Til toppen

Politisk kritikk av sosiale medier


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Problemet er politisk, og skuldast at Mark Zuckerberg er ein typisk amerikansk kapitalist. Han lagde ikkje Facebook for å forandra og forbedra samfunnet. Den grunnleggande motivasjonen var økonomisk opportunisme, og ikkje god kommunikasjon. Implikasjonane er mange, og eg tek for meg nokon av dei nedanfor.

Eg praktiserer mistankens hermeneutikk, og forsøker å avsløra fordommar om maktinstansar, fordommar som er til fordel for oppretthaldninga av makta til dei dei handlar om, og som maktinstansane dermed ikkje ynskjer å få avslørt. Ein heil bransje er betalt for å halda oppe PR-trykket for makta til Facebook, og produserer positive, forståingsfulle, sympatiske fordommar om sosiale medier.

For å praktisera mistankens hermeneutikk trengst det også ein kritikk i meir kantiansk forstand. Det vil seia at eit fenomen vert brote ned i sine enkelte delar på ein deskriptiv og systematisk måte, til dømes ved at ein ser på dets teknologiske, sosiale og politiske delar. I sum blir det som å sjå ned på Bergen sentrum frå Ulrikens topp: du ser ikkje andleta og dei eksakte handlingane til folk, men du ser transportårene, mønsteret i busetjinga, og travle og rolege byrom. Siktemålet er meir grunnleggande enn å ramma akkurat dei fordommane det til ei kvar tid finst eksempel på. Dagens sosiale medieliv i Norge og USA, med Navarsetes raseriutbrudd som trending topic på Twitter, illustrerer eigentleg berre dei lange linjene.

Sosiale medier betyr for folk flest eit knippe amerikanske mediefirma som er etablert i løpet av dei siste ti åra. Det gjeld LinkedIn (2003), Facebook (2004), YouTube (2005) og Twitter (2006). Funksjonen til sosiale medier er å oppretthalda ein arena for individuell kommunikativ åtferd. Facebook sender brukarane sitt innhald fram og tilbake inni nettverket, og sensurerer vekk det som vert klaga på, men ellers er dei (liksom) nøytrale og usynlege. I motsetning til tradisjonelle medier som radio og fjernsyn produserer ikkje sosiale medier innhald. Dei lagar ikkje nyheiter, fiksjonsfilmar eller radioteater. Men nettopp denne mangelen på innhald er sosiale mediers fremste karaktertrekk, eller ”bias” som Marshall McLuhan ville sagt. Då må jo folk laga innhaldet sjølv, og dette er ein slags revolusjon.

Sosiale medier er eit større fenomen enn Facebook, og dei er i utgangspunktet del av ei positiv utvikling i kommunikasjonsmidlane sidan 1990-talet. Folk kan skaffa seg informasjon mykje raskare enn i den analoge tidsalderen, og relevant informasjon er alltid tilgjengeleg i den daglege kommunikasjonen. Sosiale medier førte utvilsomt til ei yttarlegare demokratisering av produksjonsmidlane på slutten av 2000-talet, inni den allereie 10-15 år lange utviklinga av deltakande kommunikasjon på internett. Sosiale medier har ført til kvantitativt meir kommunikasjon mellom vanlege folk, og då særleg i korthogde skriftlege formuleringar, fotografering og videofilming. Dette er til dels avanserte medieformer, som no er lett tilgjengelege, og lett å verta estetisk feinschmecker på. Sidan vanlege folk får større mediekompetanse vert det også auka forventningar til kva som er høg kvalitet i mediene, og den folkelege kritikken pressar dei profesjonelle til å yta meir enn før.

Men som sagt praktiserer eg mistankens hermeneutikk, og er jakt på fordommar som er strategisk gunstig for Facebook, Twitter og medie- og IKT-bransjen generelt, men som altså ikkje er riktige. Ein av dei gode fordommane er at utviklinga er ’brukarstyrt’. Dette utviklingsprinsippet stammar frå amerikanske mediefirma, og brukarens opplevelse av effektivitet, enkelheit og popularitet står i sentrum. Større målsetjingar enn dette er unødvendig.

Responsen frå brukarane er dermed svært viktig for korleis grensesnittet eller funksjonaliteten vert vidareutvikla, og difor er det fare for at retninga på utviklinga blir meir eller mindre tilfeldig. Så lenge systemet fungerer, kan det brukast til kva som helst (liksom). I realiteten handlar det mest om å skapa nye teknologiske trendar omtrent slik motebransjen skapar nye klestrendar. No er det iPad 2 som er mest trendy, men det er ikkje nokon spesiell bodskap med den.

Tanken om at iPad 2 burde hatt ein ny, original kommunikativ funksjon for å fortena alt skrytet framstår som absurd for den jevne Apple-entusiast. Alle veit at det gjeld å vera ’early adopter’, å ha den nyaste iPad-versjonen, delta på dei nyaste nettverka, og lasta ned dei beste app-ane. Trenden er sosialt engasjerande og tom for innhald, noko som tilfeldigvis også er definisjonen på eit sosialt medium. Ingen av sosiale medier-trendane er motivert av nokon tydeleg ynskje om samfunnsutvikling og –endring, men dei er grunnleggande motivert av å vera brukarstyrt, for då er sjansen størst for å få eit stort antal brukarar.

Som sagt er problemet politisk, og stammar frå det faktum at Mark Zuckerberg er ein typisk amerikansk kapitalist. Medieutviklinga i vestlege samfunn er styrt av økonomisk opportunisme, og ikkje av eit ynskje om å skapa god kommunikasjon. Det var ikkje betre før heller, for då var medieutviklinga styrt av ein paternalistisk stat. Verdiendringane i det norske samfunnet blir veldig tydelege viss ein tenkjer seg NRK på 1980-talet samanlikna med Facebook i 2011.

Sosiale medier har så lite tilknytning til egalitære og sosialdemokratiske verdiar at dei i utgangspunktet må reknast som importvare. Eit nytt verdisystem vert utvikla i liva våre saman med utviklinga av dei sosiale mediene (og deira teknologiske plattformar frå Apple, Android, Windows, etc). Men vil me eigentleg ha desse verdiane? I kontrast til dei etablerte verdiane i den norske mediestrukturen så er amerikanske mediefirma individualistiske og kapitalistiske, og inspirerer til same typen økonomiske strukturar og maktfordeling som allereie finst i USA. Facebook er såleis eit fantastisk verktøy til å spre amerikanske verdiar i Norge.

Tenkjer me godt nok over kva verdiar me innfører mens det enno går an å påverka utviklinga, eller kjem me fyrst til å reagera politisk når verdiane er kroppsleggjort i ein ny generasjon? Då har dei nye verdiane i så fall allereie vunne.

Basert på ei forelesing på kurset INFO 114: Den sosiale veven, ved Universitetet i Bergen, måndag 4. april. Takk til kursleiar Linda Elen Olsen for invitasjonen.