Til toppen

Kritisk journalistikk på nye måtar


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Sjølv om etablerte media har problem pga. nye media, så har ikkje journalistikken som kritisk, sanningssøkande haldning eit problem.

Den finst i nye redaksjonelle uttrykksformer basert på nye tekniske løysingar, men sidan det meste (enno) skjer utanfor den etablerte offentlegheita så er det lett å gløyma – og kanskje undervurdera.

Eg var nyleg i London på the Journalism Entreprenurship Summit, og her fekk eg eit optimistisk blikk på journalistikk i nye media.

Dette var ein workshop for entreprenørar, journalistar og akademikarar, og der høyrde eg på folk med ei idealistisk haldning til journalistikk i nye media. Dei er entreprenørar i den forstand at dei vil bygga nye media for journalistikk, og eg noterte meg nokre positive punkt som også i stor grad gjeld i Noreg.

Media literacy

Folka på the Journalism Summit var ekspertar på å bruka digitale teknologiar til research og presentasjon. Verktøya for journalistisk research og produksjon har endra seg, og no brukar journalistar avanserte søk, statistisk analyse og verktøy som trålar store datamengder. Den nye generasjonen av kritiske journalistar kjem djupare ned i datamengda, og det er heilt nødvendig sidan samfunnet vert meir og meir komplisert. Også i Noreg er det aktiv utforsking av nye verktøy, sjå til dømes Sunnmørsposten Lab.

Papirlaus distribusjon

Innhaldet vert no rutinemessig distribuert på web og mobil, og denne papirlause distribusjonen gjer det enklare for små redaksjonar å verta synleg i offentlegheita. Initiativ som tidlegare vart hemma av papir slepp no lettare til. On the Wight er ei reklamefinansiert nett-lokalavis for Isle of Whigt med ni års fartstid, og har vorte sentral i den lokale offentlegheita. Slik normalisering av nettaviser er eit positivt teikn som viser at journalistikken overlever.

Arrangør og medieforskar Francois Nel ynskjer velkommen til the Journalism Entrepreneurship Summit. Foto: Matthew Chapman @newspryng.

Borgarjournalistikk

På nett vert det utvikla stadig nye redaksjonelle profilar der deltaking frå vanlege borgarar er viktig. Sarah Hartley fortalte om Contributoria, som er eit online månadsmagasin der skribentar jobbar fram mot ein tidsfrist. Alle som er medlemmer i nettverket kan delta i redaktørarbeidet for nye utgåver. Dette er ein til dømes ein god øvingsarena for unge journalistar som treng stoff til CVen sin. I februar 2015 publiserte Contributoria 57 artiklar, 2328 bidragsytarar og det vart utbetalt 18,810 pund til skribentane.

Berekraftig økonomi

Journalistar jaktar på forretningsmodellar som kan finansiera kritisk journalistikk i lite format. Newspryng er ein uavhengig nyheitsplattform som testar ut folkefinansiering med mikrobetaling. Dei ynskjer å finna ein forretningsmodell som kan brukast av andre media etterpå, og der pengane går rett til redaksjonen utan fordyrande mellomledd. Forsamlinga på The Journalism Summit gav uttrykk for at det er svært vanskeleg å få berekraftig økonomi. Ein deltakar tvitra “Young journalist entrepreneur on the panel – I struggle to get paid for the work I really love doing”. Sjølv om vansken med å tena pengar er eit ekte problem er det også eit positivt ledd i Twittermeldinga, nemleg “work I really love doing”. Eg festar meg ved dette.

Kritisk grunnhaldning

Mange unge menneske har eit emosjonelt forhold til det å vera kritisk, undersøkande, og skeptiske til vedtekne sanningar, og dette trur eg er den viktigaste grunnen til at kritisk journalistikk vil overleva. Dokumentasjonen for ein slik optimisme er god. Professor Jane Singer ved City University i London fortalte at studentane hennar ikkje likar så godt tanken på å vera forretningsfolk, men er langt meir entusiastiske til å vera “ekte” journalistar som uttrykker seg på nye måtar. Singer skriv “Although hard to study, we shouldn’t underestimate role of passion in motivating people who want to be journalists”.

Behovet for kritisk journalistikk kjem altså ikkje berre frå samfunnet, det kjem også frå innsida av den enkelte borgaren. Det er djupt menneskeleg å føla ubehag ved å sjå urett, lovbrot og andre kritikkverdige ting. Nokon kan ikkje la vera å jakta på dei skuldige for å eksponera sanninga i offentlegheita, og dei blir journalistar. I vår tid uttrykker dei seg gjennom web og mobil, med video, lyd og skrift på den same naturlege måten som tidlegare genrasjonar brukte penn og papir og skrivemaskin. Det er meir enn nok ubehag blant folk i Noreg til at journalistikken kjem til å overleva som ein kritisk, sanningssøkande profesjon.