Til toppen

Kritisk tillit til journalistikk


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Vert du ofte irritert over ting du ser og høyrer i media? Slik irritasjon kan nokon gonger vera vag og retningslaus, andre gonger er den uttrykk for aktiv mistillit. Du bør kanalisera irritasjonen din i ei konstruktiv retning, og dette essayet syner fram ein muligheit.

Media pro­du­se­rer ein ver­ke­leg­heits­ef­fekt gjen­nom alle sine opp­slag og repor­ta­sjar, og gjen­nom sine san­se­lege for­mer. Men bor­ga­rane bør ikkje utan vidare ten­kja at denne verda er ver­ke­leg, slik som det du kan sjå og høyra direkte. Tvert imot må me vera vakt­same over­for jour­na­lis­tiske media slik me er over­for dei fleste andre kref­tene i samfunnet. Ingen andre kan ta ansvar for kor­leis du for­står ting, og du bør for­stå dei uti­frå din kvar­dag, i ditt sosiale stra­tum og uti­frå dine poli­tiske haldningar. Men det er eit krav til, nem­leg at du ikkje berre føyer deg inn i den kon­ven­sjo­nelle hald­ninga, med faste for­mu­le­rin­gar og faste syndebukkar. Ei slik hald­ning kan kal­last «å ha kri­tisk tillit».

Sam­funns­opp­drag, skep­sis og forvirring
Ter­ren­get er for­vir­rande. Sam­stun­des som me for­bin­der til­lit med noko grunn­leg­gande posi­tivt, går jour­na­lis­tik­kens sam­funns­opp­drag ut på å setja dei rådande til­lits­for­holda i tvil. Per­son­lege til­lits­for­hold treng nem­leg ikkje all­tid vera gode for sam­fun­net. Dei kan vera ego­is­tiske, og skjula kame­ra­deri og intern makt­mis­bruk i sen­trale insti­tu­sjo­nar. Jour­na­lis­tik­ken har difor ikkje som sam­funns­opp­drag å inn­gje til­lit så mykje som å inspi­rera bor­ga­rane til å vera skep­tiske mot tvil­same alli­an­sar. Natur­leg nok er jour­na­lis­tik­ken sjølv ei av dei mak­tene som kan mis­bru­kast, og der­med vert det slik at sam­stun­des som den inspi­re­rer til sam­funns­kri­tikk, så må den møtast med skep­sis. For­hol­det mel­lom posi­tiv og nega­tiv varie­rer heile tida, og dét gjer at bor­ga­ren må vera vakt­sam mot media heile tida.

Det vert sta­dig gjort målin­gar av bor­ga­rane sin til­lit til jour­na­lis­tikk, politi, læra­rar og andre yrkes­grup­per og insti­tu­sjo­nar i sam­fun­net. I mai 2014 pre­sen­terte Dinamo PR si årlige til­lits­un­der­sø­king gjen­nom­ført av ana­lyse­by­rået YouGov. Her kom det fram at 60 pro­sent av alle nord­menn har til­lit til at myn­dig­hei­tene hand­lar til sam­fun­nets beste, mens 57 pro­sent har til­lit til at fri­vil­lige orga­ni­sa­sjo­nar gjer det. Til­li­ten til at media har ei sam­funns­nyt­tig rolle er berre på 35 pro­sent, og for nærings­li­vet er den 33 pro­sent. Men kva betyr til­lit i dette til­fel­let? Dei infor­man­tane som sva­rer posi­tivt, sto­ler på at det som vert pub­li­sert i jour­na­lis­tiske medier er sant, og at det som vert pub­li­sert er rele­vant for sam­fun­net og ein sjølv.

Men det er endå meir inter­es­sant å ta for seg dei 65 pro­sent som sva­rer nega­tivt på spørs­må­let om til­lit til jour­na­lis­tikk. Dei har ei eller anna form for mis­nøye, tvil, mis­til­lit eller kva slags ord ein ville velja. Dei har nok ulike gra­der av bevisst­heit om skep­sis, men har ikkje nød­ven­dig­vis for­mu­lert den tyde­leg. Eg mis­ten­kjer at folk er svært for­virra i sine kjens­ler over­for media, og at dei har vans­ke­leg for å setja ord på ting. Dette essayet er difor meint å ha ein tera­peu­tisk funk­sjon, der lesa­ren vona­leg får nye knag­gar å henga frust­ra­sjo­nen på, og kana­li­se­rer den inn i ei form for for­stå­ing. Mis­til­lit kan omset­jast til kri­tisk tillit.

Mot slut­ten dis­ku­te­rer eg også ein meir pro­ble­ma­tisk rela­sjon, nem­leg dei til­fella der folk har grunn­gje­ven mis­til­lit til media, og der det ikkje er moge­leg eller yns­kje­leg å utvisa kri­tisk til­lit. I 2011 vart det avslørt at News of The World dreiv med hem­me­leg avlyt­ting; denne avslø­ringa førte til ein akutt og uopp­ret­te­leg mis­til­lit til redak­sjo­nen, og avisa vart lagt ned kort etterpå.

Til­lits­te­ori og media
No skal eg gå meir sosio­lo­gisk til verks, og defi­nera feno­me­net til­lit i for­hold til per­sonar og insti­tu­sjo­nar i media, blant anna med hjelp frå Skir­bekk og Gri­men Til­lit i Norge (2012). Der­etter nyt­tar eg denne teorien på jour­na­lis­tiske medium og den gene­relle medie­si­tua­sjo­nen i Noreg i 2014, og går gjen­nom sunne og usunne grun­nar til ikkje å stola for mykje på journalistikken.

Presse og media er ein stor sak i sam­fun­net. Media er men­nes­kas vik­ti­gaste verk­tøy til å for­stå kvar­andre og sam­fun­net me lever i, og til å for­stå vår eiga rolle som del­ta­kar i denne gal­ska­pen. I tusen­vis av år har avan­serte sig­nal­sys­tem vore i bruk for kom­mu­ni­ka­sjon, og dei har sine eigne san­se­lege og tek­niske sær­trekk. Dei har også eit insti­tu­sjo­nelt aspekt, med ulike nor­mer og reg­lar. Det er eit stort sosio­lo­gisk land­skap med alt frå her­me­neu­tikk til ratio­nal choice-teori, og det spen­ner frå Jon Elster til Bruno Latour.

Mediene er ein alvor­leg sak fordi det ikkje er garan­tert at kom­mu­ni­ka­sjo­nen er god, sjølv om det vert sta­dig meir av den. Det er til dømes ikkje inn­ly­sande at dei digi­tale mediene har gjort oss til betre men­neske enn me ville vore utan dei. Ein av dei store frust­ra­sjo­nane i folks kvar­dag, og som kan utløysa alt frå raseri­an­fall til ugjen­nom­tenkt rasisme, er nett­opp kjensla av at kom­mu­ni­ka­sjons­hand­linga er ein eksis­ten­si­ell byrde i sta­den for å vera ein effek­tiv for­mid­lings­ka­nal for nyhei­ter og anna nyt­tig stoff.

Det har vore mykje snakk om til­lit i den offent­lege debat­ten dei siste åra. Då dreier det seg ofte om gra­den av det sosio­lo­gen Rus­sell Har­din (2006: 2) kal­lar «coope­ra­ti­ve­ness» eller sam­ar­beids­vilje. Riks­syn­sa­rane er bekymra for at folk får svekka til­tru til helse­by­rå­kra­tiet etter Ahus-skandalen, og ikkje sto­lar på at poli­tiet tak­lar ein lik­nande ter­ror­ak­sjon som 22. juli, og hel­ler ikkje sto­lar på retts­psy­kia­trien len­ger. Med min­kande til­lit vil me få eit far­le­gare og meir bru­talt sam­funn. Det vert fleire tvis­tar, fleire advo­ka­tar og eit mykje meir tung­vint liv.

Men så gale er det ikkje. Redak­tø­r­ane av Til­lit i Norge skriv: «Det høye til­lits­ni­vået er den vik­tigste for­kla­rin­gen på at vel­ferds­sta­tene kan være så omfat­tende som de er» (2012: 16). For­fat­ta­rane viser at til­li­ten vår fak­tisk er sterk både til per­sonar rundt oss, og over­for stat­lege insti­tu­sjo­nar. Sosio­log Dag Wol­le­bæk & co stu­derte den gene­ra­li­serte til­li­ten før og etter 22. juli. På kort sikt med­førte ter­ro­ren ein tyde­leg auke i til­lit i alle sam­funns­grup­per. Ter­ro­ren fun­gerte sam­lande i sta­den for split­tande, og bidrog til å dempa utvik­linga av frykt. Haus­ten 2012 var til­li­ten på same høge nivå som før 22. juli (Wol­le­bæk et al. 2012).

Skil­jet mel­lom per­son­til­lit og institusjonstillit
Eg vil i fram­hal­det skilja mel­lom to nivå av til­lit; per­son­til­lit og insti­tu­sjons­til­lit. Me har eit omgreps­pro­blem på norsk, fordi me ikkje har noko etab­lert skilje mel­lom ven­din­gar som ha til­lit til, lita på, stola på eller ha til­tru til. I kvar­dags­språ­ket betyr dei omtrent det same, og kan bru­kast på alle slags gjen­stan­dar for tillit.

Skil­jet mel­lom å for­holda seg til insti­tu­sjo­nar eller per­sonar kjem mykje betre fram i engelsk­språk­leg fag­lit­te­ra­tur. Der har dei eit skilje mel­lom orda «con­fi­dence» og «trust» som me ikkje har på norsk. «Con­fi­dence» er knytt til sta­bile og føre­sei­e­lege for­hold, medan «trust» er knytt til risiko­fylte, uføre­sei­e­lege og oftast ganske per­son­lege for­hold. Vi har «con­fi­dence in insti­tu­tions» og «trust in per­sons». Blant teo­re­ti­ka­rar som ope­re­rer med dette skil­jet finn me filo­so­fen Niklas Luh­mann (1979) og sosio­lo­gen Adam Selig­man (1997). Den omtalte boka Til­lit i Norge intro­du­se­rer skil­jet i for­or­det, og det vert brukt noko­lunde sys­te­ma­tisk etterpå.

Eg vil bidra til å etab­lera skil­jet mel­lom insti­tu­sjons­til­lit og per­son­til­lit i norsk til­lits­te­ori, men eg er ikkje nøgd med dei omgrepa me har funne på så langt. Eg håpar å finna noko som beskriv opp­le­vinga av til­li­ten meir nyan­sert, for no vert jo ordet «til­lit» brukt i begge til­felle. Der er «con­fi­dence» og «trust» mindre forvirrande.

Per­son­til­lit (trust) er ein rela­sjon der du aksep­te­rer å vera sår­bar for andre men­neske sine hand­lin­gar i for­hold til eit visst utkome. Luh­mann opp­fat­tar «trust» som vil­lig­heit til å risikera noko, og dette gjeld for både gje­va­ren og mot­ta­ka­ren av til­lit (Luh­mann 1979: 69). Her vert avgjerda om å vera til­lits­full gjort bevisst, uti­frå ein eva­lu­e­rings­skala for kva slags gode kva­li­te­tar det er rime­leg å til­legga andre aktø­rar. Du sto­lar på at bror din vil hjelpa deg med eit naud­lån for å dra til Syden, men ville ikkje spurt ein kol­lega. Folk er meir bevisste på slike nære rela­sjo­nar enn rela­sjo­nen til institusjonar.

Fors­ka­rane Wiese et al. (2011) har vist at folk si opp­fat­ning av nær­leik til ein viss per­son er den vik­ti­gaste fak­to­ren for å bestemma om me kan stola på denne per­sonen. Der­som me føler oss like nært knytt til to per­sonar der den eine er fami­lie og den andre ikkje, vil me vera meir til­bøye­lege til å stola på familiemedlemmen.

Insti­tu­sjons­til­lit (con­fi­dence) er ein føre­sei­e­leg rela­sjon basert på tid­le­gare erfa­ring med at ting går som dei skal. Gid­dens (1990) skriv at det er gode grun­nar til å stola på abs­trakte sys­tem som ’pen­gar’. Folk kan vera nes­ten sikre på at eit visst utkome vert rea­li­sert, til dømes at mini­ban­ken fak­tisk gir ut pen­gar når du vert regist­rert med eit kontotrekk.

Visse for­hold er sta­bile og vert haldne ved like kon­ti­nu­er­leg, og det er ikkje grunn til å reflek­tera over risiko i kvart enkelt til­felle. Harald Gri­men seier, sitat: «Gode insti­tu­sjo­ner gjør det for­nuf­tig for men­nes­ker å unn­late å ta visse for­holds­reg­ler, som det ellers ville ha vært rasjo­nelt for dem å ta» (Gri­men 2012: 89). Når det gjeld fly­to­get i Oslo er insti­tu­sjons­til­li­ten tyde­leg­vis svært høg, for det kom øvst på ei «omdømme­må­ling» no nyleg.

Her pas­sar også omgre­pet «gene­ra­li­sert til­lit» godt inn. På fly­plas­sen treng du kan­skje å spørja ein med­pas­sa­sjer om å passa på kof­fer­ten din mens du er ein rask tur på toa­let­tet. Er det nokon her du kan stola på? Jo meir gene­ra­li­sert til­lit det er i sam­fun­net, jo større sjanse er det for at du spør nokon. Gene­ra­li­sert til­lit lik­nar mest på det som eg her kal­lar institusjonstillit.

Ana­ly­sen byr­jar med ein klas­sisk sam­funns­vit­skap­leg fire­felt­sta­bell der eg skil mel­lom sunn og usunn mis­til­lit, og skil mel­lom å retta denne hald­ninga mot enten insti­tu­sjon eller per­son. Då vert tabel­len slik:

  Kritisk tillit Mistillit
Institusjon Fortel sanninga, har dagsordenmakt, er relevant Rå marknadskapitalisme, mangel på relevans, dialog og realisme
Person Har integritet, er prinsippfast, har ideologisk tru Eigeninteresse, verdiblindskap, oligarkiske bindingar

 

Eg vil bruka tabel­len til å halda orden på argu­men­ta­sjo­nen vidare her. I bok­sane har eg plas­sert åtferds­ty­par som kor­re­spon­de­rer med den typen til­lit og mis­til­lit eg påpei­kar i for­hold til journalistikken.

Kri­tisk tillit
Det finst klart posi­tive grun­nar til ikkje å stola på jour­na­lis­tik­ken. Viss jour­na­lis­tik­ken set til­lits­for­holda sys­te­ma­tisk i tvil, vil dei kunna avsløra kame­ra­deri og makt­mis­bruk i sen­trale insti­tu­sjo­nar. Den vil vera far­leg for makt­mis­bru­ka­rar. Slik sett har ikkje jour­na­lis­tik­ken som sam­funns­opp­drag å alli­era seg med andre aktø­rar for å inspi­rera til til­lit, men å vera så kri­tisk at den hel­ler inspi­re­rer til vakt­semd mot sjølv å handla i strid med nor­mer og reglar.

Opp­dra­get går ut på å for­telja san­nin­gar som kan vera svært ube­ha­ge­lege, og som vil skapa sterk gjen­si­dig for­sik­tig­heit, kan­skje også direkte kon­flikt, mel­lom ein redak­sjon og dei berørte par­tane. Mang ein bedrifts­leiar på Vest­lan­det har lagt Ber­gens Tidende for hat etter avslø­rande opp­slag. Alle dei utru­leg mange tinga som er sanne kan i prin­sip­pet for­mid­last på ein legi­tim måte av jour­na­lis­tik­ken. San­ning er jour­na­lis­tik­kens fremste våpen i avslø­ringa av kref­tene som svek­kjer demokratiet.

Difor er det gode struk­tu­relle grun­nar til ikkje å ha til­lit til jour­na­lis­tar. Der­som du er i posi­sjon til å stola på at media tryk­ker saker slik du vil, så er jour­na­lis­tik­ken inha­bil eller direkte kor­rupt, og du sjølv like så. Vakt­semd eller usik­ker­heit hjå mek­tige aktø­rar er eit kva­li­tets­teikn i seg sjølv.

Dags­or­den­funk­sjo­nen er ei vik­tig side ved medias makt. Media bestem­mer ikkje kva folk skal meina, men dei bestem­mer kva folk skal meina noko om. Redak­sjo­nen ten­kjer: Kva bør den poli­tiske offent­leg­heita verta opp­lyst om i dag? Det gamle slag­or­det «All the news that’s fit to print» er reklame for avisa si gode dømme­kraft og ansvar­lege hald­ning. Media set dags­or­den for kvar­dags­de­bat­ten heime i sto­vene, sær­leg når det gjeld nyhei­ter. Media bestem­mer i rea­li­te­ten kva det vil seia å vera ein opp­da­tert bor­gar. Poli­ti­ka­rar og andre fram­skotne aktø­rar er endå meir påverka av dags­or­den­makta. Dei får ofte sine stra­te­giske val bestemt av emne­vala og vink­lin­gane som vert gjort.

Makta til å setja dags­or­den for offent­leg debatt har vore i mediene sine hen­der i fleire hundre år. Jour­na­lis­tar og redak­tø­rar fekk etter­kvart så stor inn­fly­telse at dei blei opp­fatta som ei fjerde stats­makt. Dei over­va­kar dei tre stats­mak­tene regje­ring, stor­ting og dom­sto­lar på vegne av sivil­sam­fun­net. Me har vorte opp­lærde til å tru at mediene si dags­or­den­makt er noko natur­leg og sjølv­sagt, men det er berre på grunn av deira til­sva­rande kri­tiske rolle at dei for­te­ner denne makta. Det er bra at mediene har denne for­plik­tinga på san­ning. John Dewey har prisa den, og Wal­ter Lipp­mann endå meir. Kri­tisk jour­na­lis­tikk er eit gode fordi den føre­byg­ger makt­mis­bruk i alle sek­to­rar av sam­fun­net, og sør­gjer for at moralsk svake men­neske jam­leg vert reinska ut av statsapparatet.

Det er natur­leg at eg også tar inn enkelt­per­sonane i denne ana­ly­sen, og ikkje berre snak­kar om det prin­si­pi­elle. Kvar jour­na­list er jo eit men­neske av kjøt og blod, med høg eller låg utdan­ning, sterk eller svak moral, og med ulik utstrå­ling, integri­tet, og så bort­et­ter. Dette er ein emo­sjo­nell dimen­sjon som påver­kar oss alle i opp­byg­ginga av tillitsbånd.

Integri­tet. Det vik­tige er at desse per­sonane deler jour­na­lis­tik­kens ver­diar. Då går det an å ha kri­tisk til­lit til per­sonar som arbei­der inna­for jour­na­list­yr­ket. Den gode jour­na­lis­ten opp­fat­tar makta si som ein per­son­leg kva­li­tet. Det er eg som har denne kunn­ska­pen, og denne kom­pro­miss­løysa og integri­te­ten, og eg utfø­rer funk­sjo­nen min i sys­te­met på ein spe­si­elt god måte.

Jour­na­lis­tar har inn­fly­telse over sosiale og poli­tiske stem­nin­gar i pub­li­kum­met sitt nett­opp på grunn av per­son­leg­do­men sin. Dei har denne makta, sjølv om dei er under­lagt ein streng redak­sjons­sjef, og sjølv om all­slags kon­ven­sjo­nar kan gjera hand­lings­rom­met avgrensa. Jour­na­lis­tar har stor makt anten dei veit om det eller ikkje, og om dei bryr seg eller ikkje. Nokon lever så intenst i denne rolla at dei ikkje ser makta si, og der­med endar opp med å mis­bruka henne. Dei som held maska i ei offent­leg rolle av denne typen er van­leg­vis for­nuf­tige folk med integri­tet. Ingen nemnde, ingen gløymde.

Prin­sipp­fast. Denne typen jour­na­list tonar bevisst ned det fak­tum at han har makt. Det ved­kjem ikkje saka. Han er ein dyk­tig avslø­rar, og skriv sjel­dan noko feil. Og same kva som skjer som føl­gje av jour­na­lis­tik­ken hans, bekla­gar han aldri noko. Kvar gong han får kri­tikk eller trus­lar om søks­mål, viser han til ytrings­fri­do­men, og redak­sjo­nen sine advo­ka­tar går i stri­den for han. Så lenge målet er hei­lagt, må ein også tola nokre våde­skot mot uskuldige.

Ideo­lo­gisk. Den ideo­lo­giske eller idea­lis­tiske jour­na­lis­ten er enklare å for­stå seg på. Han driv poli­tisk kri­tikk mot sty­res­mak­ter og andre mek­tige aktø­rar, sys­te­ma­tisk og med eit jamt trykk. Han trur så sterkt på saka at han set til side alle andre omsyn. Den ideo­lo­giske jour­na­lis­ten bru­kar mediet som verk­tøy eller brekk­stong til å få ei løy­sing på eit poli­tisk pro­blem. Han nærer ikkje uri­me­leg til­lit til nokon aktørar.

Mis­til­lit
Det jour­na­lis­tiske fel­tet har nær omgang med dei mak­tene den er sett til å over­vaka, og vert no til dags i stor grad eigd av tunge mark­nads­ak­tø­rar som Schib­sted, Ame­dia, Egmont, etc. Viss redak­sjo­nen har tette rela­sjo­nar til vik­tige insti­tu­sjo­nar i sam­fun­net så vat­nar den ut si fremste kjelde til tru­verde, nem­leg det (prin­si­pi­elt) kom­plette frå­ve­ret av tillitsrelasjonar.

Eksem­pe­let med News of the World viser kor­leis det kan opp­stå akutt mis­til­lit hvis bor­ga­rane opp­fat­tar at ei medie­verk­semd bryt med den moralske hald­ninga som er føre­sett i sam­funns­opp­dra­get. Her er det lite å repa­rera, og vans­ke­le­gare å kana­li­sera den nega­tive ener­gien i posi­tiv retning.

Rå mark­nads­ka­pi­ta­lisme. Det er store pen­gar knytt til medie­verk­semd. Det har både TV 2, VG, Google og Face­book til dømes nytt godt av. Det finst ingen meis­ter­hjerne som trek­kjer i trå­dane, berre mark­nad, aktua­li­tet og inter­teks­tua­li­tet i ei hys­te­risk blan­ding. Desse ukon­trol­ler­bare trekka gjer at mediene vert dår­le­gare verk­tøy enn dei kunne vore.

Kapi­ta­lis­men gjev ikkje grunn­lag for kri­tisk til­lit, men er ein slags med­født ska­vank ved den jour­na­lis­tiske insti­tu­sjo­nen. Den bri­tiske medie­fors­ka­ren Colin Sparks seier at «you can’t tame the tiger» og Paul Bjerke seier at du ikkje må verta for­bausa over at tige­ren har stri­per. Tige­ren bra­sar gjen­nom jun­ge­len utan ret­ning eller strategi.

Nokon vil meina at det også er posi­tivt at medie­verk­semd gjev grunn­lag for store pen­gar og sen­tra­li­sert makt. Det til­let mediene å bygga opp sterke insti­tu­sjo­nar som ikkje så lett let seg pressa av dei endå mek­ti­gare aktø­r­ane dei skal over­våka. Ein kan frykta kva som vil skje der­som dei store avi­sene går duk­ken og me får eit myl­der av mindre redak­sjo­nar i sta­den­for. Det beste er ei blan­ding av eigar­for­mer, med både børs­no­terte sel­skap, lisens­fi­nan­sie­ring, filantrop-finansiering og familieselskap.

Man­gel på rele­vans. Paul Bjerke (2013) pei­kar på at engelske aviser bru­kar store jour­na­lis­tiske res­sur­sar på ting som har liten sam­funns­mes­sig rele­vans. Det kan vera ei grun­dig og kost­bar grave­stu­die som avslø­rer at fot­ball­spe­lar X har vore utru med kona til fot­ball­spe­lar Y. Då vert dei jour­na­lis­tiske res­sur­sane heilt klart brukt på feil ting.

Man­gel på dia­log. Mediene kan gjera ein van­leg til­sko­dar til ein aktiv del­ta­kar ved hjelp av tovegs­me­dia som SMS, e-post, chatte­si­der, inn­rin­ging, debatt­pro­gram og lik­nande. Men inter­ak­sjon vert i liten grad brukt til å for­betre dia­lo­gen mel­lom heim og offent­leg­heit. Inter­ak­sjo­nen vert i hovud­sak brukt til kon­kur­ran­sar, avstem­min­gar og andre kom­mer­si­elle for­mat, og har som føre­mål at sta­sjo­nen skal kunne tena mest mog­leg pen­gar. Den eks­pert­ba­serte offent­lege debat­ten er ikkje mykje betre. Her er det ei ende­laus ritu­ell posi­sjo­ne­ring der ingen av syn­sa­rane skif­tar stand­punkt, men blir meir og meir kjente for stand­punk­tet sitt. Slike for­mat har hel­ler ikkje ein spe­si­elt posi­tiv inn­verk­nad på den offent­lege sam­ta­len. Redak­sjo­nar som lever av å føre offent­lege sam­ta­lar må streva etter å finna fram til gode pro­se­dy­rar, og prøva å laga god kommunikasjon.

For svak audio­vi­su­ell rea­lisme. Jour­na­lis­tik­ken er så hardt redi­gert at det er vans­ke­leg å kjenna igjen røynda slik me ser den omkring oss til dag­leg. Me skjø­nar mykje fordi me er vel­sku­lerte i mediet sine eigne kon­ven­sjo­nar, og tak­lar både høg klippe­rytme og soundbite-redigering. Men dette er ikkje røynda utan­for vin­dauga, det er røynda inne i media. Ting vert ikkje for­midla på ein måte som er rele­vant for folks sosiale og poli­tiske kvardag.

Igjen må me hugsa den meir emo­sjo­nelle rela­sjo­nen til men­neske av kjøt og blod, jour­na­lis­tik­kens ster­kaste iden­ti­tets­mes­sige fak­tor. Det går an å skilja mel­lom fleire for­mer for usunn mis­til­lit; ei sni­kande kjensle av at sam­fun­net ikkje fun­ge­rer som det bør, og at nett­opp desse folka har ein del av skulda for det.

Eigen­in­ter­esse. Mis­til­lit kan skul­dast arro­ganse, eigen­in­ter­esse eller ned­la­ten­heit. Slike dår­lege eigen­ska­par visar igjen i skrift og på TV, og ska­par eit kon­stant til­lits­pro­blem. Jour­na­lis­ten og pro­gram­leia­ren er flink fram­for kamera, og gjer seg til eit anker­feste for iden­ti­fi­ka­sjon og beund­ring. Men har han gjort seg for­tent til dét på bak­grunn av livet utan­for mediene? Tja. Enkelt­per­sonar blant jour­na­lis­tane har til dels lågt tru­verde og driv uhemma til­freds­stil­ling av sine eigne mate­ria­lis­tiske behov. Slapp åtferd gjev bor­ga­ren eit nega­tivt inn­trykk av jour­na­lis­tik­ken, og dét kan for­sterka ei vag opp­fat­ning av at andre trekk også er nega­tive. Då vert det ein vond spi­ral av dår­leg renommé for både per­son og institusjon.

Byrå­kra­tisk, verdi­blind pro­fe­sjo­na­li­tet. Jour­na­lis­tane sin sta­dig aukande pro­fe­sjo­na­li­tet gjer at ein heil gene­ra­sjon jour­na­lis­tar er sosia­li­serte inn i ei åtferd utan poli­tiske ideo­lo­giar, og utan andre ideal enn å laga gode pro­gram og gode artik­lar. Alle er sofis­tar! Denne prag­ma­tis­men vert følgt av ein funk­sjo­nær­men­ta­li­tet. Redak­sjo­nen kan verta sløva av det rutine­mes­sige i arbei­det sitt. Viss noko går gale, ligg ansva­ret hjå redak­tø­ren, som også har funk­sjo­nær­men­ta­li­tet og rap­por­te­rer vidare til eiga­rane, som for­kla­rer alt som ein nød­ven­dig kon­se­kvens av mark­nads­lo­gik­ken. I ver­ste fall appel­le­rer dei samla til ytrings­fri­do­men og ansva­ret som den fjerde stats­makta, og vat­nar ut for­hol­det til ideo­logi, poli­tikk og mark­nad. Der­som det ikkje er noko ret­ning, så er det hel­ler ikkje nokon grunn til å anta at funk­sjo­nen deira er posi­tiv for samfunnet.

Oli­garki. Det finst ein eks­klu­siv krets av folk som sty­rer dei insti­tu­sjo­nane som set dags­or­den, og dei beskyt­tar sine makt­mid­lar og for­sø­ker å utvida rek­kje­vidda si. Dette gjeld aksje­ei­ga­rar, styre­med­lem­mer, medie­råd­gi­va­rar, spin doc­tors, kjen­di­sar, reklame­folk, PR-folk og lob­by­is­tar. Alle desse yrkes­grup­pene er opne for over­gan­gar, og kar­rie­ren kan byrja på ein stad og slutta ein heilt annan stad. Det dei treng for å komma vidare er at media sin domi­nans i sam­fun­net vert opp­rett­hal­den, og man­gel på innsyn.

Kon­klu­sjon: Vêr vaktsam!
Rundt 65 pro­sent av folke­set­na­den i Noreg har ikkje til­lit til at jour­na­lis­tik­ken har ei sam­funns­nyt­tig rolle, og eg har for­søkt å tolka kva dette kan skul­dast. Eg har for­mu­lert ei hugse­liste over trekk ved jour­na­lis­tik­ken som bør møtast med kri­tisk til­lit, og nokre punkt som kan føra til uopp­ret­te­leg mistillit.

Bor­ga­ren er ikkje ein uskul­dig tredje­part i offent­leg­heita. Det er ei for­dømt plikt for bor­ga­ren å ha ei kon­struk­tiv til­nær­ming til makta frå media, og sjølv gjera sitt beste for at offent­leg­heita kan fun­gera godt. Der­som bor­ga­ren vert meir med­vi­ten på grun­nane til sin eigen skep­sis, kan dei nega­tive kjens­lene omset­jast til noko meir kon­struk­tivt, nem­leg ei kon­ti­nu­er­lig vur­de­ring av til­lits­ver­dig­heita til mediene. Det er berre du sjølv som kan iden­ti­fi­sera det som er sant og rele­vant. Ingen andre kan ten­kja for deg! Vêr vaktsam!

Lit­te­ra­tur­liste
Bis­gaard, Anders B. (2014) «Dinamo PR vur­de­rer nav­ne­end­ring», i Kam­panje 27. mai 2014.
Bjerke, Paul (2013) «Et for­svar for papir­avisa» i Klasse­kam­pen 10. mai 2013.
Enjol­ras, B., Karl­sen, R., Steen-Johnsen, K. og Wol­le­bæk, D. (2013) Liker – liker ikke. Sosiale medier, sam­funns­en­ga­sje­ment og offent­lig­het. Oslo: Cap­pe­len Damm Aka­de­misk.
Gid­dens, A. (1990) The Con­se­quen­ces of Moder­nity. Cam­bridge: Polity Press
Gri­men, Harald (2009) Hva er til­lit. Oslo: Uni­ver­si­tets­for­la­get.
Gri­men, Harald (2012) «Gode insti­tu­sjo­ners betyd­ning for til­lit», i Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Til­lit i Norge. Oslo: Res Pub­lica.
Har­din, Rus­sell (2006) Trust. Cam­bridge, UK: Polity Press.
Luh­mann, N. (1979) Trust and Power. New York: John Wiley.
Selig­man, A. B. (1997) The Pro­blem of Trust. Prin­ceton: Prin­ceton Uni­ver­sity Press.
Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Til­lit i Norge. Oslo: Res Pub­lica.
Wiese, Jason, Pat­rick Gage Kel­ley, Lor­rie Faith Cra­nor, Laura Dab­b­ish, Jason I. Hong, John Zim­mer­man (2011) Are you close with me? Are you nearby?: investi­ga­ting social groups, clo­se­ness, and wil­ling­ness to share. Ubi­comp 2011: 197–206.
Wol­le­bæk, Dag, Ber­jard Enjol­ras, Kari Steen-Johnsen og Guro Øde­gård (2012) «Til­lit i Norge etter 22. juli», i Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Til­lit i Norge. Oslo: Res Publica.