Lista viser alle tekstar publisert i "2011" på larsnyre.no.

Temanummer om metodeutvikling

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Er det slik at nye medier krever utvikling av nye metoder? Hvilke nye metoder er i så fall viktigst for norske og nordiske medieforskere å ta i bruk? Medieforskere prøver blant annet ut kvantitativ webanalyse, interaksjonsdesign og en rekke nye tekniske løsninger for å høste data om innhold og bruk av medier. Særlig yngre forskere […]

Velkommen til NMT Intranett

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Redaksjonen i Norsk medietidsskrift lanserer stolt vårt nye NMT Intranett. NMT Intranett er eit verktøy for å senda inn manuskript og fagfellevurderingar, og for å følgja arbeidsprosessen frå fyrsteutkast til trykkeferdig artikkel. Vårt system er utvikla av medievitar Ana Laws i rammeverket Open Journal Systems, og kan finnast på www.nmt-intranett.org. NMT Intranett gjer at artikkelkvaliteten […]

Tankar til ingen nytte

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Grunntonen i boka er dyster og velkjent. Humaniora er i krise. Universitetet har vorte ei «kunnskapsbedrift» driven med new public management. Studentane har vorte kundar, publisering vert målt kvantitativt, forskinga må skje i store grupper som liknar på eit firma, og sal av forskingsresultat har vorte ein dyd. Alle universitetsfaga går gjennom same endringsprosessar, men […]

Vikingar i Technicolor

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Interessant og fargesprakande formidlingsperspektiv på vikinganes teknologi og hærtog. Vikingtida er eit nesten populistisk temaval, med den tvers gjennom actionfylte handlinga. Vikinger i krig utnyttar dette maksimalt, og blir ein våt draum for alle hobbyhistorikarar. Boka gjev eit spennande og originalt «Technicolor-preg» til historia, på grunn av alle dei grafiske illustrasjonane. Boka har eit interessant […]

Fortidas visuelle retorikk

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Forfattaren forsøker å tilfredsstilla ekspertar og eit allment publikum samtidig, men han burde ha satsa på det allmenne publikumet, meiner vår bokmeldar. Boka handlar i hovudsak om korleis berømte retorikarar har bruka biletkunst og skulptur i talekunsten, og er spekka med eksempel. Kjeldsen siterer romaren Quintilian (ca. 35–100 e.Kr.), som samanliknar kvardagsspråket med ein stivt […]

Kjemisk fri for forenkling

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Dette kan mange realistar følgja, men det er i ytterkanten av kva som kan formidlast populært, skriv vår bokmeldar. Eg får H2O på mølla av å lesa denne boka. Før dette kunne eg ikkje meir kjemi enn det norske skuleverket injiserte i meg fram til 1988. Å lesa Mostad si bok var ei betimeleg påminning […]

Apologetisk om det overnaturlege

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det er nesten skremmande lesing for eit opplysningsmenneske, skriv vår bokmeldar. Boka handlar om folk si tru på overnaturlege forhold. Stoffet er engasjerande og levande fortalt, men over det heile kviler eit ubesvart spørsmål: Finst det i det heile teke noko overnaturleg? Folkloristen Selberg skil teoretisk mellom organisert religion i kyrkjesamfunna og ein langt mindre […]

Politisk kritikk av sosiale medier

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Problemet er politisk, og skuldast at Mark Zuckerberg er ein typisk amerikansk kapitalist. Han lagde ikkje Facebook for å forandra og forbedra samfunnet. Den grunnleggande motivasjonen var økonomisk opportunisme, og ikkje god kommunikasjon. Implikasjonane er mange, og eg tek for meg nokon av dei nedanfor. Eg praktiserer mistankens hermeneutikk, og forsøker å avsløra fordommar om […]

Vi treng forsking, ikkje innovasjon

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Nye medier handlar om meir enn mobiltrendar og graden av økonomisk suksess for VG+. Mediesamfunnet treng den typen langvarige, kjedelege og grundige undersøkingar som berre universitet og høgskular kan tilby. Eg er på forskingsreise til Amsterdam saman med gode kollegaer, og på torsdag hadde me meldt oss på konferansen”Wireless Stories. New media in public space” […]

Nei, det er ikkje ein Facebookrevolusjon

Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Det tristaste eg har lest om storhendingane i Tunisia, Egypt og Libya er nyordet ”Facebookrevolusjon”. Tanken bak ordet er at Facebook var så viktig for koordineringa av møte og protesthandlingar på Tarhirplassen i Kairo, at det forandra verkelegheita i Egypt. Facebookrevolusjonen har blitt proklamert i mange norske medier, og blitt grundig analysert i New York […]