Til toppen

Velkommen til NMT Intranett


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Redaksjonen i Norsk medietidsskrift lanserer stolt vårt nye NMT Intranett. NMT Intranett er eit verktøy for å senda inn manuskript og fagfellevurderingar, og for å følgja arbeidsprosessen frå fyrsteutkast til trykkeferdig artikkel. Vårt system er utvikla av medievitar Ana Laws i rammeverket Open Journal Systems, og kan finnast på www.nmt-intranett.org.

NMT Intranett gjer at artikkelkvaliteten kan bli betre enn nokonsinne. Fagfellevurderinga er viktig for truverdet til både tidsskriftet, forfattaren og fagfellene. Alle har noko å tapa på uhederleg, inhabil, vrangvillig åtferd. Heller ikkje redaktøren kan overprøva fagfellene, og den redaksjonelle styringa av artikkelpublisering er i realiteten delegert til fagmiljøet. Ein formalisert og strengt regulert prosess er avgjerande for å sikra nøytralitet.

Me har formalisert dei viktigaste stega i artikkelbehandlinga etter mønster av New Media and Society og andre tidsskrift som brukar Manuscript Central. Her vil eg beskriva den formaliserte prosessen i detalj, slik at alle våre lesarar ser kva me forpliktar oss på for å sikra høg kvalitet i publiseringa av vitskaplege artiklar.

Redaksjonen i NMT tek i veldig liten grad initiativ til at forfattarar skal senda inn manuskript. Me er eit ‘postkassetidsskrift’, og arbeider med tekstar som kjem inn på fritt initiativ.

Eit nyinnkome manuskript (manus 1) vert fyrst lest og vurdert av redaksjonen. Dersom manuset vert oppfatta som relevant for tidsskriftet, så vert ein av redaksjonsmedlemmene oppnemnt som ansvarleg. Det kan også henda at redaksjonen refuserer manuskriptet, til dømes hvis det eigentleg tilhøyrer eit anna fagområde, hvis det har tydeleg låg kvalitet, eller hvis me nyleg har publisert ein artikkel på same område. Manus 1 må vera fullstendig anonymisert før prosessen kan gå i gang, og det er særleg viktig å fjerna referansar til forfattarens eigne verk.

Andre runde dreier seg om å forbetra manus 1 ved hjelp av konstruktiv kritikk frå fagmiljøet. Den ansvarlege redaksjonsmedlemmen er sjølv ekspert på området (breitt definert), og brukar sitt nettverk til å skaffa to relevante fagfeller frå det norske og internasjonale fagmiljøet til å vurdera manuskriptet. Fagfellene og forfattaren vil vera anonyme for kvarandre gjennom heile prosessen. Andre medlemmer i redaksjonen er ofte involvert i diskusjonen av kven som bør vera fagfelle. Fagfellene får tilsendt eit skjema med avkryssingsboksar og fem viktige spørsmål som skal besvarast i fritekst. Når redaksjonen mottek vurderingane, ser me om teksten må refuserast. Ved to refusjonsanbefalingar har ikkje redaksjonen noko valg. Dersom me får ein anbefaling og ein refusjon må redaksjonen gjera ei eiga vurdering. I alle høve skriv den artikkelansvarlege ei samla tilbakemelding som vert sendt til forfattaren. Dersom tilbakemeldigna er positiv kan forfattaren levera inn ein ny versjon etter å ha lest og forholdt seg til detaljane i tilbakemeldinga, og leverer eventuelt også eit følgjebrev som forklarer kva som er forbetra og kva som ikkje er gjort noko med. Det nye manuskriptet kallar me manus 2.

I tredje runde går den ansvarlege gjennom manus 2 for å forsikra seg om at endringane frå forfattaren er tilfredsstillande, og at det er ei viss grad av popularisering i tittel og ingress. Dersom endringane er utilfredsstillande kan manuskriptet refuserast, men dette skjer svært sjeldan. Redaksjonen sender epost til forfattaren med innspel til den siste finpussen. Når forfattaren sender den nye versjonen tilbake er den redaksjonelle prosessen fullført, og manus 3 blir sendt til Universitetsforlaget for stiling, korrektur og publisering.

Sjølv om systemet kan høyrast firkanta ut, så er vår viktigaste målsetjing djupt kommunikativ. Me ynskjer å skapa best mogeleg fagleg samhandling mellom dei involverte, slik at den ferdige artikkelen blir teoretisk skarpare og empirisk meir etterretteleg enn den ellers ville blitt. På sitt beste er fagfelleprosessen eit vakkert syn. Eg kjem aldri til å gløyma den gongen me fekk takkebrev frå forfattaren av eit refusert manuskript. Han syntest grunngjevinga var så solid og overtydande at han overbrakte si høflege takk for innsatsen. Slik fagleg kommunikasjon kan ikkje datasystemet laga for oss, det må me gjera sjølve gjennom god gammaldags kompetanse, arbeidsinnsats og gjensidig respekt.