Til toppen

Internett er betre enn DAB


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


DAB vert ikkje brukt særleg av dei unge, og vil få ei sakte fallande lyttarkurve etter som dei eldste lyttarane døyr og få yngre kjem til.

Ole Jørgen Torvmark i Digitalradio Norge skriv i BT 23. september at Internett kan ikke erstatte DAB . «Internett er ikke et egnet alternativ til kringkasting, dersom man ønsker radio som et levedyktig massemedium i årene fremover». Han meiner at internett berre kan vera eit supplement, og ikkje verta hovudplattformen for radio.

DAB-utbygginga er fullført, så det er ikkje til å lura på kva løysing som vann. Dette var ei satsing som viser at mediepolitikken og radiobransjen vert styrt av dei same verdiane som då kringkastinga vart etablert på 1930-talet. Internett og mobiltelefoni vart parkert frå starten, og institusjonane hadde ikkje interesse for ei meir radikal fornying av radiomediet.

Ikkje kontakt med internett
Det største problemet med DAB, for brukarane om ikkje for bransjen, er at det ikkje er kontakt med internett. Den store floraen av interaksjon på sosiale media, bloggar og kommentarfelt vert dermed ikkje ein integrert del av radiomediet. Det skulle vore tvert imot. Hovudplattformen for radio skulle vore på internett, men naturlegvis med nasjonalt eigde sendarar, nettverk, wifi-anlegg, etc.

Problem nummer to er at DAB ikkje har nokon innebygd deltaking, sjølv om dette teknisk sett altså er fullt mogeleg. Utifrå allmennkringkastingsoppdraget burde ein ha streva etter ei langt meir radikal form for borgardeltaking i framtidas radio. Her bryt DAB-radio med dei mest elementære forventingar frå den demokratiske offentlegheita i vestlege samfunn.

Sist, men ikkje minst; statistikken viser at DAB ikkje vert brukt særleg av dei unge. DAB er eit ganske klumpete apparat som må brukast for seg sjølv, og det er ikkje særleg praktisk for ungdommar å ta med seg på bussen. Då er smart-telefonen suveren, med både streaming og podcasting; Spotify, YouTube og NRK på nett.

Fallande lyttarkurve
Men likevel har det vorte støypt, sveisa og lodda til saman 759 DAB-sendarar rundt omkring i Norge dei siste åra. Denne teknokratiske utbygginga har kosta skattebetalarane minst ein milliard i direkte teknologisk investering, for ikkje å snakka om pengane me alle brukar på å kjøpa oss DAB-mottakarar.

Dersom eg har rett i min innovasjonsanalyse vert DAB kanskje aldri brukt av fleire enn 50 % av folkesetnaden, og får ei sakte fallande lyttarkurve etter som dei eldste lyttarane døyr og få yngre kjem til.

Sjå tilsvar frå Ole JørgenTorvmark, Daglig leder, Digitalradio Norge «Brunost er bedre enn smør», i Bergens Tidende 27. september 2014.