Til toppen

9. Radiodøgnet – Format som formar dagen


Kommersiell radiokultur
Stasjonen gjennom døgnet

Reportasjane, forteljingane, musikken, nyheitene, pludringa, reklamane, ja, heile det radiofoniske universet går til sjuande og sist opp i ei høgare eining, nemleg formatet. I vår samtid er formatet til ein stasjon på ein måte disposisjonen for alt som skal skje, ein nøye uttenkt plan der alle elementa blir ordna og får sin plass i sendeflata. Formatet er såleis ei systematisk hendingsrekkjefølgje som held fast alle dei elementa som Radioradio har presentert og diskutert, og det tek aldri slutt. Formatet skaper eit evig rullande radiohjul.

Den viktigaste ramma for den evige rulleringa er rett og slett døgnet. Morgon, føremiddag, ettermiddag, kveld og natt, og så på’an igjen neste dag. Innanfor dette radiodøgnet finn me så ei rekkje forskjellige programformat. Eit programformat er ein mal for ein viss type innhald og sound, som til dømes eit magasinprogram, eit innringingsprogram, eit tittelprogram eller eit dj-program. Dei same programma kjem att dag etter dag til same tid. Dei same stemmene kjem igjen, den same musikktypen, andakten kjem igjen, og det same gjer debattprogrammet og sporten. Kanalen er på ein måte «programmert» til å innehalde visse element og repetere desse. Formatere er eit ord ein også bruker om musikken når han er strategisk plukka ut og blir spelt om igjen og om igjen.

Det er komplisert å definere kva eit format eigentleg er, for det kan ha mange nivå. Den britiske radioforskaren David Hendy seier at format er eit verktøy til å standardisere sendestraumen og gjere han føreseieleg. Han peikar ut fire viktige forhold der formatet er eit eigna verktøy til å byggje opp og styre sendeflata.

• Formatet kan setje tydelege rammer for sendeskjemaet, der kvart program passar inn på sin «stad» i skjemaet, sett i forhold til dei andre programma og identiteten til stasjonen.

• Formatet skaper eit rammeverk for kvart individuelt program, der rutinane styrer kor lenge ulike typar innslag varer, og korleis ein bruker redaksjonsressursane.

• Formatet gir retningslinjer for kva musikk som skal spelast, og for kva programflater ulike sjangrar og spelelister skal dominere.

• Formatet kan gjere dei stilistiske grensene for ein heil stasjon tydelegare, og vise grenseoppgangen til andre stasjonar i same marknaden. (80)

Å forstå sendeflatebygginga er å forstå heilskapstanken til ein radiostasjon. Ein kanal som NRK Petre har ei klar sendeflatebygging, med gjentakande programskjema frå dag til dag. Det same har Radio 1. Når me no vel å sjå nærare på dei breie allmennkanalane i Noreg, NRK P1, P4 og Kanal 24, så er det fordi at strategiane omkring sjølve døgnformateringa er mest gjennomarbeidd i desse kanalane. Sjølv om NRK P1 ikkje er ein kommersiell kanal som er avhengig av reklameinntekter, er det likevel lett å høyre at formateringa til denne kanalen liknar på formateringa til både P4 og Kanal 24. Dei er då også hovudkonkurrentar til P1 i kampen om å nå flest mogleg lyttarar, i kampen om å vere folkekanalen. Difor er det nyttig å analysere desse tre kanalane med det same blikket. På ein måte handlar det om konkurrerande radiodøgn, det vil seie konkurrerande følgjesveinar i kvardagen til lyttarane, og om konkurrerande appellar til sosial identifikasjon gjennom det heile. Følgjeleg er fellestrekka ved sendeflatene mange.

Dei fleste radiojournalistar må følgje desse overordna rammene til dagleg, og difor er det viktig å kjenne til dei logikkane som styrer dei. Når det gjeld norsk radio, er logikkane kraftig utvikla dei siste tjue åra. (81)

Kommersiell radiokultur

Kommersielle radiostasjonar blir drivne på privat initiativ, finansiert med reklame og sponsing, og ikkje statsstøtte. Leiinga skal syte for å skape profitt for eigarane, og det er difor ei streng økonomisk styring av all programproduksjonen. Dette inneber at ein vurderer og prioriterer kvaliteten på nyheiter, musikk, prateprogram og alt anna etter kor stort økonomisk utbyte han gir, og ikkje etter kor stort emosjonelt eller intellektuelt utbyte han gir lyttarane. Slike vurderingar kan gi utslag som at stasjonen seier opp fem journalistar for å auke årets utbyte til aksjonærane, sjølv om lyttarane vil tape på det. Her ser ein tydeleg motsetnaden til statsstøtta stasjonar som NRK eller idealistiske stasjonar som RadiOrakel.

Det er vanleg at kommersielle stasjonar konkurrerer om lyttarane med dei same verkemidla, slik P4 og Kanal 24 gjer i Noreg. Slike verkemiddel kan me kalle mainstream eller middle of the road. Begge uttrykka kjem frå musikkindustrien, og dei refererer til musikk som alle kan like litt, slik at færrast mogleg blir støytte bort. Det er ikkje Frank Zappa, ikkje trekkspelmusikk eller opera, men Eagles, Robbie Williams, Elton John, Cornelis Vreeswijk og Di Derre. I radiosamanheng peikar uttrykket til at det nettopp er slike artistar og låtar som blir spelte, det er dette som er musikkprofilen til radiostasjonen. Musikken blir formatert (kva skal spelast og kor ofte) i tråd med denne profilen.

Val av musikkprofil er uhyre viktig for dei kommersielle kanalane. Det gjeld å halde på lyttaren med friksjonsfri musikk utan å gjere det så uspennande og kjedeleg at lyttaren skiftar kanal av den grunn. Radiostasjonane set i gang store spørjeundersøkingar for å finne ut kva målgruppa (folk flest) likar, slik at dei kan plukke ut den rette musikken. Det gjorde også Kanal 24 før dei kom på lufta 1. januar 2004, men i vekene etter oppstarten måtte kanalen likevel tole mykje kritikk for den keisame og repetitive popmusikken som blei spelt. Det er med andre ord ikkje gitt å treffe med musikken sjølv om ein har gjennomtenkte strategiar, og stasjonane vurderer heile tida si eiga musikkformatering.

Men sendeplanen for eit «kommersielt radiodøgn» inneheld naturleg nok meir enn musikk. Sjølve programinnhaldet kan også ha som mål å vere trygt, inkluderande, aldri provoserande, hyggeleg – ja, rett og slett som musikken vere ei form for «middle of the road». Når dei tre store samanliknbare kanalane NRK P1, P4 og Kanal 24 konkurrerer med kvarandre, bruker dei denne komfortable miksen av musikk og verbalstoff. Målet er å formatere både det journalistiske innhaldet og musikken slik at sendingane blir tolelege for flest mogleg utan at dei samtidig blir kjedelege.

Stasjonar som byggjer ein slik strategi, kallar me mainstream-stasjonar, og dei trekkjer til seg rundt 80 prosent av alle som lyttar til radio. (82)

Frå opplysning til underhaldning

For å forstå kor gode ferdigheiter ein har i sendeflatebygging i dag må me sjå på korleis den kommersielle radioen i Noreg har utvikla seg. (83) Frå NRK blei etablert i 1933 var norsk radio lenge eit statsstyrt prosjekt. I store delar av det tjuande hundreåret var det NRK-monopolet som rådde, eit monolittisk system med få stemmer og stor ideologisk kraft. Samfunnsforholda er blitt spegla gjennom nyheits­meldingar, reportasjar, samtalar og musikk, og alt var nøye valt ut for å fremje opplysningstanken til sosialdemokratiet. I fleire generasjonar var det langt på veg NRK radio som sette dagsordenen for korleis nordmenn skulle forstå samfunnet og kulturen.

I 1960 starta NRK regulære fjernsynssendingar, og ikkje lenge etter hadde fjernsynet teke over mange av funksjonane til radioen. Frå tidleg i 1960-åra måtte radioen underordne seg fjernsynet når det gjaldt både lyttevanar og offentleg merksemd. Fjernsynet overtok den beste sendetida frå klokka sju til elleve om kvelden (primetime), og radiobruken blei difor konsentrert til dagtid. NRK la planmessig opp til at lyttinga skulle gå føre seg om morgonen og ettermiddagen, og endå meir presist: ved kjøkenbordet og i bilen til og frå jobb. Sjølvsagt var resten av døgnet også viktig for NRK radio, men desse tidspunkta fekk spesiell merksemd i den omlegginga som fjernsynet førte til.

Dei to media fekk såleis to klart forskjellige former for relevans i livet til publikum. Radiolyttinga blei liggjande i botnen av kvardagsvanane og blei ei privatlivserfaring i langt større grad enn fjernsynssjåinga. Denne forskjellen er berre forsterka med tida. Mange lyttar til radio og kan la seg engasjere av radio, men det er fjernsyns­programma som får den offentlege merksemda, og som oftare er samtaleemne i lunsjpausen, på kafeen, når venner møtest. Dette betyr ikkje at radioen er uviktig for folk, men han er i langt større grad blitt ein taus del av kvardagen og våre private vanar.

NRK var lenge lite oppteken av å ha ei bevisst formatering av radiodøgnet. Før 1990-åra var det heller ikkje så vanleg å tenkje på kanalen som ein heilskap. Ein var meir oppteken av det enkelte programmet, og kvar redaksjon hadde til ein viss grad nok med å utvikle sine kvalitetar – utan mykje tanke på heilskapen. Sidan bevisstheita om å formatere radiodøgnet og gjere det gjenkjenneleg for lyttarane, var lågare, var den overordna kanalstemninga eller «sounden» ikkje særleg tydeleg. Før 1993 hadde til dømes NRK P1 lange snakkeprogram utan musikk, som «Sånn er livet» og «Atten Tretti» (no Dagsnytt 18), og desse gjekk om einannan med musikkprega hyggjeprogram som «Nitimen» og «Norsktoppen». Dei tunge snakkeprogramma går no hovudsakleg i NRK P2, medan «Nitimen» og «Norsktoppen» høyrer naturleg heime i programfloraen til P1.

Forandringane i retning av å bevisst byggje sendeflata starta i det små i 1980-åra. Då kom det ein ny vår for kringkastinga i Noreg, med opphevinga av statsmonopolet og oppretting av hundrevis av nærradio­stasjonar rundt om i landet. Her blei det eksperimentert med nye måtar å lage radio på, og ein prøvde forsiktig ut kommersielle strategiar frå utlandet, til dømes i stasjonar med vekt på berre éin type musikk. Det kunne vere studentradioar som spelte punk og nyveiv, eller kristne stasjonar som spelte gospel og annan religiøs musikk.

Då P4 blei etablert i 1993, byrja organiseringa av norsk radio verkeleg å endre seg. Programstrategien til P4 var sterkt inspirert av utanlandsk tankegods. I USA var radioen basert på privat drift og reklameinntekter alt frå 1922, og i land som Storbritannia, Sverige og Danmark blei statsmonopolet brote 20–30 år tidlegare enn her i Noreg. Dette betyr at det for lengst var blitt utvikla forretnings- og organisasjonsmodellar for målgruppeorientert og kommersiell radioproduksjon, og dei norske aktørane var godt skulerte i slike strategiar lenge før dei fekk lov til å setje dei i verk i eteren. Blant dei viktigaste kommersielle strategiane som blei importerte til Noreg i 1990-åra, finn vi:

• Identisk sendeskjema for alle kvardagar, med små variasjonar på kveldstid og i helgane.
• Faste, høgt profilerte programleiarar i lange sendeflater.
• Faste spelelister for musikk, både for kanalen under eitt og for individuelle program.
• Musikkinnslag så ofte som kvart tredje til femte minutt.
• Større bruk av promoar, jinglar og kjenningar for å markere seg mot andre stasjonar.
• Reklameavbrot fleire gonger i timen.

P4 gjorde suksess med denne strategien, som kanalen brukte til å etablere ein «folkeleg» og inkluderande programprofil. I åra etter at P4 var lansert, blei det klart for alle at det var råd å lage radio i Noreg utan monopolånda. Endringane i produksjonsmåten kom ikkje minst til uttrykk i NRK-systemet. Alt same året som P4 kom på lufta, gjekk NRK over til eit system med tre kanalar, i ein planlagd offensiv for å demme opp for den ny konkurrenten. For første gong brydde NRK seg om målgrupper for ein heil kanal, no blei jamvel lyttargruppa delt inn i profilar. P1 blei Norgeskanalen for vaksne og eldre som hadde etablert lyttarvanane sine i det gamle NRK. P2 blei Kulturkanalen for den høgt utdanna som søkjer kunnskap og debatt. Petre blei kanalen for dei moderne materialistane og ungdommen, der både journalistikken og musikken var rappkjefta, trendbevisst, urban, etc. I iveren etter å definere rett kanal for rett lyttargruppe hadde NRK naturleg nok ein del oppstartvanskar. Til dømes blei Sporten og dei lange sportsoverføringane lagt til Petre, noko som synte seg å vere feilslått. Og Sporten blei raskt flytta over til P1, den breiaste og «folkelegaste» kanalen.

NRK reformerte også sin eigen musikkbruk i samband med trekanal­systemet i 1993. No tok statskanalen til å formatere musikk og lage spele­lister som var prega av det dei ville oppnå med musikken. I databasane blei musikken identifisert som gode opningslåtar, goldies, avslutningslåtar, up-tempo og så bortetter. Nye låtar kunne til dømes plasserast på A- eller ­B-lister, alt etter kor populære dei musikkansvarlege i NRK trudde låtane ville bli. Slik byrja også NRK å spele ein og same melodien opptil fire gonger om dagen i same kanal, noko som berre få år tidlegare ville vore uhøyrt og meir rekna som ein grov tabbe om det skjedde.

Også når det gjaldt musikkformateringa hadde ein i starten vanskar med å finne miksen mellom det verbale innhaldet og musikken. Til dømes blei det timelange nyheitsmagasinet «Her og Nå» på P1 pålagt å spele musikk mellom innslaga, noko dei aldri tidlegare hadde gjort. Men dette gjekk NRK vekk ifrå etter kort tid. Den verbale stemninga i programmet samsvarte ikkje med musikkstemninga, det passa ikkje. Og i staden for å endre verbalstoffet valde ein altså å kutte ut musikken. Dette dømet syner at det kan vere problematisk å halde på ei streng musikkformatering som ikkje har nokon relevans for verbalstoffet i det same programmet. Det er verdt å merke seg at «Her og Nå»-timen mellom klokka 15 og 16 er den desidert lengste flata utan musikk i P1. Lyttaroppslutninga søkk likevel ikkje gjennom denne timen, og det syner at verbalstoff kan halde på lyttarane sjølv i ein kanal med stor vekt på musikk. Men kravet til presentasjonen av verbalstoffet blir ekstra høgt, for framleis skal ein nå breitt og ikkje bryte med den generelle kanalprofilen.

Trass i visse oppstartvanskar var tanken om å appellere til publikum gjennom systematiske lyttarprofilar og musikkformatering kommen for å bli i NRK. Den kommersielle produksjonsmåten fekk så breitt og sterkt gjennomslag at den gamle skulemeisterånda forsvann, truleg for alltid. Det næraste ein kjem den gamle tida og opplysningstanken, er truleg NRK P2, Kulturkanalen. Her er det ein heilt annan logikk enn den kommersielle som rår, og sendeflatene blir ikkje formaterte for å nå flest mogleg lyttarar. Programvariasjonen er stor og ofte verbalprega. Målgruppa er smal, men det tilseier også ei sterk interesse blant lyttarane. P2 surrar sjeldan i bakgrunnen, han krev merksemd og får det hos dei som lyttar. P2 er eit eksempel på ein radiokanal som lever godt, men som ikkje ville overlevd dersom det var reklameinntekter som skulle finansiere han.

«Folkeleg» kultur får gjennomslag

Både NRK P1, P4 og Kanal 24 kappast no om å lage radio for folk flest, og dei vil difor gjerne stå fram som «folkelege» i ein brei og vagt definert forstand. Men kva er folkeleg? Og korleis speglar sendeflatebygginga at kanalen er for folk flest?

Då P4 kom på lufta i 1993, markerte det byrjinga på ei djuptgripande mentalitetsendring i forhold til radio. P4 definerte nemleg endå eit nytt sjikt av folket: dei unge vaksne mellom 20 og 50 år. Kanalen overlét pensjonistane, dei progressive ungdommane og dei finkulturelle til NRK. I sitt breie sjikt satsa dei på å vere folkelege i fleire tydingar av ordet. Sjølvsagt ville dei nå mange menneske, og var slik sett folkelege. Men dei appellerte også til ein viss kulturell klangbotn som kan kallast «folkeleg», der pizza er meir populært enn østers, øl er meir populært enn vin, og DDE er meir populære enn Mozart. P4 satsa på ein radiokultur prega av det dei rekna med folk ville like å ha rundt seg, ikkje det dei burde få for å bli klokare menneske. Dei vende seg såleis til lyttarane som konsumentar, og ikkje som borgarar.

P4 la vekt på å tilfredsstille lyttarane gjennom avslappande musikk og verbalstoff. Det gjekk an å lytte utan å ha kjensla av at ein burde gjere det, og utan å ha kjensla av at ein måtte opptre i ei ansvarleg samfunnsrolle, for eksempel som lærar eller bonde, fordi programmet kravde det. I større grad snakka ein til lyttaren som enkeltperson, og ein viste respekt for hennar interesse for å slappe av, nyte og ha det moro. «Det folkelege» på P4 er skapt for lyttarar som driv med noko anna attåt lyttinga, og det folkelege blei livskraftig fordi det passar bra for alle situasjonar utan å vere spesiallaga for nokon av dei. Det retoriske målet var mykje tydelegare enn i monopolalderen: Ikkje skift kanal, ikkje slå av! Kvart minutt og sekund av sendeflata blei innretta mot å tilfredsstille lyttaren akkurat så mykje at ho ikkje skrur av radioen eller skiftar kanal.

P4 er ein eksponent for dei folkelege trekka i norsk radiokultur, men det betyr ikkje at det ville oppstått eit stort tomrom dersom P4 blei lagt ned. Det er eit nådelaust aspekt ved slike radioformat at fordi retorikken er så systematisk og enkel, kan andre gjere det på same måten. Kanal 24 kopierte langt på veg identiteten til P4 i sin konsesjonssøknad som blei godkjend i 2003. Ingen har copyright på dei allmenne retoriske kjenneteikna ved kommersiell radio.

Fleire journalistiske nyvinningar følgde med då medie-Noreg importerte og la til rette for kommersiell radiokultur. Som du ser av lista, er dette hovudsakleg sjangrar og lydlege stemningar som me har diskutert i tidlegare kapittel i denne boka:

Vekt på lydoverflate. Digitale teknologiar har teke over i all radioproduksjon. Det gjer det lett å konstruere ei lydoverflate der musikk, promosjonsmateriale, kjenningsmelodiar og reklame avløyser kvarandre kontinuerleg. P4-kulturen har inspirert norske reklamemiljø til å utvikle høgare kompetanse på produksjon av reklame, og blant lyttarane finst det i dag ei metabevisstheit som ikkje fanst før, i tillegg til at lyttarane er meir følsame for intertekstualitet. Dette er ikkje intellektuelt utfordrande stoff, og støyter såleis ikkje bort lyttarar – det måtte i så fall vere dei finkulturelle.

• Vekt på sjølvspel. Med P4 har det utvikla seg ein tydelegare personlegdomsretorikk i norsk radio. Det vil seie at det intime potensialet i mediet er teke i bruk meir bevisst og i større dosar. Programleiarar dyrkar den lågmælte kosepraten, og den journalistiske måten dei vender seg til lyttarane på, er meir erfaringsnær og meir knytt til personlegdommen deira. Ein slik måte å snakke med lyttarane på skal skape ein nærleik til – og aksept frå – flest mogleg, i motsetnad til den meir formelle og distanserte måten ein nytta i tidlegare tider.

• Vekt på innringing. Vekta på lyttarkontakt er stor i P4-kulturen. Den kommersielle logikken har ført til kvantitativ meir direktekontakt av denne typen mellom stasjon og lyttarar, og me kan såleis seie at «folkets røyst» blir høyrd. Lyttaren blir stimulert til handling i debattprogram, i program der ein kan sende inn musikkynske på e-post eller SMS, og i program der lyttarane kan delta i spørjekonkurransar og vinne fine premiar. Slik aktiviserande radio er ofte knytt til heimesider på Internett, e-post, chat og mobiltelefon.

• Vekt på lokal og personleg relevans. Dette fanst i større grad enn dei andre punkta før P4 kom på banen. Radio har stort potensial for å vere relevant i kvardagsliva til folk, og kommersiell radio har ført til større vekt på dette i Noreg. Lyttarane får opplysningar og framlegg til korleis dei kan leggje til rette for daglegdagse gjeremål. Det tydelegaste eksempelet er trafikkmeldingar i ettermiddagsrushet og helgeutfarten, men også den urgamle vêrmeldinga og ei rekkje internettbaserte opplysningstenester for handlingsorienterte føremål demonstrerer serviceviljen til radiostasjonane. Denne sjangeren er mykje meir omfattande i volum no enn då NRK rådde åleine – også i NRK.

Ved å studere P4 kan me altså finne mange trekk ved «folkelege» verkemiddel og retorikk slik dei no fungerer her til lands. P4 har definert marknaden og kulturen som stasjonane i dag må arbeide i høve til. Men frå 2004 blei situasjonen meir komplisert. Då overtok Kanal 24 det sendenettet P4 hadde hatt, og P4 sender i dag på det femte nasjonale FM-bandet, som berre dekkjer om lag seksti prosent av lyttarane i landet. Tenkjemåtar som gjorde P4 til ein landsdekkjande suksess, blir no også brukt for å drive Kanal 24. Og ikkje minst har stilen til P4 definert mykje av tenkinga i NRK dei siste åra, særleg i P1. Så det «folkelege» kan med andre ord finnast på tvers av stasjonar, tilrettelagt etter dei kjenneteikna me no har nemnt og definert.

Magasinformatet

Det er altså nokså nytt her i landet å tenkje på radiotilbodet som eit resultat av formatet til stasjonen. Likevel er denne tenkjemåten i dag fullstendig dominerande for dei som har ambisjonar om å vere ein mainstream-kanal. Me har alt antyda at den rette miksinga mellom musikk og tale er avgjerande for at ein stasjon kan bli ein mainstream-kanal. «Middle of the road»-musikk er lett for mange å høyre på, og sjølv om ein er på farten, går det an å høyre på korte intervju og samtalar. For å yte rettferd til både musikken og journalistikken er det vanleg at mainstream-kanalane tyr til det som kan kallast magasinformatet. I Noreg har det utvikla seg ei markant satsing på akkurat dette formatet i ulike variantar.

I motsetnad til eit tittelprogram som gjerne behandlar eitt og same tema i ein halvtime eller meir, er magasinprogrammet bygd på relativt korte, avsluttande innslag. Strengare sagt er magasinprogrammet laga ut frå ein mal som krev at verbalstoff varer maksimalt tre til fem minutt før det kjem musikk. Dei ulike verbale innslaga kan vere intervju i studio, reportasjar, innringing, konkurransar, kåseri, direkterapportar og så bortetter. Dette er såleis eit program med eit jamt skifte mellom poplåtar og snakkeøkter, og der dei to innslagstypane varer om lag like lenge. Dei dominerande norske kanalane er strengt organiserte etter dette prinsippet, ofte i kombinasjon med sjølvkøyr-avvikling på lågt budsjett.

Figuren på neste side syner kor enkel tidsplanlegginga er i eit magasinprogram. Det er bestemt på førehand kor lenge kvart element skal vare, og det gjer at innspelte reportasjar så vel som direkteintervju eller studiomonologar kan kontrollerast og tilretteleggjast på sekundet. Magasinhjulet gjer det også enkelt å planleggje og komponere sendinga slik at innslag som er like i tema eller form, ikkje kjem for tett på kvarandre, og musikken kan plasserast på den gunstigaste plassen i forhold til verbalstoffet.

Når kvart einaste program heile dagen er basert på denne framgangs­måten, kan ein seie at ein stasjon er basert på eit magasinformat. På P4 blir det eine magasinet avløyst av det andre, frå P4s «Radiofrokost» om morgonen, via «Midt i Trafikken» på ettermiddagen til «Kjærlighet uten grenser» om kvelden. Og sjølvsagt har kvart magasin sin faste plass kvar dag. Det overordna radiodøgnet styrer når på dagen dei ulike magasina blir sende, slik at eit program med lette samtalar og underhaldningsmusikk blir plassert på føremiddagen og ikkje i den nyheitstunge perioden frå 7.00 til 9.00.

Magasinformatet har vore med på å gjere musikken til det kanskje viktigaste verkemiddelet i radio. Ja, i magasinformatet er musikken så viktig at me kan snakka om eit musikkregime, det vil seie at musikkredaksjonen, hitlistene og plateselskapa har veldig stor påverknad på kva sendetida blir brukt til – ja, nesten større påverknad enn den tradisjonelle journalistiske staben. Det kan lett bli forvirring av dette. I kanalar baserte på eit musikkregime vil det alltid vere ei blanding av musikk og tale, og musikken passar ikkje nødvendigvis saman med innhaldet i programpostane gjennom dagen. Det blir alltid teke pause frå det eine til fordel for det andre.

Timeuret for magasinprogram.

Magasinformatet er så utbreidd at det kan verke som ikkje noko anna format er mogleg, men det finst alternativ. Motsatsen til kanalar som er prega av eit musikkregime, er naturleg nok kanalar som er byggjer på samtalar, nyheiter, reportasjar og anna verbalstoff. I Noreg er NRK P2 ein slik kanal. Sjølv om dei har ein god del musikk, er det ingen tvil om at det som pregar P2, er dei grundige samtalane om kultur, kunst, litteratur, musikk og samfunnforhold. NRK Alltid Nyheter har berre verbalstoff, sidan kanalen formidlar nyheiter utan stans. I utlandet, for eksempel i USA, Storbritannia og Tyskland, er reine snakkestasjonar meir vanleg i mainstream-marknaden. Sjølv om dei aldri oppnår ein lyttarprosent på linje med NRK og P4, vender dei seg til det breie lag av folket i staden for elitane, og dei er eit reelt alternativ til musikkprega kanalar. Eksempel på reine snakkestasjonar er 1010 WINS i New York, som me omtalte i kapittel 7, og BBC Five Live i Storbritannia, som har diskusjons- og innringingsprogram om aktuelle emne og sport heile dagen.

Medan kanalar prega av musikkregime ideelt skal halde lyttaren på plass heile dagen, gjer ikkje snakkeregimet krav på meir enn nokre timar eller nokre minutt av tida til lyttarane i slengen. 1010 WINS arbeider under slag­ordet «Give us 22 minutes, and we’ll give you the world». Det betyr at dei ikkje forventar langvarig lytting, men derimot kortvarig, konsentrert lytting frå mange forskjellige menneske. Ein slik strategi passar bra for område med veldig stor befolkning, der ingen stasjonar har meir enn ein brøkdel av befolkinga som lyttarar, til dømes New York eller London. I det tynt folkesette Noreg er ein slik strategi meir risikabel – her er rett og slett for få menneske til å sikre seg eit drivverdig lyttargrunnlag for ein stasjonen som treng nye lyttarar kvart 22. minutt. Men viss ein slik formateringsstrategi kom inn på den norske marknaden, ville han ha auka breidda i mainstream-radioen og uansett ha utfordra hegemoniet til magasinformatet.

Er musikk journalistikk?

Det er altså naturleg å konkludere at programformata blir laga med tanke på å få spelt mykje musikk. Det er sjeldan at snakkeøktene utgjer meir enn femti prosent av sendeflata i eit program. Når musikk fyller så mykje som halvparten av sendetida, har ein stort rom for å knyte han til verbalstoffet og dermed bruke han til å byggje opp under dei redaksjonelle vala.

Men då den kommersielt orienterte formateringa byrja i norsk radio tidleg i 1990-åra, var ikkje bevisstheita om musikk som eit journalistisk verkemiddel særleg stor. Koplinga mellom musikk og journalistikk avgrensa seg i hovudsak til å bruke musikk som lydeffekt i innspelte reportasjar, slik me diskuterte i kapittel 6. Når cd-en blei sett i gang og låten surra, fekk redaksjonen ein pause i arbeidet, eller kunne konsentrere seg om neste innslag. Det er framleis denne tankegangen og framferda som gjer seg mest gjeldande i redaksjonane. Ein gjer ikkje alltid noko forsøk på å knyte praten til musikken, eller å late tema eller stemning frå musikken følgje ein inn i snakkinga igjen. Musikk blir gjerne oppfatta som eit sjølvstendig estetisk objekt, ikkje bundne til dei meir kvardagslege emna som verbalstoffet kan formidle. Musikken er liksom til privat nyting for lyttaren, og ikkje ei sak for redaksjonen. I dei sendeflatene som er mest automatiserte, slik som jukeboks-programma på Kanal 24 om natta, er journalistikken rett og slett erstatta med musikk.

Ingenting av dette treng å bety at musikken er uviktig, noko me alt har signalisert gjennom å bruke eit ord som musikkregime. Musikkprodusentane har stor makt i leiargruppa til radiostasjonen, og dei legg føringar på den redaksjonelle profilen gjennom dei sjangrane og artistane som blir valde. Publikumsundersøkingar har vist at musikk er noko folk kan opparbeide veldig sterk identifikasjon til, og dersom ein lyttar ikkje likar musikken på ein viss stasjon, er det nesten likegyldig kva verbalt innhald han har; ho vil leite seg fram til ein annan stasjon. Dette er hovudgrunnen til at det arbeidet musikkprodusentane gjer, er så viktig. Men det viser også at musikk har stort potensial som eit journalistisk verkemiddel. Slik me definerer journalistikk i denne boka: å skape innleving og forståing med lydlege middel, er det klart at musikk kan vere ein viktig journalistisk reiskap.

Musikkregimet rår altså i norsk mainstream-radio. Dette er ikkje i seg sjølv negativt eller eit problem. Men det er utan tvil ei utfordring for radiojournalistikken å ikkje bli for sterkt underlagt musikkregimet. Då kan ein fort bli så bunden at ein ikkje får utfalda seg kreativt til glede både for seg sjølv og lyttarane. Det bør såleis vere eit mål å i endå større grad utnytte musikken på fleire ulike journalistiske måtar. Lista under syner både dei dominerande måtane og dei mindre brukte måtane.

1. Musikk blir brukt slik at han byggjer opp og held ved like identiteten til kanalen og peikar ut ei overordna målgruppe. Det journalistiske består her i å setje saman spelelister med ei blanding av nytt og gammalt, norsk og anglo-amerikansk, kvinnelege og mannlege artistar, og så bortetter. Det er også viktig å bestemme kor ofte ein skal oppdatere listene. Vidare får denne profilen konsekvensar for kva journalistiske tema det er naturleg å ta opp. Ein stasjon som speler Europop med Aqua Lene og Kylie Minogue, har neppe reportasjar om tidleg potetopptaking på Jæren eller dugnadsarbeid blant pensjonistar på Frogner. Når musikken blir bestemt før alt anna, må journalistane laga verbalstoff som er relevant for han.

2. Musikk blir brukt til å skape stemningar som passar til folkelivet og stemningane utanfor radiostasjonen. Her avgjer ofte teksten kva musikk som passar, til dømes kan ein om morgonen sende Beatles’ «Good Morning, Good Morning» eller Supertramps «Breakfast in America», medan Eric Claptons «Wonderful Tonight» eller Paul Simons «Late in the Evening» er eit naturleg val på kveldstid. Men også rytme, melodi og generell stemning i musikken er viktig, slik at lyttarane ikkje føler disharmoni mellom det dei driv med, og den musikken som blir spelt.

3. Musikk blir brukt som sjølve redaksjonelle temaet for eit visst program. Det gjeld for eksempel «Norsk på norsk» på NRK P1, der det berre blir spelt norsk musikk (ein klar redaksjonell profil), og der kvalitetane i kvar enkelt låt blir drøfta og analysert i detalj. P4 har slike program, og det har også Kanal 24, for eksempel «Retrokultur».

4. Musikk blir brukt som eit journalistisk poeng i ei generell programflate. For eksempel kan eit program kåre den beste rockelåten gjennom tidene, eller ha vekas blueslåt som fast innslag gjennom heile året. «Norgesglasset» på NRK P1 hadde i 2003 ei storsatsing kalla «40/40», der dei gjekk førti år tilbake i tid og fortalde seg framover til notida, eitt år for kvar sending. Dei to timane programmet varte, var då utelukkande knytt til det aktuelle året, med reportasjar, tilbakeblikk og intervju. All musikk var også henta frå det same året. Slik batt dei saman det musikalske og det journalistiske til ei eining.

5. Musikk blir brukt som apropos til eit journalistisk poeng, og får slik sett ei viss journalistisk betydning. Av og til kan det vere naturleg å spele ein bestemt artist på grunn av emnet for samtalen som kom rett før. Viss nyheita er at ein kjend popartist er død, og ein sender ein reportasje om hans eller hennar karriere, kan det verke pussig at ein ikkje sender ein låt med denne artisten etterpå. Dersom stasjonen har ein streng spelelistepolitikk, har ein ikkje høve til det. Dersom slike verkemiddel er lov, må ein passe seg for å ikkje overdrive det. Aproposmusikk kan fort bli overforbrukt og klisjefylt, til dømes viss ein alltid speler «We are the champions» med Queen når det norske landslaget har vunne.

6. Musikk blir brukt til inn- og utannonsering av artisten, det vil seie at programverten opplyser om artistnamn og andre relevante ting. Det er på ingen måte innlysande at programvertane omtaler den musikken som blir spelt. Fordi det er så mykje musikk, kan det bli forstyrrande viss programverten heile tida må snakke om han, særleg dersom programverten har ei økt der han snakkar om det same temaet mellom fleire låtar. Då er det meir naturleg å late musikken vere ein pause framfor å byrje å snakke om han. Men i mange tilfelle kan ei slik annonsering også vere journalistisk verdifull, sidan ho tematiserer ein innhaldstype (musikk) som fyller omtrent halvparten av sendetida. Det er lettare for lyttarane å lære om musikalske sjangrar og historia dersom programleiaren informerer om innspelingsår, kva land artisten kjem frå, og kva plate låten er henta frå.

I den kommersielle radiokulturen er det strenge reglar for kva som er lov. Fleire av dei punkta som er lista opp ovanfor, er lite utbreidde fordi dei føreset ein fleksibilitet som spelelistene ikkje gir. Det kan til og med hende at stasjonar berre har spelelistemusikk, og såleis er ute av stand til for eksempel å spele ynskjeplater. Formatet avgrensar også verbaljournalistikken så mykje at det av og til kan vere ei tvangstrøye.

Frå 1980-åra og fram til vår tid har verkemidla til produsentane og forventningane som lyttarane har til radio, endra seg dramatisk. Dermed har rolla til radioen i kvardagen endra seg. Radioen i monopoltida var prega av ei streng opplysningsånd som gjekk hand i hand med ein stor journalistisk fleksibilitet i redaksjonane, medan kommersiell radio er prega av ein lett og ledig underhaldningsappell som går hand i hand med strenge formateringsreglar. Her gjeld det å finne balansen mellom journalistisk fridom og streng styring av sendeflata.

Ein kjernetanke i Radioradio er at radioen skaper ei viss sosial stemning hos lyttarane same kva formateringsstrategi stasjonen har valt. Det kjem av at lydmedia har ein djuptliggjande sanseleg appell som alltid trekkjer folk til seg eller støyter dei frå seg. Kontakten mellom radiostasjonen og lyttarane blir mest meiningsfull og givande dersom desse kreftene ikkje berre blir forvalta ut ifrå strategiske omsyn, men også blir brukte på ein mest mogleg journalistisk sensitiv måte. I eit slikt perspektiv er til dømes ein serie som «40/40» på P1 (pkt. 4) ganske talande for problemstillinga. Det er sjeldan ein høyrer om eit slikt brot med den gjeldande musikkformateringa i ei innarbeidd sendeflate på ein kommersielt «tenkjande» kanal. Men begeistringa serien skapte blant lyttarane, er eit godt eksempel på korleis musikken og journalistikken kan hengje saman og skape ein heilskap som er heilt avgjerande for ei truverdig stemning. Alternativet ville vore at alt verbalstoffet handla om til dømes 1965, medan all musikken var hitlåtar frå ulike år, og såleis fullstendig lausriven frå temaet.

Svaret på det retoriske spørsmålet ovanfor er altså: Ja, musikk er journalistikk. Og truleg kan radiostasjonen og radiojournalistane utnytte det betre enn dei gjer i dag.

Stasjonen gjennom døgnet

Når målet er å appellere til lyttaren heile tida, er det naturleg å late innhaldet og stemningane variere med stemningane i døgnet. Radiodøgnet er såleis laga for å appellere til den trongen folk har for rutine og tryggleik, alvor og refleksjon, underhaldning og kveik – alt til si tid. Godt komponerte sendeflater gir lyttarane ei kjensle av fellesskap med andre. Dei fortel at verda aldri står i ro, at det aldri treng vere stille, for det er berre å skru på radioen. Ved å aldri sove, aldri stengje for kvelden fortel stasjonen til dei som er vakne om natta, at også andre er vakne og puslar med sitt. Han fortel at han tenkjer på oss heile tida, og tek oss alvorleg heile døgnet. Stemmer som pratar i radioen, er endå tryggare enn berre musikk. Nattstemmene kan bli kjære venner. Av og til døyr eit eldre menneske på sjukeheimen, ho er åleine på rommet, men radioen står på. Då ser ein kor djupt radioen verkar inn på livet vårt. Når folk seier setningar som «radioen er ein god ven» og «radioen held meg med selskap», er det denne kjensla av å vere sosialt om­femna dei refererer til.

Døgnuret for formatradio.

Kvar periode gjennom døgnet er akkompagnert av ein gjennomtenkt journalistisk måte å vende seg til lyttarane på. Den verke­lege natta, morgonen, dagen og kvelden ligg som bakgrunn for dei stemningane som blir skapte på radioen. Difor skiftar det gjennom dagen. Timane om morgonen, med korte nyheitsbolkar, aktualitetsstoff og vegmeldingar, ville ha verka unødvendige om kvelden når folk er i ferd med å avslutte dagen. Kvelden er ei tid for roleg tempo, med mjukt stoff og musikk i staden for ei aktiv oppfølging av verda utanfor.

Den kommersielle radiokulturen har gjort sendeflata svært finstemt i forhold til vanane og dei skiftande stemningane i dagleglivet til lyttarane. Me kan faktisk snakke om at mainstream-stasjonane følgjer ei oppskrift når dei byggjer opp radiodøgnet. Det er denne oppskrifta me no skal sjå nærare på.

Å byggje ei døgnforteljing

Mange snakkar om det som kjem ut av radioen, som ein slags straum av musikk og snakk. På engelsk kallar ein dette «a flow». Andrew Crisell bruker i boka Understanding Radio biletet «akustisk perlekjede» på den formaterte radioen. På eit gitt tidspunkt har ein alltid komme attende til den første perla, og ein startar på nytt igjen. Dette skjer gjerne på ein heil time. I hans bilete ligg det ei forståing av at det ikkje er noka narrativ utvikling i perlekjeda. Forteljinga går ikkje framover, ho går i ring. (84) I teorien passar dette bra for magasinformatet slik me definerte det ovanfor, men i praksis er radioen meir fleksibel og foranderleg enn Crisell vil ha det til.

Me har snakka mykje om forteljingar i denne boka, ikkje minst i kapittel 5. Der siterte me Liv Hauskens definisjon av forteljinga: eit «begivenhetsforløp omkring en menneskelig interesse». (85) Det nasjonale radiodøgnet består også av hendingar omkring ei menneskeleg interesse, og mange av hendingane er kausalt samanhengjande – dei er knytte til kvarandre i eit årsak–verknad-forhold. Døgnformateringa legg til rette for at ein kan følgje dramatiske hendingar frå verkelegheita medan dei skjer. For eksempel: Kva tid når leitemannskapa fram til dei innestengte gruvearbeidarane i Russland? Kva er stillinga i landskampen? Klarer Noreg å kvalifisere seg til VM?

Eit eksempel på kor grundig oppfølginga kan vere, er til dømes at «Dagsnytt» på NRK P1 kl. 7.30 har ei sak om ein asylsøkjar som søkjer kyrkjeasyl. Så tek «Her og Nå» kl. 15.03 ein debatt om norske kyrkjer skal ha immunitet frå asyl-lovgivinga. I «Dagsnytt» kl. 17.30 kjem så korte utdrag frå debatten, og seinare same kvelden kjem endå ein debatt på NRK 1, no med biskopar og statsrådar. På grunn av kraftige utspel og sterke menneskelege historier satsar fleire program på NRK P1 på denne saka neste dag, før ho ebbar ut og eit nytt tema blir hovudsak. I formateringa er det med andre ord lagt opp til at saker kan utvikle seg, utdjupast og forklarast.

For å setje det heile i eit større perspektiv kan me seie at døgnforteljinga spinn rundt verdshendingane. Sjølvsagt er det ikkje alle verdshendingane, og ikkje eingong alt som hender i Noreg, men det seier forteljinga ingenting om. I praksis er dette verda ifølgje P1 eller Kanal 24, og det er redaksjonelle prioriteringar, journalistiske ressursar og formateringslogikken som styrer korleis historia om verda blir fortald. (86)

I kapittel 5 om lydforteljinga skreiv me om historie og diskurs, det vil seie dei hendingane som blir fortalde, og den måten dei faktisk blir fortalde på. Som ein parallell kan me sjå P1-døgnet på same måten og seie at den verkelegheita er historia, medan døgnformateringa til stasjonen er diskursen. Hendingane i den store verda, livsførselen til folk flest rundt i Noreg og dei stemningane som døgnet byr på, er historia, medan formateringa av alt dette til ei sendeflate som passar for stasjonen, er diskursen.

Døgnformateringa til stasjonen er såleis ei gedigen redigering av det som skjer gjennom dagen, og det blir gjort ut ifrå dei verkemidla me har skissert ovanfor. Den overordna ramma er magasinformatet med sitt sterke musikkregime, og innanfor det er det stor vekt på lydoverflater, sjølvspel, innringing og lokal relevans. Lyttarane kjenner sjølvsagt ikkje til heile tilfanget av råmateriale eller desse overordna strategiane. Poenget er jo å gi dei ein brei og lett handterleg offentleg versjon av noko dei elles knapt ville ha erfart i det heile fordi det er så mangesidig.

Når ein byggjer ei døgnforteljing, må ein sjå til at rytmen til stasjonen i størst mogleg grad harmonerer med rytmen til folk flest. Denne rytmen har stort potensial for å påverke den private livsførselen til lyttaren. Me kan for eksempel tenkje oss at ei kvinne står opp klokka sju for å få med seg morgonsendinga på P4, og då er det stasjonen som på eit vis «formaterer» livsførselen hennar, og ikkje omvendt. Og kva om NRK P1 til dømes ikkje sende nyheitsprogram i det heile på sine tjuefire timar? Då ville samtalar og kunnskapar i befolkninga ha vore heilt annleis, og viktige hendingar ville ha stått ukommenterte i offentlegheita fordi P4 og Kanal 24 har andre dis­kursar.

Denne kontakten mellom stasjonen og lyttarane er frå stasjonen si side styrt av to strategiske spørsmål: Kvar er lyttaren? Kva gjer ho på? I forholdet mellom døgnforteljinga til stasjonen og vanane til lyttarane er det openbert ein «høne og egg»-situasjon: Kva kom først av det behovet lyttarane har for å høyre nyheiter ved frukostbordet, og det stasjonane gjer for å skape slike vanar gjennom faste postar? Kva er det som gir grunn til å tru at folk treng trafikkmeldingar når dei køyrer heim frå jobb? Dersom du står fast i trafikken, kunne det tenkjast at du heller ville underhaldast av noko heilt anna enn nyheiter om trafikkøar rundt om i landet.

Det er mindre viktig å svare på desse spørsmåla enn å peike på samverknaden mellom korleis publikum lyttar, og korleis stasjonane produserer sendeflater. Gjennom sendeflatebygginga avgjer stasjonen i praksis kva lyttarar han kan trekkje til seg. For eksempel kan han velje eit format som trekkjer til seg lyttarar som høyrer lenge utan å høyre særleg godt etter, eller lyttarar som høyrer veldig konsentrert ei kort stund (musikkdominerte versus taledominerte format). Eit anna val kan vere mellom ein hardtslåande nyheitsstil om morgonen for å trekkje til seg unge folk i arbeidslivet, og ein roleg profil med musikk, andakt og kåseri for å trekkje til seg godt vaksne med god tid. Ein stasjon kan ikkje treffe tonen hos alle samtidig, men må gjere val som gjer han attraktiv for dei som driv med ein viss aktivitet på visse typiske stader til ei viss tid.

Radio på papiret

Utfordringa for ein mainstream-stasjon er altså å skape seg ein heilskapleg profil ut ifrå dei stemningane som er typiske for nokre menneske på ei viss tid av dagen, og å lykkast med det gjennom heile dagen. Men korleis tenkjer strategane bak ein radiostasjon ut kva døgnforteljing som er den rette? Eit svar kan me finne i konsesjonssøknaden til Kanal 24, laga til 2003 då den ti­årige konsesjonen for riksdekkjande kommersiell radio blei lyst ut. Denne stasjonen blei planlagd i detalj på papiret, ut ifrå full tilgang til erfaringar som andre stasjonar i Noreg og utlandet hadde gjort. Kulturdepartementet kom fram til at konsesjonssøknaden til Kanal 24 var den beste – også betre enn konsesjonssøknaden til P4.

Utklippa frå konsesjonssøknaden til Kanal 24 syner korleis ein der
tenkjer omkring det kommersielle radiodøgnet. Det er ingen tvil om
at Kanal 24 er svært oppteken av å ha ei følsam og truverdig døgnforma-tering av sendeskjemaet sitt. Me må ha i bakhovudet at dette er ein pre­sentasjon som skulle tilfredsstille Kulturdepartementet, og at han såleis er ein god del vakrare enn det som faktisk kom på lufta utover våren 2004. Søknaden skulle overtyde departementet om at Kanal 24 har den beste forståinga av kva kvardagsleg relevans ein landsdekkjande kommersiell radio­kanal bør ha i liva til lyttarane, og samstundes skulle han oppfylle både innhaldmessige og geografiske pålegg frå departementet. Her følgjer eit redigert utval. (87)

Morgensendingene i tiden 06–09 er preget av regionale, nasjonale og internasjonale nyheter, værmeldinger, trafikkinformasjon, råd, tips og oppmuntring. Her er også anledning til å sette dagsorden, skape dagens samtaleemner og fortelle om aktiviteter rundt om i landet.

De tidlige formiddagsprogrammene i tiden 09–12 vil være preget av at arbeidsdagen har begynt for de fleste lytterne, og at det for en stor del er folk i aktivitet vi sender til. Sendingene bør legges opp med en noe lettere profil enn morgensendingene – som har en betydelig verbalandel. Dette er en velegnet tid for servicejournalistikk i bred forstand. I formiddagssendingene vil derfor journalistiske innslag om helse, fritid, samvær, kultur, utdanning, arbeidsliv, varer og tjenester ha en bred plass. Her er også tid for diskusjon og interaktivitet med god, gammeldags folkeopplysning, der lyttere spør og ekspertene svarer.

De øvrige formiddagsprogrammene fra 12–15 er velegnet til varierte og bredt favnende kulturprogrammer. Her er en fin arena for reportasjer, debatt, analyser og anmeldelser hentet fra konserter, musikkutgivelser, bøker, teater, film og billedkunst.

Ettermiddagsprogrammene fra 15–18 vil være preget av nyheter, aktualitet og debatt, trafikkmeldinger og annen nyttig informasjon. Sendingene oppsummerer nyhetsbildet, ser fram mot kveldens og morgendagens begivenheter. På grunn av tidsforskjeller til de asiatiske og amerikanske kontinenter, vil utenriksstoff ha en naturlig plass her. Det er i denne tidsbolken det er naturlig å legge et samfunnsmagasin som utdyper, analyserer og debatterer hendelser fra inn- og utland.

Fra 18–19 vil Kanal 4 (88) tilby en daglig time for barn. På ettermiddags- og kveldstid gir programmene mer rom for fordypning, konsentrasjon og spesielle interesser. Kveldstid er spesielt egnet til innhold som krever stor konsentrasjon. Fra 19–20 vil Kanal 4 tilby gjennomarbeidede programmer som krever aktiv lytting og konsentrasjon, og som gir rom for den rolige samtalen med tid til refleksjon og resonnementer. Disse er beskrevet i egne kapitler i søknaden.

Sendetiden fra 20–22 vil mandag til torsdag være et særlig tilbud til ungdom i alderen 13–18. Det vil være debattprogrammer og aktuelle programmer om utdanning, helse, familie og samliv. Ønskeplater og hitlister har en selvsagt plass i enkelte programmer for ungdom. Sendetiden mellom 22–24 mandag til torsdag vil preges av musikkprogrammer i ulike sjangere.

Nattsendingene vil særlig ta hensyn til dem som er i arbeid på denne tiden av døgnet og blant annet inneholde et tilbud om repriser av de beste programmene som denne gruppen går glipp av på dagtid.

Utdraga frå søknaden syner ei klar oppfatning av korleis eit radiodøgn kan byggjast, og det er ingen tvil om at Kanal 24 såg både til P4 og P1 då sendeskjemaet blei planlagt. Ja, for alle dei tre kanalane kan det verke som om det følgjande gjeld; at eit visst tidspunkt på dagen i seg sjølv legg til rette for ein viss type journalistikk, i det minste innanfor den logikken som rår i mainstream-radio. Dette blir tydeleg når me tek for oss radiodøgnet, programpost for programpost. Når det gjeld namn på program og programleiarar, blir sjølvsagt ein slik gjennomgang fort eit historisk tidsbilete, for det ligg i formatlogikken at titlar og stemmer blir skifta ut med jamne mellomrom. Men den underliggjande strategien for å spegle av døgnet er uendra.

Morgonstemning

I NRK startar radiodøgnet klokka 05.00. Då sender «Dagsnytt» ut sine eigne saker for første gong i det nye døgnet, og på dette tidspunktet kan ein seie at dagen på P1 så smått startar. Frå no av er P1-døgnet formatert slik at det er mogleg å utvikle og oppdatere saker. «Dagsnytt» leverer korte nyheitsbulletengar kvar heile time, og i morgontimane fram til kl. 9.30 kvar halve time. Nyheitsbulletengane er viktige av fleire grunnar. Dei går føre seg på eit nivå «over» alt det andre stoffet fordi dei formidlar hendingar i verda utanfor studioet og det indre universet til stasjonen. Dei bryt inn i sendeflata og markerer heil (og halv) time, og gir høve til å skifte namn på programflata. Dei er på ein måte motoren som driv radiodøgnet framover.

I femtida om morgonen ligg dei aller fleste menneske enno og søv. Det er berre nattevaktene og dei som har lang reisetid til jobben, som er på beina då. I sendeflata mellom 5.03 og 5.45 kjem programmet «Mot dag» på P1. Her får lyttarane ein mjuk start på nyheitsdagen, der det hovudsakleg blir referert til nyheiter og overskrifter i avisene. Midt i programmet er andakt og vêrmelding for fiske faste postar. Kanal 24 speler på dette tidspunktet berre musikk under tittelen «Tid for musikk», ei flate som varer frå klokka 22.00 til klokka 6.00. På P4 blir timane mellom klokka 4.00 og klokka 6.00 kalla «Morgenstemning», også det er eit reint musikkprogram. I realiteten lagar ikkje P4 og Kanal 24 noka journalistisk stemning på denne tida av døgnet, men kviler på det som musikken uttrykkjer på eiga hand.

For alle dei tre kanalane er det klokka 6.00 at dei «ordentlege» morgonsendingane byrjar. I sekstida byrjar fleire folk å stå opp, sjølv om så mange enno ligg og søv at dei som lyttar, kan få kjensla av å vere del av ein litt eksklusiv fellesskap; «me som har stått opp», «morgonfuglane». Dei færraste har forlate heimen, og lyttinga går føre seg på soverom, baderom og kjøkken. Verten er åleine i studio og sender direkte. Den intime grunnstemninga blir etablert i alle kanalar, og ho blir strengt teke halden ved like heile dagen, med nokre unntak i form av nyheitsprogram og tittelprogram om kvelden. Programleiaren er på tomannshand med lyttaren, begge slit med å få søvnen ut av auga.

På P1 er morgonen dominert av distriktssendingane. Ei heil rekkje distriktsredaksjonar lagar sine eigne sendingar i tida mellom klokka 6.03 og 9.00. P4 sender «P4s radiofrokost m/ Tor Andersen og Bjørn Faarlund», og Kanal 24 sender «Lys våken med Mørk og Co». Begge desse programma er meir slentrande og musikkprega enn dei ulike distriktssendingane på P1. No byrjar landet å vakne til liv for alvor. Arbeidsfolk i industri og helsevesen byrjar ofte på jobben klokka sju, medan kontor- og administrasjons­tilsette typisk byrjar i åttetida. Småbarnsforeldre må få ungane til barnehage og skule før dei skal på jobb. I perioden frå halv sju til halv ni har folk det travelt, og radiostasjonane følgjer opp.

Både Kanal 24 og P4 har eigne nyheitsredaksjonar som kjem inn med nyheitsbulletengar kvar heile og halve time frå klokka 6.00 til klokka 9.00, og dei har tung vekt på trafikk- og vêrmeldingar. Så sjølv om det er forskjellar på P1 og dei to andre kanalane, har dei alle dette preget av «oppdatering» og «travelheit» på denne tida av døgnet. Fram mot klokka 9.00 roar det seg både i trafikkbiletet og på radioen. Då er dei fleste vaksne i aktivitet på arbeidsplassen, og barna har byrja på skulen. Morgonrushet er over for i dag.

Føremiddagsprat

Klokka 9.00 er nyheits- og aktualitetsmorgonen slutt på P1, men vidare ut­over dagen held både «Dagsnytt» og distriktskontora fram med korte sendingar kvar heile time. Frekvensen i oppdateringa går ned, og tempoet roar seg samanlikna med morgonen.

Folk flest har gjort unna dagens første runde med stress og treng ein liten pustepause. Ein gammal klassikar står for tur klokka 9.05: «Nitimen». Stemninga her er laus og ledig. Det er mykje norsk musikk og skandinaviske slagerar, konkurransar, kåringar av ulike slag og telefonar til folk kringom i landet. Det er gjerne også artistar i studio som pratar om noko dei skal opptre med denne dagen, eller om ei plate- eller boklansering. Programvertane veit at no gjeld det å vere tett på lyttaren, å skape kvalitetsavslapping. På denne tida er det mykje pludring, det vil seie samtale for å samtale, ikkje nødvendigvis for å lære og å utvikle seg. Programleiaren er på tomannshand med lyttaren. Her er det ikkje krig og ulykker, men kos og varme. Kjære stemmer som vender seg til lyttarane med eit «du», som smyg seg innpå dei og lovar å bli der til klokka elleve og komme att i morgon.

Det kan verke som dei to kommersielle kanalane satsar sterkare på livsstil og trendar enn den statlege kanalen gjer. Kanal 24 sender «Walthers verden» mellom klokka ti og tolv, eit program om samliv, helse, psyke, mote, mat og andre tema som påverkar og pregar oss menneske. I P4 er det «Fornøyeleg formiddag m/ Lise Askvik» frå ni til elleve, og som programmet på Kanal 24 handlar det om trendar, livsstil, forbrukarsaker, sex, samliv og «livets små underligheter». Det nære og koselege går igjen same kva temaet er. Sjølv om innhaldet er nytt kvar dag, går programmet aldri utover si ufarlege ramme.

Mellom klokka 11.03 og 12.30 er distriktssendingane attende på NRK. Dei har magasinsendingar som på mange måtar er ein slags lokal «nitime». Vekta på lyttarkontakt er stor, for eksempel med bursdagshelsingar, telefonsvarar og ulike former for konkurransar og gjester i studio.

Lyttarane er no i full aktivitet, anten det er på kontoret, i lastebilen eller i vaskehallen. Settinga for lyttinga er ikkje lenger heimen eller bilen, i ei lang flate til rundt klokka fire på ettermiddagen fokuserer radiostasjonane generelt på kontoret og arbeidsplassen. Mange lyttarar er ikkje åleine, men har radioen på i bakgrunnen medan dei arbeider saman med kollegaer og andre. Dette betyr at dei ikkje høyrer særleg godt etter, men må konsentrere seg om dei som jobben krev. På arbeidsplassen er det likevel rom for ein engasjerande lyttemåte som kan kallast «kollektiv» lytting. Plutseleg seier nokon «Hysj!», og alle får med seg eit kort resonnement som dei så diskuterer og tenkjer vidare på. Spørjekonkurransar og innringingsprogram kan ofte skape slik kollektiv lytting. Når lunsjpausen kjem, diskuterer ein gjerne tema frå ein av radiostasjonane.

Ved lunsjtider er det ei ny økt med grundige nyheiter på P1 og Kanal 24. Klokka tolv er Kanal 24 inne med ei lengre sending på femten minutt, medan NRK P1 har ei like lang nyheitssending frå 12.30 til 12.45. No blir nyheitene frå morgonen følgde opp med kommentarar og/eller nye vinklingar og moment, eller dei blir skifta ut med nytt og meir interessant stoff. Det er ei bevisst blanding av gammalt stoff med ny vinkel og nytt stoff som enno ikkje er omarbeidd. Så kjem «Musikknytt» på NRK fram til klokka 13.00, med nye plater og nyheiter om kjende artistar. Kanal 24 sender reiseprogrammet «Sarahs Safari» fram til klokka 13.00.

Ettermiddagsrush

Det er ikkje nokon klar overgang frå føremiddag til ettermiddag, men i alle tre stasjonane skiftar stemninga tilbake til eit meir «hektisk» og utoverretta programinnhald. I timane mellom klokka 13 og 16 er folk flest enno på kontoret, i varebilen, på byggjeplassen og så bortetter. Men om ikkje altfor lenge er dei på veg heim.

På NRK P1 er den utoverretta stilen tydelegare enn på P4 og Kanal 24. Frå klokka 13 går det to timar lange programmet «Norgesglasset», som er eit klassisk aktualitetsmagasin med direkteintervju, ferdiglaga innslag og rapportar direkte frå journalistar med berbart direkteutstyr. Programmet er verken fullblods nyheitsprogram eller fullblods koseprogram, men ligg ein stad imellom. Målet for programmet er både å informere og å underhalde, og programmet grip gjerne tak i dagen i dag.

Kanal 24 legg meir vekt på kultur og media enn P1. Frå 13 til 15 sender dei «Huset til Ingebjørg», eit program om kulturlivet i smått og stort, der det også er konkurransar, humorinnslag og anna småstoff. Mellom klokka 12 og 15 sender P4 «Colosseum», eit program som byggjer på den gode samtalen mellom dei to programleiarane Silje Stang og Kårstein E. Løvaas. Innhaldsmessig satsar også dette programmet på kultur, film, bøker, trendar og ting i tida. Mellom klokka 12 og 15 tenkjer altså dei to kommersielle kanalane noko annleis enn P1. Deira program er meir studiobaserte og intime enn «Norgesglasset», og dei speler også ein god del meir musikk. Dei fokuserer i større grad på programleiarane, særleg gjer Kanal 24 det, som bruker namna deira i sjølve programtittelen. NRK P1 har innslag laga av mange forskjellige journalistar, og hovudoppgåva til programleiaren er berre å binde dei saman.

Klokka 15.03 byrjar «Her og Nå» på P1. I dette innarbeidde nyheitsmagasinet står den direkte debatten sterkt, og difor har programmet også ei tydeleg programleiarrolle. Denne programleiarrolla er ikkje knytt til ein bestemt person, slik som rollene til Silje Stang eller Ingebjørg Aadland. I «Her og Nå» gjeld det å få temperatur i debatten med verbale verkemiddel, og då må programleiaren vere synleg. Men her er også ferdiglaga innslag som er meir utbygde enn det er plass til i ei Dagsnyttsending. «Her og nå» speglar dagen, og som dei sjølv sørgjer for å framheve, gjer dei det akkurat her og . Det som starta som ei nyheitssak klokka seks om morgonen, endar ofte som debatt i «Her og Nå». Dette programmet er, som me alt har nemnt, det einaste i heile det «kommersielle» radiodøgnet som er fullstendig utan musikk. Det gjer at NRK P1 i denne sendeflata skil seg klart ut ifrå P4 og Kanal 24, og får eit meir seriøst preg.

No er folk på veg heim frå arbeidet. Frå rundt 15.30 til 17.00 skjer radiolyttinga i bilen eller i heimen. For mange er dette ei svært hektisk tid på døgnet, og radioen står på i bakgrunnen medan dei hentar ungar, handlar mat og gjer allslags ærend før middagsingrediensane ligg i grytene heime på kjøkkenet.

Sjølv om musikken framleis rår, tenkjer også P4 og Kanal 24 på ettermiddagen som ei tid for aktuelt stoff, debattar og trafikkmeldingar. Likskapen med dei hektiske morgontimane er stor. P4 har «Midt i trafikken» frå 15.00 til 17.30, der særleg austlandsinnbyggjarane får god oppdatering på trafikkbiletet. Kanal 24 satsar på same stoffområdet i «I rute med Anders» mellom 15.00 og 17.00, men blikket er retta meir mot aktualitetar på nasjonalt og internasjonalt plan enn på det lokale. Kanal 24 har eit nett av korrespondentar i inn- og utland som Anders Tangen snakkar med i denne flata. I alle tre kanalar er nyheitsredaksjonane viktige bidragsytarar i denne hektiske perioden, med nyheiter kvar halvtime frå 15 til 18, slik dei også hadde frå 6 til 9.

På NRK tek distriktsendingane over etter «Her og nå», i sendeflata mellom 16.00 og 17.30. Også her er det vanleg å ta tak i lokale nyheiter frå tidlegare på dagen og «byggje dei ut» med debattar og kommentarar. Distriktssendingane til NRK høyrest mykje lik ut i dei tre sendeflatene om morgonen, føremiddagen og ettermiddagen, medan P4 og Kanal 24 har tre heilt forskjellige program i dei tre flatene.

Rundt klokka 17 skjer lyttinga for det aller meste i heimen, på kjøkkenet står radioen på og dannar bakgrunn eller framgrunn til middagslaginga – eller til ettermiddagskvilen. Døgnet er på veg inn i kvelden, og «Dagsnytt» mellom klokka 17.30 og 18.00 er den siste grundige nyheitsoppdateringa på NRK P1 denne dagen. Dette er sendinga for å få vite kva som har skjedd i Noreg og i verda, og det er typisk at saker frå «Norgesglasset» eller «Her og Nå» blir utvikla vidare. På P4 gjer nyheitsredaksjonen mykje det same med nyheits- og debattprogrammet «Sytten Tretti» frå 17.30 til 18.00. Kanal 24 køyrer også etter same lesten med «Fokus» og «Nyhetspuls» frå 17.00 til 18.00.

Klokka 18 sløkkjer ein det utettervende blikket for dagen. Dei som vil følgje med i verda, må no skru på fjernsynet. Etter dei tunge nyheitssendingane mistar radioen dei fleste lyttarane. For mange er radiodagen no over, og det er ikkje før klokkeradioen ringjer igjen klokka 6.00 at radioen kjem på att.

Kveldskonsentrasjon

Frå 18.30, når TV 2 startar primetime med «TV 2-nyhetene», er det dei spesielt interesserte som sit igjen ved radioapparatet. Det blir vanskelegare å peike ut kvar lyttarane er, og kva dei gjer. Det kan vere folk som av ulike grunnar ikkje har høve til å sjå fjernsyn, og folk som har utvikla eit sterkt forhold til eit program. Dette gjeld for eksempel «Barnetimen for de minste» på NRK P1, som sender kvar vekedag klokka 18.40, rett etter «Barne-tv» på NRK 1. Slike målretta lyttarar er sjeldne i mainstream-kanalane, medan særleg NRK P2 har mange av denne sorten.

Ingen av kanalane har like streng formatering på kveldstid som på dag- og nattestid. Kanal 24 er strengast, for dei sender varierte program berre i timen mellom 18 og 19. Då går for eksempel «Norsk retrokultur» og «Hurum og Ødegård» (om naturvitskap) på ulike dagar. Resten av døgnet er identisk heile veka. P4 har ei varierande programflate kvar kveld, men «NaturligVis», «Barnehalvtimen» og «Pepper» (musikkprogram) er på sendeplanen oftare enn andre program. P4 har ofte lange sportssendingar om kvelden, noko NRK P1 også har ein del av. Men det er ikkje snakk om ei veksling mellom svært mange program i løpet av veka, og dei programma som går, er prega av den klassiske magasinforma.

Også om kvelden er det NRK P1 som har mest verbalstoff. «Kveldsåpent» på NRK P1 frå 19.07 til 22.05 er prega av pludrete stemningsrapportar frå sport og kulturliv. P4 går vanlegvis over til musikkradio frå 20.30 til 23.00. Kanal 24 sluttar med all samtale og journalistikk klokka 22, då den åtte timar lange jukeboksflata «Tid for musikk» byrjar.

Mellom klokka 22.05 og midnatt sender P1 sine mest outrerte og spesielle program. Dette er program som er heilt lausrivne frå døgnforteljinga reint hendingsmessig, men som har funne akkurat det rette stemningsleiet for denne tida på døgnet, og som gjerne vender seg til lyttarane på ein litt dristigare måte enn til dømes magasinprogramma gjer på føremiddagen. «Herreavdelingen» er kosteleg fjaseprat om små problem og spesial-formatert med lyttarkontakt gjennom spørsmål via e-post eller SMS. Dei to faste programleiarane Finn Bjelke og Yan Friis speler sin yndlingsmusikk som er nostalgisk pop/rock. Stundom har dei ein gjest, stundom eit kåseri. I dette universet er ikkje lyttarane berre lyttarar, men meir som venner å rekne. «Kveldsmat» med Kari Slåttsveen handlar også om programleiaren og eit eige snurrig univers, medan «Thoresen. værsågod!» nærast er usensurert lyttarkontakt. Lyttaren bestemmer sjølv kva han vil snakke om, og alle tema er akseptable fordi poenget er praten mellom Thoresen og innringjaren.

Nattero

Når «Kveldsnytt» er slutt på NRK 1 litt før 23.30, er fjernsynskvelden over for dei fleste, og av dagens mange plikter er det no berre tannpussen igjen. Folk kryp under dyna og les litt i ei bok til dei sovnar. Mainstream-radioen får ei kort oppblomstring medan roa legg seg over landet.

Både P1 og P4 sender ei blanding av ynskjeplater, helsingar og spele­listemusikk. P4 sender «Kjærlighet uten grenser» med Siv Stubsveen frå klokka 23.00 til 01.00. Stemninga i dette programmet er påfallande «nattleg». Stubsveen snakkar med dempa røyst, i kjærlege og mjuke vendingar, og berre om gode kjensler og sakn etter venner og kjærastar. P1 sender «Nattønsket», eit veletablert program som set stemninga med Henning Sommeros «Vårsøg». Programvertane har stor empati med dei som har ringt inn eller skrive e-post. Når den einsame legg seg, tenkjer han på den han ville hatt ved sida av seg i senga, og blir vemodig. Då hjelper det med eit program som viser kor mange andre som føler det på same måten. Og kanskje eg får ei ­helsing i natta? Dei som ligg vakne, kan lett føle at natta har eit preg av einsemd, og då er pludringa til programvertane og den gode musikken til god trøyst.

Sendeflata på P1 frå midnatt til 5.45 går under samlenamnet «Nattradio­en», som også «Nattønsket» er ein del av. Frå klokka 2 sender ein reprisar på program som kan muntre opp nattevakter og andre som må halde seg vakne gjennom natta. Reprisane kan vere program som «Herreavdelingen», «Humorekstra» eller «Radioteateret». Klokka 4 kjem det faste programmet «Spill våken», som varer til 5.30. Dei to andre kanalane køyrer også på sparebluss om natta, men satsar meir på musikk enn P1. P4 har «Nattevåk», og Kanal 24 har den lange musikkflata som me har nemnt tidlegare. Dei tidlege morgonprogramma «Morgenstemning» på P4 og «Mot dag» på P1 byrjar klokka 4 og klokka 5, og då er sirkelen slutta. Radiohjulet har snurra rundt eit døgn og tek til på den same runden att.

Radio blir ikkje laga på papiret

Gjennomgangen av det «kommersielle» radiodøgnet viser kor sterkt døgnrytmen pregar formateringa av alle tre kanalane. Det han ikkje syner, er kva som blir sagt, og korleis det blir formidla. Me har enno ikkje framheva at denne produksjonsmåten også pregar arbeidsvilkåra til journalistane. Den enkelte journalisten kan stå fram som veldig liten i det store radiomaskineriet. I somme samanhengar verkar den strenge formateringa regelrett som ei tvangstrøye, og ho er såleis skadeleg for kreativiteten til den enkelte journalisten så vel som for fornyinga av verkemidla i radioen. Det er for eksempel utenkjeleg at Kanal 24 skulle kunne fornye og auke merksemda om radiohøyrespel, for denne sjangeren er definert heilt ut av deira format.

Likevel må me hugse at det ikkje er formatet som lagar den spennande forteljinga, den velredigerte reportasjen eller den rørande samtalen. Formatering er eit arbeid som blir gjort av investorar, produsentar og redaktørar. Det er langt frå formateringa til det sanselege arbeidet med bandspelarar, mikrofonar og miksebord, og ho står i konstant risiko for å komme i utakt med det journalistiske uttrykket. Då kjem stasjonen i utakt med både journalistane og behova til lyttarane, og han klarer ikkje å tenne journalistane eller skape entusiasme og lojalitet. Konsesjonssøknaden frå Kanal 24 risikerer fort å bli ein papirtiger, til liks med alle styrevedtak om god radio.

Nivået for formatering kan ikkje fange opp den vesentlege forskjellen på ordinær og god radio. Difor må produsentar og redaktørar aldri gløyme kva som verkeleg er deira konkurransefortrinn; nemleg i journalisten av kjøtt og blod, handverka som er utvikla og finpussa over mange tiår, og kommunikasjonen med lyttarane, som er dei endelege dommarane over kva som er verdt å høyre på. Uansett om programmet skal vere seriøst eller kommersielt, for spesielt interesserte eller for alle, må ein forstå og vere følsam for det sanselege ved radiomediet. Enkelt sagt trengst det kunnskap om kva som er god radio, og evne til sjølv å lage god radio.

Det er viktig å inkludere heile radiouniverset i arbeidet med å utvikle handverket. Utfordringa er like stor i alle typar stasjonar. I tillegg til dei mainstream-stasjonane me har diskutert i kapittel 9, gjeld det P2 og Petre, Radio 1 og andre idealistiske eller kommersielle nærradioar. Og sjølvsagt i nye landskap som DAB- og Internettradio.

Heile spekteret av verkemiddel som me har drøfta i Radioradio, er avgjerande for den evna journalistane har til å treffe tonen med lyttarane, og til å gjere den kontakten som oppstår, til noko verdifullt for alle involverte. Ved å spele på heile det lydlege registeret kan journalistane vidareføre tradisjonsrike programformer og samtidig fornye dei i pakt med både kommersielle og ikkje-kommersielle rammevilkår.

Det er dei som er nærast mikrofonen som er garantistar for radiomagien. Difor, gode lesar: Gjer alle middel til verkemiddel og ha det gøy med radiojournalistikk!

Litteraturliste

Oversikt lydspor

Innhald

Notar

80. Sjå David hendy Radio in the Global Age (2000), s. 95
81. Både Trine Syversen og Espen Ytreberg har skrive om strategiar for å lage sendeskjema for fjernsyn, sjå Syvertsen Den store TV-krigen (1997) og Ytreberg Brede smil og spisse albuer (2000). Våre tankar om sendeflatebygging, elle «scheduling» som det heiter på engelsk, er også inspirert av John Ellis Seeing Things (2000).
82. Ut ifrå vår definisjon av mainstream-radio verkar det rimeleg å ta med NRK P1, P4, Kanal 24 og Radio 1 Storbyradioen. I januar 2004 trekte desse stasjonane til seg 79 prosent av radiolyttarane. Tal frå TNS Gallup Radio, januar 2004.
83. Ein interessant studie av det nye medielandskapet i Noreg er Knut Lundby og Knut-Arne Futsæters Flerkanalsamfunnet (1993).
84. Sjå Andrew Crisell Understanding Radio (1994).
85. Sjå Liv Hausken «Fortellinger» (1999).
86. Når det gjeld tanken om døgnforteljingane i radioen, byggjer me i stor grad på den britiske medievitaren Paddy Scannells tanke om «dailiness«. Det jamne «daglege» til radioen er den fremste sosiale eigenskapen hans, seier Scannel i Radio, Television & Modern Life (1996).
87. Utdraget er klipt saman frå den offiesielle søknaden frå Kanal 24 som ein finn på nettsidene til Kulturdepartementet. Sjå www.dep.no/kkd.
88. Det opphavlege namnet til Kanal 24 var Kanal 4. Men berre ei veke før sendestart blei kanalen pålagd av tingretten å bruke eit anna namn fordi Kanal 4 likna for mykje på namnet til den konkurrerande kanalen P4.