7. Ei kjensle av verkelegheit – Nyheitsarbeid
Vitnejournalistikk
Nyheitsrutinen og breaking news
Den 12. april 2002 eksploderer det ei bombe på ein marknadsplass i Jerusalem. Nokre minutt seinare rapporterer NRKs midtaustenreporter Lars Sigurd Sunnanå direkte i programmet «Her og Nå» via mobiltelefonen sin. Formidlinga av bombeeksplosjonen er kaotisk og dramatisk, full av sirener, bråk og forvirring. At reporteren sjølv høyrest noko forvirra ut, forsterkar den kjensla lyttaren har av å vere vitne til noko som skjer akkurat no. Journalisten er på pletten, han skildrar det han ser, og blir godt hjelpt av spørsmål frå studio. Rapporten lever suverent opp til målsetjinga i sjølve programtittelen «Her og Nå».
Gjennom heile Radioradio jaktar me på særtrekka til radiomediet, og her står me igjen overfor den kvaliteten me prisa så høgt alt i kapittel 2, Radioens særpreg, nemleg det direkte, evna radioen har til å vere der det skjer, når det skjer, tett på hendingane. Slik kan lyttaren oppleve to verder samstundes, si eiga verd heime i Oslo eller Ørsta, og hendingane på marknaden i Jerusalem. Det umiddelbare nærværet som ein kvalitet ved radiojournalistikken er blitt sterkt utvikla innanfor nyheitsformidlinga, der det tidleg blei eit viktig retorisk verkemiddel for å stå fram som truverdig og ekte. I dette kapitlet vil me særleg konsentrere oss om to journalistiske arbeidsmåtar, eller kategoriar, som prioriterer og tidvis dyrkar det umiddelbare nærværet:
• Vitnejournalistikk: Utegåande reporter på direkten, og reportasjar med sterke vitne-element.
• Nyheitsoppdatering: Meldingar med praktisk relevans for lyttarane, for eksempel trafikkmeldingar, lokale hendingar, farlege hendingar.
Dette er to kategoriar innanfor nyheitssjangeren. Begge har det til felles at dei er faktaorienterte og legg spesiell vekt på å følgja opp hendingar. Sagt med ord frå retorikktradisjonen er dette persuasiv kommunikasjon fordi han tek i bruk skildringar og andre logos-orienterte verkemiddel. For sjølv om heile spekteret av emosjonelle verkemiddel kan brukast for å formidle hendingar, kokar nyheitene til sjuande og sist ned til påstanden om at det berre er slik, uavhengig av både deg og meg. Nyheiter er det motsette av fiksjon. Nyheiter gir seg ut for å vere sanne.
Dei tre føregåande kapitla har handla om innspelte reportasjar, forteljingar og småstoff. Det er ofte heilt innlysande at stoffet er innspelt – slik som med høyrespel som blir sendt i reprise år etter år. I vitnejournalistikk og nyheitsmeldingar er det altså omvendt.
Nyheitsinnslag er langt på veg berre viktige og relevante akkurat no. Samanlikna med jinglar og kjenningar som blir brukte i månader og år, blir vitnejournalistikk og nyheitsmeldingar uinteressante med ein gong oppdateringa kjem, og den kjem fort. Me snakkar eigentleg om ein kontinuerlig prosess av vitnesbyrd og faktaformidling. Lyttarane vil alltid ha si reelle verkelegheit i sin reelle omgivnad. Men den kontinuerlege nyheitsoppdateringa som radiomediet er i stand til å sende, vil også gi lyttarane ei konstant kjensle av verkelegheit. Når me snakkar om «ei kjensle av verkelegheit», er det fordi lyttarane trass alt ikkje opplever denne verkelegheita fysisk sjølve, men gjennom media.
Denne verkelegheita er der dei sjølve ikkje er, men ho er likevel verkelegheita kring dei, i byen, i landet, i verda. Dei får ei kjensle av verkelegheit fordi tilgangen til det som skjer i samfunnet omkring dei, aldri blir stengd av, men tvert imot blir dyrka av journalistane og medieindustrien generelt.
Vitnejournalistikk
Journalistikk handlar mykje om å bere fram vitnesbyrd. Ofte gjeld det katastrofar langt vekke, med lyd frå dei overlevande, frå augevitne, deltakarar og sjølvsagt frå reporteren sjølv. Det er ein stor journalistisk ressurs at radioen kan formidle direkte frå ein aktuell stad, og journalisten ber fram vitnesbyrd om alt frå bombeangrep til trafikkø, på direkten.
Ein kan altså kalle dette handverket for vitnejournalistikk. Og me finn det sjølvsagt i nyheiter både på radio og fjernsyn. Med vitnejournalistikk meiner me både direkterapportering der journalisten sjølv står midt oppi hendingane og skildrar på direkten, og redigerte innslag der mikrofon og kamera blir brukte som vitne til ei hending, og der journalisten sitt nærvær på staden er eit journalistisk og retorisk poeng. Med det meiner me at den fremste nyheitsverdien i slike reportasjar ofte er at journalisten er der og rapporterer. Under krigen i Irak 2003 var Åsne Seierstad ein slik reporter som kom med vitnesbyrd frå Bagdad. I eit dokumentarprogram etter krigen fortalde ho at ho i minutta før ho skulle på lufta, ofte blei informert frå studio i Oslo om kva som hadde skjedd dei siste timane. 66 Hennar eigen «operasjonsradius» og tilgang til informasjon var avgrensa. Likevel var det viktig for både NRK og Sveriges Radio å ha henne der som eit vitne til at flyalarmane gjekk og bombene small. For å gjere det endå klarare kva me meiner med at den fremste nyheitsverdien kan vere at journalisten er på staden og rapporterer, kan me tenkje oss følgjande: Bombeeksplosjonen i Jerusalem skjer samstundes med ein større katastrofe i eit heilt anna land, der «Her og Nå» verken har tilgang til reporter eller andre augevitne. Dersom redaksjonen skal velje mellom dei to nyheitene, er det opplagt at dei vel bomba i Jerusalem, sjølv om dei ikkje kan gi særleg mange fakta om hendinga. Men i Jerusalem har dei ein reporter som berre minutt etter smellen er klar til å gå på direkten. Det er utveljingskriterium godt nok.
Direkte frå Jerusalem
Å skildre dramatiske hendingar på direkten er ein krevjande sjanger. Samstundes som hendingane kan gjere inntrykk på reporteren, skal han formidle det han ser, til eit publikum som ofte er uendeleg langt frå situasjonen og dramatikken. Det betyr ikkje nødvendigvis at den «beste» rapporten er den som gir den mest nøyaktige skildringa. Det er rapporten til Lars Sigurd Sunnanå eit godt eksempel på. Lat oss difor høyre og analysere dette vitnesbyrdet frå marknaden i Jerusalem.
Sunnanå: «Ja, jeg er nå på vei til Mahane Yehuda, som er et jødisk marked her like i nærheten av kontoret mitt, og der har det vært nå en … en kraftig eksplosjon. Sykebilene kommer i strie strømmer, og vi har antakelig da en ny alvorlig … [setninga druknar i sirener] … på denne ettermiddagen… [druknar i bråk frå plassen] …»
Programleiar: «Ja, Lars Sigurd Sunnanå [han snakkar samtidig] Lars Sigurd Sunnanå … Vi har eit litt … litt dårleg telefonsamband med vår midtaustenkorrespondent som fortel at det har gått av ei bombe like utanfor korrespondentkontoret i Jerusalem, og Lars Sigurd Sunnanå, veit du noko om omfanget av denne bomba?»
Sunnanå: «Nei jeg går nå og småløper for å komme bort til åstedet … Jeg ser bare at en tjue ambulanser er på plass, hjelpearbeiderne strømmer til og vi hører disse sir … [druknar i sirener] … enda en alvorlig ugjerning i Jerusalem denne ettermiddagen like før det er jødisk høytid. Sabbat.»
Programleiar: «Korleis skjedde dette, Lars Sigurd?»
Sunnanå: «Hva sa du?»
Programleiar: «Korleis skjedde dette?»
Sunnanå: «Nei, vi vet jo veldig lite, dette skjedde for noen ganske få minutter siden … så … Vi blir vel nå bedt om å forlate området, for det kan jo være andre bomber i nærheten. Men dette er jo et marked som tradisjonelt er fullt av folk like før sabbaten, man handler inn [sirener] det som skal til for helgen … og alt tyder vel på, når jeg ser alle ambulansene som kjører nå vekk fra stedet, at man har i alle fall mange sårete og sikkert mange drepte.»
Programleiar: «Korleis ser det ut på staden der?»
Sunnanå: «Det er fullt av ambulanser, politi, hele det internasjonale pressekorpset er jo her, dette har jo skjedd like i nærheten av der de fleste fjernsynsstasjonene har kontorene sine, det har jo også NRK. Men jeg ser nå sårede israelere blir båret vekk, folk i sjokk på gaten og det er det kaoset som vi dessverre er blitt så vant til å se på fjernsynsskjermene når slike aksjoner finner sted.» [masse sirener]
Programleiar: «Takk skal du ha Lars Sigurd Sunnanå, vi kjem attende til deg litt seinare i sendinga og vi gjentek at ei kraftig bombe har råka Jerusalem midt på marknaden nokre timar før sabbaten, og det er no uklart om det er nokon som er omkomne i denne bomba og vår korrespondent er der og vi kjem attende til han litt seinare.»
Me har tidlegare snakka om det ekte, eller den autentisiteten som ligg i direkte overføring. Her kan me kalle dette for ein nærværsautentisitet. Det blir autentisk fordi reporteren er på staden. Vekta på nærværsautentisitet er dominerande gjennom heile innslaget. «Her og Nå»-redaksjonen har prioritert denne kvaliteten framfor den «rasjonelle» informasjonsverdien. Innslaget ville hatt så godt som ingen informasjonsverdi utover denne typiske meldingssetninga: «Ei bombe har gått av på ein jødisk marknadsplass i Jerusalem. Det er enno ikkje kjent kor mange som er såra eller drepne, eller kven som står bak angrepet.»
Det er alvorlege nyheiter, dette. Truleg er det mange såra og drepne. Difor kan ein ikkje analysere eit slikt innslag berre på leit etter stemningar som hevar innlevingsgraden. Samstundes skal ein ikkje gløyme at om ein ser breitt på det, tilhøyrer også nyheitene til ein viss grad stemningsuniverset, der det også kan bli brukt verkemiddel for å «heve» nyheitene til eit meir engasjerande nivå. Og krigar og katastrofar kan også bli dekte ut frå tanken på kva som vil fascinere publikum mest. Media vurderte til dømes krigen i Irak i 2003 som meir spennande enn krigen i Kongo. Me går ikkje inn i diskusjonen omkring utveljing av nyheiter her, men held oss til presentasjonen av dei. Og me tillèt oss å bruke ord som engasjerande og medrivande, sjølv om det altså handlar om død og forderving. Det treng ikkje vere mindre viktig å gjere nordmenn engasjerte i Midtausten enn å gjere dei engasjerte i eit OL-gull. Men det må sjølvsagt ikkje gå ut over sanninga.
Det som gjer denne rapporten frå Jerusalem både dramatisk og engasjerande, er utan tvil den faktiske kjeldereferansen til lydane (sjå diskusjon i kapittel 6). Årsak–verknad-forholda på staden blir framheva, uavhengig av kor mykje me kan forstå ut ifrå dei. Mobiltelefonlyden (her og no), hektisk stemme, (freistar å få oversikt, spring til staden), sirener, folk som ropar, sambandsutstyr som slår inn på mobiltelefonen til reporteren og så bortetter. Ingenting av dette sår tvil om at reporteren er på staden, eller at det me høyrer, er det som skjer kring han – no. Her ser vi den eigenskapen lyden har til å peike på ei unik hending i verda. Dette er miljølyd og ikkje lydeffekt.
Men legg også merke til at nettopp alt bråket og den skurrete mobillinja gjer programleiaren litt usikker i starten. Dårlege telefonlinjer og støy har tradisjonelt alltid blitt orsaka overfor lyttarane, men etter kvart kan det verke som om også studio heime skjønar den journalistiske verdien av støyen som overdøyver reporteren. I alle fall lèt dei det berre gå sin gang. Og dei mest dramatiske sekvensane er langt på veg dei når reporteren dreg pusten.
Kvifor gjer lydane truverdet så høgt? Her må me leite i undermedvitet. Det faktum at audiovisuelle medium er i stand til å fange opp tilfeldige detaljar frå hendingar som tidlegare ikkje ville ha vore oppdaga, eller ville ha forsvunne frå minnet, gir det ein spesiell status. På mange måtar blir slike «registreringar» av verkelegheita sett på som uhilda, som nøytrale. Når publikum stoler meir på lyd og bilete enn på menneska som fortel, handlar det om dei mange fellene som alle veit lurer for det menneskelege minnet. Difor har til dømes fotografiet på mange måtar stått sterkare enn ordet. Lyd og video har det same truverdspotensialet som fotografiet, ofte endå sterkare. Sunnanå kunne sagt at det ikkje var kaos på marknadsplassen, men sirenene fortel oss noko anna, og dei ville ha vunne over orda til Sunnanå.
Vitnesbyrd frå Jerusalem
Trass i den autoriteten som lyden har, er den personlege skildringa likevel det viktigaste enkeltmomentet her. For det er den som gir rapporten meining, det kan ikkje lydane gjere åleine. Vitnejournalistikk på direkten er krevjande. Reporteren må greie å skildre det han ser, og samstundes formidle den stemninga som synet gir han.
I eksempelet frå Jerusalem er det tydeleg at reporteren ønskjer å dra slutningar, og gi den informasjonen han kan gi, nemleg kvar det er, at det snart er sabbat, og at det under sabbaten bruker å vere mange folk der. Han prøver å snakke om konsekvensen av det som har skjedd, og skildrar mindre. Etter nokre spørsmål og svar er det programleiaren som får han til å skildre det han ser, og slik blir det eit fruktbart samspel mellom studio og reporter. Ein reporter som sjølv står midt oppi hendinga, kan rett og slett gløyme å fortelje kva han ser, ei oppmoding frå studio kan vere alt som skal til. I sum blir dette såleis ein rapport utelukkande basert på reporteren som augevitne, om ikkje til sjølve eksplosjonen, så i alle fall til det som skjer i minutta etterpå. Truverdet heng også saman med Sunnanå sin heseblesande måte å vere til stades på.
I vitnejournalistikken er evna til å skildre på ein innlevande måte heilt fundamental. Vitnet er mellompersonen, ein som står ansvarleg for sanninga i skildringa, og såleis er mellomperson mellom bombeeksplosjonen og måten lyttaren opplever den på.
Medievitaren John Durham Peters meiner at oppgåva til vitnet er å vitne om si oppleving for eit publikum som ikkje var til stades, men som likevel må gjere seg opp ein slags dom over det som har skjedd. Det gjeld å skildre hendinga, gi samandrag av det som leidde fram til den, og vurdere moglege konsekvensar av den – alt med den spesielle autoriteten som ein får av å ha vore til stades. «Witnesses serve as the surrogate sense-organ of the absent,» seier Durham Peters vidare, og slår altså fast at eit vitnesbyrd fungerer som eit surrogat-sanseorgan for fråværet.67 Alt dette oppfyller rapporten frå Jerusalem.
«Vitneprovet» frå journalisten har også vitne, nemleg lyttarane. Sidan dette skjer her og no, blir denne kjensla av å vere vitne til noko, endå større enn om det var eit opptak. Lyttaren kan gjere krav på ein status som vitne, om ikkje i rom, så i tid. Det er ikkje det same å sjå fotballkampen i opptak, sjølv om ein har greidd å unngå å få vite resultatet (i seg sjølv ein prestasjon i det moderne mediesamfunnet). Kampen har alt funne stad, og ein kjenner seg ikkje på den same måten som eit vitne til det som skjer, i beste fall berre som eit vitne til det som har skjedd. Når lyttarane og sjåarane kjenner seg som vitne til hendingar langt vekke, trass i at dei sit i stova eller i bilen, er dei eit godt og interessert publikum. Dei slår ikkje av. Det er såleis viktig for journalistar og redaksjonar at dei kan formidle dette nærværet og oppnå denne kjensla hos publikum.
Vitnejournalistikk kan også sjåast i eit meir moralsk perspektiv, slik som medieforskaren John Ellis gjer. Han skriv om vitnejournalistikk i fjernsynet, og seier at den sterke kjensla av verkelegheit som sjåarar kan få, også inneber at dei har eit ansvar for det ein får vite om. «We cannot say we do not know,» seier Ellis. Å sjå noko, å vere vitne til noko er å bli innforstått med noko som bør påverke korleis ein forstår verda, problema i eit visst land, etc. «Television has brought this sense into home, and intensified it with its pervasive sense of liveness and intimacy.»68 Lyttarar og sjåarar som blir vitne gjennom at kringkastinga er direkte til stades, kan ikkje forholde seg passive til desse hendingane, er Ellis sin tanke.
Gratis tillit
Lyttarane har utan tvil tillit til formidlinga av dramatiske hendingar på direkten. Men der fjernsynet kan setje opp eit kamera som fangar opp hendinga og gir dramatikk nærast utan ord, må radiojournalisten skildre det dramaet han eller ho er vitne til. Dette kan bli høgdramatisk radio, ikkje minst dersom journalisten greier å kombinere profesjonalitet med det å vere menneske. Då er ein ekstra truverdig som vitne til hendinga, og lyttaren si kjensle av verkelegheit blir optimal.
Vårt neste eksempel er verdskjent nettopp fordi det gav slik ei nær og gripande oppleving av ei dramatisk ulykke. I motsetnad til bomba i Jerusalem skjer eksplosjonen i dette tilfellet medan journalisten ser på. Og han er sjølvsagt ikkje førebudd på det i det heile. Det verdskjende luftskipet Hindenburg er på veg inn over Lakehurst, New York, og reporteren skal skildre landinga for lyttarane då katastrofen skjer.
Journalisten var på rett stad til rett tid. Han er god til å prate for seg og skjønar med ein gong at han må tilpasse seg alvoret i situasjonen. Han ristar på eit vis av seg den journalistiske profesjonaliteten og byrjar å sjå som eit medmenneske. Det er særleg i tonefallet at medkjensla eller innlevinga til journalisten kjem fram, medan orda hans til dels er meir nøytrale. Men når han kjem med utropet «Oh, the humanity!», er det komplett samsvar mellom orda og tonefallet. Han er skaka. Dette gir skildringa hans eit eksistensielt alvor som appellerer sterkt til kjenslene til lyttarane. Såleis er journalisten med på å auke patosen i denne hendinga til uante høgder. I 2002 stod denne radiooverføringa framleis på lista over dei ti mest sensasjonelle medieoverføringane i historia, berre slått av månelandinga og 11. september 2001.69
Lyttaren identifiserer seg med overføringa på radio etter dei same erfaringsmåtane som i det naturlege livet. Dette skjer instinktivt. Dersom du står og snakkar med ein person i mobiltelefonen, og han plutseleg ser ein flystyrt med eigne auge, vil du bli skaka av det han fortel. Den same innlevinga blir sett i gang i nyheitssituasjonen, og dette kallar me «transparens» eller «kjensle av verkelegheit». Det er først etter at lyttaren har tenkt seg om og byrjar å lytte meir kritisk til slike overføringar, at han eller ho tenkjer på handverket og teknikken som mediet nyttar i formidlinga.
Likevel er det noko djuptliggjande og viktig i velviljen til lyttaren, noko som av og til kan vere vanskeleg å forklare. Kor lett ein journalist kan få «vitnestatus» hos lyttaren, seier kanskje denne historia noko om. Synne er reporter i NRK Hordaland og fortel om bestemora si: «Hon trodde eg hadde fartet over hele fylket sist uke. ’Ja, ja skal si du får reist, det hører jeg,’ sa hon. Men alt eg hadde gjort, var å intervjue personer fra distriktet på telefon. At eg snakket med de, betydde for hon at eg hadde vært der, at det var på telefon, gjorde ikkje at hon tenkte at eg sat her i Bergen!» Dei fleste av oss er ikkje så godtruande som bestemor til Synne. Telefonen, til dømes, er for dei aller fleste eit sikkert teikn på at reporteren ikkje er på staden, men i studio. Men tankane til bestemora fortel oss noko om kor sterk førestellingsevna er, og som regel er den førestellingsevna på parti med autentisiteten, både når det gjeld tid (no) og stad (der). Dette kan synast uforklarleg: Me har ein grunnleggjande tanke om at det me ser og høyrer no, faktisk skjer no, og denne tanken svirrar oppi hovudet sjølv om me veit at det ikkje er slik.
Ingen garanti for autentisitet
Me utropar rapporten frå bombeeksplosjonen i Jerusalem til å vere ein autentisk vitneobservasjon av det som går føre seg like etter eksplosjonen, og Hindenburg-overføringa som ein autentisk vitneobservasjon av sjølve eksplosjonen. Begge journalistane er plasserte direkte på staden, i tid og rom, og får ei førstehandserfaring av det som skjer.
Men kva er det eigentleg som garanterer for autentisiteten i innslaga? Lyttaren i 1937 hadde absolutt ingen grunn til å tvile. Det var truleg kjent når Hindenburg skulle lande, og det fanst ikkje så avansert redigeringsutstyr at ein kunne ha manipulert det på kort tid. Når det gjeld kaoset på marknadsplassen i Jerusalem, er det annleis. Her treng strengt teke ingenting vere basert på faktisk kjeldereferanse. Alt kunne ha vore teke opp på førehand, og altså vore basert på ein velregissert narrativ kjeldereferanse (arkivopptak med gatebråk, lydeffekt med dårleg telefonlinje, etc.). Og tidsmessig kunne intervjuet med Sunnanå ha vore teke opp på førehand, til dømes fordi Sunnanå måtte vidare og ikkje kunne vente til «Her og Nå» gjekk på lufta. Og eit slikt opptak kunne det ha vore freistande å lydleggje endå meir dramatisk. Ved hjelp av kjapp harddiskredigering med fleire spor kunne ein på få minutt ha lagt på meir lyd av sirener, folkemasse og kaos. Den heilt paranoide kan jamvel mistenkje Sunnanå for å stå rett utanfor kontoret og late som han er ved eksplosjonsområdet. For han kjem ikkje med nokon opplysningar som han i så fall kunne ha blitt «teken på».
Lyttaren har altså ikkje høve til å verifisere det underforståtte kravet til truverde eller sanning, og det er problematisk. Og langt på veg har det moderne tekniske utstyret skulda for at ein ikkje kan vere heilt sikker på at det ein høyrer på radioen, er autentisk. Ingenting kan gi den skeptiske lyttaren ein garanti for at det ho høyrer, er noko som skjer nett no, eller at reporteren er der han seier at han er. Dette er dilemmaet til den lydlege vitnejournalistikken i vår samtid.
Dilemmaet og truverdsproblemet til vitnejournalistikken er ein konsekvens av innspeling, redigering og kulturane omkring lydforteljingar. Det er alle desse retoriske og narrative verkemidla som «legg til rette» for den gode trua eller den gnagande tvilen omkring den dokumentariske, faktiske og autentiske verdien. Ein slik garanti finst heller ikkje for fjernsyn, sjølv om det kan finnast sikrare teikn på autentisitet der. Om Sunnanå hadde ein «stand up» i eksplosjonsområdet, ville me ha stolt på at han faktisk var der, ikkje minst fordi det ville vore eit grovt etisk overtramp å forfalske slike bilete.
Det er viktig å bli klar over skilnaden mellom journalistens strategi for realisme og den kjensla av verkelegheit som lyttaren har. Medan journalistane bruker ei rekkje verkemiddel for å lage ei framstilling av ei aktuell hending, står lyttarane utan kunnskap om desse verkemidla og opplever den aktuelle verkelegheita gjennom framstillingane.
Dette er viktig at du som radiojournalist veit korleis di «lydlege montering» kan gi lyttarane bestemte oppfatningar av din vitnestatus. Det er til dømes ein klassisk kode at miljølyden etter ei lita stund blir feida ned under kommentaren (blokka), og at dette då betyr at reporteren har vore på staden der denne lyden kjem frå, sjølv om han ikkje er der no. Mikrofonlyden er hans kamerabilete, hans sanningsprov. Denne typen verkemiddel i redigeringa skal gjere lyttaren automatisk overtydd om nærværet, slik at reporteren slepp å seie setningar som «Eg har vore i …», «Eg er no i …» o.l.
Denne klassiske nedfeidinga av miljølyd kan ein kalle for eit autentisitetsteikn. Autentisitetsteikna blir nytta retorisk i redigeringa for å oppnå nærvær og truverde. Også når det berre handlar om å lage eit stemningsskapande nærvær, kan dette verkemidlet nyttast. Det kan ofte vere heilt uproblematisk at journalistar bruker lydlege verkemiddel som ikkje er autentiske, for å få reportasjen til å verke «realistisk» innanfor rammene av temaet og forteljingsforma. Ein kan til dømes snakke med ein meteorolog om regnet dei siste tretti døgna og leggje på regn frå lydarkivet, utan å svekkje tiltrua til den faktiske informasjonen som meteorologen kjem med. Ein kan leggje på billyd i ei sak om utbetringar i Sinsenkrysset. Men det finst også eksempel på forteljingar der det ekte ved vitnestatusen kan vere avgjerande for truverdet til forteljinga.
Konstruert vitnejournalistikk
Det underforståtte avtaleverket mellom journalisten og lyttaren byggjer altså på at det finst konvensjonar for korleis folk oppfattar lyd i journalistikken. Om ein tenkjer seg radioteatret som eit ytterpunkt på fiksjonssida og direkterapporten som eit ytterpunkt på faktasida, så finst det eit felt imellom med sjangrar og format der normene for det autentiske og ekte er høgst uklare. Her er det meste avhengig av tillitsforholdet mellom lyttaren og stasjonen/ programmet/journalisten.
Lat oss samanlikne rapporten frå Jerusalem med ei liknande sak, også frå «Her og Nå». Dette er ein programpost som ynskjer å nyte stor tillit blant lyttarane, noko både kjenningen (jamfør kapittel 6), framføringsstilen og innhaldet vitnar om. Det redigerte innslaget handlar om reaksjonane i Australia etter terroraksjonane på Bali i oktober 2002, og her nyttar journalisten fleire verkemiddel som kan tilseie at journalisten er eit vitne. Men er ho det?
Reporter: «I velkomsthallen på flyplassen i Sydney kommer australiere hjem fra Bali. Med surfebrettet under armen og de mest grufulle opplevelser ferskt i minne omfamner de slekt og venner og lar følelsene slippe løs.»
[Miljølyd i ventehall, folk som snakkar, hulkar, ein kan oppfatta ord som «sorry buddy, oh I’m so sorry», journalisten går oppå miljølyden.]
Reporter: «Voksne menn gråter åpenlyst.»
[Miljølyd i ventehall, kvinne som seier noko som «it feels like everyone is wounded ‘cause you know we are all Australians».]
Reporter: [Framleis miljølyd frå velkomsthallen.] «Nå er alle australiere en familie. For ikke siden andre verdenskrig har Australia opplevd et slikt angrep på sivile. Da bombet japanerne Darwin i Nord-Australia, og 240 mennesker omkom. Det gav australierne et fullstendig sjokk. Folket nedenunder har alltid følt seg som en liten øy av kristne hvite britiske etterkommere [miljølyden blir feida ned under blokka], i et hav av asiater og kulturer de ikke forstår seg på. Etter Japans angrep i 1942 satte den australske regjeringen i gang et omfattende innvandringsprogram under slagordet «Populate or perish» – befolk landet eller forsvinn – for at befolkningen i det hele tatt skulle overleve. Bomben på Bali var ikke et angrep på australsk jord, men rett utenfor stuedøra så å si, på stamstedet til tusenvis av unge australiere. Hittil er 20 australiere omkommet, i tillegg er mer enn 200 savnet. ‘Vi må vente oss det verste,’ sa en gråtkvalt statsminister, John Howard, i dag.»
John Howard: [Miljølyd frå parlamentet eller liknande.] «We expect that the Australian death toll will grow significantly. I don’t think it’s appropriate to do other than speculate about the figure, but it will grow significantly.»
[Statsminsterens tale blir lagt under den neste blokka frå journalisten.]
Reporter: «Vi må regne med et svært høyt tall,» sa Howard.
Reportasjen held fram med denne vekslinga mellom blokker, lyd og utsegner frå Australia, og journalisten knyter slutten til byrjinga av innslaget med lyd frå velkomsthallen, med utsegner frå overlevande og ei avrunding på saka.
Dette er eit grundig og svært opplysande utanriksinnslag. Her er mykje kunnskapsrik bakgrunnsinformasjon, samstundes som det er gjort fleire lydlege grep for å skape nærvær, truverde og innleving hos lyttaren. Til dømes er alle intervjuelementa tilsynelatande tekne opp i Australia, anten i velkomsthallen eller i parlamentet, og all miljølyden er også henta derifrå. Måten miljølyden er lagd under blokkene på, og måten reporteren skildrar dei heimvende frå Bali på, tyder på at reporteren verkeleg har vore vitne til dei kjensleladde scenane der. Men ho verken er eller har vore i Australia i samband med denne saka.
Journalisten sat i redaksjonen på Marienlyst og plukka ut bitar frå bilet-telegram som NRK abonnerer på frå eit nyheitsbyrå. Nyheitsbyrået sender ut audiovisuelt materiale frå heile verda i store mengder kvar dag, og det fungerer som råstoff til å byggje opp saker med. Dette er ein heilt vanleg måte å lage utanriksinnslag på, både i NRK og TV 2. I dette tilfellet er all lyden henta frå tv-bileta som er komne inn frå Associated Press. Journalisten har med andre ord sett på fjernsynsbileta at folk har surfebrett under armen, og at vaksne menn gret openlyst. Talen til statsministeren er frå same kjelda. Tradisjonen med å bruke bilete frå andre fjernsynsstasjonar for å dekkje utanriksstoff er endå meir innarbeidd i fjernsyn enn i radio, men det betyr ikkje at tv-sjåaren alltid veit om reporteren som les kommentaren til bileta (voice-over), har vore på staden eller sit i ein redaksjon i Noreg. Rett nok er til dømes stand-up (reporteren snakkar i kamera) ofte brukt for å understreke at ein er til stades, men det kan naturleg nok ikkje brukast som autentisitetsteikn på same måten som i radio. Bilet-telegram kan altså både i fjernsyn og i radio gi reporteren eit skin av å vere vitne, sjølv om han eigentleg ikkje er det. I reportasjen om reaksjonane i Australia etter bombeterroren på Bali blir den jamne lyttaren truleg ikkje eingong forvirra, men tek det for gitt at journalisten er på staden.
Grunnlaget for tvil
No er me ved kjernepunktet for skilnaden mellom journalistens strategi for realisme og lyttarens kjensle av verkelegheit. Slik lyttaren oppfattar det, er altså reporteren plassert i Australia. Det kan jamvel tenkjast at lyttaren «ser» henne føre seg medan ho intervjuar dei overlevande eller pårørande. For journalisten har det vore avgjerande å skape realisme og ikkje minst nærleik til temaet. Det er truleg viktigare for henne å skape ei sterk innleving hos lyttarane enn å ta omsyn til at dei faktisk «plasserer» henne i situasjonen ho skildrar.
Det er ingen tvil om at journalisten er bevisst på sin eigen metode og dei kvalitetane som vitneskildringa gir innslaget. Dersom ho var interessert i å oppklare dei faktiske forholda omkring reportasjen, kunne ho berre opplyse om at intervjua og opptaka var henta frå Associated Press, men det gjer ho ikkje. På den andre sida seier ho heller ikkje med reine ord at ho er der sjølv. Når me likevel slår fast at lyttaren mest sannsynleg vil plassere henne i Australia, er det fordi innslaget er bygt opp slik at den lydlege konteksten lèt lyttaren tru at journalisten er eit fysisk augevitne til det ho ser på flyplassen. Skildringa av dei heimkomne, dei autentiske utsegnene frå dei overlevande, den autentiske miljølyden som blir lagd under blokka, og den kunnskapsrike innføringa i australsk tenkjemåte – alt dette er kodar for det underforståtte avtaleverket mellom avsendar og mottakar. Og det veit sjølvsagt den erfarne avsendaren.
Den skeptiske og trena lyttaren kan likevel merke seg nokre teikn på at journalisten ikkje er i Australia, små teikn som verkar motsett av det journalisten ynskjer å oppnå (strategien hennar for realisme). Journalisten gjorde til dømes ikkje noko stort poeng av om ho var i Australia eller ikkje. Hadde ho vore der, kunne ein tenkt seg at ho freista å få dette fram gjennom å ta med eigne spørsmål i intervjua, frå staden. Men at ein ikkje høyrer spørsmål frå reporteren, treng sjølvsagt ikkje bety at ho ikkje er der heller. Eit anna «avslørande» teikn er måten innslaget blei annonsert på. Alle redaksjonar og stasjonar er ofte ivrige etter å fortelje at dei har reporter på staden, og dette blir gjerne framheva med inn- eller utannonseringar av typen «vår reporter i Australia NN.» Det blei ikkje sagt.
Det er altså mogleg å «avsløre» journalisten i Australia-innslaget, men få gjer det – av den enkle grunn at journalistane enno jobbar i medvind når det gjeld denne typen truverde. Det er ikkje blitt vanleg at lyttarane mistrur bruken av kodane i denne sjangeren.
Kva betyr så alt dette for det journalistiske handverket? Er det etisk problematisk å lage ein reportasje på ein slik måte at lyttaren indirekte blir leidd til å tru at reporteren er på staden? Det er utan tvil ei gråsone her. Det er ikkje snakk om forfalsking eller løgn, sidan reporteren aldri direkte påstår at ho er i Australia. Snarare handlar det om kor avgjerande «villeiinga» er. Står og fell truverdet til reportasjen med kva status reporteren har som vitne for lyttaren? Eller vil informasjonen og opplevinga vere den same uansett kvar reporteren er? Ein kan jamvel tenkje seg at reportasjen får større gjennomslagskraft, oppnår større innleving frå lyttarane når reporteren gir seg sjølv vitnestatus, slik som i dette tilfellet.
Det som likevel i størst grad kan øydeleggje innlevinga for ein lyttar som er overtydd om at reporteren i Australia, er å «finne ut» at ho ikkje er der. Lyttaren kan då bli forvirra, og det kan vere nok til at han eller ho ikkje lenger fokuserer på det som blir sagt. Meir generelt kan det føre til at lyttaren blir meir mistruisk til journalistar som vitne.
Det finst få retningslinjer å gå etter her, men dersom du som journalist sjølv føler at du fører lyttarane bak lyset, og at dette på ein eller annan måte har konsekvensar for truverdet i det du presenterer, er du i alle fall i gråsona til vitnejournalistikken. Og me må kunne rekne med at det i så fall, over tid, kan forandre den tilliten lyttarane har til denne typen journalistikk.
Me kan såleis konkludere at det er viktig for gjennomslagskrafta til medieverksemda og den enkelte journalisten å få status som vitne. Me kan også slå fast at journalistar, ved hjelp av lydlege verkemiddel og gjennom å utnytte gjeldande redigeringskonvensjonar, kan oppnå status som vitne utan å vere det. Dette er ikkje automatisk uetisk, men det kan i gitte tilfelle bli oppfatta som at journalistane utnyttar den grunnleggjande tilliten som publikum har til dei, ein tillit dei risikerer å miste om dei misbruker han.
Truverdet til den enkelte journalisten påverkar den tilliten lyttarane har til ein redaksjon eller ein stasjon – og omvendt. Det er eit samspel her, og det fører oss vidare til sjølve nyheitsredaksjonen og produksjonsapparatet.
Nyheitsrutinen og breaking news
Grundig og truverdig nyheitsformidling krev at ein har ein redaksjon, eit produksjonsapparat og faste rutinar. Stundom går desse rutinane på autopilot, andre gonger skjer dramatiske hendingar som kastar om på alle rutinar, men produksjonsapparatet er framleis ein føresetnad for å lykkast. Eit eksempel på rutinar som går på autopilot, er den faste telefonsamtalen med politiet. Den gjer at redaksjonen raskt får ut meldinga om at ei bilberging skaper lange køar ved Oslofjordtunnelen. Dette er ein praktisk melding som alle lyttarane til Radio 1 eller Østlandssendingen truleg set pris på å få. Eit eksempel på ei dramatisk hending kan vere terrorangrepet 11. september 2001. Korleis kan til dømes ein lokalstasjon i New York oppdatere sine eigne innbyggjarar om ei hending som skaper panikk og kaos over heile byen, og som fører til at stasjonen må leggje om alle rutinar? I denne delen skal me ta for oss nyheitsrutinen som har utgangspunkt i det daglege, og me skal sjå på «breaking news» i New York 11. september 2001.
Oppdateringar
Nyheitsredaksjonane har som mål å halde publikum orienterte, og ikkje minst oppdaterte. Oppdatering er blitt eit stadig viktigare element i nyheitstenesta, etter som konkurransen med andre radiostasjonar, fjernsyn, og ikkje minst den raske Internett-tenesta til avisene, er blitt hardare. Dette har blant anna gitt seg konkrete utslag som at terskelen for ekstrasendingar er blitt lågare dei siste åra. I 2003 gjekk til dømes Dagsnytt ut med ekstrasending ti minutt før neste bulleteng for å fortelje at Mette Marit var gravid. Å bryte inn i det vanlege programmet med ei slik melding like før neste nyheitssending ville vore utenkjeleg til langt ut i 1990-åra.
Arbeidet med oppdateringar i nyheitsredaksjonane kan gå under namnet meldingstenester. Nyheitsredaksjonen får inn eit vell av informasjon frå nasjonale og internasjonale byrå, frå trafikkmeldingstenester og vêrmeldingsbyrå, og dei melder dette vidare. Alt handlar om å samle inn aktuell informasjon og gi den ein passande dramaturgi. Kva nyheit skal for eksempel komme først? Det ligg mange føringar og vurderingar bak noko så tilforlateleg som å prioritere meldingar. Ulike redaksjonar vurderer ulikt fordi dei vender seg til forskjellige typar av lyttarar, fordi dei har ulike nyheitsidentitetar, eller fordi leiarane og journalistane rett og slett har ulike oppfatningar av kva som er den beste, viktigaste, meste relevante nyheita. Jamvel ulike vaktsjefar i ein og same redaksjonen kan vurdere ulikt. Men vanlegvis «heng det i veggene» korleis den enkelte redaksjonen tenkjer.
Fortløpande nyheiter blir uinteressante med ein gong oppdateringa kjem, og det skjer fort. Det typiske er å ha bulleteng kvar heile time, og altså bryte inn i det ordinære programmet med ekstrasending når redaksjonssjefen finn saka viktig nok. Bulletengane er baserte på ein industriell prosess av vitnesbyrd og faktaformidling. Med våre ord handlar dette om at radiomediet er i stand til å produsere ei konstant kjensle av verkelegheit, fordi tilgangen til det som skjer i samfunnet omkring, aldri blir stengd av. Slik blir publikum velsigna med ein svært detaljrik presentasjon av hendingar, ein gedigen masse av fakta om samfunnet, og dei har alle bevisverdi i den offentlege samtalen. Dei blir refererte til og jamvel navigerte etter – slik tilfellet er med trafikkmeldingar. Neste lydspor er ein typisk nyheitsbulleteng frå NRK Østlandssendingen i Oslo.
Opplesar: «Her er nyheter fra NRK Østlandssendingen. Uværet på fredag førte til skader på biler og bygninger til om lag tolv millioner kroner i østlandsområdet. Det viser beregninger fra Finansnæringens hovedorganisasjon. Skaden ville vært mindre dersom Viken Nett hadde ryddet bedre langs strømlinjene, det mener direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Viken betalte i fjor dagbøter for til sammen 2,9 millioner kroner for manglende rydding langs høyspentlinjene.
Tre hundre og femti husstander i Akershus er fremdeles strømløse etter uværet natt til lørdag. Vinden som hadde orkan styrke i kastene, blåste ned en rekke trær som falt på strømlinjene og kuttet forbindelsen. I verste fall må folk vente til onsdag før de får strømmen tilbake. Alle som hadde mistet strømmen i Oslo, har nå fått den igjen.
Vålerenga har fått fornyet klubblisensen og får dermed fortsatt spille i eliteserien neste år. Osloklubben stod i fare for å miste lisensen på grunn av den dårlige økonomien. Men sammen med Raufoss, Start og Strømsgodset har klubben fått fornyet tillit av fotballforbundet. Bryne derimot fikk avslag på søknaden om ny klubblisens, og den ledige plassen i førstedivisjon vil i så fall gå til Bærum.
Lørenskog kommune hevder å ha spart 38 millioner kroner de fire siste årene på å melde seg ut av Kommunal Landspensjonskasse, KLP. Som en av de første kommunene meldte Lørenskog seg ut av KLP i 1999, og siden dette har Storebrand forvaltet Lørenskogs pensjonspenger. Ifølge rådmannen ser det ut til at Lørenskog i år tjente 7,8 millioner kroner på utmeldelsen.
Og det ventes mye til svært forurenset luft langs de største veiene i Oslo i dag. Det er veistøv og eksos som forurenser.
Nyhetene var ved Lotten Christiansen.»
Ein viktig type nyheiter på radio er dei som ein tydeleg merkar er under utvikling, der ein uavklart lokal situasjon gjer interessa stor. I gitte tilfelle vil det jamvel vere snakk om ei spenning som er sterk. Di nærare hendingane er, di meir interessante blir dei. Kor lenge ein risikerer å vere utan straum i Oslo, er langt meir interessant om du er ein straumlaus oslobuar enn om du bur i Bergen, sjølvsagt. Ikkje minst under sjølve uvêret var det nok mange i austlandsområdet som lytta for å følgje utviklinga, og som lytta i ei viss spenning. I slike tilfelle har ein nærleik både i tid og stad.
Nyheitssendingar med fortløpande og oppdaterande informasjon om viktige nasjonale eller lokale nyheiter byggjer på at lyttarane har tillit til dei. Bakgrunnen for dette drøfta me tidlegare i kapitlet. For både Dagsnytt, P4-nyheitene, Kanal 24-nyheitene og nyheitene på NRK Østlandssendingen gjeld det same: Kor stor tillit dei oppnår i befolkninga, er avhengig av kor flinke redaksjonane er til å formidle viktige hendingar og halde oppe autoriteten til stasjonen. Dette truverdet blir skapt gjennom måten redaksjonsmedlemmene handterer dei journalistiske særtrekka på når dei oppdaterer nyheitene. Her er ei oversikt over minimumskrava til kor vaken ein redaksjon må vere:
1. Effektiv handtering av situasjonar som utviklar seg. Kort reaksjonstid frå ei viktig hending skjer til den blir formidla, på grunn av god overvaking av nedslagsfeltet. Telefonvakt, faste sjekklister, ordentleg stab heile døgnet. Hyppig oppdatering av situasjonen, til dømes straumbrot, kommuneøkonomien eller skjebnen til fotballaget.
2. Presis informasjon utan spekulasjonar. Informasjon med mange lokale detaljar og fakta, og i knappe, konkrete og eintydige setningar. Fakta taler for seg sjølv. Di meir lokal sendinga er, di meir innforstått og konkret kan ein vere når ein omtaler stader og personar.
3. Nøytral talestil som er lik for alle opplesarar. Det er strenge normer for korleis ein skal lese opp nyheitene. Når alle opplesarar snakkar likt, blir nøytraliteten stabil frå dag til dag og år til år. Det finst ikkje personleg innleving, ingen mellommann som lever seg inn, slik reporteren ved Hindenburg-ulykka gjorde. Såleis kan lyttaren høyre på nyheitshendinga utan å tenkje på opplesaren som eit vitne eller ein medverkande. Journalisten står utanfor hendinga og blir gjennomsiktig, lyttaren blir sjølve vitnet.
4. Gjenkjenneleg lyddesign. Meininga er at lyttaren straks skal oppfatte slike bulletengar som viktige. Til det trengst lydlege verkemiddel, der kjenningen, klipperytmen og stemmelyden er dei viktigaste elementa. Den overordna «sounden» til nyheitene er viktigare enn nokosinne på grunn av konkurransen i radiomarknaden.
5. Nyheitstruverde. Den opparbeidde autoriteten til Østlandssendingen gjer at nyheitsredaksjonen kan informere om kor mange som er straumlause utan å seie kvar dei har tala frå. Lyttaren stoler uansett på at det stemmer. Nyheitstruverdet er opparbeidd gjennom blant anna dei verkemidla me viser til her. Nyheitstruverdet må heile tida haldast vedlike, og er den skjøraste og viktigaste kvaliteten i redaksjonsarbeidet.
All news all the time
Frå NRK Østlandssendingen i Oslo tek me spranget til New York og lokalstasjonen 1010 WINS. Denne stasjonen baserer seg utelukkande på nyheitsoppdatering, 24 timar i døgnet. Såleis er den veleigna som eksempel på at redaksjonell infrastruktur og rutinar er viktige for effektiv oppdatering. Stasjonar som til dei gradar dyrkar denne forma, finn me ikkje i Noreg enno, men dei finst rundt om i verda, og blir gjerne kalle «all news»-stasjonar.
Slike radiostasjonar er innretta mot eit klart avgrensa geografisk område. Det kan vere byområde, for eksempel New York eller Toronto. I USA finst det mange stasjonar som held seg til dette «all news»-formatet, der det å vere kontinuerleg oppdatert er den fremste styrken, og det som gir reklameinntekter. Me kan sjå på slike kommersielle stasjonar som verksemder i ein industri med stor konkurranse om å vere først med det siste. Det heile liknar litt på NRK Østlandssendingen, som også har eit klart definert geografisk nedslagsfelt, og som konkurrerer heftig med P4 og Kanal 24. Men som lydeksempelet nedanfor viser, er det mykje som skil 1010 WINS frå dei typane nyheitssending som finst i Noreg, også NRK Alltid Nyheter, særleg det høge tempoet og den utstrekte bruken av lydlege verkemiddel.
Stasjonen har køyrt eit strengt nyheitsformat sidan 1964. Journalistikken er basert på digital produksjon, og ein har store moglegheiter for å kontrollere og manipulere innslaga. Alt utstyret som radioen rår over, blir utnytta for å oppnå målet, formulert i slagordet: «You Give Us Twenty-Two Minutes, We’ll Give You The World!» «Verda» er i dette tilfellet New York City, og det held i massevis for dei som bur i byen. Ein vanleg morgon med Lee Harris som ankermann høyrest slik ut:
– Good morning, 67 degrees at 7 o’clock, it is Wednesday May 2nd, I’m Lee Harris, and here’s what’s happening. Con-Ed reportedly wants to fire up the city’s most polluting power-plant to deal with the energy crunch, but environmentalists say that move is illegal.
[Kutt til gatereporter John Montone.]
– Say it ain’t so Joe Namath, would the Jets really move to LA? This is John Montone, I’ll have fan reaction from Carlstad.
[Kutt til Ed Harris.]
– Police and prosecutors looking into the fatal shooting of an unarmed Newark man by an Irvington police officer who killed another man during a traffic stop four years ago. Super model Nicky Taylor remains in critical condition with severe liver damage following a car crash in Atlanta. And you probably don’t know any of them, but we are told millions of Americans are taking up Yoga to deal with all the stress in their lives.
[Kutt til vêrmeldaren.]
– This is Accuweather meteorologist Dr. Joe Sobel. Sunshine will help temperatures get to near ninety today and tomorrow. Could be record highs.
[Kutt til sportsankermannen.]
– This is Steve Torre. The Devils win at overtime in Toronto, to grab a two-one lead in their second round series. The Yankees behind. Mike Michina shot out the twins. The Mets rally to beat the Astros at Shea.
[Kutt til Moneywatch-korrespondenten.]
– I’m Ron Emmeda, and Rupert Murdock moves closer to buying Hughes Electronics from GM. And April was not a kind month for the nation’s auto-makers.
[Kutt til Lee Harris.]
– WINS Newstime 7.01. [Ein synt markerer tidspunktet, og eit rytmespor markerer eit skifte.] Traffic and Transit on the one’s now. Sponsored by New Jersey Transit. Here’s Pete Tauriello:
[Kutt til Pete Tauriello.]
– Bumper to bumper delays in Brooklyn, Lee, on the Gowanus from the Belt right up to 38th Street where we have a box truck broken down, blocking the left lane. In Queens Long Island Expressway is just generally slows now from the Nassau Line into the Clearview and again from Casino Boulevard into the Queens Boulevard construction. Eastbound side really doesn’t look bad at all right now from Maurice Avenue out to the Van Wyck. Grand Central is heavy westbound at Kew and an exiting at Steinway. Crossing the Hudson we’re looking at about a 15-minute backup now, for the citybound GWB, about 20 minutes on the Lincoln and Holland tunnels. Cross Island Parkway is jammed, from the Grand Central North up to the Bayside Marina, then very heavy into the Bronx bound Throgs Neck Bridge. Clearview is also slow into the Throgs Neck as construction work continues Bronx bound, closing the center lane. We have no delays at our 1010 WINS transit desk, and alternate side parking is in effect. More Shadow Traffic in ten minutes on 1010 WINS.
Lyddesign er viktig i dette formatet. Lydbiletet i 1010 WINS kan ta pusten frå ein norsk radiolyttar. Det er eit tempo utan like, og me får sjeldan meir enn 15–20 sekund frå ei og same kjelda før me blir tekne vidare, og innimellom er klipperytmen langt raskare. Det er lett å høyre at informasjonen blir skvisa inn i ein streng formel, eit format. Alle journalistane snakkar omtrent likt. Det viktigaste lydlege bakteppet er den tette, lett gjenkjennelege nyheitssounden av «the newsroom» – det konstante søget av noko som liknar på klikkinga frå ein teleks. Den travle grunntonen blir knapt nok dempa i reklamane. I tillegg skal lyden frå reporterane i felten vere røff. Eit konkret eksempel er at dei med vilje ikkje bruker optimalt opptaksutstyr, men held seg til kassettopptakarar, redigerer på kassett og gjerne speler av over telefonlinja. Slik blir lyden «ròten», noko dei meiner aukar autentisiteten. Det er røffe opptak frå ein pulserande by, gjort i spranget!
Dersom noko uventa og dramatisk skjer her i landet, er det størst sjanse for at den norske radiolyttaren slår over på Dagsnytt i NRK. Dagsnytt nyt stor tillit på grunn av sin tradisjon for å vere sakleg, nøytral og ha ein presentasjon som minst av alt liknar eit «støyande» dj-program. Men for innbyggjarane i New York City er ikkje lydbiletet eller sounden til 1010 WINS trugande for truverdet. Det er tvert imot gjenkjenneleg og skaper tryggleik. Ein norsk lyttar assosierer gjerne tempoet og pulsen i ei slik sending med noko som liknar meir på musikkprogram med platesnakk, SMS-konkurransar, jinglar og reklame. Det er uvanleg for oss å høyre ei informasjonstett nyheitsending mynta på fullvaksne lyttarar som er så prega av lyddesign og fullt trykk heile tida.
1010 WINS opererer på sin måte konsekvent etter desse reglane. Her får lyttaren ei kjensle av å heile tida vere i kontakt med det offentlege livet i New York by. Presentasjonsforma osar av effektivitet, orden og profesjonalitet, og denne «sounden» ber i seg ein appell om å bli oppfatta som sannferdig og viktig. Slik gir stasjonen seg sjølv status som ei autoritativ kjelde. Men uansett kor maskinelt apparatet er, må det vere levande stemmer i ei nyheitssending, personar som snakkar. Desse personane og stemmene må ikkje bryte med truverdet ein alt har i format og rutinar. Truverdet slår begge vegar i slike sendingar; journalisten kan vere med på å gi truverde til redaksjonen, og redaksjonen kan vere med på å gi truverde til journalisten.
Nyheitsfabrikken
Ein stasjon som 1010 WINS liknar mest av alt på ein nyheitsfabrikk, eller rettare sagt; ein fabrikk for foredling av råinformasjon med tanke på eit heilt spesifikt publikum.70 Det går føre seg ei kontinuerleg innsamling av informasjon, og denne informasjonen blir gjennomgått, prioritert og presentert ved hjelp av eit hierarkisk system i ein nyheitsdatabase som blir vedlikehalden og oppdatert heile tida. For PR-føremål har stasjonen laga ein illustrasjon av formatet sitt, det dei kallar «the newswheel».
Modellen viser ein times sending, og sidan sendeskjemaet er identisk døgnet rundt, oppsummerer dette «hjulet» rammeverket for stasjonen. Strukturen på formatet er det som først og fremst styrer ein slik produksjonslogikk. Alt som kjem på lufta, er på førehand tilpassa ein funksjon i formatet. Databasen til «nyheitsfabrikken» 1010 WINS er full av jinglar, reklameinnslag, bakgrunnslyd, etc. Produsenten følgjer skjemaet og trykkjer «play» til rett tid. Nyheitsopplesaren får stadig nye manuskript frå desken, informasjonen renn inn i studio slik vatnet renn ned i eit sluk.
1010 WINS køyrer knallhardt på eit gjenkjenneleg format i eit veldefinert nedslagsfelt. Redaksjonen har stor overvakingsevne, fordi nettverket for oppdatering av informasjon er omfattande, og fordi staben av reporterar i felten rapporterer frå sine spesifikke område, som er alt frå trafikken til børsen. Dessutan abonnerer dei på nyheitsbyrå m/lyd, der regionale og nasjonale nyheiter blir redigerte og så sende ut på 1010 WINS. Faste personar har sin funksjon i radiokanalen, slik at gjenkjenninga skal vere maksimal. Ein ankerperson leier lyttarane gjennom 20 minutt før neste ankerperson tek over, og så den tredje. Etter tre omgangar med 20 nyheitsminutt er den første ankerpersonen klar att til si vakt. Det er såleis tre ankerpersonar per time, og det er tre skift i døgnet.71
Under følgjer eit utdrag frå heimesida til 1010 WINS, der dei skildrar sentrale funksjonar og teknologiar som ligg til grunn for redaksjonsapparatet.
Newsroom This is where 1010 WINS anchors, editors, reporters, writers and production staff members work around the clock to «give you the world» in 22 minutes. Wire services, network audio, reports from local and distant correspondents all pour into the newsroom 24 hours a day.
Editor’s Desk The editor goes through all the information coming into the 1010 WINS newsroom and selects stories for air on the basis of interest and relevance to our listeners. The editor assigns stories to the writers and anchors and dispatches reporters to cover stories in the field.
Service Aide Desk Meantime the service aide communicates with Accuweather forecasters, the 1010 WINS CNBC Wall Street Bureau, Shadow Traffic and other bureaus, coordinating their live on-air feeds.
Master Control A master control engineer is on duty 24 hours a day, keeping tabs on the equipment and producing recorded commercials. Here engineer Robert Clark is processing a commercial sent in digital form by an advertising agency [viser til eit fotografi på heimesida].»72
Her ser me ressursane som 1010 WINS har bygd opp, og bruker til staben av 15–20 medarbeidarar. Kva er det dette produksjonsapparatet kan gjere som andre ikkje kan? Kanskje me kan kalle det ei sivil overvaking, ei som ikkje er statsstyrt og heller ikkje har som mål å kontrollere befolkninga. Shadow Traffic, Accuweather, Moneywatch – databasen samkøyrer ei rekkje ulike kjelder og skaper såleis større presisjon i overvakinga enn ei av kjeldene klarer åleine. I mediesamanheng overvakar 1010 WINS New York City på ein måte som gjer at ein nesten med ein gong kan oppdatere innbyggjarane om det som skjer på fleire sosiale og infrastrukturelle område, og dette gir innbyggjarane oversikt og gjer dei trygge. 1010 WINS er eit digitalt forstørringsglas som er retta inn mot byen, og redaksjonen berre ventar på at noko skal skje.
Det er ikkje mykje fiksjon å finne hos 1010 WINS. Stasjonen skaper ei verd som skal vere mest mogleg parallell til den i New York City, og meldingane deira må byggje på presis informasjon. Dersom 1010 WINS gir lyttarane ukorrekte trafikkopplysningar, grev dei si eiga grav. Alt dei seier, blir etterprøvd av lyttaren som er i det området dei snakkar om, og som navigerer etter det dei høyrer. Og dersom lyttarane stoler på at 1010 WINS er ein grundig oppdatert og truverdig stasjon, vil dei søkje seg til akkurat den stasjonen når noko uventa skjer, når alt brått er det komplette kaos og ingen skjønar kva som hender.
Fly krasjar i skyskrapar 11. september 2001
Ein newyorkar køyrer den vanlege vegen inn frå Staten Island og oppdagar plutseleg at det stig svart røyk opp frå søre Manhattan. Her skjer det openbart eitkvart som bilisten ikkje så godt kan sjå frå sin posisjon, men som vekkjer uro, og som han alt no skjønar vil få konsekvensar. Når han står midt på brua til Brooklyn, stoppar trafikken heilt opp, og alle må sitje utolmodige i bilen og vente. Han skrur på 1010 WINS for å få eit betre bilete av kva som skjer.
Då terrorangrepet på World Trade Center blei gjennomført 11. september 2001, var 1010 WINS svært godt skodd til å informere om utviklinga i saka. Og berre i løpet av ein time etter angrepet hadde 1010 WINS-leiinga innretta heile sendeflata mot den nye situasjonen. Dette var ein pressa situasjon som kravde ekstraordinære verkemiddel. Sjølv reklamen blei straks teken av lufta for å gi rom for ankerperson, augevitne og reporterar. Lat oss følgje utviklinga der det eine dramatiske høgdepunktet avløyser det andre i fleire timar. Perspektivet må vere slik: Kva ville mannen midt på the Verrazano Bridge ha visst utan denne typen radiofonisk oppdatering?
Omskiftet kjem klokka 08:50 lokal tid. Midt i eit nyheitsinnslag kjem breaking news-jingelen, og ankermann James Faraday prøver å forklare kva som har skjedd. Rundt om i byen har mange menneske alt sett konsekvensane.
[Syntbasert kjenning. «Breaking news now on 1010 WINS.»]
James Faraday: «This just came into our news room: A plane has crashed into the World Trade Center. Let’s get this live update from 1010 WINS correspondent Joan Fleischer. Joan, what do you see?»
Joan Fleischer: «Well I’m standing on the top of my roof and I’m looking at the World Trade Center and there is a huge hole in it, and there is a fire in the building right now, huge smoke pouring out of it and things are falling from the building itself […]»
James Faraday: «Allright, 1010 WINS correspondent Joan Fleischer on the scene in Lower Manhattan … ehh … any emergency personnel on the scene as of yet, do you see?»
Joan Fleischer: «I can’t see anybody but I hear the fire trucks … and … I heard the plane very close to the top of the building, I looked outside and I saw it hit and it exploded immediately.»
James Faraday: «Did you manage to see what plane it was?»
Joan Fleischer: «I couldn’t tell, it looked like a smaller plane but I could not tell, no I’m not really sure. I would say it wasn’t a huge jet, but it was a plane that sounded like it was a fighter jet overhead and then I saw the explosion close to the building.»
James Faraday: «Are you able to see any wreckage on the ground from where you stand?»
Joan Fleischer: «No, I’m too high up.»
Eit fly har krasja inn i eitt av dei to tårna i World Trade Center, og 1010 WINS er blant dei første som melder det. Joan Fleischer, som me etter kvart får opplyst eigentleg jobbar i administrasjonen til 1010 WINS, ringde og melde frå eitt minutt etter krasjet, fordi ho bur så nært at ho kan kunne sjå Tvillingtårna. Vitnejournalistikken blandar seg frå første stund saman med meldingstenesta til redaksjonsapparatet. Heilt frå byrjinga er Joan Fleischer kronvitnet til stasjonen, der ho står og skildrar, først frå mobiltelefonen og seinare frå fasttelefonen i leilegheita. Ho er altså ikkje ein profesjonell reporter, men likevel eit svært dugande vitne for stasjonen. Ho er talefør, og greier godt å skildre det som skjer. Ho har «a birds eye view» til Tvillingtårna.
Redaksjonsapparatet fungerer godt
Klokka 9 er ankermann for dei neste 20 minutta Lee Harris i studio. Frå no av blir det vanlege formatet lagt fullstendig til sides, og Lee Harris blir verande i studio, der han heile tida blir oppdatert av staben både inne og ute. Det skjer stadig nye dramatiske ting. Ute i redaksjonen er det ein enorm aktivitet for å samla informasjon, og alt blir slept på lufta etter kvart som det kjem inn, blir vurdert og sortert. Viktige kjelder er CNN og andre nyheitsredaksjonar, som Associated Press og Fox.
Etter kvart kjem det rapportar frå nyheitsbyråa, bilete på fjernsynet, og plutseleg påstandar om at begge tårna står i flammar. Det er forvirring i nokre minutt om det er endå eit fly involvert, men etter kvart ser Lee Harris sjølv på CNN at det andre flyet krasjar inn i det nordre tårnet, og han fortel dette til lyttarane. Når han oppsummerer situasjonen klokka 9.45, byrjar han med å seie: «Good morning, and it is not a good morning in New York.»
Lee Harris: «Okey, now we have word from Washington that the Capitol and the treasuries has have been evacuated, this in addition to the White House and to the Pentagon. The Pentagon apparently having been hit by a plane this morning, not unlike the World Trade Center, Twin Towers, both of which appeared to be hit by planes. The FBI looking into reports that at least one of the planes was a hijacked 767 American Airliner to Boston. No comment on that so far from the American Airlines, as regards that report. The New York Stock Exchange was evacuated, is closed, that’s probably not a bad thing, as the Dow futures was down a massive 150 points, apparently on the news of what has transpired here in New York City this morning. If you are a new York City fire fighter you are requested to report, ordered to report to your station immediately. We need the help this morning with the major disaster unfolding in New York City. And the world has changed markedly in little less than an hour.»
Redaksjonen jobbar så effektivt som mogleg og held lyttarane oppdaterte på alt siste nytt. Og sjølv i kaoset greier ankermannen å halde trådane samla. Midt oppi all dramatikken les han fleire gonger opp meldingar frå brannetaten om at alle brannfolk må melde seg til teneste. Ei slik tørr melding seier sjølvsagt noko om alvoret, og blir forstått av resten av folket også, ikkje berre av brannfolka.
Med jamne mellomrom kjem trafikkoppdateringar, men etter kvart er det berre å melde om komplett kaos. Alle flyplassar er stengde, det same er bruer og tunnelar, og undergrunnen står. Bilane på brua til Brooklyn kjem verken framover eller bakover, og folk vil truleg ha slått av motoren og gått utanfor. Lee Harris forsikrar lyttarane om at alle reporterane dei har, er på veg ut i byen for å fortelje kva som skjer.
Lenge kjem det ingen rapportar direkte frå området ved World Trade Center, og grunnen er at mobiltelefonnettet har brote saman. Den sentrale sendestasjonen var plassert på WTC, og blei øydelagd saman med bygget. Den kanskje viktigaste journalistiske reiskapen i ein slik situasjon er ute av drift, og berre fasttelefonar kjem igjennom.
Som me har nemnt tidlegare, må ei nyheitssending bestå av levande stemmer, personar som snakkar, same kor maskinelt apparatet er. I ein så alvorleg situasjon som innbyggjarane i New York no står overfor, ville det vere merkeleg om ikkje redselen og sjokket byrjar å slå inn. Hos 1010 WINS er det enno Joan Fleischer, direkte på telefon frå leilegheita, og Lee Harris, ankermann i studio på 55th Street, som er dei viktigaste medverkande. Når den neste dramatiske hendinga skjer, er begge alt på lufta.
Joan: «Oh wait, oh my god there is … [skrik] … oh my god the building fell!!! Are you there? The building just fell!»
Lee Harris: «Which, which building …»
Joan Fleischer: «Oh my god! The south building fell, the south building just crumbled from the top [skjelvande stemme] ohh my god, the building just fell! The entire World Trade Center, the south building, just fell. I just saw the whole thing. Oh my god, oh my god! I can’t see anything, but the whole thing went down. Oh my god. Ohh, I saw the building crumbled, it’s all the way down. I can’t see at what point its still standing. Oh my God, ohhhhhh …» [fleire sekund med berre gisping og stynjing]
Lee Harris: [skjelvande i røysta] «If what Joan is saying is true, the tower has just collapsed …» [Pipelyd – timesignal klokka 10.00] This is 1010 WINS …» [pipelyd]
Joan Fleischer: «Ohh my god the building just crumbled.»
Lee Harris: «This is 1010 WINS, New York. One of the [Joan: ohh … completely down] two towers, the south tower of the World Trade Center, has just colloboed … crumbled, collapsed in a pile of dust [Joan: Ohh], this approximately one hour after it was hit by an aircraft.»
Joan Fleischer: «… the second building … the second building completely down. [Miljølyd: Joan snakkar med ein mann] … you heard the … me too!»
Lee Harris: «uhh … A situation that started bad just gets worse and worse and worse. The World Trade Center, south tower, that was hit by a plane and wrecked by an explosion, approximately an hour ago, has totally collapsed. The north tower, is still standing, but the Word Trade Center south tower has collapsed. Let’s go live now to CNN.»
Både Joan Fleischer og Lee Harris er sterkt emosjonelt prega av hendingane. Desse kjenslene får ein journalistisk rolle, for dei forsterkar alvoret. Her gjeld det same alvoret som for Hindenburg-ulykka. Og punktet om nøytral talestil som eit viktig kjenneteikn for nyheitsoppdateringar er ubrukeleg her. Nøytral talestil under slike dramatiske omstende ville tvert imot ha svekt truverdet. Det som styrkjer det, er at journalistane er så nær.
Joan blir så oppkava at ho gløymer rolla som journalistisk vitne, og byrjar å snakke med sidemannen. Lee repeterer utviklinga omatt og omatt, det som skjer, er såpass uverkeleg at det må seiast fleire gonger for å oppfattast. Han må ta seg sterkt saman for å formulere setningane sine, han snakkar forsert og stivt, ikkje for å vere kjenslekald, men fordi han er så ute av fatning at han må samle seg for kvart ord. Både Joan Fleischer og Lee Harris trekkjer pusten tungt og sukkar.
Ground zero
Den dramatiske føremiddagen held fram. President George W. Bush held ein kort og alvorleg tale som blir spelt fleire gonger på kort tid. Rapportar frå eit korps som no tel opp mot ti journalistar, haglar inn. Samstundes kjem journalistane på desken stadig med siste informasjon ut ifrå kjeldenettverket til 1010 WINS.
Til no har rapportane komme frå folk som er trygt inne i leilegheitene sine og har utsyn til Tvillingtårna, og frå skildringar frå nyheitshelikoptra til tv-stasjonane. Frå det som fort blei kalla ground zero, har det til no ikkje komme rapportar. 1010 WINS-reporter Eileen Lepahmer har vore ved World Trade Center med kassettopptakaren sin, og kjem no med eit opptak frå eit intervju med ei kvinne som var i det nordre tårnet, og som kom seg ut rett etter at fly nummer to hadde krasja inn i bygningen ho var i. Reporteren er på lufta frå ein telefonboks, og speler kassettopptaket av rett inn i telefonrøyret.
Ankerkvinne: «Were you able to get any information from her?»
[DePalmer har starta kassettspelaren. Miljølyd]
Eileen Lepahmer: «Did you see what happened?»
Kvinna: [tydeleg oppskjørta] «Yes, I was in the building.»
Eileen Lepahmer: «Oh my God you where in the building?»
Kvinna: «I was on the ninety-second floor of number two, and I didn’t see the first plane crash, but I was on the lower floor when the second plane crashed into number two, and my brother is a photo journalist and he’s down there now, I hope he’s OK.»
Eileen Lepahmer: «How did you … how did you get out?»
Kvinna: «I walked down ninety-two floors, and I stopped on seventy-something floor because they said everything was OK, and then the second plane crashed.»
Eileen Lepahmer: «Into the second building, right?»
Kvinna: «Yeah.»
[Opptaket blir avbrote frå studio]
Dette er den første vitneskildringa frå nokon som var i bygningane. Kva skjer i World Trade Center-distriktet, med bygningane rundt og dei tusenvis av menneska som var der då det heile starta? Ein ting er klart. Det eine tårnet har no rast saman, det andre er framleis eit inferno. Det er sannsynleg at det andre tårnet også vil rase, og desperate menneske prøver å komme seg ut. Somme gir opp og hoppar ut av skyskraparen til ein sikker død. Dette skildrar Joan Fleischer for Lee Harris.
Lee Harris: «All right Joan, thank you for sharing that with us, sorry you had to see that. 1010 WINS reporter Eileen Lehpamer was ensconced at City Hall. I understand that you have moved …»
No er det ikkje den impulsive, sjokkerande skildringa som då tårnet rasa saman. No handlar det om menneske som har hoppa i døden. Framføringa er deretter, prega av at dei veit at dette går på lufta, og at det finst lyttarar der ute som akkurat no er engstelege for at einkvan dei kjenner, er i bygningen.
Etter at det andre tårnet også har rast saman, byrjar det å komme rapportar frå folk som har vore ved ground zero, og som har klart å komme seg unna. Klokka 10:33 får dei endeleg kontakt med reporter John Montone, som var like ved skyskraparen då det første tårnet rasa saman. Hans skildring i etterkant ber sterkt preg av at han har opplevd noko skakande. «I have to describe the most incredible scene of my life,» startar han, og forklarer korleis skyskraparen velta ned, korleis folk sprang i panikk, og korleis dei kom derifrå i live. Rapporten varer i vel tre minutt, og han snakkar uavbrote. Den viktigaste dimensjonen i rapporten frå Montone, er den medmenneskelege. Han har vore nær døden, saman med mange hundre andre.
Ankerkvinne: «An obviously distraught John Montone. But as you heard him say the good news is a lot of people, it appears, did get out …»
John Montone er ikkje berre ein tilskodar til det som skjer, slik Joan Fleischer er det. Han har vore midt i infernoet saman med andre. Han gløymer ikkje si rolle som reporter, men han legg heller ikkje skjul på at opplevinga har gått inn på han. Han skjønar at det han fortel, kan verke skakande på andre i byen som lurer på om slekt og venner er i området, og han legg inn setningar om at mange, mange har greidd seg, og at han gjerne skulle ha gitt namn vidare.
Ei verkeleg kjensle av verkelegheit
1010 WINS si dekking av 11. september er prega av ei mengde vitneskildringar, som etter kvart kjem tettare og tettare på hendingane. Dette blir kombinert med stadig fyldigare meldingar frå offisielt hald, der det blir bekrefta at både New York og Washington er blitt angripne av terroristar, med store tap av menneskeliv.
Norske nyheitsendingar starta tidleg spekulasjonane omkring gjerningspersonar og terroristnettverk, men 1010 WINS spekulerer ikkje. Dei diskuterer ikkje kven som har gjort dette. Tilløp til spekulasjonar frå reporterane blir ikkje følgde opp. Dette gjeld til dømes reporter Kendall si utsegn om at flygaren tilsynelatande køyrde inn i bygningen med vilje. Det er først etter at president Bush har erklært at hendinga er ei terroristgjerning, at også 1010 WINS omtaler den slik, men ikkje ofte, og slett ikkje som eit stort poeng. Dette heng sjølvsagt saman med at radiostasjonen ikkje vil bidra til meir frykt og uro enn det alt er blant lyttarane, men det vitnar også om ei gjennomtenkt haldning til ein slik situasjon. For dei handlar det først og fremst om å halde urolege newyorkarar oppdaterte om kva som skjer på Manhattan, kven som er råka, og kvar det kan vere farleg å opphalde seg. Vitna og reporterane fortel om det dei har opplevd, og ikkje kva dei har høyrt av andre, eller teoriar som andre måtte ha. Det blir lett å rette seg etter oppdateringane fordi dei følgjer utviklinga av konkrete situasjonar som folk kan sjå og høyre vitnesbyrd om.
Den intense oppdateringa frå 1010 WINS den 11. september viser kor tett på verkelegheita ein radiostasjon kan vere. Mediet framstår som nesten gjennomsiktig dersom journalistane gjer ein god jobb, nyheitsapparatet verkar, og dei journalistiske rutinane ligg i ryggmergen. Så er altså 1010 WINS ein stasjon til å stole på i dette tilfellet, og lyttarane kan trygt ha tillit til han.
Her ser me også at nyheitsjournalistikk kan vere eit livsviktig handverk. Dei dramatiske opptaka frå New York City den 11. september viser kor sterk evne radiomediet har til å stå fram som realistisk og relevant. Alle som fekk inn radio i New York City kunne dra nytte av 1010 WINS. Rett nok måtte lyttarane forstå engelsk og vere i stand til å halde seg informert om himmelretningar og geografiske forhold i New York, men då står til gjengjeld hendingsrekkjefølgja i formidlinga til 1010 WINS fram som ein dokumentasjon av terrorangrepet på New York og USA. Ja, sendinga følgjer hendinga så tett og nøyaktig at den er ei viktig historisk kjelde. Verkelegheita har av og til så tydelege kantar at ho kan speglast i eit massemedium utan at ho blir gjord til ei form for fiksjon.
Notar
66. Dokumentaren «Våren i Bagdad» blei send direkte på NRK 1 16. august 2003.
67. Sjå John Durham Peters «Witnessing» (2001).
68. Sjå John Ellis Seeing Things (2000) s. 1.
69. Kjelde: VG 2003.
70. Også i kapittel 5: Lydforteljinga snakka me om nyheitsfabrikken, men då med omsyn til produksjonen av korte, innspelte nyheitsinnslag.
71. Opplysningan om 1010 WINS sin redaksjonelle praksis er baserte på eit intervju som Lars Nyre gjorde med programdirektør Mark Mason, 27. april 2001.
72. Sjå http://1010wins.com/stationtour/