Til toppen

I’m gonna booglarize you


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Eg var heilt åleine om å lika Captain Beefheart på Voss på 1980-talet, og det var ein hard sosial prøvelse. Rundt meg på alle kantar var det motvilje, latterleggjering og dårleg smak.

Kanskje uviljen gjorde at eg likte han endå betre, og i alle tilfelle utvikla eg eit så intenst forhold som berre unge menn kan gjera. I daglegtale omtalte eg han som Kapteinen, og me var musikalsk åleine i ein lang periode. Eg høyrde ikkje på noko anna enn Trout Mask Replica etter at eg fekk tak i den på postordre frå Fodnes i Lærdal ca 1986. Etter kvart kjøpte eg alle platene hans, bortsett frå dei to dødsdårlege platene frå midten av 1970-talet som eg ikkje vil nemna med namn. Min fascinasjon er fullstendig vokal, og eg vil prøva å beskriva den til ære for Kapteinen. Alt ved denne musikken er sentrert rundt synginga til Kapteinen. Ein av signatursongane er ”I’m gonna booglarize you”, som han var på nippet til å få ein hit med tidleg på 70-talet. Me snakkar om eit naturtalent der denne tidsperioden var kreativ peak reint vokalt. Her er stemma hans så til dei grader inntrykkssterk, og så djupt nede at den nesten blir borte. Då eg høyrde at han var daud søkte eg på YouTube, og fann ein live TV-versjon med the Magic Band frå denne perioden. Dette er ein fargefjernsynsproduksjon som muligens er laga i Frankrike. Her vert alle TV-mediets effektar tatt i bruk til å laga noko som i realiteten er ein musikkvideo, der visuelle effektar av mange slag vert kombinert med ein gjennomtenkt koreografi for bandet, og ikkje minst ei veldig god musikalsk utføring av ”I’m gonna booglarize you”. Du er heilt nøydd å høyra gjennom denne videoen før du fortset:

YouTube-video med Captain Beefheart and the Magic Band

The Magic Band har ein tørr gitarbasert sound, der rytmen er ganske hard og repetetiv, og veldig ofte sakte, slik som her. Dei tre gitaristane hoppar og vuggar energisk omkring på scenen. Dei beveger seg i komplett harmoni med musikken. Legg for øvrig merke til at gitarane har ledningar bort til PA-anlegget, for dette var dei gode gamle dagar før radiooverføring. Bassisten Roy Estrada er ein gammal røvar frå Zappa sine besetningar, men han er ikkje indianaren i gruppa sjølv om han har langt indianarhår. Stemma til Kapteinen er det naturlege sentrumet for framføringa, men det er vanskeleg å beskriva den. Dei fleste adjektiva som passar ville også passa til Dr John, Tom Waits, Screaming Jay Hawkins og andre menn som syng veldig bluesete og djupt og intenst. Eg vil heller beskriva den ved hjelp av den franske avisteiknaren Gotlib, som ein gong laga ei vittig teikneseriestripe om ”I’m gonna booglarize you”. Tidleg på 1970-talet var Kapteinen ganske big in France, og Gotlieb lagde ei stripe der han tulla med den heftige syngestilen til Kapteinen. Stripa viser ein mann som er på piknik med sin vakre kjærast. Han er i det romantiske hjørnet, og spør om han skal synga til henne. Ho svarer at hvis han kan synga som Captain Beefheart så vil ho elska han. Mannen lyttar til plata The Spotlight Kid, og ser ut som eit spørsmålsteikn. Så set han i gang å synga ”I’m gonna booglarize you”. Etterkvart som han syng, spyr han opp forskjellige ting; ei høne, ein hårbørste og masse mat. Det forferdelege oppkastet veltar utover den vakre jenta og maten, og mannen sjølv blir nesten blir kvalt av spy. Desse teikningane seier meir om Kapteinen si stemme enn tusen ord. Ved Kapteinens død anbefaler eg å kjøpa The Spotlight Kid for å høyra ”I’m gonna booglarize you” i studioversjon og topp lydkvalitet. Hvis du ikkje likar dét så likar du ikkje Captain Beefheart.