Til toppen

Er Twitter viktig? Svaret er nei


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , sjangeren er og publikasjonsåret er .

caruso

Dette var jo ein spoiler. Men eg er typecasta som ein skurk her i kveld, og då kan eg like gjerne vidareføra min kritiske analyse av Twitter. Nedrakking er jo mykje artigare enn avbalansert fornuft.

Twitter er altså ikkje viktig, hevdar eg. Etter det fyrste innlegget i Bergens Tidende vart det debatt på nettsidene. Signaturen KES krev at eg definerer kva ’viktig’ er før debatten fortset, og det vil eg gjerne gjera. KES stiller nemleg eit godt spørsmål: ”Skal nemninga «viktig” relaterast til samfunnet – eller skal den relaterast til det einskilde individet? I det siste tilfelle kan både Twitter og Facebook vera av stor tyding for mange; av di det er noko som spelar ei stor rolle i deira daglege liv».

Ja, i denne personlege betydningen så er Twitter viktig for folk, kanskje for så mange som  50.000 nordmenn. Men eg tilsluttar meg den andre muligheita, at nemninga ”viktig” heller skal relaterast til samfunnet. Etter mitt syn er Twitter som det meste anna i livet eit politisk fenomen, og må målast utifrå politiske verdisyn. Ikkje minst må me vera opne for muligheita av at Twittermediet på ein ganske direkte måte styrkar visse kommunikasjonsformer og svekkar andre. Dette er det viktig å finna ut av.

Lat meg byrja med mitt verdisyn: Eg trur sosialdemokrati er den beste politiske styreforma. Den sikrar flest mogleg menneske innanfor ein stat eit best mogeleg liv, og det politiske systemet er innretta på å maksimera god helse, utdanning, pensjonsrettar, etc for alle innbyggarane. Dei høge toppane av rikdom og suksess blir borte, men dét blir også dei djupe botnane av fattigdom og elendigheit. Eg meiner at også den offentlege kommunikasjonen bør vera basert på det sosialdemokratiske likheitsprinsippet, slik at alle borgarane har gode sjansar for å kunna uttala seg og bli høyrt av mange. Dersom Twitter kan bidra til å styrka denne typen kommunikasjon, så er det utvilsom eit viktig medium. Men då måtte Twitter vera eit ekte amatørmedium, i bruk blant fleire millionar nordmenn, med den konsekvensen at alle borgarane fekk større sosial kontaktflate og politisk gjennomslagskraft. Og makta måtte minska hjå dei som har urimeleg mykje av den. Men eg høyrer kva munnen min seier. Dette er for idealistisk, og eg er ein akademikar av den realistiske typen.

Twitter må definerast som medium. Dette er noko ganske anna enn radiobølgjer på FM-båndet. Sosiale medier kan utnytta alle slags koblingsmuligheitar på internett, med alt frå ein til ein kommunikasjon til massemeldingar til millionarvis av brukarar. Samanlikna med dei stabile og forutsigbare signala frå fjelltoppane og stablane med laussalgsaviser i kioskane så er den datadrivne ”sosiale offentlegheita” midlertidig og ustabil, og oppstår ofte på ad-hoc basis. Dette er eit strukturelt trekk som neppe vil forsvinna sjølv om det skulle bli langt fleire brukarar.

Twitteroffentlegheita har eit endå viktigare strukturelt trekk, nemleg at den består av ein straum av meldingar som er forskjellig for kvar brukar. Det er (minst) to måtar å filtrera fram ei slik offentlegheit på: 1) fokus på saker og stikkord som brukaren kan  søka etter ved hjelp av hashtags (firkanttast), og då får du fram alle meldingar som er knytt til det aktuelle stikkordet. 2) fokus på personar som du kan følgja, basert på vennskap og kjennskap og berømmelse. Desse to måtane å laga offentlegheiter på kryssar kvarandre på ulike vis, men i alle høve ligg kontrollen hjå brukaren.

I denne straumen kan alle brukarane publisera og få respons på sine meldingar. Brukaren skapar si eiga, custom-made offentlegheit blant venner, kollegarer og kjente namn. Twitter er altså ei svært individualisert offentlegheit, og dét passar ikkje så godt med det sosialdemokratiske verdisynet.

Twitter vert kontrollert av eit profittorientert amerikansk selskap, og det er meir pengar å tena med tenester som er individualiserande og privatlivsorienterte enn tenester som er kollektiviserande og verdiorienterte. Dersom Twitter berre hjelper brukarane til å verta endå flinkare til å vera seg sjølv, har det liten samfunnsverdi sjølv om det har stor marknadsverdi. Me har dusinvis av sosiale medietenester å velja mellom, og Twitter er berre eit blant mange. Dei fleste er maks tre år gamle og vart starta i USA.

Men eg skal gje ein innrømmelse. Twitter viktig, enno. I dette vesle ordet ’enno’ ligg det eit stort positivt forbehold frå mi side. Det er jo tenkjeleg at Twitter blir eit ekte amatørmedium, i bruk blant fleire millionar nordmenn, med større sosial kontaktflate og politisk gjennomslagskraft for alle.

For det er jo mange gode ting med Twitter. Twitter blir brukt av velinformerte, debattivrige og kunnskapstørste menneske. » Marius Johannessen skriv «Facebook er kanskje ikke det beste stedet å drive politisk debatt, men det er et velegnet sted å promotere de stedene som er det». Her dreier det seg om å gje anbefalingar og gje respons på dei.  Erlend F. påpeikar verdien av å få anbefalingar frå andre folk. «Hadde det ikke vært for Twitter hadde jeg aldri lest dette innlegget». Virrum seier det same på ein spydig måte: «Jeg hadde heller aldri lest dette innlegget om det ikke var for twitter, så jeg er enig i at det spres mye unyttig der også ;)”

Twitter ser ut til å ta brodden av journalistane og massemediene sin kontroll over dagsorden. Andreas Ringdal har tru på at Twitter kan skapa ei meir direkte publisering.»Det er endelig et sted man kan stå frem uten å bruke timesvis på å skrive leserinnlegg som må forhåndsredigeres og sensureres før de kommer på trykk. Dette har vært forbeholdt kultureliten, twitter, youtube og facebook er ikke forbeholdt eliten. det er for grasroten». Det er lett å sjå Twitter sitt positive bidrag til å gjera informasjonssamfunnet i Norge meir egalitært. Mange lektorar, kulturarbeidearar og akademikarar publiserer ein aforisme rundt klokka ni om kvelden, og kanskje slår den an og me småhumrar litt i vår mikrooffentlegheit.

Med all denne publiseringa følgjer det også ein del posering. Folk er jammen flinke til å vera kunnskapsrike og oppdaterte. Kampen om å vita mest hardnar til med dei sosiale mediene. Viss du følgjer med på Twitter kan du få raskare oppdatering på opprøret i Iran enn nokon andre, eller du kan involvera deg i kritikk av Synnøve Svabø si kommentering frå Moskva mens ho enno driv og kommenterer. Du får den gode følelsen av å ha mange minuttars forsprang på dine medmenneske. Denne nyheitsjakta er verken det viktigaste eller mest betydningslause du gjer i løpet av ein dag.

Bård Erik skriv at sosiale medier må definerast som ein hobby. Medan bønder kanskje har som hobby å saga med motorsag, har journalistar som hobby å skriva på Facebook og Twitter. Sitat frå Bård Erik: «Det er fullstendig latterlig at folk bruker så mye tid på dette i jobbsammenheng. Her burde BT som allerede svinger spareøksen ta en titt på hvordan de ansatte bruker tid på hobbyen sin i arbeidstiden». Pedro skriv: «Er dritlei av journalister som hele dagen sitter på kontoret og surfer på Facebook/Twitter, og skriver om det i avisen etterpå. Utrolig irrelevant lesning for de aller fleste!».

fr.martinsen påpeikar at den politiske effekten av sosiale medier er svak: «Det er omtrent som å slå av lyset en lørdagskveld sammen med noen andre eller sette et telys i vinduet for fred». Dette kan lett koblast til identitetspleien. Sosiale nettverksmedier skapar inntrykk av at folk er politisk engasjerte, og gjev folk ei god kjense av å ha gjort noko viktig. Men vedtak som aldri blir fatta og debattar som aldri tek slutt fører vel ikkje til noko spesielt viktig?

Mitt kjernepoeng er at Twitter ikkje er viktig, enno. Kva skal til for at eit slikt medium faktisk skal utgjera ein politisk forskjell? Eg har i hvert fall ikkje tru på den utviklinga som er no. Både Twitter og Facebook er amerikansk-eigde profittsøkande firma, som har kommersialiseringsplanane klare for kvar einaste ’app’ dei lanserer. Hugs også kor store mengder med personinformasjon dei lagrar og brukar til reklame. Det er ingen grunn til å tru at dei vil organisera desse mediene til offentlegheitas og demokratiets beste. Det vil i så fall berre skje viss deira kommersielle interesser tilfeldigvis overlappar med offentlege interesser.

Slik sett kan eg gjerne tolkast som ein talsmann for ei antikapitalistisk organisering av sosiale medier, der fokuset ligg på å finna ei rettferdig fordeling av kommunikasjonsmidlane og samtidig gjera det attraktivt å bedriva denne typen kommunikasjon. Tenk viss sosiale medier hadde klart å gjera kommunepolitikk engasjerande for folk flest. Det ville jo vore eit mirakel i moderne politikk.

Men det gjeld å vera streng når ein håpar det beste. Det er ingenting det norske samfunnet treng meir enn god kommunikasjon, men eg synest ikkje Twitter framstår som ei forbetring. Det er utruleg mange andre måter ein også kunne ha organisert kommunikasjonen på. Mange gode løysingar er ikkje prøvd ut ordentleg, og eg ikkje opphøga nokon av dei nye mediene til ein spesiell status før om mange år enno. Og Twitter ville ikkje vore fyrstekandidaten sjøl om eg skulle gjort det no.

Takk!