Til toppen

Urhistoria om kunstig intelligens


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Dei neste vekene melder eg åtte bøker om kunstig intelligens som eg leste i Nissedal sommaren 2017. Dagens bok er rangert som nr. 8 av 8, utan at ho dermed er dårleg. Det gjeld Pamela McCorduck: ”Machines Who Think. A Personal Inquiry into the History and Prospects of Artificial Intelligence” (1979, ny utgåve 2004).

Dette er ein klassikar innafor AI-historia, og den kom ut for nesten førti år sidan. Fyrst i boka definerer Pamela McCorduck kunstig intelligens som ”ei freidig målsetjing om å duplisera i tekniske artifakt det menneska oppfattar som vår viktigaste, ja til og med definerande eigenskap, nemleg vår intelligens” (mi omsetjing).

Denne freidige målsetjinga kan også kallast GOFAI – ”good old-fashioned artificial intelligence”. Føremålet for AI-forskarane var å få datamaskiner til å løysa vanskelege logiske problem, kommunisera med naturlege språk, og læra nye ting. Logikk vert oppfatta som den aktive ingrediensen i intelligens, og difor noko som kunne gjenskapast maskinelt. Til slutt kunne ein tenkja seg at maskina vart sjølv-medviten, og då ville den vera på nivå med mennesket.

GOFAI er basert på innsikter frå matematikk og logikk heilt tilbake til Aristoteles. Steg for steg opp gjennom generasjonane utviklar vitskapsfolka eit stadig betre logisk system, og samtidig er det andre vitskapsfolk som forsøkjer å bygga maskiner for å handtera dette symbolske systemet. Blant logikarane finn me blant anna Boole, Frege, Whitehead, Russell og Gödel, og blant maskinlagarane finn me Leibniz, Babbage, Turing og von Neumann. Rundt 2. verdskrig vart det til slutt laga maskiner som klarte å prosessera alle dei beveglege delene som trengtest i slike logiske system, og dermed automatisera logikken. Dette vert kalla den serielle, symbolske tilnærminga til kunstig intelligens, og seinare har det oppstått ei hovudretning til som vert kalla konnektivisme, og som er basert på parallelle, nevrale nettverk. Eg skriv meir om dette i seinare meldingar.

Mykje har skjedd etter at McCorduck skreiv denne boka i 1979, og det positive med dette er at ho kjem tettare på den tidlege fasen av AI enn dei andre introduksjonsbøkene i stabelen min. McCorduck levde dessutan til dagleg i kretsen rundt kjente symbolsk-kunstig intelligens-forskarar. Ho ville skriva ei bok før alle dei sentrale personane var daude. Ho hadde ferske intervju med blant anna Marvin Minsky, John McCarthy, Herbert Simon og trøbbelmakaren Hubert Dreyfus, og dette gjev boka eit interessant særpreg. Men samtidig gjer dette verkemiddelet boka mindre fagleg fokusert enn til dømes Zarkadakis som eg skriv om i ei framtidig melding.

I nokre kapittel vert den saklege tonen svekka av at forfattaren framstår som nesten panegyrisk overfor Herbert Simon og Alan Newell sine bidrag. Eit kapittel viser hennar lojalitet til GOFAI særleg tydeleg, nemleg «L’Affaire Dreyfus». Hubert Dreyfus skapte internasjonal furore med sitt angrep på kunstig intelligens-teoriar i boka «What Computers Can’t Do» (1972). I dette kapittelet blir han kraftig rævkøyrt av Pamela McCorduck. Ho tilhøyrer den kompakte majoritet av computer scientists som ikkje aksepterte påstanden om at kunstig intelligens aldri kan bli lik menneskeleg intelligens.

McCorduck utfører eit veritabelt karakterdrap på Hubert Dreyfus. Han er manipulerande og PR-kåt, og fekk jobben på Rand berre på grunn av broren sine kontaktar (ikkje pga. dyktigheit). Dreyfus kritiserte AI mest for å gjera seg interessant for dei andre filosofane. I tillegg viser han dårleg forståing av datatekniske forhold, og tapte mot eit sjakkprogram, noko som likvel var ein ganske liten seier for datamaskina sidan Dreyfus uansett var kjent som ein dårleg sjakkspelar. Her viser det seg kor forpint konflikten mellom Drefyus og kunstig intelligens-miljøet var.

Alt i alt skriv McCorduck ei velinformert «store menn»-historie, og boka er vel verdt å lesa for å læra om dei vitskapshistoriske føresetnadane for kunstig intelligens-forskinga fram til 1980-talet. Men det er viktig å nemna at McCorduck er ein ekte patriot. Ho står last og brast med dei tunge forskingsinteressene ved Harvard, Stanford, Carnegie Mellon, og oppfattar at GOFAI har vore avgjerande for nasjonen USA sin millitære og industrielle styrke med sine vitskaplege bidrag til utviklinga av datateknologi. Også dei andre bøkene tek for gitt at USA står i ei særstilling når det gjeld kunstig intelligens.

BØKENE I RANGERT ORDEN:

8:8. Pamela McCorduck: ”Machines Who Think. A Personal Inquiry into the History and Prospects of Artificial Intelligence” (1979, ny utgåve 2004).

7:8. Hubert Dreyfus: ”What Computers still Can’t Do” (1972, andre utgåve 1992)

6:8: George Zarkadakis: ”In Own Image. Saviour or Destroyer? The History and Future of Artificial Intelligence (2015).

5:8. Ray Kurzweil: ”The Singularity is Near. When Humans Transcend Biology” (2005).

4:8. Jerry Kaplan: ”Humans Need Not Apply. A Guide to Wealth & Work in the Age of Artificial Intelligence”.

3:8. John von Neumann: ”The Computer & the Brain” (1958, tredje utgåve 2012).

2:8. Daniel Dennett: ”From Bacteria to Bach and Back. The Evolution of Minds” (2017).

1:8. Herbert Simon: ”The Sciences of the Artificial” (1969, tredje utgåve 1996).