Lista viser alle tekstar sortert under sjangeren "Blogginnlegg" på larsnyre.no.

Medieforsking kan trygga mediemangfaldet

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Vilkåra for kvalitetsjournalistikk i Noreg er dårlege, og akademia bør verta meir aktivt involvert i vidareutviklinga av samfunnsoppdraget. Mangfaldsutvalget bør utgreia denne muligheita som del av arbeidet sitt. Eit ekte problem Den norske offentlegheita har eit ekte problem, noko nedskjæringa i Bergens Tidende hausten 2015 viser godt. Sakte, men sikkert går kuttinga av redaksjonelle ressursar […]

Sjå det gode ved dronen

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det er lett å tenkje at droneteknologi er negativt for samfunnet, men den tanken bør skiftast ut med meir positive haldningar. I dette blogginnlegget spekulerer eg omkring det gode ved droner. Eg vil ta for meg tre profesjonar som kan forme dronefilm i ei positiv retning for offentlegheita, nemleg filmbransjen, journalistikken og akademia. Det er […]

Vi har ikkje kontroll over teknologiane

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Martin Heidegger ser oss i augo og kjem med ei åtvaring: Dersom de trur de har kontroll over teknologiane tek de skammeleg feil. I dette innlegget er eg trollmannens læregut, og vil prøva å forklara kva Heidegger meiner. “Menneska opphøgar seg sjølve og poserer som herrar over jorda. På denne måten vert det laga ein […]

Fjernsyn til evig tid

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det er nesten umogeleg å overdriva kor viktig fjernsynet er i det norske samfunnet.  «De neste årene skal vi vinke farvel til fjernsynet slik vi kjenner det”, seier Erik Fossen i Bergens Tidende 28. januar. Eg trur han kjem til å vinka til han får krampe i armen og ikkje orkar meir. Det hadde vore […]

Sjølvfokuserte medier

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Norske journalistar er for opptekne av eigen bransje. Det går utover nyhetsdekninga. Mediene har veldig mykje stoff om seg sjølve – om journalistane sine arbeidsmetodar, om suksess og fiasko blant kjente profilar, om dei store mediebedriftene sine lesar- og lyttartal, og så vidare. Det er gammalt nytt at mediene er sjølvfokuserte, men problemet blir ikkje […]

Dette er ikkje eit blogginnlegg

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Haustens bloggsatsing i Journalisten er ikkje særleg vellukka dersom den vert vurdert som blogging i ordets vanlege betydning. Innlegga er kloke og fornuftige, og det kjem nye fleire nye innlegg kvar veke, men dette er eigentleg kommentarar av same typen som papiravisene har. Tusenvis av menneske i Norge skriv ekte bloggar, og titusenvis les det […]

I’m gonna booglarize you

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eg var heilt åleine om å lika Captain Beefheart på Voss på 1980-talet, og det var ein hard sosial prøvelse. Rundt meg på alle kantar var det motvilje, latterleggjering og dårleg smak. Kanskje uviljen gjorde at eg likte han endå betre, og i alle tilfelle utvikla eg eit så intenst forhold som berre unge menn […]

Politisk kritikk av sosiale medier

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Problemet er politisk, og skuldast at Mark Zuckerberg er ein typisk amerikansk kapitalist. Han lagde ikkje Facebook for å forandra og forbedra samfunnet. Den grunnleggande motivasjonen var økonomisk opportunisme, og ikkje god kommunikasjon. Implikasjonane er mange, og eg tek for meg nokon av dei nedanfor. Eg praktiserer mistankens hermeneutikk, og forsøker å avsløra fordommar om […]

Vi treng forsking, ikkje innovasjon

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Nye medier handlar om meir enn mobiltrendar og graden av økonomisk suksess for VG+. Mediesamfunnet treng den typen langvarige, kjedelege og grundige undersøkingar som berre universitet og høgskular kan tilby. Eg er på forskingsreise til Amsterdam saman med gode kollegaer, og på torsdag hadde me meldt oss på konferansen”Wireless Stories. New media in public space” […]

Nei, det er ikkje ein Facebookrevolusjon

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det tristaste eg har lest om storhendingane i Tunisia, Egypt og Libya er nyordet ”Facebookrevolusjon”. Tanken bak ordet er at Facebook var så viktig for koordineringa av møte og protesthandlingar på Tarhirplassen i Kairo, at det forandra verkelegheita i Egypt. Facebookrevolusjonen har blitt proklamert i mange norske medier, og blitt grundig analysert i New York […]