Til toppen

Fjernsyn til evig tid


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det er nesten umogeleg å overdriva kor viktig fjernsynet er i det norske samfunnet. 

«De neste årene skal vi vinke farvel til fjernsynet slik vi kjenner det”, seier Erik Fossen i Bergens Tidende 28. januar. Eg trur han kjem til å vinka til han får krampe i armen og ikkje orkar meir.

Det hadde vore spennande hvis Fossen sin spådom var eit uttrykk for revolusjonær vilje, altså at han ynskte å fjerna fjernsynet frå kulturen. Det er fullt mogeleg at folk kunne bedrive tida si med meir aktive og utviklande former for kommunikasjon. Men det er ikkje ein slik radikal tanke som motiverer Erik Fossen.

Som mediekommentatorar flest har han øyresus på grunn av all mediestøyen rundt seg. I redaksjonar og offentlegheit svirrar det alltid eit ’siste nytt’. Den store nyheita sist veke var altså at TV kjem til å døy.

På ein måte finst det gode grunnar til å tru på denne spådommen. Internet har muligens skapt ein medierevolusjon, og det er brukardeltakinga som er det store nye. Erik Fossen seier ”medie-Norges mektigste det er deg – du som leser dette”. Du har fått så stor makt dei siste åra at heile mediebransjen liksom skjelv av nervøsitet når du klikkar på ei heimeside. Utviklinga på YouTube og med andre audiovisuelle tenester på Internett tyder på at unge menneske etablerer andre medievanar enn dei som alt er vaksne, og då kan konkurransen frå breibåndstenester til slutt bli så stor at både bakke-, satellitt- og kabelsendingar blir slått av. Dette er likevel lite sannsynleg, på grunn av dei store økonomiske investeringane som er gjort.

Eg er skeptisk til spådommen om at TV-mediet kjem til å døy i løpet av fem år, slik Bill Gates nyleg påsto for å laga blest om det nye operativsystemet Vista. Faktisk er det ei rekkje svært gode grunnar til å tru at TV og det fjernsynsmessige i kulturen kjem til å behalda sin dominerande rolle.

Don’t believe the hype. Alt nytt høyrest flottare ut enn det er, og det gjeld ikkje minst dei audiovisuelle tenestene på Internett. Det er tunge økonomiske interesser inni biletet (Microsoft, Apple, YouTube, Google), og dei har for lengst lykkast med å spinna ein voldsom optimisme og framtidstru kring Internett. Det er herifrå Erik Fossen har fått øyresus.

TV har svært stor prosentvis merksemd i folkesetnaden. Eit populært program i prime time har 1.000.000 sjåarar, og hvis me ser bort frå barn som er i seng og alle som jobbar om kvelden, blir det ein vesentleg del av heile den norske befolkninga samtidig.

Folk treng den sanselege stimuleringa og avslapninga som god TV gir. Når kvelden kjem vil folk ligga på sofaen og sjå audiovisuelle forteljingar, nyheiter, dokumentarar, etc. Sjølv om slikt innhald skulle komma gjennom breibåndet med ubegrensa valgmoglegheiter så er bruksmåten like fullt fjernsynsmessig. Folk har kjøpt surround sound og storskjerm for å gjera den audiovisuelle opplevinga sterkast mogeleg.

TV har blitt sedimentert i det norske samfunnet i nesten hundre år, i hvert fall om ein reknar med radioen som eit forgjengarmedium. Det er sendetårn på fjelltoppane, heimen er stappfull av utstyr, og alle skjønar at fjernsyn er ein solid bygd infrastruktur i samfunnet. Roma vart ikkje bygd på ein dag, og fjernsynet kan ikkje rivast på ein dag.

Den bunnsolide kulturelle dominansen til TV-mediet gjev det ei bemerkelsesverdig gjennomslagskraft i andre medier. Folk kjøper musikk på Internett etter å ha sett Skavlan, som i tilfellet med Amy Winehouse og hitlåten ”Rehab” (VG, 20. januar). Radio og aviser og magasin – og ikkje minst allslags heimesider og nettaviser på Internett – forheld seg til TV som ein bunnlaus generator av definisjonen på ’det trendy’, ’det riktige akkurat no’.

Det er eit businessmessig trøkk for å beholda TV som eit dominerande medium i Norge, og det skuldast dei enorme økonomiske investeringane i digitalt bakkenett, kabelnettverk i dei store byane, satellitt-TV på globalt nivå. Nokon skal ha avkastning på desse investeringane. Sjølv om for eksempel TV2 kan tena pengar på Internett, så vil dei uansett prøva å styrka TV-kanalane, fordi dette er kjerneaktivitetar.

Er det mogeleg at dei kulturelle og økonomiske kreftene som ligg bak alt dette kan bli svekka og forsvinna i løpet av berre fem år? Aldri i livet.