larsnyre.no

Under dette domenet er mine tankar lov. Her finn du over hundre tekstar om teknologi, journalistikk og mediedesign skrivne frå 1994 til i dag. Dette er ikkje ein blogg. Alle tekstane er tidlegare publiserte i den norske offentlegheita.

soundmedia

Sound Media

Tema for Sound Media er korleis musikkinnspelingar, radiokringkasting og muzak påverkar folk sine kvardagsliv, og introduserer dei mange og varierte kreative teknikkane som har blitt utvikla i musikkindustrien og journalistikken i løpet av det 19. århundre. Boka startar i notid, og arbeidar seg bakover i lydhistoria til 1870-åra.

Introduction » Part I – The present time » Part II – Backwards history

soundEmne: Teknologi

Internett er betre enn DAB

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

DAB vert ikkje brukt særleg av dei unge, og vil få ei sakte fallande lyttarkurve etter som dei eldste lyttarane døyr og få yngre kjem til. Ole Jørgen Torvmark i Digitalradio Norge skriv i BT 23. september at Internett kan ikke erstatte DAB . «Internett er ikke et egnet alternativ til kringkasting, dersom man ønsker […]

Fjernsyn til evig tid

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Det er nesten umogeleg å overdriva kor viktig fjernsynet er i det norske samfunnet.  «De neste årene skal vi vinke farvel til fjernsynet slik vi kjenner det”, seier Erik Fossen i Bergens Tidende 28. januar. Eg trur han kjem til å vinka til han får krampe i armen og ikkje orkar meir. Det hadde vore […]


soundEmne: Journalistikk

Kritisk tillit til journalistikk

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Vert du ofte irritert over ting du ser og høyrer i media? Slik irritasjon kan nokon gonger vera vag og retningslaus, andre gonger er den uttrykk for aktiv mistillit. Du bør kanalisera irritasjonen din i ei konstruktiv retning, og dette essayet syner fram ein muligheit. Media pro­du­se­rer ein ver­ke­leg­heits­ef­fekt gjen­nom alle sine opp­slag og repor­ta­sjar, […]

Misbruk av ytringsfridomen

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Forsvararane av pressa har ein tendens til å forsvara pressa for einkvar pris, og nyttar omgrepet ‘ytringsfridom’ som sjølve hovudordet i si retoriske tomtønneskramling. Den falske redsla for å missa retten til det frie ordet høyrer ikkje heime som eit emne i den norske samfunnsdebatten. Me burde taka opp til drøfting kva dugleiksnivå som må […]


soundEmne: Kritikk

Intellektuell implosjon

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Vår tids kulturliv er kraftfullt fordi det er fritt, men det har for lite retning til å vera ei politisk drivkraft. Me tenkjer så raskt og kortsiktig at me står i fare for å verta mentalt innelukka i samtida. Dette skapar risiko for ein intellektuell implosjon som har ukjend sprengkraft fordi verknadene berre viser seg […]

Mikke Mus-faget slår tilbake

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Det har blitt ein del av folkloren i akademia at medievitskap er eit Mikke Mus-fag, det vil seia at me ikkje driv med ordentleg forsking, og at me veljer våre forskingsobjekt utifrå kva me sjølv synest er gøy (tv-seriar og nettverking på web 2.0). Sissel Benneche Osvold omtalte i si tid medievitarar som «såkalte forskere». […]


soundEmne: Mediedesign

Akademiske prototypar. Ei retning for medieutviklinga på Vestlandet

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Verdiskapinga i den norske mediesektoren kunne vore større. For å hanskast med utfordringane bør ein satsa sterkare på forskingsbasert produksjon av redaksjonell medieteknologi. Det trengst medieforsking som har som mål å laga nye medium, og som dermed ser framover i tid. Ein slik strategi står i kontrast til etablert medievitskap, som leverer historiske, sosiologiske og […]

Amplifon. På sporet av et mer intelligent radiomedium

Denne teksten vart først publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

Amplifonprosjektet består av empiriske sonderinger i retning av et nytt radiomedium  som anvender de beste av de digitale mulighetene. Prototypene vi lager er basert på klassisk radiojournalistikk, men vi anvender lokasjonsorientering, sosiale medier-interaksjon og intelligent brukerprofilering, og vi henvender oss først og fremst til folk som bruker øretelefoner i bymessige omgivelser. Amplifon kan tenkes å […]