Til toppen

Kanal 24 er ei lirekasse


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Arne Krumsvik står og sveivar. Ei lirekasse er utan rom for improvisasjon og individuelt talent, sidan alt jo er automatisert og basert på gjentaking. På Kanal 24 bryt musikken inn i talen og forstyrrer alle logiske samanhengar, og talen bryt inn i musikken og forstyrrer rytmen og flyten. Men ingen i Kanal 24 let seg merka med det, for det einaste som gjeld er å sveiva jevnt. For lyttarane derimot er den jevne duren svært lite stimulerande.

Kvifor feller eg slik ein streng dom over Kanal 24? Jo, fordi me snakkar om ei historisk hending som kunne fått stor gjenklang i norsk mediekultur. Dette er den fyrste etableringa av ein ny riksdekkande radiostasjon i Norge sidan 1993, og berre den andre frittståande (kommersielle) radioetableringa gjennom heile norgeshistora. Her låg det ei  stor moglegheit for utvikling og fornying av den nasjonale radiokulturen i alle fall i teorien.

Men denne moglegheita vart avskoren av Bondevik sitt kultur­departement heilt frå konsesjonsprosessen byrja. Inngangsbilletten vart sett til 90 millionar kroner slik at berre djupt kommersielle prosjekt hadde sjanse til å delta, og det var inga politisk interesse for andre finansieringsmodellar enn reklame. Då konsesjonen vart gitt til Kanal 4 og denne stasjonen raskt deretter vart kjøpt opp av TV2 var alle håp om fornying av medietilbodet eigentleg knust. Det skulle vere lirekasse, og lirekasse blei det.

Korleis skal lyttarar og mediefolk då bedømma den nye stasjonen? Skal me berre gløyma den store moglegheita for kreativ og gjennomslagskraftig radio som låg i kim her, og vera nøgde med lirekassa? Eg vil vurdera Kanal 24 utifrå kva type radiostasjon den burde ha blitt. Den burde ha blitt eit kommersielt flaggskip innafor radiobransjen, med ei landsdekkande sosial kontaktflate til det norske kvardagslivet, full av skildringar, diskusjonar og kritikk basert på omfattande bruk av innringing. Dette er ikkje i konflikt med reklamebasert finansiering, og ville ikkje trengt å marginalisera Kanal 24 i marknaden.

Er Kanal 24 i stand til å tolka og bearbeida livet til folk i Norge på ein relevant måte? Har stasjonen program og innslag som engasjerer lyttarane så sterkt at dei må revurdere sin eigen livsførsel, eller oppdagar noko verdifullt eller negativt i kvardagen sin som dei tidlegare ikkje hadde sett? Kan stasjonen gje trøyst til den einsomme og ei ny kjensle av sjølvrespekt til den resignerte. Svaret gir seg sjølv: nei!

Eit stusseleg Norge

Kanal 24 vil liksom ta oss med på det som skjer nær oss. Vi er fortsatt nysgjerrige på det som skjer der du bor, seier Marie Theisen. Lyttarane skal føla seg i begivenheitenes sentrum takka vere den entusiastiske programstaben og alle reportasjane og intervjua dei lagar.

I januar har eg arbeidd på eit universitet utanfor London, og latt Kanal 24 sin webradio vere mitt einaste kontaktpunkt med Norge. Eg har naturleg nok også lytta til britisk radio, og høyrt kva potensiale radiomediet har for å formidla livsførselen og hendingsrikdomen i mine nye omgjevnader. Lokalstasjonane LBC (London Broadcasting Company) og BBC London, ein reklamebasert og ein lisensbasert stasjon, stenger aldri tilgangen til det som skjer i samfunnet omkring. På dagtid spelar dei ikkje musikk i det heile tatt, dei brukar all tid på å diskutera og krangla om kommunale avgifter, den store snøstormen, fotball, trafikk-køane, skuleverket og tusen andre små og store ting. Lyttarane vert engasjert i ei imponerande mengd med fakta og meiningar om samfunnet dei lever i, og kan lett føla seg I kontakt med den britiske verkelegheit gjennom dette.

I Kanal 24 er det berre Nyhetspuls og debattprogrammet Fokus som presenterer den norske verkelegheita. Dei store nasjonale nyheitshendingane blir også blir rapportert på TV2, NRK og i avisene. Kanal 24 si nyheitsteneste virkar heilt OK, men det skulle jo også berre mangla når den er basert på TV2-systemet sine ressursar. Problemet er at det berre er Nyhetspuls og Fokus som formidlar samfunns- og kvardagslivet i Norge.

I dei lange programflatene om føre- og ettermiddagen går praten om Hollywood-film og andre nyheiter frå medie- og underholdingsverda, trendar blant kule folk, fascinerande reisemål langt borte alt det som er så spesielt og uvanleg at vanlege folk berre kan drøyma om det. Utlandet er det kulaste. For eksempel har eg i løpet av januar høyrt 8-10 reportasjar om livet i London, blant anna om eit restaurantkonsept som handlar om ikkje å ha lys på, men eg har berre høyrt ein reportasje frå Bergen.

Det er sjelden eller aldri folkelivsreportasjar på direkten. Ja, det verkar som Kanal 24 ikkje har utegåande reporterar i det heile tatt. I lys av konsesjonssøkanden sine vakre ord om å utnytta eit nettverk av lokalaviser til reportasjar frå heile Norge er dette ekstremt skuffande. Radiomediet sin kanskje beste ressurs vert ikkje brukt. Utegåande journalistar kan snusa opp det som skjer på kjøpesenteret, i skuleklassar, blant dugnadsgjengar og i allslags andre grupper av folk, pluss at dei sjølvsagt kan formidla dramatiske nyheitshendingar og spennande idrettsoppgjer. Slikt stoff er sjølve kjernen i ei seriøs oppfølgjing av samfunnslivet i ein region eller eit land.

Samanlikna både med LBC og BBC London men ikkje minst NRK P1 tek ikkje Kanal 24 seg av den kvardagslege verkelegheita i norske bygder og småbyar. Difor vert Norge veldig lite og stusseleg gjennom Kanal 24 sitt blikk. Det er ekstra trist å tenkja denne journalistiske fattigdommen når me veit at kanalen har valgt det bort bevisst, fordi det ikkje passar inn i lirekasse-strategien.

Autistiske programleiarar

Kanal 24 legg opp til å vera ein ven i livet ditt. Er det lett å identifisera seg med programleiarane? Korleis veks eg som menneske ved å vere med desse folka i mange timar? Kva inspirerer dei meg til å tenkja og gjera?

Eg beklagar å måtte seia det, men verbalinnslaga er like intetsigande som musikken. Programleiarene lirer av seg erketypiske setningar og vendingar i erketypiske tonefall. Her er det ingen truverdig intimitet, inga kjensle av at Lars Erik Mørk eller Brita Møystad Engseth har omsorg for meg, eller har investert noko av seg sjølv i programmet. Det er ingenting som står på spel. Eg må i rettferdigheitas namn ta forbehold om at eg ikkje har levd lenge med dei, og at dei har ikkje levd lenge med meg. Det er enno mykje å utforska i forholdet vårt, men det spørst kor lenge eg giddar å vera med dei.

Det er lite utviklingspotensial innafor dei rammene programleiarene på Kanal 24 har no, og liten grunn til å tru at vennskapen vil veksa seg sterk. For same kva dei snakkar om så må dei avslutta etter tre minutt, for då skal det spelast ein poplåt. Denne absurde avbrytinga av samtalar er eit generelt problem i radio, men ekstra problematisk i ein nyetablert kanal som burde sørga for å pleia kontakten med lyttarane sine.

Ingebjørg Aadland i Huset til Ingebjørg er for eksempel prega av dette. Ho har ei fin stemme og høyrest sjarmerande ut. Desto meir skuffande blir det når eg skjønar at ho ikkje snakkar til meg, men til formatet. Det er viktigare for henne å snakka passeleg lenge enn å fullføra eit resonnement slik at eg verkeleg forstår kva ho vil, og me kjem i ordentleg kontakt. Av og til snakkar ho nesten ikkje i det heile tatt. Når det kjem tre låtar på rekke og rad rett etter nyheitene kl. 13.00 får eg inntrykk av at Ingebjørg vil unngå å prata, at ho liksom vil utsetja møtet lengst mogleg.

Alle dagtidsprogramma er prega av denne autismen, og det er musikkformateringa som forårsakar den. Eg vil hevda at programleiarane ikkje søkjer ordentleg mellommenneskeleg kontakt, men berre har lært seg å leggja stemma i dei rette foldene passeleg lenge, mens dei bablar i veg om eit eller anna tilfeldig. Kanal 24 er grunnleggande prega av instrumentell og ikkje kommunikativ henvendelse. Stasjonen vil maksimera sin eigennytte (lyttartal) med pludring og popmusikk som verkemiddel, dei vil ikkje inngå i ein åpen og gjensidig forpliktande dialog med lyttarane.

Ingen lyttarkontakt

Kva var det så dei skulle ha gjort? Dei skulle hatt dristige programleiarar som klarte å overskrida lirekassepratinga, og kvart program skulle hatt ein redaksjon som kunne gjera ordentleg forarbeid omkring dei emna som vert tatt opp.

Det viktigaste av alt er at dei skulle hatt ei rekkje innringingsprogram med debatt og meiningsytringar om tema som lyttarane er interesserte i. Tenk på for eksempel på Tvert imot på P4, Det fikser P1 på NRK P1, og salige Hei! på 1970-talet. Slike program er ikkje automatisk gode, men dei viser i det minste at stasjonen har vilje til å gå i dialog med lyttarane sine. Den før nemnde LBC i London har åtte timar innringing kvar dag, medan Kanal 24 slik sendeskjemaet er no har null. Eg meiner det er alvorleg at Kanal 24 er så lite villig til å lata lyttarane koma på lufta. Det vitnar om forakt for eit stort demokratisk potensiale som radiomediet ber i seg på grunn av den tette koblinga med telefoni.

Rett nok les programleiarane opp ein og annan SMS eller epost på lufta, men det er berre korte svar på trivielle spørsmål som programleiaren har stilt like før. Slikt gjeld ikkje som ordentleg kommunikasjon. Ein dag leste Anders Hornslien for eksempel opp denne meldinga: NN skulle gjerne hørt Prima Vera Å fjerne brukne ribben, det er lett min venn. Men den har vi dessverre ikke så du får bare fortsette å høre på. Kva er det slags behandling av dei lyttarane han og kanalen hans er heilt avhengige av? Hornslien forsøker ikkje ein gong å vera imøtekommande, og tenkjer ikkje over at ved å avvisa lyttaren offentleg viser han fram Kanal 24 sin totale mangel på følsomheit. Det vert som å seia Ha-ha, sjølvsagt gjer me ikkje som du vil!. Forøvrig burde dei sjølvsagt hatt den aktuelle Prima Vera-songen i arkivet, men fordi lirekassa berre inneheld listepop og utvalgte evergreens er det utenkeleg.
Politikarane har skulda

Kanal 24 levandegjer regjeringas mediepolitikk. Den er heilt utan visjonar og går på autopilot, og difor står Kanal 24 og andre nyetableringar i mediebransjen fritt til å vera visjonslause og automatiserte. Min konklusjon er enkel: Kanal 24 spelar absolutt inga rolle i livet mitt, og det er Regjeringa si skuld. Og med TV2-systemet som fremste premissleverandør for framtida er det liten grunn til å tru at Kanal 24 vil endra på profilen.

Sjølv om Norge hadde kringkastingsmonopol i femti år betyr ikkje det at me no må ha femti år med den villaste liberalisme. Medieverksemder treng ikkje bli til lirekasser berre fordi dei ikkje lenger er offisielle ideologiprodusentar med sugerøyr ned i statskassa. Det går for eksempel an for myndigheitene å peika ute visse funksjonar for ein gitt stasjon utan dei dermed begrensar ytringsfridomen. Det KrF-dominerte kulturdepartementet har ikkje skjønt dette, eller dei torer ikkje å iverksetja ein sterkare politikk pga. det skjøre regjeringssamarbeidet med Høgre.

Det vart inga fornying av det norske radiolandskapet i denne omgangen, ingen gnist som kunne skapa kreative biverknader i andre medier. Kulturdepartementet er godt nøgd etter å ha servert ein av dei største nedturane i nyare norsk mediehistorie. No spørst det berre kor lenge Arne Krumsvik klarar å sveiva før han får senestrekk.