Til toppen

Vinter og kaldt i norsk journalistikk


Denne teksten vart fyrst publisert i . Emnet er , , sjangeren er og publikasjonsåret er .


I januar besøkte eg ti norske redaksjonar på ei veke, og fekk eit lynkurs i framtidsangst.

Både fors­ka­rar og jour­na­lis­tar stre­var med å for­stå kva som skjer med jour­na­lis­tik­ken som pro­fe­sjon i vår tid. Net­tet har blitt ein vik­tig pub­li­se­rings­ka­nal, men sjølv om alle mediene bru­kar store pen­gar på å vera jour­na­lis­tisk til sta­des på net­tet, så er det berre VG Nett som tener pen­gar på det. Sam­ti­dig går opp­la­get ned og svek­kar øko­no­mien frå eit anna hald. Sjølv om denne pro­ses­sen har halde på i 15 år og svekka pressa som pro­fe­sjon så finst det enno inga løy­sing i sikte.

Illustrasjon: Håvard Legreid
Illustrasjon: Håvard Legreid

Eg er ansvar­leg for prak­sis­ut­plas­se­ringa på jour­na­lis­tikk­stu­diet ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen. Om vin­te­ren dreg eg på besøk til stu­den­tane, og ser aka­de­mia klaska saman med den råbarske kvar­da­gen i norske redak­sjo­nar. Stu­den­tane er i snitt 23 år, og dei har eit mykje rei­nare og meir kom­pro­miss­laust ideal om jour­na­lis­tikk enn ring­re­ven med tjue års erfa­ring. Her ligg det eit håp for fram­tida. Om tjue år er det årets prak­sis­stu­den­tar som sty­rer norsk jour­na­lis­tikk, mens dagens duk­sar er over mid­dags­høgda, og kan­skje end­rar jour­na­lis­tik­ken og bru­kar­åt­ferda seg slik at denne kom­mu­ni­ka­sjons­forma blir meir berekraftig.

Mån­dag 25. januar var eg på inn­sida av kys­ten. Ber­gen­sa­rane har inn­sett at dei no bur i snø­byen og ikkje regn­byen; men har fram­leis rekor­den i fuk­tig­heit. Ber­gens Tidende er prega av eit stille alvor, og det har opp­stått ein for­skjell på dei med­ar­bei­da­rane som er trygt inna­for, og dei som står utan­for og vil innatt. Heile Media­Norge ned­ska­le­rer, og mange jour­na­lis­tar har måtta finna seg noko nytt å gjera sidan krisa sette inn i 2008. Uni­ver­si­te­tets stu­den­tar føler også dette pres­set, og veit alt­for godt at dei skal snart vera den sva­kaste par­ten i medie­mark­na­den. Men stu­den­tane står i alle fall på for fullt, og etter berre ei vekes tid i prak­sis fekk våre stu­den­tar i Ber­gens Tidende kjempe­opp­slag i nyheits­de­len og kulturdelen.

Mange jour­na­lis­tar har måtta finna seg noko nytt å gjera sidan krisa sette inn.

Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen yns­kjer at prak­si­sen skal vera så fag­leg lære­rik som moge­leg. Fad­de­rane i medie­husa er godt klar over at stu­den­tane må få rike­leg merk­semd i arbei­det med sakene, men pga. den harde ned­be­man­ninga var dette vans­ke­leg å få til i 2010. Talet på prak­sis­plas­sar vart skjært ned i lag med alt det andre.

På tys­da­gen var eg ute på sjøen med Hauge­sund som neste havn. Iskalde døn­nin­gar akkom­pag­nerte Tyr­ving over Sletta, og sjølv om ei av dei største nyheits­sa­kene det siste tiåret har ført til at fleire tek bus­sen, var veret såpass fint at det ville vera para­noid å tru at me ville for­lisa før Haugesund.

Eg var på besøk i Hauge­sunds Avis, som er eigd av Edda Media*. Redak­sjo­nen mer­kar at arbeids­pres­set aukar, og dei kunne ikkje ta imot så mange stu­den­tar som før. Vår stu­dent kjem opp­rin­ne­leg frå Hauge­sund, og hadde hel­dig­vis kome godt inn i det jour­na­lis­tiske arbeidet.

Då Tyr­ving drog vidare til Stav­an­ger hadde eg spist ein betre mid­dag på M, og ferda gjekk forbi Kvitsøy, der for­ret­nings­folka sine nye ferie­hus ska­par større merk­semd enn dei gamle mas­tene til kort­bølge­sen­da­ren. Då eg stod opp ons­dag mor­gon slo reg­net mot vin­dau­get. Toar­bus­sen frå Tas­ta­rusta til sen­trum var full av jen­ter som aldri kjem til å kjøpa papir­avi­ser, og då alle gjekk av i samla flokk ved ein vidare­gå­ande skule tenkte eg at dei ikkje viser nokon teikn på å vera dumme av den grunn.

I fjor var det fullt av folk i det avanserte mediehu¬set til Stavanger Aftenblad, men i år var det glissent. Eg fekk ei sterk kjensle av krisetid. (foto: Lars Nyre)
I fjor var det fullt av folk i det avanserte mediehu¬set til Stavanger Aftenblad, men i år var det glissent. Eg fekk ei sterk kjensle av krisetid. (foto: Lars Nyre)

Stav­an­ger Aften­blad har over hundre års his­to­rie som eit domi­ne­rande avis­hus. Eg spring inn frå stri­reg­net til det kjempe­store nye huset deira. Det er omtrent tomt. I fjor vrimla det av skule­ung­dom i det inter­ak­tive lærings­rom­met ”Dead­line”, og det var jour­na­lis­tar ved alle pul­tane i redak­sjo­nen. No skal ein heil eta­sje lei­gast ut til eit olje­sel­skap. Dette lærte eg frå sen­tral­bord­dama, og eg lærer ofte meir frå damene i kulis­sane enn men­nene i sen­trum. Som i Ber­gens Tidende er det Media­Norge som rår, og ned­be­man­ninga har vore dra­ma­tisk. Tor­geir Vøl­stad er ansvar­leg for vår stu­dent, og han seier at det tek på humø­ret å ha tre run­dar med ned­be­man­ning på eitt år. Men ver­di­ane og insti­tu­sjo­nane som avisa har dyrka i hundre år står like sterkt som før, og dét er vik­tig for han. Hel­dig­vis går sam­ta­len ved kaffi­ma­skina like friskt som i fjor.

Vår stu­dent kjem opp­rin­ne­leg frå Stav­an­ger, og lokal til­knyt­ning er all­tid ein for­del for uer­farne jour­na­lis­tar fordi dei då har let­tare for å få idear og skaffa kjel­der. Stu­den­ten vart plas­sert i Nærings­sek­sjo­nen, og det var nok mykje pga. stu­diene på Han­dels­høg­sku­len, som gjer at han er flink å rekna seg gjen­nom øko­no­miske dokument.

På tors­da­gen drog eg langs lande­veg E39 frå Ber­gen til Førde, og mora meg med GPSen på mobi­len. Vest­lands­eks­pres­sen er eit krong­lete fram­komst­mid­del, men livs­vik­tig for alle som bur og arbei­der i Sogn. Rett før bus­sen byrja å klatra ned dei islagte svin­gane til Førde­byen kom det eit glimt av sol inn vindauget.

Eg var i fly­plass­hel­ve­tet, der alle ser rett fram og halv­søv seg gjen­nom lufta

Firda er eit solid lite medie­hus, kon­trol­lert av A-pressen men med sterk lokal for­ank­ring. På mange måtar er Firda eit digi­talt fyr­tårn i fjord-Norge, blant anna har dei web­si­der også for mobi­len, noko som er ganske avan­sert for ei lokal­avis. Men vår stu­dent skriv mest for papir­avisa. Han er opp­vak­sen i Førde, og har såleis fått ein nes­ten per­fekt praksisplass.

Lokal­avi­ser har enno sta­bile opp­lag på papir, og er langt på veg vin­na­ren i avis­bran­sjen. Men lokal­avi­sene bør like­vel satsa meir på nett, seier Arild Nybø. Han jobba tid­le­gare i Firda, og driv no sitt eige kom­mu­ni­ka­sjons­firma med Sogn og Vest­lan­det som vik­ti­gaste aktivitetsområde.

— Lokal­avi­sene har ein stor for­del ved at dei dek­kjer område som ingen andre inter­es­se­rer seg for, og dette hyper­lo­kale foku­set er deira største styrke også på nett, seier han. Men ingen av prak­sis­stu­den­tane har ynskt seg til nett­avi­ser, og Nybø har eit godt for­slag til forklaring.

— Ingen vil for­lata trygg­heita hjå dei tra­di­sjo­nelle avis­husa for den galne halv­bro­ren på inter­nett. Nett­jour­na­lis­tikk er på mange måtar vans­ke­le­gare, for eksem­pel ved at du må jobba mot ei kon­ti­nu­er­leg dead­line der det aldri er pause, og laga tit­lar, ingres­sar, velja ut bilete og bilet­teks­tar, og gjerne sit heilt åleine på vakt. Dei fleste avgjers­ler vert tatt utan sik­ker­heits­net­tet som redak­tø­ren utgjer, og du må spørja om til­gi­velse og ikkje til­la­telse. Desse nett­ori­en­terte fer­dig­hei­tane bør stu­den­tane læra i løpet av utdan­ninga. Uni­ver­si­te­tet må laga ei utdan­ning som pas­sar til net­tet, seier Nybø.

Sam­ta­len med Arild Nybø blei ganske kort, for eg måtte springa til fly­bus­sen. På Bringe­land byr­jar ei tem­pe­rert sluse av trans­port som tok meg over den nes­ten snø­frie Jotun­hei­men til Gar­der­moen. Eg var i fly­plass­hel­ve­tet, der alle ser rett fram og halv­søv seg gjen­nom lufta ista­den­for å sjå på utsik­ten. Kl. 17.30 gjekk eg av Fly­to­get berre femti meter frå Aften­pos­ten sitt sky­skra­par­til­vere i Postgirobygget.

Desse folka kjem til å klora seg fast i bran­sjen med alle middel

På Sen­tral­sta­sjo­nen var det eit pul­se­rande liv både over og under bak­ken, og kor­kje Ber­gen eller Stav­an­ger er i nær­lei­ken av å ha det same men­nesketrøk­ket. Oslo er den største byen i Norge også i jour­na­lis­tisk for­stand. Her er alle mediene digi­tale fyr­tårn, bort­sett frå Klasse­kam­pen og Mor­gen­bla­det. Dei har ei kom­pro­miss­laus sat­sing på papir­avis, og bru­kar berre små­pen­gar på net­tet. Dette kan vera fram­tida for nisje­avi­ser, men det er ikkje fram­tida for den all­menne jour­na­lis­tiske offentlegheita.

Aften­pos­ten er det største hju­let i MediaNorge-maskineriet. Uni­ver­si­te­tets stu­dent kjem opp­rin­ne­leg frå Oslo og har den same for­de­len som våre stu­den­tar i Hauge­sund, Stav­an­ger og Firda. Ho skriv mest lokal­jour­na­lis­tikk i AftenAf­ten, og får godt skuss­mål frå sine føresette.

I denne store medie­be­drifta fann eg til mi over­ras­king ei reso­lutt papir­sat­sing på hyper­lo­kal jour­na­lis­tikk. Kvar ons­dag kjem bydels­avisa ut, og den har ulikt inn­hald i minst seks sek­sjo­nar som dek­kjer Sen­trum, Ullern/Aker, Oslo Øst og så vidare. Lesa­rane er vel­dig enga­sjert i denne typen jour­na­lis­tikk, og eg trur den er liv laga same kva platt­form den blir dis­tri­bu­ert på.

Fem minutts spa­sér­tur forbi Plaza Hotel og Akers­elva fann eg Klasse­kam­pens redak­sjon i nye lokale. På Grøn­land er det høgt trykk både ute i gata der ørten nasjo­na­li­te­tar vand­rar saman, og inne i redak­sjo­nen der det er dead­line om tjue minutt. Klasse­kam­pen står for eit radi­kalt poli­tisk og øko­no­misk sjølv­stende, og avisa står på mange måtar utan­for den jour­na­lis­tiske hovud­linja i Norge. At avisa sam­stun­des over­le­ver på stats­støtte er eit av mange para­doks i sosial­de­mo­kra­tiet Norge. I Klasse­kam­pen er ideo­lo­gisk til­høy­rig­heit vik­ti­gare enn geo­gra­fisk, og sidan vår stu­dent er med i SV si bystyre­gruppe i Ber­gen pas­sar han per­fekt inn.

Så var eg fer­dig med inspek­sjo­nen, og er i hvert fall ikkje redd for stu­den­tane si fag­lege opp­læ­ring. Alle medie­husa eg besøkte tok godt vare på stu­den­tane, og gav dei ordent­lege opp­drag og til dels store oppslag.

Jour­na­lis­tik­kens største fram­tids­pro­blem: det dår­lege renom­méet til nettjournalistikken

Stu­den­tane lærte utru­leg mykje på desse to måna­dane, men ikkje alt var lær­do­mar dei hadde lyst på. Dei skjønte fort at det kan bli vans­ke­leg å få som­mar­jobb, for ikkje å snakka om vika­riat eller endå til ei fast stil­ling. Sam­ti­dig opp­daga dei fleste stu­den­tane at dei har ein jour­na­lis­tisk ulv i seg, og at dei ver­ke­leg yns­kjer å bli jour­na­lis­tar.

Desse folka kjem til å klora seg fast i bran­sjen med alle middel.

Glo­rien rundt jour­na­list­yr­ket er enno knytta til hovud­re­dak­sjo­nen som pr. defi­ni­sjon er papir­ori­en­tert, og dei fær­raste stu­den­tar yns­kjer seg til nett­re­dak­sjo­nar. Så lenge pro­fe­sjo­nen held fokus på papir­avisa vil også rekrut­te­ringa føregå der. Jour­na­lis­tik­kens største fram­tids­pro­blem ligg slik sett i det dår­lege renom­méet til nett­jour­na­lis­tik­ken. Og difor må jour­na­lis­tikk­ut­dan­nin­gane både i Ber­gen og andre sta­der (t.d. Volda og Oslo) ta på seg ansva­ret for å inspi­rera stu­den­tane til å satsa på nettjournalistikk.

Etter ei van­leg veke på job­ben drog eg gjen­nom fly­plass­hel­ve­tet hei­matt til Ber­gen. Det var fre­dag kveld, og me stod minst femti men­neske i ein iskald dro­sjekø på Fles­land. På fre­dags­kvel­dar er det så mykje køy­ring i sen­trum at dro­sjane ikkje gidd å køyra heilt ut til Fles­land for å kapra kun­dar. Eg beit ten­nene saman og igno­rerte kynis­men så tol­mo­dig eg kunne, og til slutt kom det ein drosje.