Til toppen

8. Personleg kontakt – Kvalitetspludring til kvardags


Identifikasjon: å treffe lyttaren heime
Sjølvspelet

«Pludder (av pludre): utydeleg snakk, babling; hyggjeleg småprat.»73 Me har fått pludreradio i Noreg. Når eksakt det skjedde, er ikkje godt å seie. Nokon vil hevde at den kom med frisleppet av nærradioar i 1988 og/eller med den første kommersielle landsdekkjande kanalen P4 i 1993. Det som er sikkert, er at radioen er prega av stadig fleire kanalar og ei enorm auke i sendetid utan at ein ser ein tilsvarande auke i menneskelege ressursar. Det har tvinga fram eit radiodøgn prega av lange flater med profilerte programleiarar og mykje musikk.

Kravet til seriøs informasjon er blitt lågare, kravet til koseleg underhalding høgare. Småpraten har erstatta den gamle, stivare taletonen i framføringa. Det er her pludringa kjem inn i biletet. Praten går nokså uhøgtidleg, og temaet er ofte ikkje så viktig. Pludring viser fram ein av dei mange funksjonane til radiomediet, nemleg den sosiale kontakten, der programleiaren og samtalepartnarane er medmenneskelege haldepunkt i kvardagen, eit halvhumant stemmesurr som akkompagnerer frukosten og arbeidsdagen.

Kanskje dette gir inntrykk av at det å pludra i radio er ein meiningslaus og lite ærerik syssel, men slik er det slett ikkje. Ordboka definerer også pludring som «hyggjeleg småprat», det vil seie ei samtaleform der det viktigaste er å vere i lag, noko som gjeld i like stor grad for gamle damer i kaffislabberas, kule ungdommar på diskoteket og hardbarka nyheitsjournalistar på Tostrupkjellaren. Me har alle behov for berre å snakke litt, utan at me dermed har behov for at samtalen skal bli så veldig krevjande. Me vil at samtalen skal bli god, artig, givande, og i radioen har slik kontaktskaping lenge vore ein viktig kunst – ein integrert del av handverket for mange journalistar.

I dette handverket ligg mange journalistiske utfordringar. Journalisten handterer mange ulike tema, og søkjer å få fram poeng og opplysningar utan å bruke det klassiske nyheitshandverket. I staden er sjølve personen, journalisten, personlegdommen ein viktig reiskap. Såleis er personlegdommen til den enkelte journalisten meir avgjerande i denne sjangeren enn i andre delar av radiofaget, noko som stiller ekstra store krav til kor dyktig journalisten er. For å setje det på spissen kan me seie at journalisten eksperimenterer med seg sjølv i kompliserte psykologiske landskap, utan å få særleg utdanning eller opplæring i dette arbeidet. Det finst heller ikkje nokon fasit for å vere truverdig, intim og ekte. Men det er fullt mogleg å peike på nokre sannsynlege «konsekvensar» av ulike typar åtferd i studio.

Identifikasjon: å treffe lyttaren heime

Det er eit mål for dei fleste radiostasjonar at dei skal lage radio som det svingar av, som er på bølgjelengd med lyttaren, dei skal treffe lyttaren heime. Eit viktig verkemiddel er å finne ein talemåte som viser at programverten identifiserer seg med lyttaren. Kvaliteten på pludringa står og fell med evna til å skape emosjonell deltaking, det me også kallar sosial identifikasjon. Lyttaren må føle ei viss tilknyting til det som blir sendt, kunne forstå samanhengen, kjenna noko att, føle seg inkludert i det som går føre seg i studio.74

Det sosiale hjartet til radioen er tydelegast i studiosamtalar, innspelte intervju og innringingar. I slike programflater føler lyttarane nærleik og avstand til folk, kjem i hyggeleg stemning eller blir provoserte. Her ligg det ei utfordring for radiojournalistar. Utan truverde på eit eller anna personleg nivå er det så å seie umogleg å oppnå respons eller gehør for det journalistiske arbeidet. Programvertar som ikkje klarer å gripe inn i det sosiale og emosjonelle livet til lyttarane, har inga framtid i denne sjangeren. Dei klarer med andre ord ikkje å skape kvalitet i praten, kvalitetspludring.

I vår tid er det ein konkurranse om den sosiale identifikasjonen til lyttarane. Di meir avklart målgruppa er, di lettare er det å finne dei verkemidla som får lyttaren til å identifisere seg med radiokanalen. Nokre kanalar vil famne om så mange lyttarar som mogleg, andre vender seg til smalare og meir definerte grupper. NRK P2 har generelt ein høgt utdanna lyttarskare, NRK Petre satsar mest på aldersgruppa 15 til 25 år, men har også eldre og yngre lyttarar. Radio 1 satsar også ungt og urbant, medan kanalar som P4, Kanal 24 og NRK P1 alle satsar på å vere folkekanalar, treffe «folk flest», som det så upresist heiter. Men felles for alle kanalane er altså at dei har programtypar som er spesielt utvikla for å oppnå sosial identifikasjon med lyttarane. Dei er ikkje lenger arrogante og neglisjerande, slik NRK kunne tillate seg då kanalen var i ein monopolsituasjon, for då risikerer dei å miste lyttarar.

Frå man til vi til eg

Eitt av dei mest påfallande trekka ved moderne radio er intimiseringa, markert blant anna ved den duse omgangstonen journalisten har med lyttaren. Det går an å seie at lyttaren ikkje lenger blir snakka til, men med, sjølv når det er ein monolog frå journalisten si side. Journalisten har ein kameratsleg omgangstone same kva ho snakkar om. Slik har det ikkje alltid vore, ikkje på langt nær. Måten lyttaren blir snakka til på, har endra seg dramatisk gjennom radio­historia. Sjølvsagt har også måten å snakka med intervjuobjekta på, endra seg.

Tre ulike kåseri frå ulike NRK-epokar er eit godt døme på dette. Dei er frå 1934, 1965 og 2001, og syner at kåsørane har ulike haldningar til den offentlegheita han og ho snakkar til. Det første kåseriet held på eit upersonleg «ein» eller «man», det andre dreg oss med i eit kameratsleg «vi», og det tredje er ein privat klage frå eit «eg». Høyrer du dei tre følgjande kutta etter kvarandre, høyrer du i fortetta form den endringa me snakkar om.

Lydspor 60. «Man» snakkar, 1936
Kåsør Jacob Sand: «Kjære lytter. Det er en gammel god skikk på landet at små­fuglene ikke skal mangle mat i julen. De skal få spise seg julemett de også, så en ser aldri en bondegård uten et kornbånd på en lang staur ved låvebroen, omsvermet av de stedlige vinterfugler. Et slikt julenek gir gårdstunet en hyggelig stemning i den kolde vinterdagen, med det bleke, gule sollyset og de blå skyggene på sneen.»

«Man» vil ikkje trengje seg på. Han viser klar distanse til lyttarane, slik at me ikkje skal få ei kjensle av upassande intimitet. Det finst ingen personar her, i staden er det ei forteljing om fuglelivet, noko lausrive frå våre private eksistensar. Slik sett er dette kåseriet heilt kjenslelaust. Det føreset ei offentlegheit, eit publikum, som ikkje er vand med å ha tilgang til det intime og uformelle.

Lydspor 61. «Vi» snakkar, 1974
Kåsør Arthur Klæbo: «Du store hendelse vi som skal få kome oss heim til jul. Til saueribbe og salmeversa, lutafisken og lefsene hennar mor med søst på. No snart skal vi få møte alle dei kjære der heime rundt den festlege juleduken medan klokkene frå fjernsynet ringer jula inn i stova til oss. Ja, det er vel eit års tid sidan me såg og høyrde kvarandre sist. Å denne jula, de, å hendelse igjen.»

«Vi» er alle saman kjende med det Klæbo snakkar om. Sjølv om han ikkje tiltaler oss individuelt, men meir i eigenskap av det norske folket, appellerer han til erfaringslivet til kvar enkelt lyttar. Alle har reist heim til jul, alle har eit personleg samanlikningsgrunnlag for det han snakkar om. Her går «samtalen» føre seg på ein tjomsleg, inkluderande, ukomplisert midtscene.

Lydspor 62. «Eg» snakkar, 2000
Kåsør Ellen Wesche: «Jeg har slutta å finne lommebøker. Når jeg ser en lommebok på gata nå, så går jeg bare rett forbi den, og håper at en annen ærlig sjel er så heldig å finne den. For jeg rører den ikke. [Gitarmusikk]. Det begynte for mer enn tjue år siden, da jeg fant en mistet lommebok for aller første gang. Den inneholdt et fotballkort av Kevin Keegan, en ferdigtygd tyggis og tjuefem blanke øre som tilfeldigvis tilhørte en ekkel, snørrete gutt i C-klassen.»

«Eg» er startpunktet for denne forteljinga, som auser ut ei rekkje faktiske erfaringar frå privatlivet til kronikøren. Her blir lyttarane inviterte til å ta del i hennar liv, eller i det minste til å forstå eit samfunnsfenomen ut ifrå hennar situasjon. Eit viktig poeng i kåseriet er at ho ikkje får finnarlønn når ho leverer lommeboka tilbake, ho blir på eit vis urettferdig behandla. Lyttaren blir invitert til å tenkje tankar som «stakkars ho», eller «har eg også blitt urettferdig behandla etter å ha funne ein verdigjenstand?». Den utleverande stilen, full av privatlivsforhold, klagar mot andre (anonyme) etc., er typisk for lydmedia i vår tid. Publikum skal halde følgje med eit eg som snakkar til dei, følgje med i ein samtale mellom meg og deg.

Den norske radiohistoria viser at endringa stadig går i retning av å vere meir uformell når ein vender seg til publikum. No er det liksom ein samtale eller ein prat mellom deg og meg, ikkje mellom abstrakte storleikar. Det er ei stor vekt på etos-appell, det vil seie at ein prøver å trekkje til seg lyttarar ved hjelp av personlegdommen til den som snakkar. Tonen har blitt dreidd i retning av det sjølvopplevde, det private, sosiale livet. Det er vel ikkje så merkeleg ettersom radioen har fått ein stadig meir integrert plass i kvardagslivet til lyttarane.

Det journalistiske «vi»

I journalistikken har det vore tradisjon for å snakke i «vi»-form. Og det kan ein enno både lese og høyre. «Det store vi» var og er tufta på ein tanke om at journalisten aldri formidlar eller opptrer på vegner av seg sjølv, men på vegner av arbeidsgivaren sin. Etter kvart er det blitt meir og meir vanleg at dersom reporteren skildrar eller fortel noko som trass alt er sjølvopplevd, og som ikkje inkluderer andre enn henne sjølv, så bruker ho forma «eg».

Alt kan overdrivast. Også bruken av eg-form. Også lyttarane skjønar at det stundom står eit heilt apparat bak det dei får servert, og då treng ein ikkje framstille det som om programleiaren er eit «eg» som styrer alt. Å bruke «vi» som uttrykk for ein redaksjon eller eit program er ofte heilt på sin plass.

Men at det klassiske «vi» i journalistikken er på veg ut, ikkje minst i radio, er i pakt med tida, og viser eit ønske om å komme nærare. Lyttarar kan knyte seg sterkt til slike personlegdommar i radio. Ofte er tilknytinga ei direkte følgje av at tonen er dreidd i retning av det sjølvopplevde, det private, sosiale livet. Utviklinga frå man til eg gjer det rimeleg å tru at journalistane i dag gir meir av seg sjølve i programarbeidet enn før, og såleis har meir å spele på for å skape innleving og kontakt. Men sett frå journalisten si side handlar det heile tida om retorisk identifikasjon, altså om å arbeide målretta for å verke overbevisande som seg sjølv, og få lyttarane til å føle at ho oppfører seg slik ho eigentleg er, heilt uavhengig av om det er sant.

Som me antyda i starten, er det nettopp denne tanken om at personlegdommen påverkar truverdet som gjer at den retoriske effekten av småprat nødvendigvis må bli meir ullen og uklar enn setningane i nyheitsprogram eller reklame. Men igjen handlar det mykje om stemningar, og ikkje minst om å lage god stemning i studio.

To gamle menn og ein programleiar

Sidan tidleg i nittiåra har distriktskontora til NRK gått igjennom ein revolusjon, med mangedobling av sendetida utan at talet på journalistar har auka. Sendingane er no for det meste sjølvkøyrde, og ein legg meir vekt på å ha faste programleiarar enn ein gjorde tidlegare. Kvar morgon, føremiddag og ettermiddag sit det rundt om på femten distriktskontor like mange programvertar som leier kva si sending – og det i fleire timar.

Å sende for eitt avklart geografisk område, som eit fylke, er eit godt utgangspunkt for å treffe identifikasjonen. Eksempelvis kjenner distriktsredaksjonen i NRK Hordaland betre lyttarane sine, i alle fall geografisk, enn nasjonsdekkjande sendingar gjer. Kanalen og lyttaren er fortruleg med dei same stadene, dei same personane. Lyttarane er dei som bur i Bergen og resten av Hordaland, dei som interesserer seg for Brann, pinnekjøttprisane, eplehausten i Hardanger og skiskyting. Difor er det i utgangspunktet mogleg å ha ein innforstått og inkluderande tone. Berre i dette ligg ein slags «gratis» nærleik for regionalstasjonen, og endå meir for lokalstasjonen. Distriktssendinga bør med andre ord ha eit godt utgangspunkt for å vere på bølgjelengd med folk. Men sjølv om ei distriktsending kan få noko gratis, er det likevel ein kunst å treffe tonen.

I neste eksempel er det ein profesjonell journalist i studio som snakkar med to artige gamle karar på telefon. Stig Hernes snakkar med Sverre Hjørnevik (89) og Arnfinn Lilleskare (89). Dei to har brevveksla i 84 år, og det er bakgrunnen for intervjuet. Samtalen går frå å dreie seg om brevskriving til vennskap til vitsar til musikk til alderdommen.

Programvert Stig Hernes er svært positivt innstilt til desse karane, og viser dette i tonefall og spørsmålsstilling. Såleis kan me seie at han ønskjer å formidle engasjement både til dei to han snakkar med, og alle som høyrer samtalen deira på radio. Og han vil at stemninga skal vere god.

Lydspor 63. Stig, Sverre og Arnfinn, 2003
«Ja, spe … spele du framleis?»
«Ja.»
«Med … med kvartetten – eller trioen – og?»
«Ja»
«Du og du! Kor ofta de har konsertar då?»
«Nei, konsertar … me spela der på såkalte Våko-tunet, det er eit sånt eldresenter i Odda. Og så er me på menigheitshuset og spille, og ellers rundt omkring sånn.»
«Du har vore over heile verden og spelt du?»
«Ja, eg var no med Oslofjord i tre somrar.»
«Ja! [Vender seg til den andre mannen:] Lilleskare!»
«Ja.»
«Du … du er litt av ein gentlemann har eg forstått. Du … har, har du brote ryggen din?»
«Ja, du eg skulle løfta oppatt ei einognitti år gammal dama som datt på golvet, og så er eg jo sjølv nærmare nitti, så det gjekk gale det. Eg havna på sjukehuset, og dei sa eg hadde brote ryggen på to plassar. Så eg får smerte no i åtta-ti veke framover.»
«Men … vett du … skal du opp igjen og gå?»
«Ka sa du?»
«Kjem du til å komma deg oppatt på beina?»
«Eg går kver dag, dei skal gå no dei skal ikkje liggja på strekk lenger. Dei skal lea seg. Så eg arbeider litt kvar dag. Eg maler billeder, så skriv eg litt og.»
«Korleis går det no då når du har ilt i ryggen å driva å mala?»
«Nei, eg har verk, konstant verk, men eg lika ikkje å ta sånne smertestillande. Det er så … eg blir så ekkel i kroppen, så eg går heller med litt smerte. Eg greier det!»
«De er tøffe gutar, de vaksne karane, skal eg seia!»
«Eg greier det!»
«Ja!»

Programleiaren vil vise at han er imponert over det desse gamle karane klarer. Arnfinn Lilleskare har nyleg fått ryggen knekt på to stader. Her blir det vanskeleg for Hernes å leve seg ordentleg inn, dessutan er historia om ulykka på grensa til å vere komisk i all sin tragedie. Det blir meir eit spørsmål om å vise medkjensle og komme med høflegheitsfraser. Men han glir ikkje unna temaet, slik ein meir uerfaren programleiar kanskje kunne tenkjast å gjere, og han vil gjerne vise oppriktig interesse når han spør om Lilleskare kjem til å kunne gå att. Etter kvart blir Lilleskare veldig inngåande om sjukdommen sin, det blir litt vanskelegare å takle. Hernes er jo ikkje ein skrøpeleg 89-åring, men vonar at respekt og hyllest kan vere ei passande avrunding. Patosfylt seier han: «De er tøffe guta de gamle karane, skal eg sei.» For mykje konstant verk i ryggen er ikkje i tråd med konseptet «hyggjeleg føremiddagsradio».

Identifikasjon er altså eit stikkord for korleis utsendingane blir mottekne, og i dette tilfellet kan me også snakke om ein personleg identifikasjon som avgjerande for truverdet til programleiaren. Lyttaren må oppleve programleiaren sin respons som ekte, truverdig og oppriktig. Alle radiostasjonar er avhengige av slik identifikasjon.

Kva tenkjer så lyttaren om det ho har høyrt. Greier ho å identifisere seg med journalisten i studio og finne han ekte og nær? Ein kan tenkje seg to utgangar på det:

• Positiv identifikasjon. Lyttaren dreg ufrivillig på smilebandet og nikkar gjenkjennande til sjargongen i studio. Dette er ei bekreftande haldning. Lyttaren er avslappa og tek opp den stemninga som Hernes forsøkjer å etablere. Ho tykkjer det er ein koseleg samtale og tenkjer ikkje spesielt på at når programleiaren seier «du og du», så kan det vitne om at han manglar oppriktig interesse. Ho tek del i både latteren og alvoret, og konkluderer medvite eller umedvite med at programleiaren er naturleg.

• Negativ identifikasjon. Lyttaren føler at det som blir sagt, ikkje er oppriktig meint, men berre eit forsøk på å vere oppriktig. Med andre ord høyrest det falskt ut, og lyttaren som har merka seg slikt, blir meir og meir irritert, og han kan utvikle eit klart personleg mishag mot programleiaren i studio. Med ein slik utgang har ikkje det retoriske spelet fungert som det skal. Programleiaren har med andre ord ikkje overbevist som ekte engasjert.

Lyttarane si vurdering av samtalen mellom programleiaren og dei to gamle kan altså ikkje vere eintydig. Det er rettast å seie at dette er for sosialt til å nokosinne kunne skape eit felles inntrykk hos alle. Denne typen massekommunikasjon byggjer for mykje på kjenslene til den enkelte. Kvar lyttaren høyrer på programmet, speler også ei rolle. Det kan vere stor forskjell på kva lyttaren føler når han høyrer på programmet heime ved kjøkkenbenken, og når han lyttar medan han har lunsjpause på fabrikken.

Lyttarane meiner det dei vil, og er omskiftelege og nådelause i dommen.

Hundre prosent identifikasjon

Journalistane som arbeider med kvalitetspludring, har som mål å skape sterk identifikasjon med lyttarane gjennom samtalen i studio. Særleg gunstig er det dersom ein innringjar eller ein annan medverkande tydeleg gir uttrykk for at han eller ho har tillit til programleiaren. Det vil kunne påverke heile stemninga i programmet på ein positiv måte, og inspirere lyttarane til å forsterke sin positive identifikasjon.

Kall det ein klisjé, men dersom ein programleiar klarer å få god kontakt med innringjarane, får ho god kontakt med sjølve grunnfjellet i radioformidlinga. Det er gjennom slike samtalar at ein ser kor viktig radioen er i folk sine liv, og det sterke sosiale bandet mellom lyttarane og programleiar kan utviklast vidare og styrkjast.

Margrethe Holt med telefongjest i øyret.

Lyttarskaren er viktig for programskapinga på radio, og i mange programkonsept er innringjarar heilt avgjerande. Sjølv om innringingsprogram kan bli oppfatta som ulike serviceprogram for dei av lyttarane som ringjer inn, må journalistane aldri miste av syne det som er det viktigaste: Hovudpoenget er alltid å lage best mogleg radio for dei mange hundre tusen som høyrer på, og ikkje for dei fem som ringjer inn. Det hjelper ikkje kor hyggjeleg programleiaren og innringjaren har det dersom det ikkje blir givande for dei andre som høyrer på. Men givande kan det ofte bli, blant anna fordi lyttaren som ringjer inn, faktisk kan verke meir «ekte» og spontan.

Innringjaren har nemleg eit pussig forhold til programleiaren. Innringjarar er vanlege menneske som kanskje aldri har sett eit studio nokosinne, men som sjølvsagt har snakka i telefon før, og som er vande med å gi seg heilt til kvarandre når dei snakkar på telefonen. Og det paradoksale er at i forsøket på å vere oppriktig og ekte og oppnå ein personleg identifikasjon, taper ofte den profesjonelle studioverten for dei amatørmessige telefongjestene.

Poenget er å skape god kontakt med innringjarane, for den gode kontakten vil truleg smitte over på resten av lyttarskaren. Innringjaren høyrer hundrevis av andre innringjarar kvar veke, og har sjølv kanskje ringt inn mange gonger før. Det finst sjargongar og konvensjonar som ein lett fangar opp, og som programvertane kan stole på at innringjarane kjenner til. For eksempel er P1 «koseleg», P3 er «ungdommeleg» og P4 er «folkeleg». Sidan 1990-åra har det vore ei oppblomstring av innringingsprogram som nok har gjort lyttarane meir medievande enn dei for eksempel var i 1970-åra.

Neste eksempel er ein samtale mellom programleiar Margrethe Holt og innringjar Ingeborg i programmet «Det fikser P1». Programmet går ut på at folk som har bruk for ein spesiell gjenstand, kan komme på lufta og presentere problemet sitt, så hjelper redaksjonen lyttarar med å ta kontakt viss dei har den rette gjenstanden. Ingeborg treng eit gammalt broderimønster. Det er sterk samkjensle mellom dei to kvinnene som snakkar.

Lydspor 64. Margrethe og Ingeborg, 1998
«Det var brodert enten i blått eller i rødt, og det var motivet der da, en kone og mann som sitter på hver side av bordet og drikker kaffe. Og så står det: kaffetåren [Holt stemmer i] den beste er, av alle jordiske drikker.» [latter frå Holt]
«Og nå har jeg spurt kreti og pleti, men ikke tale om altså …»
«Altså, tenker du da åsså ha mønsteret sånn at du får brodert det, er det det du …?»
«Ja. Det samme, bare jeg får tak i det og får lånt det eller får et mønster eller samme hva det er.»
«Eller få tegnet det over på ett eller anna viset.»
«Ja.»
«Ja, det husker jeg da veldig godt, Ingeborg, men du må ikke bli optimistisk av den grunn, for jeg har det ikke altså. Men jeg husker det veldig godt … Og det var sydd med sånne kontursting nærmest, var det ikke det da, så du hadde liksom dette bildet hvor de satt på hver sin side av kaffe … av bordet, ja.»
«Jada, jeg har sett flere motiv, men akkurat det altså, for det er klesdrakten fra den tida jeg er veldig interessert i å se, da. Jeg husker det, man hadde det jo da i nesten alle hjem.»
«Men det må jo finnes, det kan jo ikke gå an noe anna, vel?»
«Ja, det blir spennende dette.»
«Det blir spennende. Men hvis vi ikke klarer dette, da tror jeg faktisk jeg skal slutte i NRK, jeg. Det blir mer sånn da …» [masse latter]
«Å nei, det må du ikke.»
«Ja, da må dem hive seg rundt og hjelpe oss med pyntehåndkle her gitt.»
[Med inderleg tonefall] «Det er så artig å høre på deg!»
«Ja, det var koselig det Ingeborg, vis skal skaffe deg dette mønsteret eller det ryk eller fyk, og det gjør det jo her i Trøndelag.»
«Ja, det fyker som bare det.»
«Ja, både ryk og fyk, men pyntehåndkle skal vi likavel [latter] … Ja ha det så lenge da.»
«Ha det.»
«Hei.»
«Hei.»

For Ingeborg framstår Margrethe Holt som vennlegsinna og sympatisk, og Ingeborg snakkar til henne som var ho ei god personleg venninne. Når Ingeborg etterlyser broderimønsteret og byrjar å lese opp teksten som skal stå på broderiet, stemmer Margrethe Holt i, og dei les det opp i lag. Den mest intense kontakten oppstår mot slutten av utdraget, når Margrethe Holt nærast set stillinga si inn på å skaffe dette mønsteret. Ingeborg slår utan nokon ironi fast at ho må ikkje slutte i jobben, for «det er så artig å høre på deg». Her høyrer me kontakten mellom dei.

Ingeborg demonstrerer at lyttarar kan knyte seg sterkt til personlegdommar i radio. Som sagt kan ein tenkje seg to utgangar på dette: positiv identifikasjon og negativ identifikasjon. Den positive identifikasjonen handlar om at lyttaren er avslappa og tek opp den stemninga som Margrethe Holt for­søkjer å etablere. Ho tykkjer at samtalen er koseleg og tenkjer ikkje spesielt på at programleiaren faktisk oppfører seg nesten likt overfor kvar einaste innringjar kvar einaste veke. Lyttaren tenkjer heller ikkje på at Margrethe kan ha leita litt på førehand, og kanskje har sørgd for å få teksten til broderiet med seg i studio. Lyttaren tek del i både latteren og alvoret, og stoler grunn­leggjande på at intensjonane til programleiaren er gode.

Den negative identifikasjonen er prega av skepsis. Lyttaren føler at det som skjer, ikkje er oppriktig meint, men berre eit forsøk på å vere oppriktig. Med andre ord høyrest det falskt ut, og lyttarar som har merka seg dette, blir meir og meir irriterte, og kan til slutt faktisk mislike programleiaren. Lyttaren sin tillit er lik null.

Journalistar som har eit «eg» på lufta som dei bruker til å vere imøtekommande, høflege, morosame og stemningsskapande, risikerer noko. I motsetnad til nyheitsopplesaren som representerer nyheitsredaksjonen, representerer dei profilerte programleiarane seg sjølve. Di synlegare personlegdommen er, di meir risikerer dei. For di sterkare «eg»-et deira kjem igjennom på lufta, di større blir engasjementet frå lyttaren.

Folk har eit livslangt og motsetningsfullt forhold til menneska som opptrer i eteren, og kjenslene varierer slik som i personlege forhold flest. Det er viktig å hugse at lyttarane vurderer den personlege framtoninga til journalistane mykje slik dei vurderer folk i sine nære omgivnader: «Ho er jo ok, men det er noko irriterande med den sjølvsikre måten ho snakkar på, synst ikkje du også det?» Lyttarane gjer seg opp meiningar om personar utan å ha noko medvit om retorikk. Den som profilerer seg på lufta, må rekne med å møte både elsk og hat, men som i livet elles, kan grunnregelen gjerne vere: «Den som ikkje vågar, vinn heller ikkje.»

Blir det då spennande radio berre ved at dei ulike personane i radio stiller fram seg sjølv, bruker seg sjølv, gir av seg sjølv? Svaret er nei. Som med alt anna krevst det at ein er profesjonell.

Sjølvspelet

Folk speler roller i radioen og elles i livet. Å spele roller er ein grunnleggande sosial kompetanse som me alle har. Me speler roller i alle situasjonar, roller som er så innlærte at me nesten ikkje tenkjer på dei; me speler roller når me posisjonerer oss til å få makt, når me søkjer trøyst fordi me er nedbrotne, og når me rett og slett har sosialt samvær med andre. Rollespelet gjer at me kan oppføre oss slik situasjonen krev. Ein ungdom oppfører seg ikkje på same måten når ho er flink student på høgskulen og når ho sit og ser på fjernsyn saman med venninner.

Anders Johansen er oppteken av forholdet mellom rollene folk speler, og truverdet til folk. Han ser på truverde som eit spel der ein har mange måtar å gi inntrykk av å vere seg sjølv på. Johansen antydar med det at truverde er eit konvensjonelt uttrykk, anten det tek form av store tårer eller taus, saman­klemd munn. Omgrepa «truverdig» og «ekte» blir eit slags klesplagg folk tek på seg, ikkje noko dei er. Johansen og andre teoretikarar føreset på ein måte at alt er roller. «Sjølv ein ærleg dommar må spele rolla som ærleg dommar,» seier Joshua Meyrowitz etter same tankegangen.75

Rolla som seg sjølv

Me må ta dette ned til praktisk radio, der utgangspunktet ikkje er bevisst hykleri, men der det likevel opplagt blir spelt roller. Omgrepet sjølvspel har me frå Espen Ytreberg, som skriv at sjølvspel «kan defineres som det å blande sammen medie-rolle og selvbiografisk image på en demonstrativ og påfallende måte».76 For sjølv om radiofolk prøver å vere seg sjølv, blir dei som regel såpass ulike seg sjølv når dei er på lufta, at det er råd å skilje «personlegdommen» frå personen som speler den. Lat oss lytte etter denne skilnaden i føremiddagssendinga «Colosseum» på P4, der Silje Stang og Torbjørn Sarre Jensen pratar i veg mellom låtane.

Lydspor 65. Silje Stang speler «Silje», 2003
[Musikk feidar ut.]
– «Først Robbie Williams ’Sex stop’, deretter en av de mest sensuelle jule­låtene; Eartha Kitt med ’Santa Baby’. Vet ikke om du har begynt å tenke på hva du ønsker deg til jul, Torbjørn?»
– «He, tja, holdt jeg på å si. Når folk spør, så tenker jeg på det, og så kommer jeg ikke på noe svar. Så de som skal kjøpe gave til meg, synes jeg er en vrien fyr som aldri ønsker meg noen ting.»
– «Men da har jeg et tips, som jeg ønsker meg hver jul, og til alle jeg ikke helt vet hva jeg skal ønske meg fra: Bøker. Bøker er alltid sikkert, og det fine med bøker er at du kan bytte dem hvis du har dem fra før av.»
– «Noen spesielle du ønsker deg i år?»
– «Ikke … æhh … jeg har noen å anbefale.»
– «Ja, det kan jeg like godt.»
– «Hvis man bare skal lese en bok i år, så syns jeg kanskje at det bør bli Roy Jacobsens Frost. Den likte jeg svært godt, og er også nominert fra norsk side til Nordisk Råds litteraturpris.»
– «Det er flere som anbefaler den, og vi skal gi deg boktips om litt.»

Kva er det som gjer dette til ei «rolle som seg sjølv» og ikkje «the real thing»? Temaet dei snakkar om, kunne for eksempel vere naturleg for Silje, så vel som for mange andre: Kva ønskjer du deg til jul? Men me veit at ho snakkar like mykje til oss som til sidemannen, og me veit at dei veit at dei framfører seg for ein tredjepart. Dette gjer heile forskjellen.

Personlegdommen til journalisten blir stilt ut med overlegg. Det skin tydeleg gjennom at dette er radio-utgåva, ikkje den «ekte» og eigentlege utgåva av personlegdommen hennar. Det kan bety at ho ikkje freistar å verke heilt naturleg i talemåten, men legg opp til ein radio-talemåte som lyttarane kjenner att som «Silje» frå dag til dag. Rolla tilhøyrer ikkje ein heil sjanger, men denne eine personen.

Silje Stang har forsterka og dressert nokre trekk ved sin vanlege personlegdom; ein slentrande iver, lågmælt intensitet, koseleg toneleie, etc. Når temaet er eit anna, ein skandale for eksempel, vil ho truleg gi uttrykk for at ho er skaka, forbausa eller irritert på ein måte som rimar med det me høyrer her.

Me føreset at det er så godt som umogleg å vere seg sjølv i møtet med mikrofonen, i det daglege arbeidet med å opptre i studio. Likevel er det å vere seg sjølv eit heilt kvardagsleg fenomen utanfor studio. Å vere seg sjølv er å vere oppslukt i åtferda si, og bli gjenkjent av venner og familie som «typisk Lars» og «typisk Linda». Dette er når me på ein måte avslører oss sjølve i staden for å bli avslørt. Til vanleg er folk ofte slik, for me framfører oss ikkje retorisk for ein mikrofon og eit publikum, men har eit sosialt forhold til kvarandre. Det er altså ei ganske anna sak å vere typisk Silje på lufta enn av lufta.

Eit klassisk kriterium for journalistisk truverde tilseier at det som blir sagt, skal vere sant, og det treng ikkje bety at publikum oppfattar journalisten som sann. Men no er det sistnemnde ofte minst like viktig som det første. Å snakke sant er liksom ingenting mot å vere sann, å vere privat, utlevere seg, få merksemd om impulslivet sitt, vise kjensler, vere spontan og liketil. Anders Johansen har studert korleis folk oppfattar politikarar og mediefolk, og han meiner at ytringar får eit autentisk preg dersom det verkar som om standpunkta ikkje er absorberte utanfrå, men heller ser ut til å ha vakse ut av sjølve personlegdommen.77

Men dette er vanskeleg, og kanskje ikkje eingong ønskjeleg. Det er industrielle samtalar me snakkar om, og dei er laga for lønn i arbeidstida. Lyttaren legg også merke til at det er ein «personlegdomsprofil» som dominerer. Stemninga i programmet er på mange måtar den same sjølv om ein annan programvert er i studio dagen etter, og det gir klare teikn på at det eigentleg er programforma som bestemmer personlegdommen til programleiaren, ikkje programleiaren sjølv.

Pludringa på radio kan aldri bli så autentisk som kjærasteparet si kviskring på baderommet, og ein kan heller ikkje krevje at journalisten skal vere så nær og open på lufta. Men det overtydelege rollespelet til Silje Stang treng ikkje nødvendigvis skade det sosiale livet i Noreg. For uansett kor nært lyttarane identifiserer seg med programmet og programleiaren, er kontakten først og fremst basert på profesjonalitet. At vedkommande i studio kan faget sitt, er ein vesentleg del av truverdet hennar.

Det råe naturlege

Likevel finst det tilfelle der lyttaren føler at programleiaren verkeleg er seg sjølv, at han verken speler rolla som nyheitsopplesar eller bevisst rolla som seg sjølv. Det er når programleiaren har ein oppførsel som verkar tilforlateleg lik den personen me mistenkjer vedkommande for å vere også når ho ikkje sit i studio, men sit i kantina med kollegaene sine eller snakkar med kjenningar. Når programleiaren tilsynelatande berre er seg sjølv, eller vil ha lyttaren til å tru det, er ikkje lenger rollespelet synleg. I slike tilfeller forventar lyttarane eit menneske og ikkje ei rolle.

Frå 1990-åra og framover har det vore vanlegare med eit avslappa normsett for oppførselen i ein del programsjangrar. Journalistane får på ein måte lov til meir enn før, og såleis blir også rommet for å uttrykkje seg «normalt», utvunge og naturleg større. Visse trekk ved personlegdommen kan bli tekne langt ut, i ei forståing med publikum. Dette var først mest vanleg i nærradiostasjonar, men kom sterkt til synes i NRK Petre heilt frå starten i 1993.

Når ein lanserer ein komplett personlegdom, som verkar uavhengig av tema, gjester og «vanlege» høflegheitsnormer, er ikkje lenger pludringa godt eller dårleg selskap, god eller dårleg stemning, måten å snakke på blir derimot ein giftig journalistisk reiskap. Frekke spørsmål, flørting, temperament og uhemma latter blir meir «naturleg» og skaper spenning og framdrift i samtalen med studiogjesten. Programmet XL som gjekk på NRK Petre på slutten av 1990-åra kan vise kor fri dressuren har blitt, og kor journalistisk det heile er. Utdraget er typisk for XL. Odd Nerdrum har nettopp lansert eit nytt kontroversielt måleri, «Selvportrett i gylden kjortel». Her har han måla seg sjølv med erigert penis, og går no mjølkeruta i media for å reklamere for det nye biletet. Her er det stort rom for underlivs­journalistikk.

Lydspor 66. Odd Nerdrum om sin erigert penis, 1998
– «Men altså du … du har stått modell selv, ikke sant. Det er et selvportrett dette her.»
– «Ja, ja.»
– «Men kan jeg bare få spørre deg en slik tekniske ting som jeg som mann lurer på. Altså det må da ta på kreftene å holde penis erigert over såpass lang tid det tar å male’n? Det er et adekvat spørsmål i denne sammenhengen, er det ikke
det?»
– «Du altså, det der der spørsmålet der … er … går ikke an. Det er like dumt som du skulle spurt en kvinne om både det ene eller andre.»
– «Jeg er ikke maler …»
– «Men jeg kan jo fortelle deg en ting da. Alt må ligge klart. [Thoresen ler godt] Du måkke begynne å tenke på hvilken pensel skal man bruke, og hvordan skal … ja, altså, alt må ligge klart da på en måte. Og så må man jo da også være klar over at det går jo på … hrm … alt sånt går jo på kjærlighet da til en viss grad. Kjærlighet.»
– «Ja, til …»
– «Kjærlighet til, ja, ikke til menn, ikke til lik, ikke til barn, ikke til dyr altså …»
– «Kvinner?»
– «Ja, noe sånt ja.»
– «Men har du plassert noen kvinner som holder deg i gang …»

Her var alt veldig naturleg, ja, nesten dyrisk naturleg. XL hadde ein programstil som passa til det amerikanarane kallar «monkey journalism», ein utagerande studiostil der innringjarar og gjester blir utsett for ganske røff behandling. I XL var det for eksempel vanleg å slamre med studiodørene, snakke med teknikaren på lufta og avbryte musikkinnslaga når det passa programleiaren. I sentrum for det heile stod Espen Thoresen, sjølve inkarnasjonen på den kjepphøge, ironiske radiopersonlegdommen.

Det er den bråkjekke tonen mellom Thoresen og Odd Nerdrum som får innslaget til å fungere. Både stemmene deira og måten dei ler på, er mykje lik. Sjølv om dei neppe kjenner kvarandre personleg, klarer dei å skape ein veldig kameratsleg og avslappa tone. Truleg er det denne tonen som gjer det råd for Nerdrum å faktisk snakke om sin erigerte penis. Slik sett speler Thoresen eit kløktig journalistisk spel.

Utdraget syner også kor viktig det er med eit profesjonelt intervjuobjekt. Det er tydeleg at Nerdrum er med på leiken, i motsetnad til kva andre finkulturelle målarar truleg ville vore. Nerdrum er eit profesjonelt intervjuobjekt, han veit kva som trengst i ulike medium og ulike programformat, og kan servere spesielt tilrettelagde «soundbites» for dei alle. Latteren var den fremste journalistiske arbeidsmetoden til Espen Thoresen, og han masserte mang ein gjest frå å vere stive i starten til å vere opne og snakkesalige på slutten. I denne sjangeren, som andre Petre-program også passar inn i, er det heilt avgjerande å vere truverdig naturleg. Her handlar det ikkje om journalistisk objektivitet, men om å komme gjennom høgtalaren på ein slagkraftig måte. Hadde Thoresen sin intervjuteknikk blitt brukt for eksempel overfor dronning Sonja, ville det aldri gått bra.

Integritet som verkemiddel

Det er vanskeleg for folk å vite kor «bindande forhold» dei skal inngå med den dei lyttar til eller ser på fjernsyn. Det kan vere vanskeleg å slå fast om ein likar ein person. Kvar gong han opptrer, kan preferansane ha endra seg. Men dersom preferansane ikkje endrar seg sjølv om personen hoppar frå eitt tema til eit anna, frå eitt felt til eit anna, eller frå ein sjanger til ein annan, ja, jamvel frå ein jobb til ein annan, då kan ein seie at vedkommande journalist, på grunn av sin konsekvente veremåte har personleg integritet. Lyttaren stoler på vedkommande som person uavhengig av alt anna. For mange er til dømes Erik Bye ein slik person. Det blir sant og viktig fordi det er han som seier det.

Personleg integritet er ikkje alltid viktig i pludreradio, fordi tema ofte ikkje er så alvorlege. Det er ikkje ofte at programleiaren ønskjer å overbevise eller argumentere. Likevel kan det også i ein lett føremiddagsradio dukke opp saker som er kompliserte og dristige, og der programleiaren sin personlege integritet kan vere avgjerande for programmet.

Vårt utdrag er henta frå ettermiddagssendinga til NRK Hordaland. Det var ein 20 minutt lang samtale mellom Egil Torheim og føremiddagsgjest Inger Marie Stråbø, som er synsk. Her spør han Inger Marie om svar på eit av dei alvorlegaste spørsmåla våren 2003, Irak-krigen.

Lydspor 67. Journalisten blir varm i hendene, 2003
– «Men kan eg spørja deg om … det er jo … det er jo mange ting i verden no som … som slitst. Det er krigen i Irak, det er mange andre ting. Ser du nokon ende på den krigen?»
– «Eg ser at det vil iallfall … trur eg … vara fram til jul iallfall.»
– «Fram til jul? Altså …»
– «Ja, det ser sånn ut for meg. At kampane går på til jul.»
– «Greier dei å ta Saddam?»
– «Nei, seier det til meg. Men det òg er jo ein ganske alvorleg sak dette her då. Men eg får håpa at dei driv på med kampar fram til jul.»
– «Ja, det blir utruleg spennande. Men eg må jo seie at no kjenner eg at det er varmt i armane mine.»
– «Ja, det kjennest ut som du har mest verk akkurat her i leddet med olbogen. Stemmer det?»
– «Ja, det stemmer det. Det er … det er akkurat denne her olbogegreia, når du sit med den musa så strekkjer du armen litt for langt fram. Oppom olbogen og i sjølve olbogen, lenger nede er ikkje så vondt.»
– «Ja eg kjenner det. Det slår ut i henda mine der som punktene ligger.»
– «Ja, eg må berre sei til lyttarane at eg kjenner den vanvittige varmen som kjem inn i nevane mine. Altså, eg er eigentleg veldig, veldig skeptisk til alt mulig som har med såkalt overnaturlege greier … men eg må berre vedgå det at det er varme som strøymer inn.»

Torheim er heilt med på notane. Ikkje med eitt ord nyanserer han forteljingane til Inger Marie. Å sjå døde jenter verkar like normalt som at det er forseinkingar på Bergensbanen. Inger Marie Stråbø ser også lokalt elende, sjukehusnedlegging og så bortetter. Med Torheim som garantist står NRK langt på veg inne for kvardagseksistensen av paranormale fenomen.

På den eine sida er denne intervjuteknikken ein døropnar. Inger Marie møter ingen motførestellingar og opnar seg heilt opp utan redsel for å bli latterleggjort eller møte ubehageleg motbør. Det gjer at lyttaren får eit godt innsyn i verda hennar. På den andre sida kan lyttarane bli provoserte av at journalisten ikkje spør spørsmål dei sjølve sit med, og som det trass alt er mange av når ein omtaler slike tema. Ho får ei veldig respektfull behandling. Det er ein fare for at velviljen nesten lammar ettertanken og det journalistiske ansvaret. Torheim kjem med vitnesbyrd. At han vender seg direkte til lyttarane, understrekar alvoret. Han legg integriteten sin på blokka. Det verkar som om journalisten rett og slett trur på Inger Marie sine evner, og verkeleg meiner alt han seier og står inne for her. På godt og vondt køyrer Torheim løpet heilt ut.

Dette er ei forteljing som strekkjer rammene for det moglege, og stiller sterke krav til lyttaren. Og journalisten står fram som eit sanningsvitne som ein ikkje kan tvile på utan at ein også dreg personen sin integritet som tenkjande menneske i tvil. Dersom ein i utgangspunktet stoler på denne journalisten og tiltrur han integritet, er det mykje lettare å akseptere at det han seier, er sant. Ein får inntrykk av at journalisten sjølv oppriktig går god for at parapsykologiske fenomen eksisterer, og ikkje har til hensikt å tulle eller ironisere.

Stemma avslører

Stemma er eit kjernepunkt i personlegdomsradio. I radio er det stemma og berre stemma som gir publikum eit «bilete» av den som snakkar. Samstundes som det finst universelle eigenskapar ved stemma, er kvar enkelt stemme unik. Når lyttaren får eit inntrykk av den som pratar, og gjer seg opp ei meining om korleis denne personen er, fell dommen ikkje sjeldan berre på grunnlag av korleis stemma høyrest ut. Stemma bestemmer om vedkommande er sympatisk, opplyst, artig, varm, kald, ufyseleg eller berre heilt grei. Vanlegvis dyrkar journalistar omhyggjeleg sitt individuelle særpreg, si «stemme», slik at dei blir lettare gjenkjennelege.

Er målet å vere intim og hyggjeleg, er det sjølvsagt lite lurt å rope eller på anna vis bruke stemma slik at det ikkje høyrest naturleg ut. Er målet å verke seriøs, er det ikkje sikkert at ein skal snakke fort, og så bortetter. I dette komplekset er altså eit truverdig toneleie ein viktig reiskap for den som vil overtyde. Og brukt med kløkt kan det vere stemma og ikkje argumenta som vinn. Journalistar flest set pris på å meistre eit så nyttig verkemiddel.

Stemmebruk er ikkje minst viktig når ein skal freiste å vinne tilhengarar for sitt eige syn, slik tilfellet er i mange debattar. I ein debatt mellom kommentator Esten O. Sæther i Dagbladet og høgsterettsadvokat Tor Erling Staff er det tydeleg ulik bruk av stemma. Saka er at VG har hatt eit oppslag med ei meiningsmåling der fleirtalet vil at Mette Marit skal ta kontakt med faren, eit oppslag VG same dag beklaga. Begge debattantane er vande med å opptre i media. Begge to er like opprørte og meiner at den andre tek fullstendig feil. Staff sitt stemmeleie er lyst, stemma er ivrig og aggressiv. Sæther vel ein heilt annan strategi.

Lydspor 68. Staff versus Sæther, 2003
– «Det som har med privatlivets fred å gjøre – og det er der Kokkvold, det er der Sæther, og det er der alle bommer – det er hvis du røber hemmeligheter, hvis du går inn med avsløringer på det planet. Dette her var jo å slå inn åpne dører, det har jo ikke noe med det å gjøre.»
– «Nei, det er ikke å slå inn åpne dører.»
– «Dette er bare … dette er bare sensur for å vise hvor dannet man er.»
– «Jeg tror ikke jeg er kjent for å være spesielt dannet. Men jeg er opptatt av at vi i pressen skal kunne ta etiske debatter. Det holder ikke å si at det er sånn VG er, da kan man jo bare fortsette å gjøre alt mulig da, fordi at det er sånn man er. Vi må ta de enkelte tilfellene og så må vi begynne å diskutere dem. Og dette var et klart overtramp på pressens egne regler, et klart overtramp på noe som heter Vær Varsom-plakaten. Og det går ut på at vi ikke skal gjøre overgrep mot andre mennesker.»
– «Men dette er jo ikke noe overgrep …»
– «Jo, det er et overgrep.»
– «… overgrep å diskutere eller slå opp en meningsmåling …»
– «Ja, men kjære deg!»
– «… får jeg lov å snakke selv om ikke du får det – en meningsmåling om et tema som alle snakker om, dette er vel ikke noe innsikt i noe privatliv, det.»

I innslaget kan ein også leggje merke til den ulike kvaliteten i stemma som kjem av mikrofonane og mikrofonbruken. Sæther er nær mikrofonen, noko som gjer stemma fyldig og klar. Staff er lenger frå mikrofonen, noko som gjer han mindre intim, samtidig som den anstrengte stemmebruken kan bli oppfatta som irriterande og nesten plagsam.

Sæther snakkar med svært roleg stemme. Ein kan nesten lure på om han er rolegare i stemma framfor mikrofonen enn han er til vanleg. Likevel får han fram at denne saka er noko han har sterke meiningar om. Når han med roleg stemme avsluttar med å seie til Staff «det er så følelsesløst at det er, det er… – av og til så blir det ekkelt å høre på deg», så blir det meir effektfullt enn om han hadde ropa, eller snerra det ut i sinne.

Måten Esten O. Sæther bruker stemma si på, er godt i tråd med stemmeretorikken til den moderne folketalaren, det Anders Johansen kallar «lavtrykkstil». Mikrofonen zoomar heilt inn på leppene, fangar opp små stønn og siklelydar, kvar nyanse i taleflaumen, og krev difor ei anna åtferd: Den sparsame framfor den demonstrative.78

Men er då alt eit spel heile tida? Vår påstand er at når folk ikkje har full kontroll over framføringa si, så tittar den «ekte» eller «opp­havlege» personlegdommen deira fram. Snakkinga er organisk, den blir boren fram av trykket frå heile kroppen, og difor er det grenser for kva du kan kontrollere. Nervøsitet skaper skjelving i stemma, og om du prøver å bli kvitt skjelvinga, skjelv du sannsynlegvis meir. Latteren kan ta overhand, og skeive ord kan komme over leppene ved eit uhell. Det som stemmer med verkelegheita, blir ofte avslørt i stemma. Me vil gjerne tru på noko slikt ekte personleg i tillegg til det utstudert personlege.

Den store risikoen for å bli avslørt av stemma er ofte ein ulempe for journalisten og programmet. Journalisten forsøkjer å høyrast interessert ut, men er det ikkje, og det lyttarane høyrer, er at han forsøkjer å høyrast interessert ut, utan å faktisk vere det. Og for den profesjonelle studioverten gjeld det at latteren etter vitsen til innringjaren kanskje ikkje høyrest truverdig ut når verten ikkje synest at vitsen er morosam. Det er vanskeleg å le overbevisande når det ikkje er morosamt, slik det er vanskeleg å verke overraska når du visste kva som skulle komme. Grunnen til dette er at du kan kon­trollere orda du ytrar, men du kan ikkje kontrollere kva inntrykk orda har på lyttaren. Det er noko med stemma som er direkte responsivt og emo­sjonelt, og denne dimensjonen er ofte så framtredande at den overdøyver orda. Det er ikkje ei ukjent erfaring at viss tonen i ei utsegn mot­seier den saklege meininga, så er det tonen som vinn! Kanskje vennen min seier at han er glad, men fordi stemma hans fullstendig manglar overtyding, fortel ho noko anna.

I eksempelet ovanfor er det ikkje umogleg at denne tvilen slår negativt ut for Sæther. Han er for roleg, ein kan mistenkje han for å prøve å vere meir roleg enn han er, for å ha tenkt ut på førehand at her gjeld det å vere roleg i stemma. Dette kan ein avsløre som rollespel, medan Staff går fri og vinn sympati fordi han bruker den litt hese, lyse stemma på den måten han alltid bruker den på. Han gir stemma frie taumar og verkar dermed meir ekte. Det er med andre ord ikkje mogleg å vite sikkert korleis den retoriske bruken av stemma vil verke på lyttaren. Nyanserikdommen i denne delen av mediespråket er så stor at ingen har kontroll over den. Det som stemma avslører, er nettopp at folk umogleg kan ha total kontroll over seg sjølve, dei kan aldri ekskludere seg sjølve frå det dei seier.

Gi slepp på kontrollen

Me lever i ei tid der kvar minste blunk med auget blir gjord ut frå ein retorisk strategi. Journalistar, skodespelarar, underhaldningsartistar og telefonseljarar er yrkesgrupper som for ein stor del driv med «liksom-ekte» åtferd. Richard Sennett har kalla dette eit «intimitetstyranni»,79 og me har tidlegare referert til det som ein sosial implosjon (sjå kapittel 2). Det er ingenting i den historiske overgangen frå å vende seg til publikum formelt til meir personleg som tilseier at massekommunikasjonen har blitt meir hyggjeleg og hjarteleg enn før. Det ligg altså ikkje ein spesielt god intensjon bak det heile. Kanskje har ingen verdiar i den mellommenneskelege omgangen endra seg, berre omgangsformene?

Her ligg det ei utfordring til journalistane, ei utfordring som me har kretsa rundt i dette kapitlet. Spontanitet står i kontrast til profesjonell kontroll, og i mange tilfelle aukar spontaniteten det personlege truverdet. Dersom ein fotballentusiast rapporterer frå Lerkendal, blir innslaget truleg meir engasjerande enn dersom ein fotballhatar gjer det.

Viss ein redaksjon ønskjer å gå utover den «industrielle forma» av jamn rytme og kontrollert hygge, så er ein metode å gi slepp på kontrollen og stole meir på sin spontane oppførsel. Dette betyr ikkje at ein skal førebu seg mindre, eller blåse i sakskunnskapar. Tvert imot, for å kunne takle uføresette hendingar, må ein vite mest mogleg. Det me snakkar om, er ein kontrollert mangel på kontroll, der ein gir seg sjølv sjansen til å bli overraska. Det er eit klassisk journalistisk råd at ein skal høyre etter kva gjesten seier og reagere på det, i staden for å automatisk gå til neste punkt på spørsmålslista. Dette er i tråd med tanken om at journalisten skal la ein del hendingar utvikle seg sjølve, og prøve å seie rett ord til rett tid. Det vil truleg endre ein del faste reaksjonsmønster, og framferda til journalisten vil såleis samsvare betre med vanleg sosial åtferd ute blant folk.

Ein fare ved pludreradioen er sjølvsagt at hyggja tek over og gjer alle tema ufarlege, også dei som har potensial til å skape innleving og engasjement hos lyttarane. Utfordringa er å bryte med «duren» med jamne nok mellomrom. Slik nyheitsduren kan slå i hel spennande tema med sin monotone «sound», kan også pludringa gjere det. Det krevst både mot og trening for å slå igjennom «duren» og komme seg vidare frå den gode stemninga i studio til den interessante praten for lyttaren. Men lønna for å våge kan vere svært trufaste lyttarar!

Neste kapittel

Innhald

Notar

73. definisjonen er henta frå Nynorskordboka (1986).
74. Tanken om identifikasjon som eit retorisk mål i journalistikken har me drøfta i kapitel 3. Retorikaren Kenneth Burkes verk A Rhetoric of Motives (1950) er sentralt for vår tankerekkje.
75. Anders Johansen skriv om dette i Talerens troverdighet (2992). Sjå også Joshua Meyrowitz No Sense of Place (1985). Sitatet er frå s. 30.
76. Espen Ytreberg Selvspill i radio (2002), s. 12.
77. Johansen (2002), s. 71 ff.
78. Johansen (2002), s. 162 ff.
79. Sjå Richard Sennett Intimitetstyranniet (1992).