. Det hadde vore betre viss ein professor hadde eit jevnt samvere med studentane utover i semesteret, og til dømes lært seg namnet på flest mogeleg av dei.

Kor mange studentar er det pr tilsett i norsk medievitskap? Eg har sett opp ein tabell som viser forholda ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Tala er henta frå websidene til dei to institutta i april 2012, pluss utdanningsmeldingane for 2010 og 2011.
 

UiB UiO
Studentar 678 364
Vitskapleg tilsette 47 29
Studentar pr. tilsett 14,4 12,6

 
Kva seier denne tabellen om vilkåra for nærkontakt? Talet på studentar må delast på talet på tilsette for å sjå ressursbruk pr. student. I vårsemesteret går det 14,4 studentar pr. tilsett i Bergen, og 12,6 pr. tilsett i Oslo. Bergen og Oslo har slik sett ganske lik ressursbruk, sjølv om det går an å hevda at sidan forholdet er betre i Oslo bør ha ein litt meir omfattande studentkontakt der.

Men det er no verkeleg ikkje råd for ein vitskapleg tilsett å gje 14 eller 12 studentar tett personleg oppfølgjing til eikvar tid. Det høyrest altfor mykje ut, og forholdet burde ligga på maks 6-7 stk.

Dersom universiteteta skulle gjera noko med dette, så kunne dei til dømes skjera ned talet på studentar. Då ville utdanningane verta meir eliteprega, og innsatsfaktoren pr. student kunne aukast utan nytilsetjingar. Men problemet er at med studentreduksjon så fell jo inntektene til instituttet. Dersom institutta auka talet på tilsette substansielt, så ville også innsatsfaktoren auka, men dette er endå mindre realistisk.

Den norske professoren har ein institusjonalisert avstand til studentane som det er vanskeleg å gjera noko med på kort sikt. Det trengst som så ofte i samfunnet ei haldningsendring. Det undervisningsidealet eg snakkar om er ikkje begrensa til eliteuniversitet i USA. Viss du har lyst kan du fint diskutera med ei gruppe studentar i to timar, ta ein øl med dei innimellom, og vera ein mentor når dei skal gå vidare frå universitetet til arbeidslivet. Du kan setja fram samfunnsmessige verdiar i di kvardagslege undervisningsåtferd, og hjelpa unge menneske til å få ein god, kunnskapsbasert start på yrkeslivet. Haldninga er gratis, og det er fritt fram å bruka den i Norge innafor våre kulturelle rammer.