Til toppen

Journalistikk for smartklokker


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .


Studentar ved UiB har laga prototypar på nye medier for Samsung smartklokke og bluetooth-høyretelefonar. Korte videofilmar viser korleis dei er meint å fungera.

I januar byrja det elleve studentar på kurset Journalistiske mobilapplikasjonar. Dette kurset er utviklingsorientert, med samarbeid i tre grupper. Studentane fekk i oppdrag å laga eit journalistisk lydmedium for smartklokker, der brukarane høyrer i høyretelefonar. For at teknologiane skulle verta forståelege for den norske offentlegheita var det krav om at kvar gruppe laga ein “pitch-video” om prototypen sin.

Men fyrst litt bakgrunn. Journalistikk og teknologi er tett samanbunde, og er mykje interessant teknologiutforsking i norsk og internasjonal journalistikk for tida. Droner med kamera kan brukast med stor presisjon i videojournalistikk, og kunstig tale vert aukande grad brukt i radiojournalistikk. Smartklokka ser ut til å kunna verta ein stor ting. Apple har lansert AppleWatch, og frå før er det mogeleg å laga appar for Samsung Gear. Universitetet i Bergen vil difor testa ut klokke-teknologien i våre faglege samanhengar. Dette er eit langsiktig prosjekt som eg også skreiv om i innlegget «Mediedesign langs bybanen».

Kva er beste bruksområde for journalistikk gjennom smartklokker? Utifrå artiklar ein kan lesa på nettet virkar det som alle er samde om at folk skal lesa nyheiter på skjermen til ei klokke. Frå vår synsstad verkar det mykje meir naturleg å legga opp til at ein lyttar til nyheiter i høyretelefonar. Bluetooth-overføring gjer brukaren fri frå ledningar såvel som skjermbruk, og klokka kan vera ein enkel fjernkontroll for å styra lyden.

Testing av prototypar

Applikasjonen på smartklokka kan tenkjast som eit “medium”, der det er ein redaksjonell profil og der ein høyrer nyheiter, reportasjar og musikk, modifisert utifrå den umiddelbare konteksten som smarttelefonen kan fanga opp med sensorar og algoritmar. Dette kan i mangel av betre ord kallast wearable, lokasjonssensitive lydmedier med “touchless” interaksjon.

Studentane fekk i oppdrag å programmera eit funksjonelt medium for smartklokke, og produsera innhald til ei brukaroppleving på ca. 30-45 minutt. Noko av innhaldet er redaksjonelt, dvs. laga originalt av medarbeidarane i prosjektet (introar, nyheiter og reportasje), og noko av det er kuratert, dvs. samla inn og organisert av medarbeidarane, men laga av andre (innspelt musikk, lydopptak, etc).

Som sagt lagde kvar gruppe ein “pitch-video” der dei forklarer konseptet. Dei varer 1-2 minutt og er ein kombinasjon av PR-video og instruksjonsmanual. Her har studentane lagt ned eit godt pedagogisk arbeid, og det er all grunn til å sjå dei. Fyrste gruppe leverte “Flyby”.

Flyby

Flyby er eit medium som informerer flypassasjerar om områda dei flyr over. Målgruppa er passasjerar på alle slags flyruter, men appen er så langt utvikla for strekninga Bergen og Oslo. Den startar når brukaren kjem inn i flyet. FlyBy-opplevinga består av ei avslappande og behageleg speleliste, og opplest informasjon om utvalte stader som h*n flyr over. Kartsimulator viser kor flyet er på det noverande tidspunktet. Slagordet er “Ikke fly forbi”.

Hørbart

Andre gruppe leverte “Hørbart”.

Hørbart er eit medium som informerer brukaren om aktuelle konsertar i Bergen med musikk og intervju. Den gjev ei god og enkel oversikt over konsertane i Bergen innafor ein sjølvvalgt periode, og er meint for lokale folk, musikkinteresserte turistar eller til dømes publikum under Festspela. Du kan oppdaga framtidige konsertar når du går gjennom Bergens gater.

Studybuddy

Tredje gruppe leverte “Studybuddy”.

Studybuddy er eit medium som hjelper studentar å halda fokus når dei må arbeida konsentrert på lesesalen. Målgruppa er studentar som vil lesa konsentrert, til dømes under eksamensinnspurten. Spelelister med musikk og naturlydar er laga spesielt for å støtta opp under konsentrert lesing og skriving. Slagordet er “Studybuddy: du har alltid en venn på lesesalen”.

Vegen vidare

No er semesteret slutt, og prototypane er levert inn som eksamensoppgåver. Dersom studentane ynskjer å vidareutvikla prosjekta står dei fritt. Vilkåra ligg dessutan til rette for eit kvalitativt forskingsprosjekt der dei tre prototypane vert testa på frivillige brukarar i målgruppene. Då ville me lært meir om kva som fungerer og ikkje fungerer. I januar 2016 byrjar eit nytt kull med studentar på det same kurset, og då vidarefører me dette teknologiske fokuset på journalistikk.

Studentar

FlyBy: Veronica Hansen, Simen Madsen, Tom Strømø, Martin Torvund.
Hørbar: Elisabeth Vøllo Brennum, Gøran Slettemark, Kari-Anne Børve, Øystein Kvalheim.
StudyBuddy: Lars Eirik Holte, Aleksander Tonheim, Øyvind Tveit.

Lærarar

Kursleiar: Lars Nyre.
Programmering og design: Tor Gjøsæter.
Lyddesign: August Sandberg.
Spelelister: Anna Ofstad.
Faglege konsulentar: Bjørnar Tessem, Jon Hoem, Astrid Gynnild og Jørgen Lyngvær.