Til toppen

Innhald og føreord


1. Lyd i media: Ein introduksjon
Kva er lyd?
Mediet si innretting

2. Radioens særpreg – Nærværet ved mikrofonen
Nerven i direktesendinga
Akustiske stader
Stemma i framføringa
På lag med særpreget

3. Retorikk i radio: Å overbevise med stemningar
Retorikk og makt
Å meistre den retoriske situasjonen

4. Redigering: Kreativ bruk av opptaksutstyret
Grammofon og dokumentasjon
Bandspelaren forbetrar alt
Harddisk: Lyd på skjermen

5. Lydforteljinga: Dramatiske verkemiddel i radio
Fiksjonsforteljing
Aktualitetsforteljing

6. Den kulturelle klangbotnen: Kunsten å lage lyddesign
Sansen for lydeffektar
Ein melodi seier meir enn tusen ord
Lydlege signaturar

7. Ei kjensle av verkelegheit: Nyheitsarbeid
Vitnejournalistikk
Nyheitsrutinen og breaking news

8. Personleg truverde: Kvalitetspludring til kvardags
Identifikasjon: å treffe lyttaren heime
Sjølvspelet

9. Radiodøgnet: Format som formar dagen
Kommersiell radiokultur
Stasjonen gjennom døgnet

Radioradio. Lyd i journalistikk er ei bok om radio og ein cd med radio. Radio­radio! Det handlar om journalistikken i radio og dermed om lyden i journalistikken. Lydjournalistikk er eit journalistisk handverk i sin eigen rett, ein sanseleg kommunikasjon utan bilete eller tekst. Og trass i sin blindskap har han langt fleire fridommar enn taumar. Radioen leverer stemningar og krev kunnskap om stemningar. I denne boka freistar me å gi ordet stemningsjournalistikk eit fagleg innhald og klare retningslinjer, på tvers av sjangrar og radiokanalar.

Journalistar kan i det daglege arbeidet lett undervurdere den store påverkingskrafta som ligg i stemningar. Medan kjeldejakt og tidspress er konkrete faktorar i arbeidet, er stemningar meir sanselege faktorar. Stemningar er ein halvt skjult og halvt bevisst kontakt, og det gjer det ekstra krevjande å forholda seg til dei – og bruke dei. Og dette sanselege aspektet ved lydjournalistikken gjer det også til ei utfordring å skrive ei lærebok om emnet. Vårt utgangspunkt er likevel at lydjournalistikk handlar om det sanselege uansett om denne kvaliteten blir utnytta aktivt eller ikkje. For lydar skaper stemningar sjølv kor lite planmessige – og tilsikta dei måtte vere. Difor er det viktig å ha eit meir bevisst og føremålsretta forhold til lyden i lydjournalistikken. Di meir bevisste journalistane er, di meir fortener lydjournalistikk å bli kalla profesjonell stemningsjournalistikk.

Vår bok handlar om dei journalistiske verkemidla som blir brukte til å skape forståing og sosial gjenkjenning i radio. Men ho handlar også om sanselege forhold som ein finn att i fjernsyn og andre medium der lyd er ein del av uttrykket. Me skildrar kva som reint praktisk blir gjort når journalistar lagar reportasjar i studio og kontrollrom, og me rammar dette inn med ei rekkje nærliggande teoretiske perspektiv frå den humanistiske medievitskapen.

Lyden i radio er ikkje naturleg, likevel er han verkeleg (kapittel 1). Kjensla av å oppleve ein notidig, levande situasjon samtidig med andre lyttarar er kanskje det viktigaste særtrekket ved radio, og eit kvart journalistisk forsøk på å formidle noko til lyttarane må gå føre seg innanfor rammene av dette sanselege universet (kapittel 2). Radiomediet har spesielle retoriske eigenskapar. Lyd kan gi liv til orda på ein heilt annan måte enn skrift kan, og lyd kan såleis overtyde på fleire plan (kapittel 3).

Frå å vere totalt dominert av direkte utsending, er innspelt lyd og redigering blitt ein stor og viktig del av radiomediet. Teknologien på dette feltet har utvikla seg frå ein pionertilstand tidleg i det tjuande hundreåret og til moderne høgteknologi i det tjueførste hundreåret. Handverket for redigering av reportasjar, nyheiter og liknande har såleis gått gjennom store forandringar opp gjennom åra. Til dømes har tempoet i klipperytmen stadig blitt raskare, og bruken av lydbitar, også kalla soundbites, har auka (kapittel 4).

Dei ulike journalistiske sjangrane og profesjonane innanfor radiomediet er bygde på ei rekkje innarbeidde og strukturelle rammevilkår. Me går særleg grundig inn i lydforteljinga (kapittel 5) og den store forteljefridommen som radiohøyrespel, men også aktualitetsreportasjar, kan ha. Me ynskjer også å syne i detalj korleis ein praktisk kan utnytte den kulturelle klangbotnen til lyden, og her er lydeffektar og musikkbruk hovudemnet (kapittel 6).

Truverde er eit viktig stikkord i boka. Den sterke verkelegheitsstatusen til det lydlege gjer det lett å skape dokumentariske vitnesbyrd som styrkjer til­liten hjå lyttaren og vitnestatusen til den som fortel. Og innanfor dette feltet, som me kan kalle vitnejournalistikken (kapittel 7), ser me nærare på misforholdet mellom verkelegheitsoppfatninga til lyttaren og journalistens mål om realisme. Frå å ha truverde som vitne eller reporter er det ein naturleg overgang til å ha truverde som person. Det personlege truverdet er eit kjernepunkt i dei programleiar-baserte sendingane som til dømes talkshow, maga­sinprogram, innringingsprogram. For journalistane handlar det om å utnytte personlegdommen sin gjennom stemmebruk og oppførsel. Dei skal kunne skape ein sosial klangbotn for eit publikum som lèt radioen akkompagnere kvardagen og dei daglege rutinane – som å pusse tenner eller køyre bil til jobben (kapittel 8).

Alle strategiar for retorisk identifikasjon, redigering, forteljing, effektbruk, realisme og personlegdom går opp i ei høgare eining, nemleg radiodøgnet (kapittel 9). Den moderne vidtfemnande radioen er svært ofte formatert etter døgnrytmen. Stemmer som snakkar om natta, har ikkje same strategi som stemmene om dagen. I formateringa er musikkvalet ein viktig faktor på linje med det journalistiske innhaldet, og samspelet mellom musikk og journalistikk kan fungere på mange ulike måtar.

Alle kapitla med unntak av kapittel 9 har mange lydeksempel. Det viktigaste verkemidlet i boka er å demonstrere korleis lyd blir og er blitt brukt i bransjen. Dei 68 lydspora på cd-en eksemplifiserer det me skriv om, og me utdjupar dei i teksten. Men ein kan like gjerne snu på det og seie at teksten blir utdjupa med cd-en. Her er det opptak av amerikansk propaganda frå andre verdskrigen, entusiastisk reportasje frå Erik Bye i Skottland i femtiåra, og radiokrim med Varg Veum i Bitre blomster frå 2002. Det aller meste er likevel «tilfeldige» opptak som ein kunne høyrt kvar dag som helst. Ei slik ut­plukking frå radiokvardagen er viktig, fordi eksempla skal vere allmenne, ikkje eineståande.

Når det gjeld den praktiske nytteverdien innanfor journalistikkfaget, er den grunnleggjande tanken i boka som følgjer: Ved å vise til den konkrete praksisen i notid og fortid viser me kor sterk påverknad medielyd har på lyttarane og dei kulturelle omgivnadene. Di meir journalistane veit om korleis folk oppfattar lyd, stemmer og musikk, di betre kan dei vere med på å forvalte kommunikasjonsforholda i det norske samfunnet. Målet er å få journalistar til å tenkje igjennom det omfattande potensialet til radiomediet og inspirere til kreativitet og produksjon av innlevingsrike forteljingar frå verkelegheita.

Denne boka hadde ikkje blitt til utan støtte frå Rådet for anvendt medieforskning. Stor takk også til NRK og NRK-arkivet. Velviljen til redaksjonssjef i P1, Finn Dag Steiro, har også vore avgjerande når det gjeld å få permisjon til skrivinga. Takk til Samlaget som gav oss Halvdan Koht-stipendet for 2003, og redaktør Solveig Øye som har vore entusiastisk og særs konstruktiv. Viktig støtte har vore Sverre Liestøl, fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, kollegaer i NRK generelt, redaksjonane i «Norgesglasset» og NRK-Hordaland spesielt. Takk for hjelpa også til Tone Stedal Haugland, Kjetil Vikene, Johannes Kyte, Ellen Ingunn Andersen, Kjersti Kambestad og Jon Annar Fordal.

Bergen, februar 2004

Linda Eide
Lars Nyre

Neste kapittel