journ

Journalistikk

  • Nye medier (7)
  • Radio (8)
  • Tillit (5)
  • Ingen form for kommunikasjon er viktigare og meir kontroversiell i demokratiske samfunn enn journalistikken, og det tekniske grunnlaget endrar seg ukontrollert. Lokaljournalistikk er den viktigaste institusjonen for nyhende i Noreg, men samtidig teknologisk underutvikla. Eg studerer dette problemet hermeneutisk, med fokus på samspelet mellom journalistar, lesarar og utviklarar. Dette har vore eit viktig tema i mi forsking sidan postdok-prosjektet i 2003.


    Kameradroner som journalistisk verktøy – et designeksperiment i høyere utdanning

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Kameradroner har utvidet journalistikkens visuelle slagkraft og deknings­område. Selv med små investeringer kan man lage spektakulære bilder fra luften. Den økte etterspørselen etter luftbårne videoer og bilder, på alle plattformer, øker samtidig behovet for at flere journalister og fotografer lærer droneflyvning (Goldberg et al. 2013, Gynnild 2014, Gynnild og Uskali 2018, Tremayne og Clarke 2013). […]

    Kritisk journalistikk på nye måtar

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Sjølv om etablerte media har problem pga. nye media, så har ikkje journalistikken som kritisk, sanningssøkande haldning eit problem. Den finst i nye redaksjonelle uttrykksformer basert på nye tekniske løysingar, men sidan det meste (enno) skjer utanfor den etablerte offentlegheita så er det lett å gløyma – og kanskje undervurdera. Eg var nyleg i London […]

    Medieforsking kan trygga mediemangfaldet

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Vilkåra for kvalitetsjournalistikk i Noreg er dårlege, og akademia bør verta meir aktivt involvert i vidareutviklinga av samfunnsoppdraget. Mangfaldsutvalget bør utgreia denne muligheita som del av arbeidet sitt. Eit ekte problem Den norske offentlegheita har eit ekte problem, noko nedskjæringa i Bergens Tidende hausten 2015 viser godt. Sakte, men sikkert går kuttinga av redaksjonelle ressursar […]

    Kritisk tillit til journalistikk

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Vert du ofte irritert over ting du ser og høyrer i media? Slik irritasjon kan nokon gonger vera vag og retningslaus, andre gonger er den uttrykk for aktiv mistillit. Du bør kanalisera irritasjonen din i ei konstruktiv retning, og dette essayet syner fram ein muligheit. Media pro­du­se­rer ein ver­ke­leg­heits­ef­fekt gjen­nom alle sine opp­slag og repor­ta­sjar, […]

    God vitskap om tillit

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Grundige empiriske analysar av tillitsforhold i dagens Noreg. Kvar gong eg opnar avisa, ser eg ordet «tillit» i ei overskrift. Offentlegheita er uroleg for at folk får svekt tiltru til helsebyråkratiet etter Ahus-skandalen, eller til politiet etter 22. juli-handteringa. Med minkande tillit ville me få eit farlegare og meir brutalt samfunn, og det er alle […]

    Misbruk av ytringsfridomen

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Forsvararane av pressa har ein tendens til å forsvara pressa for einkvar pris, og nyttar omgrepet ‘ytringsfridom’ som sjølve hovudordet i si retoriske tomtønneskramling. Den falske redsla for å missa retten til det frie ordet høyrer ikkje heime som eit emne i den norske samfunnsdebatten. Me burde taka opp til drøfting kva dugleiksnivå som må […]

    Språkrørsler i radio

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Den kvardagslege forståinga av radiotale liknar meir på musikkoppleving enn på lesing av tekstar. Å snakka dreier seg om å utøva ein retorikk der klangen frå stemmer og personlegdomar er fundamentet for samforståing. Å lytta er like mykje eit levande, kroppsleg forhold som ein intellektuell og rasjonell prosess. Snakkinga er så kvardagsleg at både sosio-materielle […]

    Blind makt i journalistikk

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Blind maktbruk er å styra over handlingsrommet og kunnskapstileigninga til andre menneske utan sjølv å tenkja over det, utan å vita kva konsekvensar denne styringa får, og utan å interessera seg for det. Blind makt er vanleg i journalistikken fordi dei som makta blir utøvd på ikkje har høve til å gje tilbakemelding, sjølv om […]

    Retorisk spontanitet og kontroll

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    Artikkelen drøfter forholdet mellom spontan og konvensjonell språkbruk i radio og fjernsyn utfra begrepene kairos og retorisk situasjon, og utfra en motstilling av Foucaults begrep om kontrollregimer og Merleau-Pontys begrep om instruktiv spontanitet. Det er en tese i artikkelen at talens overbevisningskraft er aller sterkest når den er ukontrollert, når den talende ikke helt vet […]

    P4 er ikkje uerstatteleg

    Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


    HVEM TAR FEIL? Valgerd … eller 2 millioner nordmenn, står det i annonsa som P4-konsernet trykker i dagsavisene no i jula. Det retoriske poenget er at stasjonen har sterk støtte i folkedjupet. Men det er ein tilsnikelse av P4 å hevda at den er ei «folkekjær mediebedrift» berre fordi den har høg lyttaroppslutnad. Det som […]