Til toppen

Norsk medietidsskrift bør slutta å publisera på papir


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det papirbaserte tidsskriftet vert mindre viktig år for år. Til kvardags brukar forskarane bibliotekets elektroniske tidsskriftskatalog, sidan universitet og høgskular uansett abonnerer på dei mest sentrale tidsskrifta. Forskarane lagrar dei vitskaplege artiklane som PDF-filer på sine personlege datamaskiner, medan papirversjonen står til pynt i hyllene på universitetsbiblioteket.

Tidsskriftet Digital kompetanse, eller Nordic Journal of Digital Literacy, er eit lukkeleg eksempel på på korleis det kan gå når ein legg ned papirutgåva. Det vart etablert i 2006 i både trykt og digital versjon, men frå 2010 er det eit reint digitalt tidsskrift som er fritt tilgjengelig (www.idunn.no/dk). I 2011 hadde det 80000 nedlastingar, noko som er svært mykje i norsk samanheng.

Norsk medietidsskrift vert naturlegvis også påverka av denne publisistiske endringa. Med jevne mellomrom får redaksjonen forslag frå entusiastiske kollegaer om at NMT må gjerast til eit reint elektronisk tidsskrift (og helst open access i same slengen). Forslaget vert meir realistisk år for år.

Eg har vore med i Norsk medietidsskrift sidan 2003, og har deltatt i tre viktige endringar for tidsskriftet så langt. I 2004 overtok Universitetsforlaget publiseringsansvaret for NMT, og då auka me samtidig frekvensen til fire nummer i året, og fekk eit nytt design som me brukar nesten uendra enno. Same år vart Universitetsforlagets elektroniske publiseringssystem Idunn lansert, og alle utgåver av NMT frå den tid er tilgjengelege elektronisk. Idunn er ei kommersielt basert betalingsteneste, og NMT er dermed ikkje ein open access-publikasjon. I 2010 vart NMT Intranett tatt i bruk, og dette er eit redaksjonelt datasystem til behandling av manuskriptrevidering og fagfelleprosess (slik som Manuscript Central). Dei tre endringane har krevd mykje administrativt arbeid internt i redaksjonen, men gevinsten har uansett vore større enn innsatsen, og difor er eg ikkje redd for endå ei endring.

Men vitskapleg publisering på internett er enno ikkje særleg avansert. På den uttrykksmessige fronten er alt omtrent som i 1950: kolonne etter kolonne med tekst som kan skrivast ut på papir, pluss tabellar, figurar og svart/kvitt-illustrasjonar. Det mest radikale er søkefunksjonen og dei digitale referansesystema som gjer at det er lett å finna artiklar, og generera siteringsfrekvens og andre kvantitative forhold. Dette er naturlegvis verdifullt, men det er likevel rimeleg å seia at elektroniske tidsskriftet mest har vorte utvikla ved å sjå i bakspegelen. Dette er eit vanleg feilgrep som Marshall McLuhan treffsikkert påpeikte allereie på 1960-talet, og det har gjort at elektroniske tidsskrift har eit motsetningsfylt preg av elektronisk papirtrykk.

Medieforskarar bør vera i forkant av utviklinga når det gjeld nytenking om publisering av vitskapelege artiklar på nett. Hvis det er eit tidsskrift som passar til å utforska dei formmessige muligheitane innafor elektronisk publisering, så er det Norsk medietidsskrift. Medievitskapen dreier seg jo om betydningane av lyd, bilete, tekst i eit stort spekter av ulike medier. Alle desse verkemidla er tilgjengelege for publisistisk verksemd, og kan brukast meir spennande og radikalt enn kva som er tilfellet i tidsskriftbransjen no.

Skal redaksjonen kjempa så lenge som mogeleg for å bevara den papirorienterte prosedyren som me kan så godt frå før, eller bør me gjera eit radikalt hopp inn i den elektroniske verda? Tja. Redaksjonen kan vera motvillig til å endra seg, for då må jo dei redaksjonelle prosedyrane forandrast for ørtende gong, og me arbeider jo på dugnad med konstant tidspress. Innføringa av elektronisk publisering som redaksjonelt prinsipp vil fort framstå som endå eit stresselement, sjølv om forskarar som må vente i seks–sju månader på tilbakemelding på sine innsendte manuskript neppe har inntrykk av at redaksjonen er overarbeidd.

Eg meiner den beste løysinga for Norsk medietidskrift er at papirutgåva vert avvikla på ein kontrollert byråkratisk måte i løpet av 3–4 år. I mellomtida er det viktig at redaksjonen byggjer opp gode rutinar for publisering mot Idunn, og gjer dette til fyrsteprioritet i produksjon og planlegging. Her vil NMT Intranett vera eit viktig verktøy.

Redaksjonen har aldri arbeidd eksplisitt med den elektroniske utgåva av tidsskriftet, til dømes ved å gi input til Universitetsforlaget om utsjånad og verkemiddel. Me har til no arbeidd berre mot papirutgåva, og forhalde oss til sidetalsavgrensing, kvartalsvis utgjeving og andre analoge forhold. Dersom redaksjonen skal arbeida mot reint elektronisk publisering, vert rammevilkåra ganske annleis. Sidetalet kan vera så stort eller lite som det er kvalitetsmessig forsvarleg for ein gitt artikkel, og nye artiklar kan publiserast ein gong i månaden, eller med andre frekvensar som uansett er meir dynamiske enn papirutgåvas kvartalsvise takt.

Det vert ein langdryg byråkratisk prosess å gjera NMT om til eit reint elektronisk tidsskrift. Vår eigar Norsk medieforskarlag signerte nettopp ein ny treårig publiseringsavtale med Universitetsforlaget, og er bunden av dei rammene som vert sett der. Men det er jo stor interesse for elektronisk publisering i forlagsbransjen, og Norges forskingsråd pressar på. Vidare er det generalforsamlinga i NML som bestemmer om papirutgåva skal leggast ned, og det kan tidlegast skje under konferansen i Kristiansand i oktober 2012.

Norsk medieforskarlag ved leiar Hilde Arntsen og kasserar Rune Klevjer tek denne våren intiativ til ein konsultasjonsprosess om tidsskriftets framtid. Dei og dei ynskjer innspel både frå sine medlemmer og frå det norske medievitskaplege miljøet generelt. Meir informasjon om tiltaket vil koma på www.medieforskerlaget.no.